ENG
BERR0315

(foto: Arkivverket/Berre).

Samanslåingskommunar får arkivtilsyn

Kvart år fører Arkivverket tilsyn med omlag 60 verksemder. Målet er å sikre at arkiv som har kulturell eller forskningsmessig verdi, eller som inneheld rettsleg eller viktig forvaltningsmessig dokumentasjon, blir teke vare på og gjort tilgjengeleg for samtid og ettertid. Fleire kommunar som skal slå seg saman i 2020 vil få tilsyn.

Seksjon for Dokumentasjonsforvaltning (fra 2022 heter seksjonen avdeling for Arkivvurdering og tilsyn) har nyleg valt ut dei verksemdene som Arkivverket skal føre tilsyn med i andre halvår 2018.

 – I kommunal sektor har vi fokusert på kommunar som skal slå seg saman i 2020. Denne prioriteringa er basert på erfaring som viser at kommunesamanslåingar fører med seg betydeleg risiko for samanblanding og tap av arkiv. Med dette utvalet sørger vi for at minst halvparten av kommunane i kvar samanslåingsprosess har fått tilsyn frå Arkivverket i løpet av dei siste åra. For å velje ut kva samanslåingskommunar som skal få tilsyn har vi vurdert svara i Arkivverket si årlege kommuneundersøking, tips frå enkeltpersonar og media, kor lenge det er sidan kommunen sist fekk tilsyn frå Arkivverket samt korleis tidlegare arkivtilsyn er blitt følgt opp av kommunen. Kommunane er dei organa som kjem enkeltinnbyggjarar nærast og tap av arkiv her kan få store direkte følgjer for blant anna enkeltpersonar sine rettar, seier Kjetil Reithaug, fagdirektør for seksjon for Dokumentasjonsforvaltning i Arkivverket.

Lindesnes, Hammerfest, Songdalen, Hurum, Notodden og Fredrikstad er nokre av kommunane som får tilsyn denne hausten. Sjå heile lista på arkivverket.no.

 

Tilsyn med Utanrikstenesta

I valet av statlege verksemder som skal få tilsyn har vi prioritert organ med stor samfunnsmessige betydning som vi tidlegare ikkje har ført tilsyn med.

– For å kunne sjå arkivdanninga i samanheng har vi dette halvåret valt å rette tilsynsverksemda mot organ frå to samfunnssektorar. Vi vil føre tilsyn med Utanriksdepartementet, Justis- og beredskapsdepartementet og eit utval av deira underliggjande organ, seier Reithaug.

Ambassaden i Washington, EU-delegasjonen i Brüssel og FNs generalforsamling i New York er blant fleire som vil få tilsyn denne hausten.

Sjå fullstendig oversikt over alle tilsyn haust 2018. Enkelte datoar er per dags dato ikkje sett.

For meir informasjon kontakt Kjetil Reithaug, avdelingsdirektør for seksjon for Arkivvurdering og tilsyn i Arkivverket: [email protected], tlf. 920 89 207.

 

Kommunane er dei organa som kjem enkeltinnbyggjarar nærast. Tap av arkiv her kan få store direkte følgjer for blant anna enkeltpersonar sine rettar.
Kjetil Reithaug, fagdirektør for seksjon for Dokumentasjonsforvaltning i Arkivverket.