ENG
SAS1981-01-08-031-2

Garborgheimen

Jærhuset som litteratur og kultur

Forfattaren Arne Garborg vaks opp saman med søsken og foreldre i eit nybygd jærhus. Kva forteljingar om menneska og eigedomen kan ulike arkivkjelder medverka til å skapa? Garborgheimen har vore roman i over 100 år og museum i over 60. I 1892, over 20 år etter at faren selde heimen, skildrar den eldste sonen, Aadne, som etter å ha busett seg i hovudstaden kalla seg Arne, korleis landskapet er rammevilkår for den jærske bygge- og folkeskikken.

Romanen Fred opnar med eit sterkt lyd- og synsbilete og eit utanfråblikk som skildrar korleis naturen sine krefter formar menneska sine livsvilkår. Havet er endelaust, og landskapet like eins. Himmelen opnar for lys og ulike gråtonar, han gir perspektiv, men skapar også smalsyn. Vêr og vind pregar byggeskikk. Utforminga av husa og plasseringa av dei i landskapet syner menneske som har erfaring med naturkreftene og søker livd for dei. 

I desse Heimarne bur Folke. Det er eit sterkt, tungt Folk, som grev seg gjenom Live med Gruvling og Slit, putlar med Jorda og granskar Skrifta, piner Konn av Aur'en og Von av sine Draumar, trur paa Skillingen og trøyster seg til Gud.

I det opne landskapet er det sjeldan ro. Det er det heller ikkje for menneska som bur der. Dei lever i og av naturen, og det krev hardt arbeid og sjeldan kvile. Naturkreftene utfordrar menneska si kraft, men og tru. Den verdslege trua, trua på Skillingen, let seg vanskeleg skilja frå tilliten til høgare makter.





Fred. Klar til bruk

Utdrag frå romanen Fred (1892) av Arne Garborg. Her sitert etter Mons Litleré si utgåve. Orrestranda, foto Ine Fintland.

Jærsk byggeskikk og folkeskikk – Å tru på pengar og trøysta seg med tru

I 1848 står ein ny flott heim, eit jærhus, ferdig på garden Garborg på Jæren. Her flyttar det nygifta ekteparet Eivind og  Ane Oline inn. Han er 26 år, ho er 16. Saman med dei bur faren til Eivind, Aadne, som har vore enkemann i mange år. Men huset er stort, og laga med tanke på fleire. I januar 1851 blir odelsguten Aadne fødd. Etter kvart kjem det åtte til; Stine, Jon, Samuel, Eivind, Inger Marie, Abel, Ola og i januar 1870 Ane Oline. I april same året flyttar mor og barn frå Garborg til Sandal rett utanfor Stavanger. Faren, som hadde stått for kjøp og sal av eigedomane, blei ikkje med. Han valde å avslutta livet for eiga hand veka etter at han følgde den to veker gamle dottera til dåpen.

Rundt ti år seinare er det bare Ane Oline saman med dei to yngste barna og den nest eldste sonen som framleis held hus i Sandal. Ein son og ei dotter er døde, han på sjøen, ho i Amerika. Tre barn er i Amerika og ein son i Kristiania.

Eitt tema for Kulturarvåret 2018 er å sjå nærmare på kva kjelder ein har til å studera bygningar og folka som brukar dei. Kva forteljingar kan arkivkjeldene gi liv til eller gjenoppliva?

Kartutsnitt frå Marta Hoffmann sin studie av jærhus, publisert i boka Jærhuset (1977). Husa ho studerte, er markerte på kartet. Foto av Garborgheimen er henta frå arkivet etter Anders Bærheim.

Arkivkjelder gir liv

Kva spor er å finna etter desse personane og stadane dei har budd i dag? Ulike kjelder fortel om ulike sider av og gir ulike perspektiv på eit menneskeliv. Det er anslått at eit gjennomsnittsmenneske vil setja spor etter seg i minst 50 arkiv. Når det gjeld familien på elleve som heldt hus på Garborg frå 1848-1870, kan ein her til lands finna mange spor etter nokre av medlemmane, medan andre har etterlate seg langt færre.

Familien på Garborg. Alle desse fotografia heng i dag i på veggen i buakammerset i Garborgheimen i ein fotomontasje. Fotograf av dei ulike bileta er ukjend, men idé og utforming til montasjen er av Sigbjørn Reime og Reidun Olsen.
Garborgtunet E Gjerde

Gardane på Garborg rundt midten av 1800-talet framstilt av Eva Gjerde. (Publisert etter avtale med kunstnaren.) Arne Garborg og søskena vaks opp i huset nedanfor vegkrysset litt til venstre for midten av biletet.

Om nettutstillinga

Forfattarane av denne nettustillinga er Ine Fintland, førstearkivar, og Synnøve Østebø, arkivar, begge ved Statsarkivet i Stavanger.

Men svært mange kollegaer i Arkivverket både i Stavanger og Oslo har også bidratt med framfinning, skanning eller skrifttyding av dokument. Ein stor takk til: Jan Alsvik, Grethe Flood, Odd Halvorsen, Eli Mosvoll-Jakobsen, Hege Brit Randsborg, Lisabet Risa, Hanne Karin Sandvik, Eivind Skarung, Torkel Thime, Hilde F. Tjøtta, Jogeir Aartun. Også stor takk til IKA Rogaland ved Beate Aasen Bøe og Stavanger byarkiv ved Bente Gro Olsen for samtalar undervegs.

Denne nettustillinga er ein smakebit på kva ulike arkivkjelder kan fortelja om bygningar og personar som bur i dei. Med utgangspunkt i Garborgheimen og familien som budde der, gir den litt kunnskap om den jærske bygge- og folkeskikken slik den set spor etter seg i eit utval av arkiv og litteratur.

Forkortingar brukt på arkivreferansar:

  • IKA Rogaland – Interkommunalt arkiv i Rogaland
  • NB – Nasjonalbiblioteket
  • Pa – Privatarkiv
  • RA – Riksarkivet
  • SAH – Statsarkivet i Hamar
  • SAKO – Statsarkivet i Kongsberg
  • SAO – Statsarkivet i Oslo
  • SAST – Statsarkivet i Stavanger

Stort hus med «innlagt vatn»

Huset som Eivind Aadnesen byggjer i 1847/48, truleg saman med naboane Sven og Tønnes Svensen, er eit staseleg jærhus. Grunnflata er på 100 kvadratmeter, og det er kjellar i ganghøgde under heile buflata, med «innlagt vatn». Det vil seia at brønnen dei hentar vatn i, ligg i kjellaren. I golvet i matromet er det ei luke, og opnar ein denne, kan ein ta trappa ned til brønnen. Ein treng ikkje, som i svært mange andre heimar, å gå ut av huset for å henta vatn.

Skøyte på Garborgheimen 1847Skøyte på Garborgheimen 1847.
Skøyte på Garborg 1847 original
Skøyte Garborg 1847 - frå far Aadne Olsen til son Even Aadnesen. Arkivreferanse: SAST, Jæren og Dalane sorenskriveri, 4/41/41BB/L0003, pantebok nr. 3, 1846-1850 s. 157.

Garborgheimen. Tverrsnitt av huset. Frå Om Garborgheimen
Garborgheimen. Tverrsnitt av huset. Frå heftet: "Om Garborgheimen" (2003).

Tjørebreidd og kvitmåla bordkledning

Ein veit ikkje sikkert når fasaden blir kvit. Fotografi frå 1890 åra viser eit kvitmåla hus, men opphaveleg var det tjørebreidd, slik som baksida av det enno var i 1960. Huset er reist i lafta tømmer og kviler på solide gråsteinsmurar av kilt stein. Skutane i kvar kortende av huset er eigentleg tilbygg. Det er berre utvendig at skutane heng saman med huset, innanfrå er det ingen forbindelse. Skutane er dermed like, men ulike. Den mot nord er av tre og har dører på nivå med vegen utanfor, den i sør har endevegg i naturstein og på nivå med kjellaren. På taket er det teglpanner.

Garborgheimen med tjørebreidd austside. Foto: Peder Heskestad, ca. 1960.

Midtgangshus med ein varm og ein kald del

Det er to inngangar til huset, ein på kvar av langsidene. Kvardagsinngangen er på austsida og vender ned mot jordene, fininngangen er på vestsida mot vegen. Dei to inngangane dannar huset sin midtgang, der kjøkkenet ligg. På kvar si side av midtgangen finn ein den same type rominndeling; stove og kammers. Men bruken av romma til høgre og venstre for midtgangen er ulik. I den nordvestre delen som er i dagleg bruk, finn ein varmekjelda. På grunn av brannfare skjer all fyring i stoveomnen, bileggjaren, frå kjøkkenet. Lyskjelda i rommet, tranlampen eller kola som ein kalla denne, er også å finna ved bileggjaren. Stova er både opphaldsrom for familien og soverommet til Ane Oline og Eivind. I stovekammerset bur far til Eivind, Aadne og seinare tilhøyrer det odelsguten som har same namnet. Barna søv på loftet over stova. I den sørvestre delen av huset der ein ikkje har omn, er bua og buakammerset. Dette er rom som ikkje er i dagleg bruk, men som blir brukt ved ulike høve, til dømes ved fint besøk og særskilde hendingar.

Garborgheimen. Grunnriss med bilete
Planteikning av Garborgheimen slik Samuel Garborg minnest at den var møblert. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag. Foto og bildemontasje: Ine Fintland.

Ved årsskiftet 1865/66 har dei to hestar, ti storfe og 30 sauer. På garden dyrkar dei rug, bygg, havre og poteter.

Branntakst for Garborgheimen 1856 – Thime Sogns Private Brandtrygdelag

Aar 1856 den 12 Juli har Even Aadnesen Garborg ladet sine huse indføre i Thime Sogns private Brandforsikringsindretning. Disse Huse er:

A.     Vaaningshuset: 1 Ovn, 4 Sengesteder, 2 Skatol, 1 Kommode, 1 indmuret Gryde og 1 Kanope (stor krukke) til sammen 390 Spd.

B.     Laden (låve)

C.     Fæhuset

D.     Materialhuset – alt for 220 Spd.

E.     Bemeldte Even Aadnesen har saaledes fra Dags Dato erhvervet Adgang til Erstatning for indtil den fulde Forsikringssum sex Hundrede og ti Spd. Overensstemmende med Planens Forskrifter, dersom Husene ved Ildsvaade ødelægges eller beskadiges. Mossige den 15de November 1856

I. Mossige          H. Vestly             E. Garborg

Formand           Revisor                Revisor

Thime Sogns Private Brandtrygdelag - etablert 1856

Aar 1856, den 22de Marts samledes i Thime faste Skolelocale endeel af Thime Sogns Huuseiere for ifølge Indbydelse af Medundertegnede Lensmand Mossige at tage under Overveielse Spørgsmaalet om Oprettlsen af en privat Brandforsikringsforening. Forhandlingerne lededes af Indbyderen, der fremlagde et af ham udarbeidet Udkats til Statuter for en slig Forening ledsaget med en Anbefaling fra Districtets Formænd og Representanter. Det blev paa Anleedning vedtaget at Statuterne skulde oplæses in extenso, og efterhaanden som Nogen fandt Noget at bemærke, skulde derom aabnes Discussion Ved §§ 1-10 inkl fandtes Intet at bemærke.
§ 11 vedtages eenst. dog saaledes at efter Ordet "erlagt" inskrives: "de halve", og at § gives følgende Tillæg: "den faste Deel af Indtrædelsespengene ere under Udpantingstvang forfaldne til Udbetaling 1 Aar efterat Policen er udstedt."
Eenst. §§ 12-33 bifaldes
Eenst. Tariffens 1ste, 2den og 3die Post bifaldes
Eenst. 4de Post borftfalder.
Eenst. Resten af Tarifen bifaldes.
Af de Mødende anmeldte Følgende sig som Deeltagere:

1. Abraham C. Tjensvold
2. Iver Johnsen Hognestad
3. Even G. Hognestad
4. Jonas O. Hognestad
5. Abraham J. Hognestad
6. Abraham E. Hognestad
7. Reyer T. Norem
8. Ommund S. Norem
9. Halvor L. Læregstad
10. Svend S. ibidem
11. Thore N. Kalberg
12. Johannes O. ibid
13. Ole J. Tegle
14. Halvor B. Løge
15. Torkel Oma

Garborgheimen-005
Arkivreferanse: SAST, Pa 1022 Thime Sogns Private Brandtrygdelag.

Eivind Garborg, eller Evend Aadnesen som det står i protokollen, er medlem nummer 54. Av forsikringsprotokoll 1856-1899 går det fram at han i 1856 teiknar forsikring for:

  1. 1. Et Vaaningshuus m.m. Taxt: 518-, Forsikringssum: 390-,
  2. 2. En Lade Taxt: 200-,
  3. 3. Et Fæhuus Taxt: 70-,
  4. 4. Materialhuus Taxt: 25-,

Forsikringssum for låve, fehus og materialhus: 200-, 

Den 2. juli 1858 melder Eivind seg ut av branntrygdelaget, men han angrar på det og melder seg inn att rundt ti år seinare.

Forsikringssummane er i specidedalar (spd.), som var største mynteininga på den tida. Då ein gjekk over frå speciedalar til kroner i 1874, blei 1 speciedalar verdsett til 4 kroner. Ein pris på 1 krone (1/4 spd.) i 1856 svarar til 62,09 kroner med dagens (2017) prisnivå. For å finna ut kor mykje forsikringssummen frå 1856 utgjer i dag, er difor reknestykket slik: Sum i spd. x 4 x 62,09 = Forsikringssummen med dagens prisnivå. Det ein i dag hadde fått utbetalt i forsikringssum blir då: 390 x 4 x 62,09 = 96 860 kroner.

Meir om omrekning av pengesummar finn du her.

Sers godt minnest eg fyrste gongen, eg var på Garborg. Då var eg 9-10 år, trur eg. Ådne og eg heldt til i buakammerse. Der hadde han Ådne bøkene sine. So ropte dei på oss. Me skulde inni daglegstova og få mat. Det var nun eller middag. Maten var komen på bordet. Me sette oss kvar på sin plass. Stilt gjekk det, som var me i kyrkja. So skulde minstebarnet fyrst segja si bøn. Det var ei verslina. Faren sagde fyre, og barnet, som ikkje kunde snakka reint, prøvde å segja det etter. Det var mest ikkje råd å skyna noko av det, som barnet sagde: men Vårherre forstod det nok, meinte faren. "Av de umyndiges og diendes mund vilde han berede sig lovprisning". Etterpå kom turen til den næstyngste og so etter alderen til dei andre 4-5 i talet. Ådne sist. Han var eldst. So heldt faren sjølv ei lang bøn. Etterpå song me eit salmevers.
Sven Aarestad, Brev til Annie (1935) s. 443f.

