Kom i gang: Branntakstar

Her får du tips til korleis du sjølv kan finne branntakstar på Digitalarkivet.

1 - Kva vil du finne ut?

Korleis såg huset ut?

Ein branntakst kan gi ei svært detaljert beskriving av eit bygg. I punkt 4 forklarer vi korleis du finn ein brantakst.

Eg søker informasjon om ein brann

I arkivet etter Norges brannkasse er det tatt vare på etterforskingsdokument frå brannsaker som vart sendt inn i 1894, 1900, 1910, 1920, 1930, 1940, 1950, 1960 og 1968. Dokumenta for øvrige år er kasserte. Etter 1968 skal etterforskingsdokumenta i brannsaker finnast i det aktuelle politiarkiv. I branntakstprotokollane kan ein finne informasjon om når det har brunne, og kor store skadane vart.

Kva har bygget vore brukt til?

Dette kan ein lese ut av branntakstane. Framgangsmåte i punkt 4. Du kan også finne informasjon om dette i kommunale folketeljingar, spesielt utover 1900-talet. Kommunale folketeljingar er oftast ein del av det lokale kommunearkivet.

Kor gammalt er bygget?

Begynn med ein branntakst som du veit gjeld det aktuelle bygget. Oftast vil du få opplyst dato for førre taksering. Følg bygget bakover i tid branntakst for branntakst, då vil du ofte ende opp med ein branntakst der bygget blir beskrive som nybygg.

gammal grunnbok finn du ut kva tid eigedomen vart skilt ut. Dette kan gi ein peikepinn på når husa på eigedommen vart sett opp. 

2 - Kva veit du fra før?

 Før du begynner å leite kan det være nyttig å kjenne til følgande:

3 - Kva finns av dokumentasjon?

Her finns mange opplysingar om bygningar. For innsyn i desse må ein ta kontakt med det lokale kommunearkivet.

I byane var som regel byfogd eller magistrat branntakstbestyrar. I arkiva etter desse finn vi branntakstprotokollar med beskriving av dei forsikra bygningane. I Kristiania var Branntakstbestyraren eit eige embete. 

Lensmannen var branntakstbestyrar på landsbygda. Her finn vi branntakstprotokollar med beskriving av dei forsikra bygningane.

I tillegg til å føre eigne protokollar sendte også branntakstbestyraren inn ein kopi av branntaksten til Brannforsikringskontoret til Kommersekollegiet. Her finn ein materiale frå heile landet i perioden 1767-1814. 

Etter 1968 skal etterforskingsdokumenta i brannsaker finnast i det lokale politiarkiv.

4 - Korleis gå fram for å få opplysingar?

Dei aller fleste branntaksprotokollane er tilgjengelege på Digitalarkivet. Slik går du fram for å finne ein branntakst: last ned PDF.

Protokollane er førte kronologisk og du bør sjå i registeret for å finne branntaksten. For nokre distrikt kan du bruke søkbare registre for å finne ut kva protokoll branntaksten er innført i. I andre høve må du sjå i starten eller mot slutten av protokollen for å finne registeret. I nokre høve er det eigne registerprotokollar eller registerkort som du kan bruke.

Ikkje alle branntakstprotokollar er skanna. For å sjå desse protokollane må du besøke ein lesesal. På Arkivportalen finn du oversikt over kva som er tilgjengeleg, og her kan du også tinge materiale og planlegge besøk på lesesalen. Slik tinger du arkivsaker på Arkivportalen: last ned PDF

Praktisk informasjon om lesesalane våre finn du her.

Vi anbefaler å prøve eit fritekstsøk i Nasjonalbiblioteket sine samlingar. Her finn du søkbare aviser, bygdebøker og andre publikasjonar som ofte kan være til god hjelp.

5 - Fann du det du leita etter?