Hedenstad Kirke
Illustrasjonsfoto: Hedestad kirke. Foto: Fred Friberg. Arkivreferanse: SAKO/P-1134/U/Ua/L0002

Blasfemi og uskikkeleg oppførsel - Om kvardagsliv i kyrkjeleg rettsmateriale

"Ektepar på Jæren melde for blasfemi – Prest med øks til åtak på kvinne", "Familie på sju nekta nattverd", "Injuriar frå preikestolen". Slike avisoverskrifter kunne vi venta oss dersom dagens journalistar rapporterte frå rettsforhandlingane på 1600-talet.

Rettsreferat med vitneavhør og domsavseiingar er blant dei beste kjeldene vi har til kvardagsliv og mellommenneskelege møte på 1600-talet. Direkte referat frå rettsmøte gir ettertida fargerike innblikk i livsvilkår og konfliktområde. Dei skildrar allmenne og tidsoverskridande stridstema som ekteskapsproblem, eigedomskranglar, religionsstrid, ulikt syn på kva som ga rang, ære og sosial status osv. Men uansett kor universelle og allmenngyldige konfliktar er og var, så er det samtida som til ei kvar tid påverkar haldningar og avgjer rettsforfølgjing og straffeansvar.

Rettsmateriale frå 1500-, 1600- og 1700-talet gir oss innblikk i samtida sine konfliktar, men også ei viss forståing av kvifor samfunnet takla store og små kvardagskonfliktar slik det gjorde.

Domkapitlet som domstol

Domkapitlet var ein institusjon som hadde som si primære oppgåve å sørge for rett levesett og rett lære hjå prestar og tenarar i kyrkja, men skulle også ta seg av skulestell, hospital, fattighus, lærespørsmål m.m. Domkapitlet var eit organisert prestefellesskap, og fungerte både som kulturelt fellesskap, eigedomsfelleskap og juridisk domskollegium. Det var ein gamal institusjon, frå andre halvdel av 1100-talet, som varte ved som ein del av kyrkjeordninga også etter reformasjonen. Men domkapitlet fekk til dels nye oppgåver og vart svekka utover 1600-talet. Dei juridiske oppgåvene minka etter at eineveldet vart innført, men domkapitlet heldt fram med å døme i ekteskapssaker og ”sedelighetssaker”, og i saker som galdt den indre geistlege disiplinen. Når domstolen dømde i ekteskap- og ”sedelighetssaker”, blei han også kalla Tamperrett eller Kapittelrett, og frå tidleg 1700-tall med fellesnamnet Konsistorialrett. Når domstolen dømde i saker som galdt geistlege embetsmenn, andre kyrkjelege tenestemenn, og i saker mellom prestar og soknefolket, vart han kalla Prosterett.

Domkapitlet som institusjon varte ved til domstolreformen i 1887, men var under avvikling heilt frå slutten av 1700-talet. På slutten av 1600-talet vart det også oppretta ein Sakristirett som dømde i lokale saker om rett livsførsel, utukt, lære osv. 

Ekteskap og eigedom

Domkapittelprotokollar er ei kjelde som kan stadfeste, men også utdjupe og legge nye sider til inntrykket av veremåte og livsstil hjå 1600-tals-menneska. Skilsmisser, eigedomskranglar, blasfemi og anna usømeleg framferd, samt ueigna prestar kan vere stikkord for innhaldet i dette kjeldematerialet. Rettssakene kan variere frå reine trusdiskusjonar til reelle maktkampar.

Protokollane inneheld i hovudsak skilsmissedomar, men nokre av sakene som kom opp for denne kyrkjelege rettsinstansen, handla om rett embetsførsel og kyrkjelege lærespørsmål. Det er desse sakene som står i fokus i denne vesle artikkelen. Vi har her tatt i bruk domkapittelprotokollane for å finne døme på alvorlege konfliktar mellom allmogen og prestane deira. Prestar vart anklaga for usømeleg oppførsel og for misbruk av stillingane sine. Nokre gonger vart dei løyste frå embetet sitt, andre gonger måtte kyrkjelyden stå til rette i form av bøter til styresmaktene. Bønder som klaga presten sin inn for domkapitlet, måtte ha mange klagepunkt og mange vitne på si side om dei skulle nå fram.

Stavanger domkapitels protokoll. Sak mot Nils Oddsen og kona hans fra 18. mars 1588
Sak mot Nils Oddson og kona hans frå 18. mars 1588. Original i Statsarkivet i Kristiansand (Stavanger domkapitels protokoll 1571–1630 nr. 1).

Protest mot prestar

Dei lutherske prestane skulle vere Guds tenarar i lokalmiljøa. Mange av sakene i domkapitlet tyder på at det motsette var tilfelle. Herr Jørgen var prest i Vanse på Lista. Den 18. juni 1594 vart han anklaga for ikkje mindre enn ti brot på embetspliktene sine. Mellom anna hadde han truga ein prestekollega med øks, og prosten med at han ville slå han i hel. Like trugande oppførte han seg mot ei kvinne i kyrkjelyden. Det var ikkje lite dramatikk då han gjekk til åtak på henne med slag og øksehogg på kyrkjegarden. Den frammøtte kyrkjelyden fortalde i retten kor overraska dei vart då presten sprang rett frå altertenesta, med prestekjolen på, for å overfalle Maren Lauritsdatter.