Det tradisjonsrike og funksjonelle huset som glir inn i landskapet

I det jærske kulturlandskapet har det budd folk i fleire tusen år. Landskapet, då som no, var utan sskog og med mengder av stein frå istida. Utforminga av jærhuset slik vi kjenner det i dag, kan vi spora attende til 1600-talet. Då tok ein i bruk omnar av støypejern som førte røyken ut gjennom ei pipe. Det var ikkje lenger nødvendig med ein ljore i taket, og ein fekk høve til å laga seg eit loft. Glas gjorde det mogleg å setja inn vindauge. Svalgangen som hadde omgitt stova forsvann på vindaugsveggen. Dei typiske nordiske husa frå vikingtida utvikla seg frå å vera hus med berre eitt rom og éin inngang til å bli hus med svalgang rundt dette. Svalgangen blei etter kvart til skutar i endane og til kammers ved kvardagsinngangen.

Innredning jærhus
Gammal og "ny" innreiing av jærhus. Skisse frå Hoffmann (1977).

Både plasseringa av dei typiske jærhusa og utforminga av dei var prega av landskapet og naturforholda. Husa var låge og låg ofte i ei svak helling. Fasaden vende mot sørvest, og kortsidene med skutane – dei låge tilbygga eller skura – mot vinden som då som no, kjem både frå nordvest og frå søraust. Den eine av skutane var fylt med torv og luna opphaldsromma i sjølve huset. Vindauga var små og i stovene var dei oftast samankopla to og to. Nokre hus hadde lemmar til å ha føre om natta og når det var uver. Det var også vanleg at jærhusa hadde bislag framføre inngangsdøra for å verna mot ver og vind.

Opphaveleg hadde ikkje jærhusa grunnmur. Dei var anten plasserte på eit lågt gråsteinsfundament, eller kvilte kvar nov og langveggane på lødde handsteinar. Men for å hindra at vatn skulle siga inn mot husveggen, var det fleire hus som hadde hellelagde veiter for å leia det bort. Den vanlege takforma på jærhus før 1840 var sadeltak som er ein britisk byggeteknikk. Denne konstruksjonen tolde godt vekta av dei tunge torvtaka. Men i 1840-50-åra i var det fleire jærhus som fekk sperrtak i og med at mange huseigarar etter kvart fekk råd til teglpanner frå lokale teglverk.

I og med at klimaet på Jæren var så fuktig og rått, måtte ein beskytta tømmeret. Til det nytta ein rughalm eller «halje» som ein kalla det lokalt. Jærhusa stod, etter at dei var ferdig tømra, ofte «haljekledde» eit års tid eller der omkring, før dei blei bordkledde. Opphaveleg var dei tjørebreidde. Fargen gjekk då i nyansar av brunt og grått. I andre halvdel av 1800-talet blei jærhusa, som mange hus både her til lands og utanlands, kvitmåla. Men den kvite fargen var dyrare enn den raude og brune, difor var ein del jærhus ein periode kvitmåla på fasadesida og hadde raudfarge på baksida. Dette var ikkje berre typisk for denne hustypen, ein finn det same andre stader i landet. 

Det inntrykket løytnant Flor får etter å ha sett jærhus og jærlandskap i 1810 skil seg frå det Eilert Sund formidlar rundt 50 år seinare:

Litteratur om jærhus 

Framstillinga av jærhuset i denne artikkelen er basert på:

  • Hoffmann, Marta 1977: Jærhuset 
  • Hognestad, Eivind 1929: "Den gamle byggjestilen på Jæren. Korleis jærhuset kom til", Stavanger Aftenblad 21. juni 1929, side 4

Jærlandskap og jærhus – det liknar kyrkjegardar med gravstøtter

Utanfrå blikket løytnant Flor har på det jærske landskapet og husa i 1810 då han på oppdrag frå Det Kongelige Selskap for Norges Vel skal undersøkja om det let seg gjera å forbetra åkerbruket og driva nydyrking, er lite flaterande:

Hvor dunkelt og skummelt er ikke dette Land, der udbreder sit sortbrune, med Kampestene opfyldte Dække i en Afstand, der taber sig for Synet; overalt bedækket med hine sorte Stabler af moradsig Jordbund, som en karrig Natur tvang Beboerne at kaste op af Jordens Skjød for at erstatte Mangelen paa Brænde, og ved Hjælp deraf værne sig imod et raat og stormfuldt Veirligs Ublidheder; kun afbrudt ved enkelte gule Pletter i Nærheden og omkring nogle lave jordbedækkede Boliger, der see ud som om de kunde være fremvæltede af Graven, og hvis mørke Physiognomie passer til dette dunkle Malerie; begrændset imod Norden og Østen af graae Klippe-Masser, der hæve deres graae Tinder i en truende Stilling imod hverandre henad SKyerne, ligesom for at skrække Vandringsmanden fra didhen at styre sine Fjed; imedens Vesterhavet lader den ene Bølge efter den anden (lig Livets sidste udaandede Stønnen) hendøe paa Strandbredden. Det er som om jeg stod ved mit Fædrelands Grav.

Her sitert etter Hoffmann.

Jærhus i endring – «…man kan komme til at betraget dem med Velbehag »

Eilert Sundt ser ein estetikk i den funksjonelle utforminga av husa, og han ser livsvilkåra for menneska i dei.

[...] et fladt, skovløst, veirhaardt, høist eiendommelig Kystland, opfyldt med brune Torv-Myrer og Lyng-Heder, med grønt Dyrknings-Land indimellem og en hvid Brem af Sand og Sten som danner Stranden ud imod Havet. Det feiler ikke, at med nogen Øvelse og god Villie vil man opdage at ogsaa dette Landskab har sin Skjønhed. Og som Landet, saa ogsaa Menneskenes Boliger: ved første Øiekast finder man disse Husklynger saa uanseelige; men har man først sat sig ind i Omstændighederne og faaet Øie for Husformernes Hensigtsmæssighed, og har man derhos reist over Jæderen længe nok for at kunne se, hvorledes Folket idelig sysler og stræver med at forbedre sine Huse, se, da kan man komme til at betragte dem med Velbehag.

Her sitert etter Hoffmann.

Eivind, eller Even som det står i arkivdokumenta, er den einaste i familien, på etter kvart elleve personar, det ikkje finst fotografi av. Men han er portrettert både i roman- og i brevform av sonen Arne. Med utgangspunkt i ulike arkivkjelder er det mogleg å danna seg eit bilete av han. Han har fleire verv i lokalsamfunnet. Forutan merkedagar som dåp, konfirmasjon, bryllaup og gravferd, som er dokumentert i ulike kyrkjebøker, er namnet hans å finna i to kommisjonar under Lye sokneprestembete; skulekommisjon og fattigkommisjon. Eivind har også sett spor etter seg i protokollar frå Time formannskap, Time likningskommisjon og Thime Sogns Private Brandtrygdelag der han i korte eller lengre periodar har ulike roller.

 

Garborg-030
Første møte i skulekommisjonen 25. februar 1863. Eivind Garborg har signert protokollen som E Garborg saman med følgjande personar: Gunnerus, V. Vellesen, O Norem, C Aasland, H Aasland, J Fotland, L Løge.
Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BA/L0003 Skolekommisjonane i Lye prestegjeld, forhandlingsprotokoll 1842-1875.
Garborg-017

Aaret 1855 den 24 November blev efter foregaaende Ordre et Formand og Representantmøte afholdt i Commijonsværelset paa Thime for ifølge Fattiglovens § 21 at udvelge Fattigbestyre i dens Stand som her fongere den Lovbestemte Tid. Da i det nordre Distrigt for 2 Aar siden tvende Bestyrere blev valgt for saaledes ingen fongeret den lovbestemte Tid men man antog det i sin orden at een af dem udgaar ved Lodtrekning for at ikke bege skal udgaae paa en Tid.Ved Lodtrekning blev Gonder Aasland den der udtrækes.Man ble ogsaa enige om denne gang som før at velge en af hver Skoledistrigt. Saaledes blev af nordre Distrigt valgt Tollef Thorsen Niaa med 10 Stemme, af østre Distrigt Gunlev Sæland med 7 Stemmee, af væstre Distrigt Reier Grødem med 11 Stemme af det Faste Distrigt Abraham Thime med 12 Stemme og af det søre Distrigt Tønnes Mouland med 7 Stemme efter Lodtrækning med Even Garborg der ogsaa havde 7 Stemme. Protocol sluttet for i Dag

O Norem.  O Svendsen.  J. Fotland.  Ole Aarestad. Lars Sjelseth.  L Haugland.   H Mouland.  E Garborg.    S Holen.    T Garborg  G Aasland.   R Herigstad.    Aasland.   Bærentson.  A Tjensvold 

Arkivreferanse: IKA Rogaland, Time kommune, Formannskapsforhandlingsprotokoll 1837-1873.

Tru og tvil – medlemskap og engasjement i Thime Sogns private Brandtrygdelag

Etter at Eivind er blitt omvend og tiltrua til Gud er sterk, kjem han i tvil om heile brannforsikringa som han har teikna. Thime Sogns private Brandtrygdelag blir stifta i mars 1856, og i juli same året forsikrar Eivind alle bygningane på garden. Men rundt to år seinare melder han seg ut av branntrygdelaget og seier frå seg revisorvervet han har hatt. Ein del av pengane han har betalt inn, får han ut att, og gir til dei som blei rekna som fattige. Etter å ha levd utan brannforsikring i ni år, melder han seg inn att i 1868, og påtek seg revisorvervet i januar året etter. Garden på Garborg får innmeldingsnummer 256. Det siste Eivind gjer i branntrygdelaget er å underskriva protokollen på møtet den 20. januar 1870, tre veker før han tek livet av seg. Sentralt på møtet er t.d. om generalforsamlinga sitt vedtak om å bruka teglrøyr til kakkelomnar, er etterlevd. På møtet 29. januar, tre dagar etter at han blei far til barn nummer ni, deltek han ikkje. 

Nytt gardsbruk på slutten av livet

I august 1869 kjøper Eivind garden Sandal, eit konkursbu etter Tobias Thorsen på Madla i Stavanger. Men hit flyttar han aldri sjølv. Soknepresten Gunnerus noterer i kyrkjeboka at Eivind døydde "ved at hænge sig"

Dagen etter at Eivind tok livet av seg, skriv Gunnerus brev til Stavanger amt der han reiser spørsmål om kva reglar som gjeld for «hans Begravelsesmaade». Før 1843 blei personar som sjølv valde å avslutta livet, gravlagde utanfor kyrkjegardsmuren. Men sjølv om det i 1870, i meir enn 25 år hadde vore lovleg å bli gravlagt i vigsla jord for dei som enda livet sitt sjølve, var det ikkje akseptert å ha nokon kristen seremoni. Gunnerus fortel i brevet at Even Aadnesen Garborg i lengre tid har lidd av «Tungsindighed», og at han må ha handla i «Sindsforvirring» i og med at han var ein særs «christeligsindet» mann som «nød Menighedens Agtelse og Tillid». Even var attpåtil presten sin medhjelpar. 

Brev frå Gunnerus til stiftsamtmannen i Stavanger 14. februar 1870.
Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestembete, 00CA, journalsaker L0006.

Svaret frå amtmannen i Stavanger kjem berre fire dagar seinare: Det tillades herved at Gaardbruger Even Aadnesen Garborg af Thime Sogn, der har forkortet sit Liv bliver begravet med Jordpaakastelse 18 Februar V. Morgenstierne.

Svar frå amtmann Morgenstierne 18.02.1870.

Den siste nattverd

Siste gong Eivind går til nattverd eller kommunion i Timekyrkja, er 17. oktober 1869. Til nattverd er også sonen Jon som stod til konfirmasjon to veker før, og naboane på Garborg Tønnes Svensen og Ane Berte Olsdatter. Også nokre i styret i branntrygdelaget er å finna rundt alterringen: Reier Torkelsen Norem, Omund Svensen Norem.

Det var vanleg å gå til nattverd to gonger årleg, ein gong vår og ein gong haust, også etter at det ikkje lenger var pålagt ved lov. Av kommunikantprotokollen frå 1865-1891 går det fram at Eivind regelbunde går til nattverd to gonger kvart år. Då eldstemannen Aadne står til konfirmasjon i 1865 og første gong går til nattverd to veker etter, er det saman med faren.

Kommunikantprotokoll
Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, kommunikantprotokoll 1865-1891.
Nattverd
Laurids Fogtman: Kongelige Rescripter, Resolutioner og Collegialbreve for Danmark og Norge.

Brev frå sokneprest Gunnerus til stiftsamtmannen i Stavanger 14. februar 1870

Til Stavanger Amt!

Ved herved at anmelde, at Gaardbruger Even Aadnesen Garborg af Thime Sogn, som i længre Tid leed af Tungsindighed, under et hæftigt Anfald deraf,under formentlig Sindsforvirring, igaar forkortede ved Hængning sit Liv, tillade jeg mig at udbede mig Bestemmelse angaaende hans Begravelsesmaade. At Ommeldte var bekjent for en særdels christeligsindet Mand, der nød Meninghedens Agtelse og Tillid og derfor var pt. Præstens Medhjælper bevidnes tillige.

Ly Præstegaard 14 Februar 1870 Ærb Gunnerus.

Eivind, eller Even som det står i rettsdokumenta, viklar seg inn i ein strid om vassforsyninga til nokre kvernhus. På sørsida av Garborgåsen går Tverråna. Ho kjem oppe frå Risa og renn vestover langs kommunegrensa mellom Hå og Time til ho munnar ut i Håelva mellom Torland og Haugland.

Tidleg på sommaren 1856 lagar Even og nokre naboar ein stem, altså ein liten demning, i Tverråna. På den måten skulle dei få betre vassføring til kvernhusa sine. Ein annan nabo, Anders Johannessen Garborg, får då mindre vassføring til kverna si lenger nede i vassdraget. Han meiner at han taper ein god del pengar på dette, fordi han mel korn for mange andre mot betaling. Han går difor til sak mot Even og dei andre som har bygd stemmen. Anders vinn denne rettssaka ved dom av 20. januar 1859. Saka blir klaga inn for overretten, som i dom av 29. mai 1861 stadfestar denne på dei vesentlege punkta. Even og dei andre blir pålagde både å endra stemmen og å betala erstatning til Anders. Endringane og erstatninga skulle fastsetjast gjennom eit skjønn som skulle utførast av ei gruppe sakkunnige menn.

Sorenskrivaren i Jæren og Dalane, Christian Feyer, kallar inn til oppstart av skjønnsforretninga hos Even den 19. november 1861 kl. 10 om formiddagen. Dette blir ein langdryg prosess, med fleire rundar med skjønn og overskjønn. Det endelege punktumet blir sett ved eit overskjønn den 10. november 1864 leia av fullmektig Steen saman med åtte utpeikte lokale lagrettemenn. Av protokollen frå dette skjønnet, kjem det fram i stor detalj korleis dei ulike vassuttaka frå Tverråna til kvernhusa på Garborg skulle utformast. Då blei det også fastsett at Anders skulle få 22 dalar og 90 skilling i skadebot. I dagens pengeverdi utgjer dette ikkje meir enn 6500 kroner, men på den tida var det rundt 50 dagløner for ein gardbrukar.

