ENG
_VB02067

Program 2023-2026

Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott av Norsk tipping sitt speleoverskot. Du kan her lese meir om søknadsprogrammet som vi no er inne i, og som gjeld for søknadsåra 2023 til 2026. Søkbare midlar for 2025 vil bli lyst ut ila. juni 2025.

 

Målgruppa for arkivutviklingsmidlane er:

  • Institusjonar som sikrar og tilgjengeleggjer arkiv frå offentleg eller privat verksemd
  • Dokumentasjonsfaglege miljø i kommunal forvalting
  • Arkivfaglege medlems- og interesseorganisasjonar

Verksemder som avleverer sine arkiv til Arkivverket kan i utgangspunktet ikkje søke. Det kan gjerast unntak for verksemder som søker om midlar til prosjekt som vil ha stor overføringsverdi til resten av arkivsektoren. 

Vi oppfordrar søkarar til å samarbeide. Vi oppfordrar også søkarar til å samarbeide med
andre relevante aktørar, til dømes utviklings- og forskingsmiljø og private aktørar.

 

I 2023-2026 deler Riksarkivaren ut midlar innanfor to programområde.

Alle søknadar vurderast etter følgjande kriterium:

  • Om tiltaket er relevant i forhold til føremål for programma
  • Om søkar kan vise til ein realistisk prosjektplan og budsjett
  • Om tiltaket fører til kompetanseheving i institusjonen
  • Om tiltaket er eit samarbeidstiltak med ulike typer aktørar

Forseinkingar som ikkje er avtalt, eller manglande rapport i tidligare saker kor søkaren har fått tilskot, vil bli vektlagt i vurderinga av søknaden.

For begge programområda fattar Arkivverket vedtak etter ei heilskapleg vurdering.

Det gis ikkje støtte til ordinær drift, og midlar skal i utgangspunktet ikkje nyttast til innkjøp av ikt-utstyr, dataprogram/lisens eller inventar. Det gis heller ikkje støtte til utvikling eller markedsføring av tenester med sikte på salg.

Alle søkarar som får tilskot pliktar å levere status-/sluttrapport, og kan bli bedt om å dele
sine erfaringar med sektoren, t.d. på erfaringsseminar.

 

Fagområdet for dokumentasjonsforvaltning og arkiv har dei siste 20 årene vore prega av lite innovasjon og modernisering. Dette til tross for at arkivsektoren har eit stort behov for innovative tiltak for å forbetre kvaliteten på fleire felt knytt til både eksisterande- og framtidig kulturarv. Det gjeld både for dei offentlege og dei private arkiva. Men innovasjon og modernisering kjem ikkje av seg sjølv. Det krev tid og ressursar, og ein arena som opnar opp for læring, prøving og feiling.

Innsatsområde 1.1: Arkivspira

Arkivspira skal dyrke innovasjon for betre arkiv og dokumentasjon. Innsatsområdet legg til rette for kunnskapsutvikling, samarbeid, fornying og omstilling i arkivsektoren kor det er naudsynt å tenke nytt og kreativt, og gjerne utradisjonelt. Arkivspira er tilgjengeleg for søkarar som vil teste, utforske, pilotere eller utvikle ein idé, arbeidsmåte, metodikk eller løysing. Det gjeld for alle typar arkiv og for heile verdikjeda.

Føremålet med Arkivspira er å gi spelerom, erfaring, kompetanse og sjølvtillit på innovasjon. Ei forbetring og/eller effektivisering i måten vi forvaltar, bevarar, gjer tilgjengeleg eller formidlar arkiv på vil vere eit pluss. Arkivspira opnar òg for søknadar til forprosjekt for større planlagde tiltak innanfor programområdet Innovasjonsarena for arkiv og dokumentasjon.

Vi forventar ikkje at alle tiltak som får støtte leverer på målsettinga. Føremålet er den læringa, kompetansen og erfaringa som skjer i gjennomføringa av tiltaket.

Krav til tiltaket:

  • Maks 1 år
  • Maks søknadssum kr. 250 000
  • Tilskotsmottakar må levere ein kort læringsrapport, i tillegg til ordinær sluttrapport. Evt. kan tilskotsmottakar inkludere eit avsnitt om dei ulike lærdomane ein sit igjen med etter gjennomført prosjekt i den ordinære sluttrapporten.

Det er ein styrke dersom tiltaket treff eit eller fleire av følgjande:

  • Tiltaket omhandlar håndtering av digitalt skapt arkiv
  • Tiltaket har overføringsverdi til heile eller delar av arkivfeltet
  • Tiltaket er eit samarbeidstiltak med ulike typar aktørar

 

Innsatsområde 1.2: Arkivveksthuset

Tiltak som har fått støtte til- og gjennomført eit forprosjekt i Arkivspira, kan søke om støtte frå Arkivveksthuset til realisering av det planlagde prosjektet. Det er ein føresetnad at søkar har levert sluttrapport og/eller statusrapport frå forprosjektet innanfor tidsfristen. Tiltak som har gjennomført eit forprosjekt eller anna relevant forarbeid utanfor Arkivspira kan også søke. Føresetnad er at resultat frå forprosjekt eller forarbeid leggast ved søknaden. 

Føremålet med Arkivveksthuset er å bidra til at gode idear blir realisert.

Krav til tiltaket:

  • Maks 3 år - men kan berre søke for eit år om gongen
  • Tiltaket må starte seinast 1 år etter at forprosjekt/forarbeid er ferdig


Det er ein styrke dersom tiltaket treff eit eller fleire av følgjande:

  • Tiltaket omhandlar handtering av digitalt skapt arkiv
  • Tiltaket har overføringsverdi til heile eller delar av arkivfeltet
  • Tiltaket er eit samarbeidstiltak med ulike typar aktørar
  • Tiltaket har eigenfinansiering og/eller anna finansiering

 

Tross mange initiativ og tiltak i sektoren, ligg framleis bevaring og tilgjengeleggjering av privatarkiv langt etter tilsvarande for dei offentlege arkiva. Verst er det for dei digitalt skapte arkiva, der under 10 % av bevarte uttrekk er frå privat sektor. Ein tredel av privatarkiva er ikkje ordna, og halvparten er utan publisert kataloginformasjon.

Programområdet legg til rette for sikring, ordning og katalogisering av privatarkiv - både analoge og digitale. Føremålet med programmet er å bidra til at viktige privatarkiv frå heile landet blir tilgjengeleggjort for bruk gjennom publisering av kataloginformasjon.

Krav til tiltaket:

  • Maks 3 år – men kan berre søke for eit år om gongen
  • Arkivkatalog må som hovudregel registrerast i Asta og publiserast på Arkivportalen. Andre nasjonale fellesløysingar kan også vere aktuelle, men vil vurderast i kvart enkelt tilfelle.
  • Arkivet må forvaltast av ein bevaringsinstitusjon
  • Arkivet må bli gjort tilgjengeleg for offentlegheita, så langt dette er mogleg

Det er ein styrke dersom tiltaket treff eit eller fleire av følgjande:

  • Tiltaket omhandlar sikring og tilgjengeleggjering av digitalt skapte privatarkiv
  • Tiltaket er samordna med fylkeskoordinerande institusjon for privatarkiv
  • Arkivet er i samsvar med regionalt- eller nasjonalt planarbeid
  • Arkivet omhandlar underdokumenterte grupper eller minoritetar
  • Arkivet står i umiddelbar fare for å gå tapt
  • Arkivet har potensiale til å nå ut til nye brukergrupper