Søk om midlar for 2025
Du kan no søke om arkivutviklingsmidlar for 2025. Frist for å søke er 1. oktober kl 12.00.
Trykk her for å søke midlar for 2025
Frist 1. oktober kl. 12.00.
Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott av Norsk Tipping sitt speleoverskot. I år er 18 millionar kroner satt av til arkivføremål. Vi har no opna for søknadar frå sektoren. Trykk på lenka over for å få tilsendt eit unikt søknadsskjema.
Frist for å søke er 1. oktober kl. 12.00.
For informasjon om kva du kan søke om midlar til, gå til sida Program 2023-2026.
Har du spørsmål, ta kontakt med oss på e-post: utviklingsmidler@arkivverket.no.
Du kan også få svar på spørsmåla dine på den nyoppretta sida Ofte stilte spørsmål om arkivutviklingsmidlene.
Dersom du ynskjer ein kopi av søknadsskjemaet, kan du trykke her (for bokmål) og her (for nynorsk).
Det vil i år bli arrangert opne digitale orienteringsmøter for kvart programområde. Orienteringsmøta vil vare ca. ein halvtime, og Arkivverket vil gå igjennom utlysningstekst og kriterium for å søke.
Orienteringsmøte for programområde 1: Ein innovasjonsarena for arkiv
Torsdag 28. august kl 9.30-10.00. Du loggar deg på møtet ved å klikke på denne lenka.
Orienteringsmøte for programområde 2: Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv
Mandag 25. august kl 10.00-10.30. Du loggar deg på møtet ved å klikke på denne lenka.