"No er der ingin som mèl paa Garborg lenger. Og heile den store Saki um det halve Kvednvatne er i Riksarkivet" - Rettsdokument i "Kvernhussaken" på Garborg

Sjå også:

  • Garborg, Arne: Knudaheibrev Til Steinar Schjøtt., Kristiania, Aschehoug & Co, s. 48
  • Reime, Sigbjørn: "Heimen er både vond og god..." - Ei forteljing om liv og lagnader i Garborgheimen, Bryne: Time kommune, 2009. Kapittel VIII, s. 63-67
  • Reime, Sigbjørn: "Om Garborgheimen. Diktaren Arne Garborg sin barndomsheim på Jæren", Bryne, Time kommune, 2003

Fjorten år gammal står Ane Oline til konfirmasjon i Høyland prestegjeld. Rundt to år seinare står ho brud same stad. Ho flyttar frå heimegarden på Raugstad til Garborg i Time.

Etter å ha budd på Garborg i sytten år er Eivind og Ane Oline i 1865 blitt foreldre til sju som alle er døypte: Aadne (f. 1851), Stine (f. 1852), Jon (f. 1855), Samuel (f. 1857), Even (f. 1859), Inger Marie (f. 1863) og Abel (f. 1865). Dei fem eldste har alle gått på skule i Mossige-kretsen før familien i 1870 flyttar frå  Garborg til gard på Sandal ved Stavanger. Eldstemann har allereie budd borte frå heimen i fleire år. Aldersforskjellen mellom den yngste i familien, Ane Oline (f. 1870), og broren Ole (f. 1868) er to år.

Livet på Sandal

Ane Oline md fire barn 1870åra
Ane Oline med barna Ola, Inger Marie, Abel og Ane Oline. Fotograf ukjend. Biletet er frå 1870-åra. Kan hende er det tatt for å senda til Stine og Samuel som er i Amerika. Her henta frå boka Garborgs Jæren av Sigbjørn Reime.

Det er Ane Oline som driv garden på Sandal saman med den nest eldste sonen, Jon. Etter fem år, i 1875, overtek han drifta mot å ta ansvar for dei yngre søskena og gi mora folgekår. Jon er då 20 år gammal, og dei yngste søskena hans, Ane Oline og Ola, er fem og sju.

Skøyte. Sandal 1875 transkribert
Arkivreferanse: SAST, Jæren sorenskriveri, 4/41/41BF/L0003, pantebok nr. 11, 1873-1876, s. 672-673.

Ane Oline held fram med å bu på Sandal til tidleg på 1880-talet saman med dei yngste barna Ola, Ane Oline og sonen Jon, som etter kvart stiftar eigen familie. Som på Garborg dyrkar dei rug, bygg og poteter, men i tillegg også havre til grønnfor, grasfrø og andre rotfrukter. Dei har ikkje lenger sauer, men ein hest, eit føl og seks kyr. 

I 1881 tek Ane Oline opp eit lån. Sidan ho sit i uskifta bu, må verge godkjenna dette på vegne av Ola og Ane Oline som begge er under 15 år. Kan hende er bakgrunnen for at ho tek opp lån, at ho skal flytta nærmare Stavanger? I kyrkjeboka er Ola, då han står til konfirmasjon 14 år gamal i St. Petri registrert med bustadadresse Kongsgaden 1943

Sandal 1881 Ane Oline til Jon
SAST, Jæren sorenskriveri, 4/41/41BF/L0007, pantebok nr. 14, 1880-1882, s. 476-477.

Etter nokre år med adresse Amtmandssmuget nr. 12 i Stavanger, giftar ho seg i 1885 for andre gong. Vigselen med Jonas Johnsen Hegre er borgarleg og finn stad hos sorenskrivaren. Grunnen er at Jonas er metodist og aktiv i det miljøet på Sandnes. Ane Oline legg ved attest frå sokneprest i St. Petri på at ho ikkje lenger er medlem av statskyrkja. 

Ane Oline. Giftermål 1885
Arkivreferanse: SAST, Sorenskriveren i Jæren 60 BA 1 Notarialprotokoll (1869-1900).

Same dag som Ane Oline giftar seg med Jonas Hegre, 20. februar 1885 finn ein også, rett etter innførsla av giftarmålet, innført skifte. Ho kunne ikkje lenger sitja i uskifta bu etter den første ektemannen, Eivind. Også Jonas er enkemann og sit i uskifta bu. Dette blir også skifta same dag.

Av skiftet går det fram at Ane Oline har støtta alle dei fem barna som har utvandra til Amerika, økonomisk. Både Stine, Samuel, Inger Marie, Abel og Ola har fått forskot på arv. Samuel, han som reiste ut, kom heim og reiste ut att, er den som har fått mest. Han har fått 200 kroner. Stine drog  før ein gjekk over frå spesidalar til kroner i 1874. Ho fekk då 50 Spd. Det svarer til 200 kroner. Inger Marie og Abel reiste saman i 1881, og fekk begge 168 kroner kvar. Ole, den siste som drog få år seinare, 196 kroner. Korkje Arne, Jon eller Ane Oline har fått forskot på arv. 

Ane Oline flyttar saman med ektemannen Jonas til garden hans på Hegre. Den yngste dottera blir buande att i Amtmandsmuget 12 saman med fleire leigebuarar. Etter at sonen Jon sel Sandal og flyttar til Austlandet, til den nykjøpte garden Aakre i Gjerpen, bur ho ein lang periode der. Men ho vender vestover att tidleg på 1900-talet og buset seg saman med ektemannen på Sandnes. Først i 1904 sel ho Amtmandssmuget 12 som ho kjøpte ni år tidlegare. Då Ane Oline døyr i 1908 76 år gamal, er tre av barna hennar, Stine, Eivind og Ola, allereie døde for mange år sidan.

Følgjande informasjon er registrert i lensmannsprotokollen: "Folgekone Ane Oline Johnsdtr. Heigre 76" død 28. april 1908 etterlet seg enkemann og barn av første ekteskap med Eivind Garborg. Arvingane er: Jonas Jonsen Heigre (75), Arne Garborg (57), John Garborg (53), Samuel Garborg (51), Abel Garborg (45), Marie Rønneberg f. Garborg (43), Olene Tunem f. Garborg (36), Stine Garborg død i Amerika etterlet seg eit barn, Betsy gift. Den eldste sonen bur på Hvalstad St. i Asker, den nesteldste sonen på Åkre pr. Porsgrund. Dei andre arvingane er i Amerika.

Ane Oline Død
Arkivreferanse: SAST, Høyland/Sandnes lensmannskontor, Gga/L0003, "Protokol over anmeldte Dødsfald i Høiland og Sandnes", 1908-1916.



IKA005_JPEG

Ane Oline tilbake på Garborg i samband med at sonen Abel saman med kona Julia og sonen Arne Wergeland er heime frå Amerika sommaren 1899. Foto: K. K. Kleppe.

Vaarvinna var endeleg slutt, og so skulde det vera Skule ei 3-4 Vikur, millom den og Slaatten. Ole Johannes likad ikkje denne Skuleturen midt paa Fyresumaren, for just daa hadde dei Bruk for Smaagutarne til aa gjæta. Og det var ikkje fritt han slog paa, at i Aar var det best Daniel var heime av Skulen. Men daa vart Daniel reint utav det. Skulen var det gildaste han visste. Der slapp han aa arbeida; der fekk han leika seg i Sundagsklæde saman med mange Kammeratar; og inne i Skulen greidde han seg so vidt godt, at han kunde lika seg der med. Han maatte paa Skulen! (Utdrag frå Bondestudentar av Arne Garborg)

Det er ikkje bare i Bondestudentar at Arne Garborg skriv om den jærske omgangsskulen. Meir enn 40 år etter han som Aadne blei innskriven på skulen, skildrar han minne frå den tida i Knudahei-brev:

Eg kom paa Skulen i 6-Aars Alderen, [...] Det var Umgangsskule [...]me var som Gjestir hjaa Kjendsfolk. [...] Der var alltid vel stellt hjaa Folk, naar dei hadde Skulen hjaa seg, og me totte me hadde det godt, naar me sat der og bala kvar med sitt uppetter det lange Skuleborde.

Aadne startar på skulen 6 år gammal i 1857. Han har då 27 dagar med skule og får undervisning i faga: Indenadlæsning, Religion, Bibelhistorie, Skrivning, Regning og Forstandsøvelse. På ni år, frå han var seks til han var femten, går Aadne 344 dagar på skulen. I snitt blir det 38 dagar med skulegang kvart år. Til samanlikning er det verd å merka seg at eitt skuleår i dag er normert til 190 dagar. Ein elev vil då, etter ni år på skulen, ha 1710 skuledagar.

Garborg-003Aadne er nummer 10 på lista. Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BD/L0003, eksamensprotokoll 1851-1862. 

Aadne skulegang. Ferdig
Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BD/L0003, eksamensprotokoll 1851-1862 og 82BA/L0004, eksamensprotokoll 1863-1868. 

Både Aadne, Stine og Jon fullfører skulegang fram til konfirmasjon medan dei bur på Garborg. Stine startar på skulen 8 år gamal i 1861 og Jon i 1863. Stine er ferdig med skulegangen sin i 1867 og Jon truleg i 1869. Stine har då gått 311 dagar på skule, i snitt 44 dagar kvart år. Jon sin avsluttande skulegang veit vi ikkje nok om til å kunne rekna dette ut. Men dei fem første åra, frå han var åtte til han var tolv, har han 257 skuledagar.

Stine. Skolegang. Ferdig
Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BD/L0003, eksamensprotokoll 1851-1862 og 82BA/L0004, eksamensprotokoll 1863-1868. 
Jon skulegang ferdig
Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BA/L0004, eksamensprotokoll 1863-1868. 

Samuel og Even startar på skulen medan dei bur på Garborg, men fullfører skulegangen på Madla etter at dei flyttar til Sandal.Even Evensen. Elev Time skuleArkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BA/L0004, eksamensprotokoll 1863-1868.

Garborg-014 - 1866-1868 Even nr. 72
Even blir elev i 1868. Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BA/L0004, eksamensprotokoll 1863-1868.


Oversyn over kvar skulen heldt til:
1857: Tjensvold
1858: Fotland
1859: Garpestad
1860: Fotland
1861: Thime Skolehuus
1862: Aarrestad
1863 - 1868: Gaarden Mossige

Omgangsskule Garborg Arne og Stine
Omgangsskule på Aarrestad 1862. Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor, 82BD/L0003, eksamensprotokoll 1851-1862.
Garborg-006

Brev til Annie – ei skildring av skulegang og livet i Garborgheimen

Aarrestad, Sven (1935): Brev til Annie (sjå særleg kap: III. Skulen, IV. Friskulen på Time, V. Arne Garborg og heimen hans)

Skulen gjekk på umgang i dei dagar, frå hus til hus, etter matrikul og skyldmark. På dei store gardane kunde skulen vera heile vikorne, hjå ein liten småbrukar berre ein dag. Sulemeisteren hadde eit skrin, som kunde berast på ryggen, og når me såg skulemeisteren koma, med dette skrinet på ryggen, sa me, at no kom skulen.
Sven Aarrestad, Brev til Annie s. 31
Auksjon på Garborg 1870
Fotomontasje: Auksjon på Garborg 5. april 1870, Ine Fintland. Arkivreferanse: SAST, Time lensmannskontor, SAST/A-100420/Gja/L0006, auksjonsprotokoll 1869-1873.

Den 5. april 1870 er det auksjon på Garborg. Det er Ane Oline som er initiativtakar til dette. Grunnen er at ho og ungane skal etablera seg i ny bustad på Sandal. Heimegarden på Garborg har Tønnes Svendsen Garborg, ein av naboane kjøpt. Garden på Sandal eig ho 3/5 delar av, medan Henrik Eriksen Hofland eig dei resterande 2/5 delane. Gjenstandane som er for sal, er av litt ymse slag. Det finst både utstyr til å laga mat og klede av og gards- og transportutstyr. Meir enn 350 gjenstandar blir auksjonert bort, og totalt blir det seld for rett over 250 spesidalar. Med dagens pengeverdi svarer det til rundt 70 000 kroner.

Garborg-005 auksjon
Arkivreferanse: SAST, Time lensmannskontor, SAST/A-100420/Gja/L0006, auksjonsprotokoll 1869-1873.

Vil du vita litt meir om nokre få av dei som baud? Folketellinga frå 1865 fortel litt om livsstilling og livsvilkår

 Nokre av gjenstandane som blei selde var:

Jernskrab, 1 Tønde, 1 Par Støvler, 1 Barnestol, 3 River, 1 Jernboldt, Potetsmølle, 1 Vævgang, 1 Skruestikke, 1 Hestesæle, 1 Rok, 1 Stol, 1 Skab, 2 Greber, 1 Slibesten, 1 Kar, 1 Bord,1 Kasse med Skrab, 1 Brødhelle, 1 Kiste, Træskrab, 1 Gryde, 2 Kjælker, 1 Bog, 1 Deel Bøger, 1 Reisekjerre, 1 Vogn, 1 Kjerre, 1 Krak, 1 Koe, 1 Treskemaskine, 1 Tønde Poteter, 1 Tønde Havre, 1 Skammel, 1 Par Sko, 1 Oljekappe, 1 Del Torv, 1 Sengested

Sandal - 16. No 29 OR Fire og tyve Spdlr. 1875. Skjøde

Underskrevne Overretssagfører Johan Johnsen som beskikket Curator [?] i garver Tobias Thorsens Concursbo erklærer herved, at bemeldte Johan Thorsen i Aaret 1869 afhændede til Even Aadnesen Garborg, en Del af sin Anpart af Gaarden MNo 38 Malde i Haalands Thinglag med Huse og Hærligheder for en Kjøbesum af 3000 Spd. Denne Anpart der nu har LNo 206b af Skyld 19 Skill. har bemeldte Even Aadnesen eller nu hans Enke Anne Oline Johnsdatter, som hensidder i uskiftet Bo efter ham, overdraget til sin Søn John Evensen paa følgende Vilkaar.

1. Kjøbesummen er 2800 Spd og en til 200 Spd for fem Aar værdsat Folge til bemeldte Anne Olene Johnsdatr for hendes Livstid.

2. Af Kjøbesummen overtager John Eivindsen Restgjæld til Madame Jansens Legat og Hypotekbanken med til sammen 1000 Spd og udsteder Panteobligation til Enken for 1000 Spd. de øvrige 800 Spd har Enken erklæret at hun frafalder.

3. Enken er berettiget til at bruge og bestyre Gaardeparten, om hun ønsker det i 8 otte Aar fra 14 April 1875 mod at hun i den Tid betaler Resten af Pantegjælden samt Skatter, Afgifter og Byrden af Eiendommen.

4. Afgaar Enken ved Døden forinden John Evensens Søskende have opnaaet 15 Aars Alderen, er han forpligtet til at underholde og beklæde disse sine Søskende indtil hiin Alder er naaet for hvær enkelt af dem. 

Denne forpligtelse ansees for det stemplede Papirs skyld kun som en Fortsættelse af Folgeydelsen til Enken. Forøvrigt anmærkes som Hæftelse paa Eiendommen 2 Fæstesedler til Bellest Rasmussen og Ole Olsen paa Vandfald og oplyses, at Gjælden til madame Jansens Legat er 600 Spd og den oprindelige Gjæld til Hypotekbanken var 800 Spd.  Den Vei som fører over Eiendommen fra Rakel Thorsens Eiendom, bruges fælles med Eieren af sidstnævnte Eiendom. Da saavel Anne Olene Johnsdatter som John Evensen med Curator har indgaaet paa ovenstaaende Afhændelse og Betingelser, og da Tobias Thorsens Concursbo er fyldestgjort for den betingende Kjøbesum 2000 Spd hjemler jeg John Evensen nævnte Eiendom. Stavanger 24 Marts 1875 John Johnsen

Originalen finn du her

Arkivreferanse: SAST, Jæren sorenskriveri, 4/41/41BF/L0002, pantebok nr. 10, 1871-1873, s. 0-1.

Då familien buset seg på Sandal er det berre Aadne, Stine og Jon som er ferdige med skulegang og har stått til konfirmasjon. Alle dei andre seks i søskenflokken går på Madla skole. Der får dei undervisning i faga: lesing, bibelhistorie, truslære, utval av leseboka og rekning. Totalt blir det halde skule 50 dagar kvart år. 

Samuel finn ein siste gong i karakterprotokollen for 1871. Even er registrert som elev til og med året etter.

Samuel siste

Even. Skole Madla

Inger Marie startar på skulen åtte år gammal i 1871 og går der i sju år. Ho er den av barna vi, ut frå arkivmateriale etter Madla skole, får vita mest om skulegangen til: Karakterar frå alle skuleår er tilgjengelege, og det same er pensum i dei ulike faga. Vi får også eit oversyn over fråvær. Totalt på dei sju åra ho går på Madla skole, er det tilbod om 583 dagar med undervisning. Inger Marie er berre til stades 232 dagar, men ho har høg måloppnåing i dei ulike faga. For informasjon om karaktersystemet sjå: "Arne - Bondestudenten."

Inger Marie. Skole. Madla 01 – Kopi
Inger Marie. Skole. Madla 02
Inger Marie. SKole. Madla 03

Abel er innskriven i 1874, men fullfører ikkje skulegangen på Madla. Han er kort innom Kongsgård i Stavanger, men mora har ikkje råd til å betala skulegang for han der. Broren Aadne ordnar det slik at Abel bur hos seg i Kristiania og går på Gjertsens skole. Også konfirmasjonen finn stad hovudstaden i Trefoldighedskirken

Abel. Skole. Madla

Dei to yngste, Ola og Ane Oline, startar på Madla skole i 1876 og 1878. Vi finn dei som elevar der fram til og med 1880. Truleg går dei på andre skular fram til konfirmasjonen.

Ole. SKole. Madla 01
Ole. Skole. Madla 02
Ole. Skole Madla 03
Ane Oline Madla

Samuel 1870

Samuel som elev 1870 på Madla skole

Frå Aadne til Arne –  Frå Sandal til Tvedestrand og Kristiania

Aadne er allereie flytta ut då familien forlet Garborg. Han bur kort tid på Sandal før han flyttar heimefrå nok ein gong. Han er ein periode i Tvedestrand og grunnlegg der avisa Tvedestrandposten. Den første utgåva kjem ut 16. oktober 1872. Frå Tvedestrand går turen vidare til Kristiania der han blir student i februar 1873.

Med laudabilis præ ceteris som hovudkarakter på eksamen artium, blir han immatrikulert på universitetet i hovudstaden 2. september 1875. Privatpreseptoren hans, det vil seia den faglege rettleiaren, er Monrad. Aadne, eller Arne som det står på artiumsvitnemålet, har faga; «Modersmaalet», «Latinsk Overs.», «Mundtl. Latin», «Græsk» «Tydsk», «Fransk», «Religion», «Historie», «Geographie», «Arithmetik», «Geomet.». Dei faga han får beste karakter «1» i, er: morsmål, gresk, tysk, religion, historie, geografi, aritmetikk. I dei andre får han karakteren 2.

Eksamensprotokoll fra Riksarkivet. Garborg
Arkivreferanse: RA, Universitetet i Oslo, Kollegiet, RA/S-2868/F/Fa/Faa/L0063, Eksamen artium 1868-1877. 


Busett i Kristiania hjelper Arne også til med å sikra at broren Abel får skulegang. Abel bur to periodar hos Arne, første gong medan Arne bur på Hærems studenterhjem der han flytta inn i 1875. Også søstera Ane Oline bur hos Arne eit halvt års tid i 1886. 

Av adressebøker for Kristiania går det fram at Arne i åra 1879-1884 er registret som redaktør, student, kopist og statsrevisor. I same perioden er han busett i Trondheimsveien 1, Løkkeveien 13, Pilestredet 100. Vi finn han ikkje registrert i folketeljinga i 1885. Arne er då i Paris. Han har fleire utanlandsreiser både som ungkar og etter at han blir gift.

Ein del av breva Arne skreiv er publiserte i Mogning og Manndom bd. I og II. Ut frå desse ser vi at han i åra 1870-1923 har mange adresser både i Noreg og i andre europeiske land: Sandal, Frydendal, Risør, Kristiania, Paris, Lille Elvedal, Kolbotten, Tynnset, Diessen am Ammersee bei München, Bruck bei München, München Hess-Str. 59 III, Berling W. Lützowstrasse 104 II, Berlin W. Steglitzerstr. 4 IV, Erkner bei Berlin, Rom Via Cappuccini 6, Øggar (Ytre Salte) pr. Time St., Time Station Jæderen, Nærbø Jæderen, Paris Hôtel Voltaire Quai Voltaire, Stokke, Labraaten Hvalstad, Østre Gausdal, Knudaheio, Blasewitz, Pillnitz bei Dresden og Bryne.

I 1887 giftar Arne seg med Hulda Bergersen

Giftarmål Arne Hulda
Arkivreferanse: SAO, Oslo byfogd avd. I, L/Lb/Lba/L0005, notarialprotokoll, rekke I, 1885-1888, s. 197b-198a.

5/12 87 Sgpst til Tønset

Aar 1887 den 3die Decbr. fremstillede sig for Notarius publicus i Notarie Bolig Ungkarl Literat Arne Garborg og Frøken Karen Hulda Bergersen, hvilke anmeldte, at det er deres Hensigt at indtræde i Ægteskab sammen og i den Anledning begjærede en Notarialforretning afholdt i Henhold til Lov af 22de Juni 1863. De foreviste Attester, som godtgjør at 1. at Arne Garborg er født i Ly Prestegjæld 25de Januar 1851 af Forældre Gaardbruger Even Aadnesen og Hustru Anne Oline Jonsdatter, vaccineret sammesteds 19de September 1851 og har idag udmeldt sig af Statskirken samt 2 at Karen Hulda Bergersen er født i Stange Prestegjæld 22de Februar 1862 af Forældre Sagfører Kristian Fredrik Bergersen og Hustru Petrine Marie, vaccineret sammesteds 16de August 1862, hun bekjender sig til den evangelisk-lutherske Religion. Arne Garborg erklærede, at han ikke hører til noget Troessamfund og ikke er Kristen. Som forlovere fremstilledes Statsrevisor Andreas Hølaas, pr Stabæk i Bærum, og Redaktionssekretær Lauritz Stavnheim, Skippergaden 21, hvilke, efterat være foreholdte Straffebestemmelsen i Krim. Kap 21 § 23, erklærede, at de som Forlovere indestaa for at intet imod Ægteskabets Lovlighed er at erindre.Da saaledes de lovbefalede Legitimationer vare tilveiebragte, modtog Notarius publicus af forannævnte Literat Arne Garborg og Frøken Karen Hulda Bergersen deres Erklæring om at de fra nu af ville være Ægtefolk. De underskrev derefter i Protocollen tilligemed Forloverne.

Arne Garborg Hulda Bergersen

Andr. Hølaas L. Stavnheim

Notarius erklærede derefter paa Embeds Vegne i Kraft af Loven Literat Arne Garborg og Karen Hulda Bergersen for Ægtefolk. Ægtefolkene opgav at ville tage Bopæl i Tønset Prestegjæld. For Forretningen betalt 5 - fem Kroner 60 - sexti øre.

Som Vidne: Petra Daae

P. S. J. Daae

Etter giftarmålet buset Arne og Hulda seg på Kolbotn, ei fjellstove i Østerdalen. I panteregisteret har staden ikkje annan namn enn "Skovteig (af Faaset)", men i skøytet frå 1893 er namnet presisert.

Kolbotn. panteregister og pantebok m transkripsjon
Arkivreferanse: SAH, Nord-Østerdal tingrett, H/Ha/Hag/L0041, panteregister nr. 5, 1896, s. 384 og SAH, Nord-Østerdal tingrett, H/Hb/Hba/L0013, pantebok nr. 13, 1890-1895, s. 362.

Familien Garborg
Fotograf ukjend. 

I mai 1888 blir sonen Arne Olaus Fjørtoft Garborg fødd. Nokre glimt frå livet der i litterær form gir  Kolbotnbrev og andre skildringar. Utanlandsopphald i Tyskland, Frankrike og Italia finn vi ikkje spor etter i kjelder her til lands. På den tida var det ikkje alle som reiste utanlands som tok seg bryet med å skaffa seg pass. Arne gjorde heller ikkje det i samband med dei første utanlandsreisene på 1870- og 80-talet. Erik Lie si bok "Praktisk fører i Paris" (1897) er absolutt lesverdig. Den gir eit innblikk i både korleis det var å koma seg frå Noreg til metropolen og i korleis Pariserlivet kunne vera: 

Paris

I 1897 buset Arne med familie seg på Labråten i Asker, og der blir dei buande livet ut. Arne døyr 14. januar 1924, Hulda ti år etter.

LabråtenArkivreferanse: SAO, Aker sorenskriveri, G/Gb/Gbb/L0007, pantebok nr. II 7, 1915-1916, s. 139-140.

Livsrekneskap – å prisa eit liv

Staten tok kostnadene for Arne Garborg si "Baalferd" som fann stad 21. januar 1924, sju dagar etter at han døydde. Det inneber at vi veit ein heil del om korleis denne blei organisert. Vedtaket blei fatta av Stortinget sitt presidentskap 15. januar 1924, og oversendt til Kyrkjedepartementet dagen etter. Den kyrkjelege seremonien var slik: 

  • Musikk, komponeret for anledningen av Moaritz Ulvestad, utføres av strykere fra Filharmoniske selskaps orkester
  • Sang av Ivar Aasen: Heimen er baade vond og god, synes unisont
  • Landstad salme 722 v. 1 synges unisont
  • Tale av sogneprest Ivar Mortensson Egnund
  • Landstad salme 722 v. 5, synges unisont
  • Sang av Arne Garborg: Det stig av hav eit alveland, synges unisont
  • Paalægning av kranser
  • Grieg: Vaaren
  • Orgelspil

Dei som leverte rekning til departementat for utført arbeid, var: 

  • Eckhardt og Helgesen A/S leverte 900 Sange til Arne Garborgs begravelse 98,00 kr
  • Honorar for sognepresten (Ivar Mortensson Egnund) 150 kr.
  • Vakt på Vestre Gravlund ved Garborg’s ankomst til Krematoriet (4 mand 1 time pr mand) a Kr 2,30, til sammen 9,20 kr.
  • Trefordighetskirken: Ingenting for benyttelse av kirken, men 60 kr for oppvarming, 43 for belysning og 35 kr for renhold. 
  • Kristiania Begravelses-Bureau Kr. Wang: Likkiste kr 130, madras kr 15, laken, pute, tæppe, svededug, strømpe, canebr.pute
  • Norsk Kremations Forening: Kremationsavgift 100 kr, askens opbevaring indtil 18/2 [?] 1925 kr 5, orgelspil kr 2, lys til kandelabrene kr 2, blikapsel med indpakning kr 2,50, bortkjøring av kranser kr 1,50. Totalt 119 kr 
  • Kirketjeneren i Trefoldighetskirken: Vagter 8 mand, flytning av bænker m.v, Kirketjeneren for utlæg, assistance og personlig arbeide
  • Utgifter til Ivar Mortensson Egnund: 150 kr (Bondeheimen)
  • Orgelspil: 100 kr

Det kom ein hel del kransar til seremonien, mellom anna frå: Stortinget ved Stortingspresident Tveiten, Regjering ved Statsminister Borge, Time Kommune ved Professor Sæland, Den Norske Forfatterforening ved Forfatteren Øverland, Norges Ungdomslag ved Docent Midtun, Stavanger Maallag ved Professor Koht, Haugesunds Mallag ved Stortingsmand Markhus, Klep Mallag – Jæren ved Stortingsmand Kleppe, Rogaland Mallag ved Stortingsmand Kleppe, Time Mallag ved Redaktør Tjensvoll.

Korleis var karaktersystemet til examen artium i 1875?

Krava til examen artium på den tida var fastsette med heimel i lov av 17. juni 1869 om offentlige skoler for den høiere almendannelse. Dersom ein ønskjer å vita meir om dette, kan ein finna mykje gildt stoff i forarbeidet til denne loven. Det var eit utval oppnemnd av Kongen i 1865 og leia av Ole Hartvig Nissen som sto for dette arbeidet. I utgreiinga deira, Forslag til en forandret ordning af det høiere skolevæsen,finn vi ganske detaljerte omtalar av fagplanar og eksamensordning med meir.

Karakterskalaen som blei nytta for dei einskilde faga var: Udmærket godt. Meget godt. Godt. Temmelig godt. Maadeligt. Slet. Det er desse nemningane vi finn for dei ulike faga på vitnemålet til Arne Garborg frå 2. september 1975. Men om vi så ser etter i sjølve eksamensprotokollen, finn vi tal. Dette er eigentleg ikkje karakterane, men berre ei koding av desse, slik at "Udmærket godt" får koden 1, "Meget godt" får koden 2 osv.

Når ein derimot skal rekna ut hovudkarakteren, som blir gitt med latinsk nemning, nyttar ein eit poengsystem der udmærket godt blir sett til 5 poeng, meget godt til 4 poeng osv. Kvart fag har dessutan noko ulik vekting slik at til dømes karakteren i Modersmål blir vektlagt med ein faktor 4, Historie får ein faktor 3, Fransk 2 og Tydsk berre 1. Arne Garborg fekk udmærket godt i morsmål, altså 5 x 4 = 20, medan tysk med same karakteren berre tel 5 x 1 = 5.

Til slutt blei alle desse verdiane summerte. Den som fekk 122 eller høgare, var verdig til å få laudabilis præ ceteris. Dette tyder rosverdig framfor dei andre. Dei andre nemningane på skalaen for hovudkarakter var: Laudabilis. Haud illaudabilis. Non contemnendus. Meir om dette er å finna på sidene 417 og 418 i forarbeidet til loven.

Ordenstal femten, som vi også finn på vitnemålet og i eksamensprotokollen, er meir å sjå på som eit kontrollsiffer som viser summen av dei ulike karakterpoenga, utan faktorkorrigering. Opplysningane om talet på fag som ein har vore opp til eksamen i, er også ei form for eit kontrollsiffer som er med på å sikra at vitnemålet vanskeleg skal kunna endrast.

Medieomtalar av Arne Garborg si baalferd 21. januar 1924

Stine og Samuel – dei første amerikafarararane

Stine er den første av etter kvart seks av barna i Garborgfamilien som utvandrar til Amerika. Kjeldene i Noreg i samband med utvandringa hennar og dei andre søskena, er få. Då Stavanger politikammer brann i 1929, gjekk svært mykje arkivmateriale tapt for ettertida. Det einaste sporet vi finn her til lands, er ei innføring i kyrkjeboka for Håland i 1877. Der står det: Pige Stine Evensd. 12/12 1852 Amerika. I rubrikken for dato er det notert at det er fire år sidan. Altså skal ho ha reist, truleg frå Stavanger, i 1872/73 ein gong.

Det er til Gilman i Iowa der Tobias Thorsen, som faren hennar hadde kjøpt garden på Sandal av, Stine drar. I 1875 giftar ho seg med Jacob Jacobson i Marshalltown. Han er utvandra frå Sauda tidleg på 1870-talet saman med foreldre og søsken. Stine og Jacob får ikkje eit langt liv saman. Begge døyr med kort tids mellomrom i 1878 og etterlet seg dottera Betsey (Talle 2000).

Samuel uamerikansk i Amerika

I og med at Stine er den første som drar til Amerika, hjelper ho broren Samuel då han kjem kort tid etterpå. Den første jobben har han hos Tobias Thorsen i Gilman. Men før Samuel reiser ut, har han vore ei tid i skomakarlære. Han har også forsøkt seg som kokk til sjøs. Etter eit kort opphald i Amerika drar Samuel attende til Noreg i 1876. Heime blir han verande på Sandal der han mellom anna underviser broren Abel og dei yngre søskena i engelsk og hjelper til med gardsdrifta. I 1878 reiser han igjen over Atlanteren til Iowa i Amerika. Der studerer han nokre år ved Grinnell Academy. Medan han studerer der sender han ein artikkel, Fraa Amerika, til avisa Fedraheimen, der broren Aadne er redaktør (Talle 2000: 37, 79, 81). Samuel Garborg flyttar seinare til Minnesota og til Los Angeles. I Stavanger Aftenblad, laurdag 18. april 1931 kunne ein lesa følgjande om han:

Samuel uamerikansk og amerikansk

Karakteristikken av Samuel frå 1931 er interessant å sjå opp mot det biletet han sjølv formidlar av amerikanarar 50 år tidlegare. 

Fleire i søskenflokken reiser 

I 1881 reiser Abel 16 år saman med den to år eldre søstera, Inger Marie, til Amerika (Talle 2000: 48). Dei to drar, som Stine og Samuel, til Iowa. Og som broren Samuel, vaklar også Abel. Han fortel om det i brev til broren Arne og får følgjande svar: «Ja, ja. Daa du var heime, likad Du deg ikkje rart her helder. No hev Du vore ute. Kjem du heim no, er det aa tvila paa, um du vil lika deg betre. Du maa ikkje tru, at Du fær sa svært gode dagar her. Du maa i det heile gjera Deg det klaart; vil du fram paa nokon Kant, vil Du koma nokon veg, maa Du slita mange Aar fyrst» (Talle 2000:75).

Ola vel, som fire i familien har gjort før han, å utvandra til Amerika. Han reiser våren 1883, eitt år etter at han stod til konfirmasjon. Det er elles verd å merka seg at Sigbjørn Obstfelder er ein av medkonfirmantane. Ola sine kristendomskunnskapar blir vurdert å vera gode, Sigbjørn sine utmerka gode. 

Midt på 1880-talet er Ola, Abel og Samuel ikkje lenger i Iowa, men i Minnesota. (Talle 2000:78). Seinare buset dei seg andre stader i USA og i Canada.

Ane Oline vel også å søkja lukka i Amerika. Ho utvandrar sommaren 1890 (Talle 2000:140). 

Abel klarer seg etter kvart godt i Amerika og tar med kona Julie og sonen Arne Wergeland til Noreg i 1899. Då besøker han både heimen på Garborg og broren si skrivestove i Knudaheio. 

IKA005_JPEG
Her står Abel i døra i heimen på Garborg i 1899. Mora, Ane Oline, sit på steingarden utanfor. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag. Fotograf: K. K. Kleppe

Amerikanske og kanadiske kjelder om familien Garborg

Det finst nok ein del kjelder om dei seks søskena som utvandra både i USA og i Canada. Men i denne nettustillinga baserer oss i hovudsak på det kjeldearbeidet Siri Garborg Talle gjorde i samband med at ho ga ut boka "Kjære bror! Arne Garborg og slekten" (2000).  

Det kan nok diskuterast utfrå hentydinga til både Bibelen og til Arne Garborg sin roman kven i familien som er den burtkomne. Men Even eller Eivind, som er oppkalla etter faren, er den som bokstavleg talt er og blir borte. Han fell overbord frå skipet Zephyr i februar 1878 og druknar berre 17 år gamal. 

Even mønstrar på skipet Verta i Stavanger 29. januar 1876. Den første hamna skipet siglar mot, er i England. Som førstereisgut er Even til sjøs i eitt år og fire månader før han i mai 1877 er heime igjen rundt to veker. Den 7. juni 1877 reiser han igjen til sjøs. Denne gongen på skipet Zephyr med kurs for Arkchangel. Han nådde aldri heim att. 

Even død
Arkivreferanse: SAST, Stavanger sjømannskontor*, 1873, s. 665 .

Jon er 15 år gamal då familien i april 1870 flyttar frå heimen på Garborg til Sandal i Madla. Samen med mora er det han som tek ansvar for drifta av garden. I 1875 overtek han garden.

Sandal 1875
Arkivreferanse: SAST, Jæren sorenskriveri, 4/41/41BF/L0003, pantebok nr. 11, 1873-1876, s. 672-673

Jon er opptatt av gardsdrifta. Av broren Arne blir oppfordra til å skriva om dei kunnskapane og erfaringane han har i det bladet Arne er redaktør for. I 1878 står to artiklar signert "Av ein Agronom" på trykk i Fedraheimen. Eit Blad aat det norske Folket: "Husdyrstellet I" og "Husdyrstellet II". Begge artiklane finst lett lesbare her.

Jon. tekst i Fedraheimen
Utdrag frå artikkel II om Husdyrstellet frå "Fedraheimen Laurdag 12te Januar 1878". Transkribert versjon er henta frå www.aasentunet.no.

I 1882 giftar Jon seg med Siri Kristine, ho flyttar inn på Sandal og sonen Eivind blir fødd. Etterkvart blir det fleire barn, og Jon blir nibarnsfar. Garden på Sandal driv han saman med kona fram til han vel å busetta seg på Aakre i Gjerpen på slutten av 1890-talet. 

Medan Jon,  kona og barna Eivind, Iver, Astrid og Ingebrigt framleis bur på Sandal, søkjer han i 1891 på den utlyste kombinertstillinga "Amtsgartner- og Amtsagronom" i Stavanger. Stillinga er annonsert i "Norsk Kundgjørelsestiden, udgivet efter offentlig Foranstaltning ifølge Lov af 19de Juni 1882, No. 213". Lønna er 1600 kroner årleg i tillegg til "Diætgodtgjørelse" på 3 kroner i døgnet og dekking av skyssutgifter. Søknadsfristen er sett til 20. oktober. Jon sender inn sin søknad etter fristen. Kor lenge etter veit vi ikkje, søknaden er ikkje datert. Men Jon blir vurdert og foreslått rangert som kandidat nummer tre av elleve.

Gift ogdiv0052
Arkivreferanse: SAST, Fylkesmannen i Rogaland, SAST/A-101928/99/3/311/311CJ/L0001, amtsgartner, amtsagronom, amtsskogmesterstillingene 1891-1900.

Stillinga er det K. Teig som får. Fem år seinare, har Teig permisjon, og Jon er konstituert amtsagronom i eit halvt års tid. I 1896 er det derfor Jon si oppgåve å skriva årsmelding for den perioden han har fungert i stillinga. Han gir ei relativt detaljert skildring av dei oppgåvene han har utført. 

Gift ogdiv0057
Arkivreferanse: SAST, Fylkesmannen i Rogaland, SAST/A-101928/99/3/311/311CJ/L0001, amtsgartner, amtsagronom, amtsskogmesterstillingene 1891-1900.

Saman med årsmeldinga oversender han også eit brev der han orsakar seg for at han er seint ute. Grunnen er at han skal flytta austover med familien og derfor er oppteken med kjøp og sal av eigedomar.

Brev Stavanger amt 1897 Jon
Arkivreferanse: SAST, Fylkesmannen i Rogaland, SAST/A-101928/99/3/311/311CJ/L0001, amtsgartner, amtsagronom, amtsskogmesterstillingene 1891-1900.
Aakre skjøde
SAKO, Gjerpen sorenskriveri, G/Ga/Gaa/L0010, pantebok nr. I Ii, 1897-1900, s. 22.

Familien er registrert som innflytta frå Håland til gard "ved Porsgrund" i 1899. I 1900-folketeljinga har familien Garborg ti medlemmar: Jon, Kristina, Eyvind, Ivar, Astrid, Ingebrigt, Sigrid, Ingeborg, Jon og Aagot. Til husstanden høyrer også ei "Kjøkkenpige", ei "Fjøspige" og ein "Gaardsgut". Også mora til Jon, Ane Oline, bur saman med dei på Aakre. Elles er det verd å merka seg at amtsagronomen med familie og er busett der. Jon med familie blir buande på Aakre meir enn 10 år. Den yngste dattera, Solveig, blir fødd der i 1904.

I 1913 er han ikkje lenger "Gaardbruger" i Telemark. Han har flytta til Nordstrand i Kristiania og driv som handelsmann saman med sonen: "Inge & Co. (Inge Garborg, Jon Garborg) C.H. Bernaus Eftf. agentur, Raadh. gt. 20".

Jon Kristiania
Akrivreferanse: RA, Kristiania adressebok (publikasjon)*, 1913, s. 451.

Det er ikkje så mange år Jon får i hovudstaden. Han døyr 60 år gamal i 1915. I kyrkjeboka er det oppført at dødsårsak er "Kronisk bronchit" og at dette er dødsfall nummer tretten i 1915. Litt meir informasjon om dødsfallet og om arvingane er å finna i dødsfallsprotokoll for Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete. Der blir "Lungebetændelse" oppgitt som dødsårsak. Arvingane er:
Hustru Kristine Garborg og 8 barn
1) Ivar Sandsmark Garborg 30 aar, Amerika
2) Astrid g.m. Osvald Magnussen, Ole Vigs gt. 4
3) Inge Garborg, 25 aar Nordstrand
4) Sigrid Sandsmark Garborg, 22 aar f. 28.10.1892
5) Ingeborg Garborg 19 aar f.15.08. 1895
6) Jon Garborg 17 aar f. 3.1.1897
7) Aagot Garborg 15 aar f. 27.10.1900
8) Solveig Garborg 11 aar f. 15.07.1904

Beretning 1896 til Stavanger Amt

Beretning om konst. Amtsagronom Jon Garborgs Virksomhed i Stavanger Amt fra 2 Marts til 31 August 1896 

Min Virksomhed som vikarierende Amtsagronom gjenoptoges 2den Marts og fortsattes til 31te August da Amtsagronom Teig atter overtog Stillingen.

Arbeiderne er faldet til de forskjellige Tider saaledes:

I Første Halvdel af Marts udførtes Opmaaling og Planlægning med Omkostningsoverslag af en Del Dyrkningsfelter paa Jædderen og i Høgsfjord. Fra og med 15de Marts paabegyndtes en Fjøsbefaring i Bjerkreims Herred under hvilket samtlige Herredets Fjøs, paa faa Undtagelser nær, besøgtes. Kaaring af Stamkjør for en vordende Kvægavlsforening dersteds udførtes samtidig.

Færdig hermed foretoges en Fjøsbefaring i Skaare og Torvestad, efter Rekvition af Haugesund Meieri, hos dettes Leverandøre. Delvis samtidig og efter udførtes Kaaring af Stamkjør for Torvestad Kvægavlsforening.

Dessuden er udført Kaaring af Avlsdyr for Finnø og Tysvær Kvægavlsforeninger.

Fra 20de April og udover til de første Dage i Juni optoges Tiden vexelvis af Arbeider vedrørende Det kongelige Selskab for Norges Vels Forsøgsfelter for Plantekultur og Rekvitioner vedrørende Havebrug.

Af Forsøgsfelter anlagdes 10 nye hvoraf 1 for Sukkerbeder, 2 for Lupiner 2 for Havre 1 for Bygg 2 for Poteter og 2 for Høvæxter.

En Ulempe sinkede Arbeidet meget, forvoldte uforholdsmæssige Reiser og vakte nogen Misnøie hos Forsøgsværterne, nemlig at Saavarmen kom for sent for vor tidlige Saatid. Denne Omstendighed medvirkede vistnok ogsaa til at Forsøgene mislykkedes i mer eller mindre Grad. I den øvrige Tid og delvis samtidig med nævnte Arbeider er videre

a)       afholdt 9 Møder med Foredrag og Diskution.

b)      Afmaalt og udarbeidet Dyrkningsplaner ved Omkostningsoverslag hos 37 Rekvirenter med samlet Areal 3689, 11 Are og beregnet Udgift Kr 24.744.93 samt ydet Raad og Veiledning i Grøfting og Dyrkning hos 17 andre Rekvirenter.

c)       ydet Veiledning i alm Gaardsstel hos 14 Rekvirenter

          do        do        ‘’     Havestel               30    do

d)       do        do        ‘’      Husdyravl             6     do

e)       do        do        ‘’      Vanledninger        4     do

f)        do        do        ‘’      Byggeanliggende 9     do

Dessuden er forrettet som Prisdommer ved 2 lokale Dyreskuer og udført en Del forbedrende Arbeider for Kvægudstillingen i Hillevaag.

Landbrugets Udvikling inden Amtet i det forløbne Aar tør vel glædeligvis betegnes som jevnt fremadskridende. Det engelske Markeds Afstængning for vor Faareexport har ikke medført saa stort Prisfald paa Faarekjød som befrygtet. Og om de gjorte Forsøg med at indføre vore Faar paa belgisk og fransk Marked ikke fuldt ud har bragt det ønskede Resultat saa bør dette Foretagende endnu ikke opgives, ligesom vort indenlandske Marked bør udnyttes paa en tidsmæssigere Maade end hidtil. Nogen Fare for Stagnation i vor Faarebedrift er saaledes forhaabentlig ikke forhaanden.

Kvægavlen gaar vistnok fremad om en seent og smot. Tilstanden i de Distrikter jeg under Fjøsbefaringer og Kaaringer har haft Anledning til at gjøre mig noget bekjendt med denne, har givet Indtryk af i sin store Almindelighed  - at være bedre end tidligere. Dog har jeg 3 Steder desværre fundet Tilstanden saa slet at den nærmede sig uhyggelig Grændsen for dyrplageri, uden at jeg vovede at betegne denne som overskreden. Jeg indskrænkede mig derfor til at henlede Naboers og Foreningsmedlemmers Opmærksomhed paa at Tilstanden ikke blev verre. I almindelighed fandtes Dyrene i god Foderstand, Foderbeholdningerne rimelige, derimod Rensligheden mindre god, Fjøsene ofte trange mørke og ubekvæmme. Glædeligvis forekommer mange gode Fjøs hvor Styr og Stel staar som følgeværdige Exempler.

Interessen for en fornuftig Avl er nu almindelig. Okseholdsforeninger er nu oprettet i de fleste Kredser i enkelte af disse flere. Mærkelig nok at det Kvægopdrættende Ryfylke Fogderi, hvorfra aarlig 100 af Kjør spredes udover Jædderen, med Hensyn til Avlsforeninger ligger tilbage for Jædderen. Dette synes at være et Misforhold, der om det ikke blir rettet paa bør drage Konsekventser efter sig, der ikke vil bli til Ryfylkes Fordel.

Angaaende Havebrug og Frugtavl tillader jeg mig at gjentage hvad jeg tillod mig ifjor at anføre derom. Det kan og bør efter min Forening gaa en ny Udvikling imøde. Og det ville være meget ønskeligt om en Ordning kunne træffes hvorved ikke blot de fremkomne Krav om Veiledning hurtig kunne imødekommes men at der kunne ofres mere Tid og Arbeide paa at vække og spore Interessen herfor.

Som Arbeide i Beretningsaaret er faldt, er Vaaren i største Udstrækning optaget af Rekvitioner i Husdyravlens Interesse, der ogsaa om Høsten optager meget af Amtsagronomens Tid ved Udstillinger etc. Forsøgsfellerne har i lige Maade optaget betydelig Tid Vaar som Høst. Da Havearbeiderne ogsaa hovedsagelig falder Vaar og Høst blir de altformeget tilbagetrængte.

En Deling af Arbeidet skulle saaledes synes beføiet, om Amtsagronomens Hverv skal kunne skjøttes paa fyldestgjørende Maade. I andre fremskredne Jordbrugsamter er den herværende kombinerede Ordning et tilbagelagt Stadium. I Bratsberg Amt t.E. der neppe kan siges at være et Jordbrugsamt som Stavanger har man saaledes foruden Amtsagronomen 2 faste Amtsgartnere, og i Buskerud har det været sterkt paa Tale at ansætte 2 Amtsagronomer om dette ikke allerede er besluttet, i begge Bergenhusiske Amter er ansat saavel Amts-Agronom som Gartner – ligesaa Akershus og Hedemarken osv.

Tilslutningen til Fællesindkjøb af Kunstgjødning og Kraftfoder har øget idet der er indkjøbt for Kr 13 a 1400 uagtet Priserne har været lavere. Mangelen af Driftskapital vanskeliggjør imidlertid Arbeidet, og det ville derfor vistnok være ønskeligt om denne kunne afhjelpes ved et Laan af de af Storthinget i dette Øiemed til Dispotition stillede Midler.

Sanddal 30 April 1897

Ærbødigst

Jon Garborg

SAS-1981-01-M25-0645
Arkivreferanse: SAST, Pa 1 Anders Bærheim_SAS-1981-01-M25-0645.

I 1897 buset Arne med familie seg på Labråten i Asker. Han har då budd fleire år i Kristiania, på Kolbotn i Østerdalen og hatt kortare utanlandsopphald i Tyskland, Frankrike og Italia.

sommerferie 110
Labråten, foto: Ine Fintland.

Etter å ha budd på Ytre-Salte og på Torland for å skriva delar av Fred og Haugtussa, vel Arne, eller Aadne som det står i kontrakten, å skaffa seg sin eigen skrivestad på Jæren, Knudaheio. 

SAS2011-04-254 s
Arkivreferanse: SAST,Oscar S. Olsen, SAS_2011-04-254. 

Til fots over Jæren på utkikk etter utsikt tomt

Men det tek tid å finna den ideelle plassen. Fleire alternativ er blitt vurderte før han vel seg ut tomta i Knudaheio. Sommaren 1897 er han på Jæren. Eitt føremål med reisa er å sjå på moglege stader å byggja ei skrivestove. Han fortel om korleis han jobbar med saka til Hulda. 

Pa 1508 Ingvald Dahle_SAS1994-21b_jpg
Arkivreferanse: SAST, Pa 1508 Ingvald Dahle_SAS1994-21b.

Knudaheio – Kjøpekontrakt

Garborg-012
Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1889-1952.

I 1898 skriv han 10. mai kjøpekontrakt med brørne Peder og Veier T. Undem

Han fortel Hulda om kjøpet same dagen: 

I Dag har jeg atter været paa Undheim (les Unnei el. Onnei med spids O) – laget ”Kjøbekontrakt” og betalt Halvparten af ”Kjøbesummen” samt git min gamle Bygmester nærmere Instrukser om Stua. Jeg vil ha Torvtak, og baade det og at jeg i det hele vilde ha alt paa Jærbu-Vis tiltalte den gamle betydelig. Der skulde intet være i Veien for Torvtak. Naar saa Huset faar tørket og sunket sammen, saa det kan bli klædt, skal det naturligvis rødmales. Det kommer til at ligge godt gjemt bag ”Knudaheibergje”; og skjønt jeg naturligvis nu erfarer, at Freden der oppe forstyrres adskilligt om Sommeren af  ”By”-Turister- og – Fiskere (>: Folk fra Thime Station, som agerer Byfolk og altsaa maa ta ”Landture” osv.; gid de var i Nord-Sibirien!) – saa er jeg fremdeles fornøiet; jeg ved Veie og Kroger, hvor de Godtfolk ikke skal finde mig. Men jeg maa altsaa være ude og væk hver evige Søndag, indtil det blir fast Tradition, at det ikke nytter at søge mig paa den Dag. Og Gudskelov her er saa mange lune Kroker at gjemme sig i! – og desuden Synesvarde-Vidderne, ad hvilke jeg kan stikke til Havs i alle mulige usynlige Retninger. Tag mig der! –

Men den rigtige, endnu ikke Stationsfordærvede Jærbu skal jeg nok komme ud af det med. Mine Aktier staar for Tiden høit her (desværre forresten). Men Folk er virkelig snille, og Gaarden – Undheim føler sig nok en Smule ”Udvalgt” ved, at jeg sætter op denne Sommerstua der. Der er forresten saa mange Kjendinger af min Far der, overhoved Kjendinger af Familjen, - Folk, som har tjent hos Far i min Barndoms Tid osv.; og der hænger endnu meget igjen av det patriarkalske fra hin Tid: de er rent rørte, naar de ser igjen en fra det Hus. ”Ja hadd’-eg no kjent Deg so godt som eg kjende Far Din!” ropte en gammel Knark til mig i Dag, - en Forhenværende ”Dreng” paa Gaarden vor, fra den Tid da jeg laa i Vuggen; men jeg kjendte godt Navnet. Og de vil gjøre Dugnad og kjøre hjem hele Huset for ingenting – bare lidt Mad og Kaffi og ei Radlestund. – Men saa venter de nok at ha mig der som et Slags Bygdeorakel og Bygdesagfører og Hjelpesmann paa alle Vis i det skriftlige og boglige; og her er saa megen oprigtig og gammeldags Naivitet i dem der oppe, at jeg tror jeg kan gaa med et Stykke; - jeg kan ialfald faa Anledning til at komme ind i mangt og meget nu af det jeg tildels har glemt.

Om Ovne, Komfür, Møblement o.lign. faar jeg konferere med Dig, naar jeg kommer hjem; jeg har bare snakket med Snedkeren foreløbig. Men til Oktober skal det alt være koplet istand (kan det ialfald).

[…]- Ja –ja; der blir vist adskilligt her af forskjelligt Slags, saa det gjælder at være forberedet og indrette sig; men en liden Hjemfølelse er der i dette at være saadan halvt nedplantet her igjen. Og saa faar vi nu se da. Heldigvis er der jo altid den Udvei, at man kan – forsvinde for en Tid, om man skulde bli altfor populær i sit Fædreland.-

 Mange Helsingar fraa han Aadne i Knudaheio.

Oscar S. Olsen_SAS2011-04-252
Arkivreferanse: SAST, Oscar S. Olsen_SAS2011-04-252.

Nybygd skrivestove 1899 – eit urimelig stort og gildt hus?

Arne har planane klare om korleis bygget skal vera. Det skal ha torvtak, og det skal på sikt bli bordkledd og raudmala. Som utflytta jærbu får han ei kjensle av å høyra til når han har sin eigen bustad. Han underteiknar ikkje brevet med Arne, men med "Aadne i Knudaheio". 

Første gong han kjem til den nybygde stova, er på våren 1899. I brevet han då skriv til Hulda, er tonen ikkje fullt så optimistisk. Han signerer med "Din G". Om Knudaheio fortel han: 

- - Ja, her er som her er. Et urimelig stort og ”gildt” Hus er sat op: det kunde være udmærket, bare vi havde Brug for det. Men rent for stort og dyrt er det blit, og jeg kan ikke andet sige end at jeg synes det er Galmandsværk. Gamle Svend Undem, som blev mig anbefalet som en saa særdeles ”forsigtig’e” Mand, har denne Gang ikke sparet paa nogen Ting. Og selv havde jeg jo ikke Vit til at gi Ordrer. – Uff, jeg skulde ønsket nu, at nogen havde kunnet ta mig under Formynderskab. – Men, nu er der ikke noget at gjøre altsaa. Tilgiv, kjære! – jeg har syndet mod os allesammen. En halvt saa stor Stue havde været nok til mig. Men saa var det Haabet om at faa Dere her hit stundom. Nu nytter jo ikke det. Saa det hele blir saa rent bort i Natta. Gudskelov, at Du er stort nok Menneske til at forstaa ogsaa Galskaber. Men dette er værre end ”Galskab”; det er Sindsygdom. 

interiør
Interiør i Knudaheio: Klokka, skatollet og skrina er frå Garborgheimen, gyngestolen frå Kitty Kielland. Fotomontasje: Ine Fintland.

Men året etter er tonen ein heilt annan. Han er svært nøgd med staden og trivest. Nokre utfordringar er det likevel. I 1901 når han kjem dit er senga blitt isbre. Kona Hulda får fyldig rapport: I Knudaheio var det fælt. [...] Taget utæt, saa det havde rendt ind og ned efter alle Vægge (og op i ”Sengen”, hvor der havde dannet sig en formelig Isbræ osv). 

sommertur og Kristiansand 026
Senga som blei til isbre i 1901. Foto: Ine Fintland.

Fleire år tek han turen til Jæren. I 1904 kjem Knudahei-brev ut. Hulda og andre hjelper til med matstellet. Han inviterer Hulda på besøk, men ho tar han ikkje på ordet og forklarer kvifor (NB, Brevsamling 149, 17.04.1901): 

Hensigten med dine Besøg derborte, er jo ikke bare at se Naturen; men at føle dig som Jærbu i det Hele, høre dit Maal og kjende dig i Forbindelse med Folk og Natur saa intimt som muligt. Overhode for en Stund leve i og ha Glæde og Nytte af alt det derborte, som du føler dig i Slægt med og som du savner saa umaadelig her - ja for det gjør du jo, det siger du jo selv og det føler jeg altfor godt, selv om jeg ser du paa en Maade er tilfreds her ogsaa. Og nu er det det da, ser du, at naar vi kommer saa betydes Stemningen, du hygger dig med os og jeg blir Mellemmand mellem dig og Folket derborte og saa kan der komme Tider da du i Stilhed gaar og længter efter Jædern midt i Knudaheio uden at faa Tag i det, fordi der er kommet en disharmonisk Askertone ind. Er ikke dette væmmelig snusfornuftigt og rigtigt. - Men hvad jeg ikke tror vilde gjøre dig andet end Glæde, det var, om jeg kunde være saa letsindig at besøge dig bare en Dag eller to eller otte?

Garborgheimen eit kunststykke på Labråten

Maleri
Garborgheimen malt av Samuel Tveit ca. 1920. Foto: Ine Fintland

Til Arne Garborg sin 70 årsdag kjem barndomsheimen på Jæren til Labråten. Kunstnaren bak maleriet, som får ein sentralt plass på stoveveggen, er Samuel Tveit. Han er tidlegare elev hos Harriet Backer som Arne Garborg kjenner godt.  

Den siste kvilestaden

IKA003_JPEG
Både Arne og Hulda sine urner er i gravhaugen i Knudaheio. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-1951. Foto: K. K. Kleppe.

Det er i Knudaheio at Arne, eller Aadne som det står på gravsteinen, vel å ha sin siste kvilestad. Hulda inngår ein avtale med Time kommune:

Sak 60/1924

Skriv frå Hulda Garborg der ho tilbyr heradet Garborg sin eigendom ”Knudaheio” som gåve mot at heradet vil halda hand over den og ellest på desse vilkår:

Time mållag må få nytta huset etter den semja som er uppsett millom Garborg og hr. Aadne Sæland. Fyrre formannen i laget. Vert Time mållag uppløyst skal heradstyre ha heil råderett over eigedomen.

Ho må få reise ein haug i hagen og setja Garborgs urne i den, då nokre ord i dagbøkene hans syner, at dette var hans draum.

Vedtak: Time herad tek imot gåva og vil gjerne halda hand yvr ”Knudaheio” etter dei vilkår fru Garborg hev sett. Det naudsynte til forsvarleg inngjerding av stykket vert bevilga. Ordføraren får ellest fullmagt til å ordna med det naudsynte.

Sjølve urnenedsetjinga i gravhaugen skjer 7. juni 1925. Men Hulda vil gjerne at dette skal skje tidligare. Det føreset at gravhaugen er ferdig laga. Ho skriv brev både til hr. Kverneland og Jonas Jørstad om dette.

Garborg-046
Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-1951.

Seremonien i Knudaheio finn stad som planlagt, 7. juni 1925. Få dagar etter takkar Hulda Jonas Jørstad.

brev 1925
Arkivreferanse: IKA Rogaland, Time Mållag, saksarkiv 1920-1951.

Knudaheio i bilete

Oscar S. Olsen_SAS2011-04-256
Arkivreferanse, SAST: Oscar S. Olsen, SAS_2011-04-256.

SAS2011-04-253
Arkivreferanse: SAST, Oscar S. Olsen, SAS_2011-04-251.

Ingvald Dahle SAS1994_21_Knudaheio 2Arkivreferanse: SAST, Ingvald Dahle SAS1994_21_Knudaheio 2.

Nasjonalbiblioteket - Privatarkiv etter Arne Garborg

Nasjonalbiblioteket har privatarkivet etter Arne Garborg. Det var også her sonen til Arne Garborg, Arne Olaus Fjørtoft Garborg (1888-1968) arbeidde. 

Barndomsminne – Garborgheimen sett frå Knudaheio

Enno hev eg som eit Minne um, at naar eg fekk vera med Far og Mor ute i Lag, so tok gjerne Gamlekallane Ungen og sette'n upp-aa Borde framfor seg og heldt Moro med 'n [...].

Med Barndomen er det paa Lag som med segjer um Æva: der er ikkje Tid. [...] Der er Liv, Skifting, Bilæte.

I Buakammerse, i den store store blaae Kista hennar Mor, djupt ned-paa Botnen der, under mange Lag av Ty-tullar og Underklæde og Kva det alt var, hadde eg Laanebøkane mine gøymde. Framfor den Kista laag eg paa Golve paa mine Kne og las so tidt eg kunde stela meg ei Stund, med Kistelòke upp-slegi, studd til Kistekanten, med Boki halvløynd ned i Kistegape, so en skulde kunne stikke ho snøgt ned og faa Lòki att um han Far kom;

Utdrag frå Jær- og Knudaheibrev som finst i Nasjonalbiblioteket sin handskriftsamling

Utdrag av brev frå Arne til Hulda 2. august 1897:

Jeg vandrede paa min Fod nordover alle Bakker til Garborg (kan nu bogstavlig sige at jeg har ”endefaret” hele Jæderen fra Ogna til henimod Sola). Der laa jeg om Natten (i det Værelse, hvor Far og Bedstefar har ligget Lig; ingen af dem forstyrrede mig; Lopperne var værre) og foretog Dagen efter en temmelig grundig Undersøgelse af alle mine ”Muligheder.” Den ene havde for daarlig Udsigt. Den anden laa i andre Henseender ubekvemt, og Manden kunde ikke godt være af med den; den 3die (den egentlige) var ikke tilsalgs; en 4de staar endnu igjen (Eieren var ikke hjemme; jeg skal faa Besked senere), og den kunde gaa an, - forudsat at der (ved Graving) skulde vise sig at være Vand at faa. Ellers knakende tørt og noksaa vindhaardt.

 Saa er det de Par andre Muligheder her længer syd. De har begge Udsigt tilsjøs, og begge ligger ved en Aa; men ved den ene er der Veibesværligheder, og den anden ligger lidt kjedsommelig fladt midt i en Bygd at kalde for. Nu, da jeg ser, at det ikke haster med Reisen, vil jeg altsaa ta mig endnu en Tur, denne Gang tvers op gjennem Heierne helt op til Synesvarden og Fjeldene og saa ned igjen om Garborg eller deromkring; finder jeg ikke da noget, saa faar jeg vel bli ved et af de to sidstomtalte Steder (skjønt intet altsaa er det rigtige!) eller kanske ta en ”Mulighed” et Stykke nedenfor Garborg, som forresten ikke har stort andet for sig end at den heder saa pent (synes jeg): Malhaugane (to store Kjæmpehauge); ”han Aadne i Malhaugane” kunde ikke være saa galt Navn. (Forresten er der bekvemt, lige ved Vei, lidt Udsigt til Sjø og megen Udsigt til Myr samt fri Vei til Heis, og af Feil er der bare 3: 1) noget tørt, 2) noget nær Folk og Station, 3) – nei, jeg tror ikke der er flere! – jo: det ligger svært midt i Veien for alle ”forvitne” Bygdefolk (Barndomsbekjendte, ”Tremænninger” osv.)) –

[...]– Ja, kunde jeg finde ”det rette” her, saa var det ingen Sag! Men jeg kommer mere og mere til at tro, at det rette, det findes ikke. Det rigtige i Stemning - det er bestandig saa ulykkelig upraktisk. Og kunde nogetsteds de Ting gaa nogenlunde sammen, saa er Stedet – optaget.

Men nu skal der altsaa gjøres en Kraftanstrengelse. Og saa faar vi se. Lensmanden har jeg jo at raadføre mig med, og han har lovet at han vil hjælpe mig tilrette med hvad han kan [...].

Utdrag av brev frå Arne til Hulda 29. april 1899: 

Veiret var fint første Dag, og Luften kjendes god og friskende. Igaar var det Jærbuveir: Regn med kold Vind og Taage. Idag samme Veir, men mildere.

Her er fælt ufærdigt, og tomt og uhyggeligt. Og Gulvene bare Lort, i Dag har jeg faaet en Skurekone. Gudskelov en kjæk Kjærring af det gode Slag, grei og resolut. Hun trøster mig og mener det er godt, at Huset er som det er; saa kan det lettere sælges. (Ja, sælge, ja! - - jeg solgte det i Dag!) Noget Madstel er jeg ikke kommen i Gang med. Her er en stor dyr fæl Komfur, men Kona siger at den ikke duer, og jeg har ikke havt Mod til at prøve.

(Apropos Ufærdighed: det nødvendige Udhus er – simpelthen – glemt. Jeg er kommen helt i Naturtilstand.)

Kona steller paa Sengen og Madrassen, saa den blir vel lidt bedre. Det er daarligt med Søvnen fremdeles og har været det helt siden jeg reiste. Altsaa ikke rart med mig; træt, og bekymringsfuld. Alligevel har jeg begyndt at arbeide lidt, og holder jeg ud, kunde det vel gaa. Men længe kan det ikke bli. Jeg har ingen Mathug, og saa flaut det er maa jeg nok bare se at pille mig af Gaarde igjen. –

Jeg tænker bare paa Dig, og paa Dere. Det havde vist været bedst om jeg var blit hjemme. Hos Dig er der bedst alligevel. [...]

Kjøpekontrakt Knudaheio 1898

Vi underskrevne Peder og Veier T. Undem erkjender herved at have solgt til medunderskrevne Aadne E. Garborg et Stykke Jord af vor Udmark, henved 1 1/2 Maal stort, beliggende sønden om Kundeheiberget, mellem dette i Nordøst og Gjendet mod Svend Andersens Bumark i Sydvest, og begrænset til de to andre Sider af rette Linjer fra jordfaste Mærkestene til ovennævnte Gjerde.
For dette Jordstykke, samt for Indgjerding, som Sølgerne har paataget sig at udføre smalafri inden Stavanger Høstmarked indeværende Aar, betaler undertegnede A. Garborg 100 - et hundrede - Kroner, hvoraf Halvparten Kontakt og Resten naar Gjerdingen er udført. 
Kjøberen tilsikres Ret til at benytte Veien gjennem Sælgerens Bumark.
Hund maa ikke holdes paa Stedet.
Undem 10de Mai 1898
Kjøber                               Sælgere:

Aadne E. Garborg             Peder T. Undem Veier Undem

So sìt eg daa der paa mi gamle Tuve. [...] Der framanfor Omnen sat han Farfar fyrr, og saug paa ei Kritpipe som der sjaldan var noko i; der var det og at eg lærde lesa. Burtved Benken, attunder Vindauga, laag eg sidan paa Kne og høyrde alle dei lange Bønine. Ved det andre Vindauga, burtimot Bokhylla, stod han Far um Sundagen og las Tekstane. Og her, inn-imot Sengi, stod Vogga der den minste sov. Attmed den sat ho Mor i Ryggstolen sin og høyde Preika. Men att-um henne, paa ein Skammel eller mindre Stol, sat ho Stine og sov, so eg missunte henne hjarteleg. (51) [...] Minne vaknar for meg i Krok og Kraa [...] gjekk eg ut i Kammerse der, fann eg visst den gamle raudmaala Sengi mi enno. [...] Men dette at her hev vorti so smaatt...Var her ikkje større? Heile min lange underlege Barndom, med dei mange Paafund og endalause Draumar, [...]
Arne Garborg, Knudaheibrev (1904).
En vis Ro kommer over mig med Tanken om, at jeg skal plantes fast her igjen. Det er rart: Havet suser anderledes her, og der er Andagt og ikke bare Æsthetik i Naturen.
Arne Garborg i brev til Hulda 10. juli 1897. Han er på veg til Thime og er i skrivande stund på Ogna. Arkivreferanse: NB, Brevsamling 140.
Kjære Hulda. Jeg blev liggende her en Dag længer end tænkt, Tak være min Bygmester, som ikke var hjemme. Det har imidlertid været sligt himmelsk Veir, - og Knudaheio er i Virkeligheden saa storartet - , at jeg forsaavidt ikke angrer paa det. Ja. Dette Jæderhytte-spørgsmaal holder nu paa at løse sig paa en uventet Maade: jeg er i høi Grad tilfreds med baade Stedet og Huset; og at jeg maa her hid af og til og være Jærbu, det har jeg aldrig følt bedre end nu. Altsaa lader vi Huset staa. Vi beholder alle tre Stederne. Med Tid og Lempe skal vi nok faa greiet Udgifterne, og saa har vi en Bopæl for hvert Slags Humør mens vi lever, og Tuften vil kunne realisere dem med Fordel, naar vi er daue og Folk lykkelige over at være kvit os. Jeg tror, at hvis Du havde været her i Dag eller i Gaar, saa vilde ogsaa Du have begrebet Knudaheio. Naar det er fint her, saa er det finere end fint, formedelst al denne Mængde Himmel, og Havet, som blegt og blankt gjenspeiler al den Himmelen. Og nu sidder jeg her opunder Himmelen, at kalde for, og skuer ud over Jorden og Havet, selv uset. Hytten ligger udmærket! Og Du skulde se hvor lyst og ”lettslegt” og henrivende det er i disse Stuerne med al den Himmel og Jord og Luft og Hav lige ind. Her behøves bare et Langbord, en Himmelseng med blaat Omhæng, en Hylde og en Klokke med Hus, saa vil det være tip-top. - Ifjor var jeg sindssyg. Jeg gik og kjæmpede med Angst og fæle Fristelser og saa ingen Ting, ræd Mennesker og næsten enda mere ræd for at være alene. Iaar er jeg normal igjen, og forstaar da meget godt, at jeg uden Betænkning gik paa Knudaheio.
Knudaheio 8/9 1900. Arne Garborg i brev til Hulda Garborg. Arkivreferanse: NB, Brevsamling 140.

Frå heim til museum – frå bruk nummer 2 til nummer 13

Etter at Ane Oline og barna flyttar frå heimen på Garborg i 1870, er det naboen Tønnes Svensen som overtek den (gnr./bnr. 62/2). Ti år etter sel han garden til svigersonen Ole Jonassen, og i år 1900 bur framleis Ole med familie i heimen som Eivind bygde. Etter Ole døyr, bur enka og sonen med familie der.

Bilde1
Foto av Garborgheimen på 1920-talet. Loftsveggen mot aust der løa låg, var pannekledd. Det er den ikkje lenger i dag. Fotografiet tilhøyrer Olav Garborg. Det var slekta hans som budde på garden etter Ane Oline og barna flytta ut.

I 1927 blir det skilt ut eit nytt bruk på garden, «Loden», som får bruksnummer elleve. Det er herfrå «Garborgheimen» tre år seinare blir skilt ut som bruk nummer 13. Året før var det ei stor utskifting på Garborg, og løa Eivind bygde, blei riven.

Garborgheimen-001
På baksida av dette dokumentet står følgjande: "Den fraskildte parcel hev fengje gnr. 62 bnr. 13." Arkivreferanse: SAST, Jæren sorenskriveri, pantebok 53.

Garborgheimen blir freda i 1939. Året etter overtek Time kommune, eller herad som det heitte då, eigedomen frå Jæren Privatbank. I skøytet blir det slått fast at: "Eigedomen må ikkje verta pantsett, nedriven, flytt eller seld. Den skal stå som eit minne om diktaren Arne Garborg som er fødd og oppvaksen i denne typiske Jær-heimen." Men det tek noko tid før heimen blir museum. Få dagar etter skøytet blir skrive er det andre problemstillingar som er langt viktigare. Under 2. verdskrig flyttar det folk inn att i heimen. Men når dei flyttar ut i 1947, startar  prosessen med å realisera planane om å gjera heimen til museum, for fullt. 

Garborgheimen-002
Arkivreferanse: SAST, Jæren sorenskriveri, pantebok 2/1 1940-31/7 1940.
Garborgheimen-003
Arkivreferanse: SAST, Jæren sorenskriveri, pantebok 2/1 1940-31/7 1940.

Vegen fram

Sak nummer 177 i Time kommunestyre 8. desember 1947 handlar om å utpeika tre medlemmar til ei nemnd som skal vurdera framtida til Garborgheimen. Skal den innreiast som eit bygdetun eller skal heimen restaurerast med "husbunad som i Arne Garborgs barndom"? I nemnda sit Jonas Jørstad, Ingvar Hognestad og Karl Attramadal.

Året etter fremmer nemda forslag om å setja av 5000 kr. til restaurering av Garborgheimen på budsjettet for 1848/49. Forslaget blir vedtatt, og det blir omtalt som ei æressak.

Opninga av museet i 1951

Både på hundreårsdagen for Arne Garborg sin fødsel, 25. januar 1951, og den 12. august då Garborgheimen blir museum, er det store arrangement i kommunen. I januar er det i Knudaheio, i august i Garborgheimen. Begge arrangementa er populære, og mange deltar. 

Garborg-025
Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-1951.

Garborg-018
Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-1951.


Til den offisielle opninga av Garborgheimen blir det invitert fleire gjester. Nokre sentrale personar som får invitasjon er: Inger Marie Rønneberg (Arne Garborg si søster i Canada), Arne O. F. (son av Arne Garborg), etterkomarar av broren Jon Garborg, forfattarane Inge Krokan, Jørgen Buchdal og Torvald Tu, leiarar frå ulike bondeungdomslag/ungdomslag og K. K. Kleppe. Mykje arbeid er lagt ned for å framskaffa slikt utstyr som fanst i heimen den tida då Eivind Aadnesen med familie budde der. 

IKA002_JPEG
Opning av Garborgheimen som museum 12. august 1951. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-51, Foto: K.K. Kleppe.

Frå 2008 er det Jærmuseet som har ansvaret for å utvikla og driva det nasjonale Garborgsenteret som både Garborgheimen og Knudaheio er del av.

Mediaoppslag

Garborg-038

Stavangeren, fredag 26. januar 1951. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-1951.

Garborg-039
Skulane markerer Garborg. Nylund, Solvang, Våland, Storhaug, Johannes og framhaldsskolen. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksarkiv 1920-1951.
Garborg-040
Stavangeren, Kva for ei bok av Garborg likar De best og kvifor? Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag, saksaarkiv 1920-1951.
Garborg-042
1ste Mai. Arkivreferanse: IKA Rogaland, Pa 5 Time Mållag.

Å framkalla ein heim – Garborgheimen som museum

garborgheimen jan 2011
Kjøkkenet. Foto: Ine Fintland, 2011.
IMG_2544
Den blå kista i buakammerset. Her gøymde Arne bøkene som faren ikkje skulle sjå han las. Foto: Ine Fintland, 2011.
IMG_2541
Buastova med døra open inn til buakammerset. Foto: Ine Fintland
IMG_2548
Foto: Ine Fintland, 2011.
IMG_7326
Garborgheimen. Foto: Ine Fintland, 2018.
IMG_7321
Garborgheimen sett frå austsida der kvardagsinngangen er. Foto: Ine Fintland, 2018.
IMG_7322
Foto: Ine Fintland, 2018.

Nokre bøker om Garborgheimen og om Garborg

  • Hodne, Astrid Kristine Fylling og Haugstad, Eli Dallavara (2014): Ein bibliografi om Arne Garborg
  • Obrestad, Tor (1991): Arne Garborg. Ein biografi
  • Reime, Sigbjørn (2012): Då Arne Garborg var liten
  • Reime, Sigbjørn (2009): "Heimen er både vond og god-" : ei forteljing om liv og lagnader i Garborgheimen
  • Reime, Sigbjørn (2003): Om Garborgheimen (hefte utgitt av Time kommune)
  • Reime, Sigbjørn (2000): Garborgs Jæren
  • Aarrestad, Sven (1935): Brev til Annie (kap. III. Skulen (s. 28-37), kap. IV. Friskulen på Time (s. 38-41), kap. V. Arne Garborg og heimen hans (s. 42-49)

Riksantikvaren og Garborgheimen

Riksantikvaren spelte ei sentral rolle både i samband med at Garborgheimen blei freda og då den skulle bli museum. Viktige spørsmål var: Korleis skulle heimen restaurerast? Kva gjenstandar ville vera autentiske? Riksantikvaren var i dialog med fleire, og mange spor etter dette er å finna i arkivet hos Riksantikvaren, men også andre stader.

Garborg-056
Arkivreferanse: IKA Rogaland, Time Mållag, sakarkiv 1920-1951.

Kor har vi funne arkivkjeldene til denne utstillinga?

I dei ulike faktaboksane nedanfor har vi samla opplysningar om ein del digitalt tilgjengelege kjelder om familien på elleve som budde på Garborg. Som fotomontasjar viser vi også kjelder som berre finst på papir. Det er viktig å vita at det er fleire kjelder enn dei vi presenterer her.  

Familien har sett spor etter seg i svært mange ulike arkiv her i Noreg, dei som utvandra, også i andre land. Dei dokumenta vi har brukt i denne utstilliga, er oppbevarte hos ulike arkivinstitusjonar som vi presenterer nedanfor alfabetisk:

  • Arkivverket med material frå Riksarkivet, Statsarkivet i Hamar, Statsarkivet i  Kongsberg, Statsarkivet i Oslo og Statsarkivet i Stavanger (Sjå "Litt om bruken av arkivkjelder i utstillinga").
  • Interkommunalt arkiv i Rogaland med material frå Time kommune og Time Mållag.
  • Nasjonalbiblioteket med aviser og brev
  • Oslo byarkiv med adressebøker for Kristiania 
  • Stavanger byarkiv med material frå Sunde skole.

I tillegg finst dokumentasjon på prosessen fram mot at Garborgheimen blei freda og omgjort til museum hos Riksantikvaren. 

Ettermæle

Eit menneske set spor etter seg uansett om det i løpet av livet har vunne seg eit "gjetord gjævt" som det står i Håvamål. Eivind Garborg, han som bygde heimen og først forlét han, har sett mange spor etter seg i ulike arkiv. Han var eit engasjert samfunnsmenneske med mange roller lokalt. Men han var også ein far som barna ønskte å minnast. 

I 1905, 35 år etter at Eivind valde å ikkje leva meir, skriv eldstesonen Aadne, som i 30 år i offentlegheita har hatt namnet Arne, eit brev til presten i Time, Theodor Borchgrevink. Grunnen til at han tar kontakt, er at han ønskjer å finna ut kvar på kyrkjegarden faren er gravlagt. Sonen som sjølv er passert 50 år, vil at faren skal bli hugsa. Han skal ikkje vera gravlagt utan stein. 

Brev frå Arne til presten 1905
Brev frå Aadne Garborg til Borchgrevink 19. april 1905. Arkivreferanse: SAST, Lye sokneprestkontor

På 1920-talet finst det ikkje lenger spor etter Ane Oline sin gravstad. Ho skal ha blitt gravlagd på den eldste delen av kyrkjegarden på Sandnes, men utan stein. I samband med at Arne blir "hauglagt" i Knudaheio, gjer Hulda eit forsøk på å finna grava. I brev til Jonas Jørstad datert 11. juni 1925 skriv ho: Bilturen tysdag var herleg, men eg hade vondt samvit fordi me hefte Dykk so lenge. Ille var det, at me ikkje fann gravi til bestemor Garborg, men eg vonar på betre lukke neste gong. Me skal aldri gløyma dykk at de vil halde hand over den siste kvilestaden til Garborg. 

Ein minnestein blei seinare reist over Ane Oline. I dag står framleis både minnestein over henne og gravstein over Eivind. Men det er i dei ulike arkiva og i gjennom forfattarskapen til Arne Garborg at minna om faren og dei andre på Garborg lever vidare. 

Grav Eivind Garborg
Foto: Ine Fintland, 2018

Eivind/Even Aadnesen Garborg

Eivind Garborg. Liv

Ane Oline Johnsdatter Garborg

Ane Oline. Liv 01

Aadne/Arne

Arne ung-gammal
Fotograf av Arne som ung, er ukjend. Biletet av han som gamal er frå Anders Bærheim sitt arkiv. Fotomontasje av Arne som ung og gamal: Ine Fintland.

Stilling og adresser i Kristiania:

Stine

Stine utvandra
Fotomontasje: Ine Fintland: Ministerialbok 1871-1882 frå Håland sokneprestkontor og bilete av Stine av ukjend fotograf .

Jon/John

Jon. Liv
Fotomontasje: Ine Fintland: Aker kriminaldommer, skifte- og auksjonsforvalterembete 1914-1918. Ukjend fotograf på biletet av Jon.

Samuel

Samuel. Liv
Fotomontasje: Ine Fintland. Utsnitt frå ministerialbok 1856-71 frå Lye sokneprestkontor, oppslag i Stavanger Aftenblad 18.04.1931. Fotograf av bileta av Samuel Garborg ukjend.

Eivind/Even 1859-1878

Even Liv
Fotomontasje: Ine Fintland. Kjelder: annotasjons- og sjømannsrulle frå Stavanger sjømannskontor. Fotograf av biletet av Eivind ukjend.

Inger Marie

Inger Marie. Liv
Fotomontasje: Ine Fintland. Utsnitt frå eksamensprotokoll frå Sunde skole. Ukjend fotograf på bileta av Inger Marie

Abel

Abel liv
Fotomontasje: Ine Fintland. Utsnitt av karakterprotokoll frå Sunde skole. Tre bilete av Abel, fotograf ukjend.

Ola/Ole

Ole Liv
Fotomontasje: Ine Fintland. To bilete av Ole, fotograf ukjend. Utdrag frå ministerialbok 1856-71 frå Lye sokneprestkontor

Ane Oline

Ane Oline Liv
Fotomontasje: Ine Fintland. Utdrag frå karakterprotokoll frå Sunde skole. To bearbeidde bilete av Ane Oline. Ukjend fotograf

Formålet med ei utstilling som dette er å syna korleis ein kan nytta ulike offentleg tilgjengelege kjelder for å skildra eit hus på 1800-talet og den familien som budde der. Dette handlar rett nok om heimen og familien til forfattaren Arne Garborg, og huset han vaks opp i, er tatt vare på som museum. Det gjer at vi har meir kunnskap om dette enn om eit tilfeldig hus frå den tida.

Likevel er det meste av opplysningar som er nytta i denne nettutstillinga slike som vi kan finna om folk flest her i landet på 1800- og starten av 1900-talet. Dei er henta frå skriftlege kjelder som er skapte då hendingane skjedde og er seinare tatt vare på for ettertida. No er ein del av desse også tilgjengelege på internett. Det gjer at dei kan nyttast av ein kvar som ønskjer det. Berre ved nokre tastetrykk på datamaskina heimefrå, kan ein faktisk finna fram til det meste av det vi viser i denne utstillinga. Du kan sjå døme på det ved å klikka på lenkene i teksten.

Bruk av arkivkjelder handlar om meir enn tilgangen til dei

Men sjølv om tilgangen til opplysningane er likefram og grei, er det mange metodiske utfordringar ved bruken av desse kjeldene.

Først og fremst må ein vita kor og korleis ein skal søkja etter opplysningar, både i dei digitalt tilgjengelege og i dei som berre finst på papir. Nokre, slik som t.d. kyrkja sine ministerialbøker, pantebøker, ulike rettsdokument, branntakstprotokollar og folketeljingar, finst i dei statlege arkiva, som Arkivverket (Riksarkivet og statsarkiva) har ansvaret for. Andre, som til dømes formannskapsprotokollar, finst i dei kommunale arkiva, slik som byarkiv og interkommunale arkiv.

Vidare krev det øving for å kunna lesa handskrifta i ei rekkje av dokumenta som finst i arkiva. Slett ikkje alle dokument er transkriberte til maskinlesbart format eller skrivne med vanlege latinske, lett lesbare bokstavar. Her kan det vera hjelp å få hos arkivarar eller andre som kan dette. Arkivverket har dessutan publisert hjelperåder for dette på internett.

arkivportalen finst oversyn over kva material som er tilgjengeleg i dei fleste offentlege arkiv. På digitalarkivet, som det statlege Arkivverket driv, finn ein mange ulike kjelder i skanna eller transkribert form. Men det er også viktig å vera klar over at sjølv om stadig fleire kjelder blir tilgjengelege der, finst det svært mange som enno ikkje er lagt ut der. 

Arkivverket og dei andre offentlege arkiva har ansvar for å ta vare på unikt kjeldemateriale, altså slike dokument, protokollar m.v. som ikkje er laga i fleire eksemplar. Aviser, bøker, brosjyrar og andre skrifter som er trykte eller publiserte på internett, er det Nasjonalbiblioteket som tar vare på. Nasjonalbiblioteket har også mange forfattar- og kunstnararkiv.

For å tolka informasjonen i arkivmaterialet, må vi ofte også gå til skriftlege kjelder utanfor arkiva. Då er Nasjonalbiblioteket si samling av skanna bøker og offentlege dokument av stor verdi. I denne utstillinga her, er det som gjeld tolkning av karakterar i skuleverket på 1800-talet, eit viktig døme. Like eins mykje av det som gjeld byggeskikken på Jæren henta frå Nasjonalbiblioteket sitt bokhylletilbod.

Vi har også etter kvart fått tilgang til eldre årgangar av digitaliserte aviser. I denne utstillinga har vi brukt Stavanger Aftenblad, Fedraheimen og Den 17de Mai. Slik er det mogeleg å finna fram til korleis ulike personar har ytra seg i det offentlege rommet.

Vidare er det mykje data i arkiva som handlar om samfunnsforhold som har endra seg vesentleg, til dømes pengeeiningar og ikkje minst verdien av pengar. Då kan Historisk leksikon og nettsidene til Noregs Bank vera til hjelp. Der er det også ein kalkulator for å rekna om pengar før i tida til verdien av pengane i samfunnet i dag.

Kven er dei menneska vi kan sjå for oss gjennom arkivkjeldene?

Arkivspora etter eit menneske dekkjer på ingen som helst måte livet som denne personen har hatt. Men arkivspora viser haldepunkt i tid og rom som gjer at vi kan danna oss eit bilete av rammene rundt det livet som personen har ført. For menneske på 1800-talet handlar det stort sett om dei kontaktane den einskilde har hatt med offentlege styremakter, irekna kyrkja.

Kyrkjebøkene dokumenterer tid og stad for viktige hendingar slik som fødsel, dåp, konfirmasjon, giftarmål og gravferd. Dei gir også innsikt i familierelasjonar. Folketeljingane supplerer med data om bustad og relasjonar mellom dei tidspunkta som kjem fram i dei kyrkjelege bøkene.  Skulearkiva fortel ikkje berre om utdanninga folk har fått, men også om korleis lærarane har vurdert kunnskapen og innsatsen deira. Sjømannsrullene kan gi oss data om dei som har vore til sjøs. Rettsarkiva seier noko om både privatrettslege forhold, slik som økonomisk fallitt og nabotvistar og om eventuelle strafferettslege forhold. Panteregister og pantebøker fortel eigendomshistorie til ulike gardsbruk. Branntakstar kan seia litt om byggjemateriale og om korleis husa var organisert på innsida.

I dei offentlege arkiva fram til vår tid, blir vekta lagt på mennesket som medborgar. Det er ganske føreseieleg kva typar av informasjon som finst om kvar einskild i desse arkiva. Men den einskilde sine personlege forhold innanfor dei rettslege og sosialt aksepterte rammene, får vi lite eller ingen kunnskap om. Då er vi avhengige av tilgang til brev eller andre private, skriftlege kjelder.

Desse er i liten grad tatt vare på like systematisk som ein har gjort med offentlege dokumentasjon. Men dette er av og til noko annleis for personar som har vore i det offentlege lyset, slik som kjende forfattarar og politikarar. Då kan ein finna samlingar av personleg dokumentasjon, slik som her ved at ein del av brevsamlinga etter Arne Garborg er å finna i Nasjonalbiblioteket.

Verkeleg spennande blir det når vi held dei saklege og nøkterne opplysningane frå dei offentlege arkiva opp mot ein forfattar sine litterære verk. Tolkinga av kva spor av det levde livet som er å finna i litteraturen, ligg utanfor det arkivfaglege feltet. Men dersom litteraturforskaren, og andre forskarar som nyttar arkivkjelder, skal gjera eit godt kjeldekritisk arbeid, er dei nøydde til å forstå kva eit arkiv er, korleis det har oppstått i si samtid og kva dokumentasjonen i det eigentleg er uttrykk for. Dette kan ein ofte finna noko om i arkivbeskrivingane, altså dei rammetekstane som arkivarane har utarbeidd då arkivet blei ordna og tatt vare på.

Garborg-020