Også i Bjelland i Vest-Agder anklaga kyrkjelyden presten sin for å ha oppført seg utidig og for å ha forsømt prestetenesta si, denne gongen med ikkje mindre enn 16 alvorlege punkt. Presten hadde latt vere å dra til sjuke og døyande menneske, nekta å gravleggje døde, vist folk bort frå skriftestolen, slått inn kyrkjedøra i sinne og hindra messa, uteblitt frå mange messer han sjølv hadde tillyst, slått og sparka og jaga folk frå bryllaupsbord, krevd dobbelt av det tidlegare prestar hadde gjort i ulike godtgjeringar, forretta gudsteneste utan prestekjole, nekta folk å tale med prosten før dei gav han pengar, osv. Den 15. april 1666 vart han dømd frå embetet.

I Evje var Oluf Fennefoss komen i klammeri med den lokale presten, herr Hans. Presten skulda Oluf for å drive med trolldom og for å vere grisk, og i tillegg hadde han kalla Oluf ”smørnese” frå preikestolen. Då Oluf seinare vart frikjend for dei alvorlege trolldomsskuldingane, klaga han 17. juni 1623 presten inn for domkapitlet fordi herr Hans hadde nekta både han, kona hans, tre søner og to døtre nattverd i tre år.

Nattverdsleik

På Jæren budde eit ektepar som av og til mora seg med å dramatisere nattverden. Dette pleidde dei å gjere heime i stova si, fortalde dei domkapitlet i Stavanger. Spelet var nok like mykje meint som harselas med presten som blasfemisk omgang med nattverden. Bonden Nils spelte prest, kona regisserte. Og så fekk dei med seg to personar til. Ein spelte sjuk og låg til sengs, den andre henta presten. Dramatiseringa starta med at den sjuke bad kameraten om å hente soknepresten. Kameraten så gjorde, det vil seie, han skota seg fram på ein krakk medan han drog ein anna krakk bak seg i eit tau. Slik kom han ”ridande” over stovegolvet og fram til døra. Han helsa på Nils som sat der og spelte prest. Då han hadde sagt fram ærendet sitt, blei det ei lang forhandling mellom ”presten” og det ridande sendebodet om kor sjuk den sjuke var, og om kor mykje pengar og husdyr han åtte. “Presten” ville ikkje bli med i sjukebesøk før han var viss på at han skulle få både ei ku, ein stut, ein sau, ei høne og meire til som godtgjering. Men då henta han endeleg sekk og drikkehorn og gjorde seg klar til sjukebesøk. Så reid dei begge gjennom stova på krakkehesten. “Presten” sette i gong eit grundig forhør for å få vite om den sjuke ”trudde rett” og var klar til å døy. Omsider svara den sjuke rett på alle spørsmåla, og dramatiseringa enda med at den sjuke fekk tilbod om brød og vin i ein heimesnekra nattverdsseanse. “Presten” serverte brød frå ein sko og vin frå eit drikkehorn. Men nett denne gongen ville ikkje den ”sjuke” ta imot slike leikesakrament. Han protesterte på harseleringa av presten og dramatiseringa av nattverden ved å slå til drikkehornet med nattverdsvin som ”presten” ville gi han. Kona på garden likte dårleg at han nekta å spele rolla si ferdig, og argumenterte med at dette jo var eit spel som dei pleidde å more seg med. Ein eldre mann som hadde vore tilskodar til opptrinnet, åtvara gardsfolka og sa dei måtte ta seg i vare, så dei ikkje blei tiltalte for dette skodespelet. Og det var nett det som skjedde. Den 18. mars 1588 måtte Nils Oddsen og kona frå garden Njærheim på Jæren møte for domkapitlet og svare for at dei dreiv harselas med griske sokneprestar og for respektlaus omgang med sakramenta.

Hå gamle prestegård
Hå gamle prestegard. Garden Njærheim med den nedlagde kyrkjestaden er nabogard i aust. I 1588 hadde ikkje presten ytta til Hå, men han tok inn hos ein av familiane på Njærheim når han skulle ha gudsteneste i soknet. Dermed hadde folket på garden god anledning til å studera han. Foto: Hege Brit Randsborg

Maktkamp på mange plan

Nattverdsleiken er døme på ei av dei meir kuriøse sakene som kom opp for domkapitlet. Utanom skilsmissesakene dominerte konfliktsaker mellom prest og kyrkjelyd og mellom prestar. Kyrkjelyden drygde i det lengste før dei reagerte på det som tyktest vere udugelege prestar. Men når dei ikkje fekk hjelp i kritiske livssituasjonar gjennom prestetenestar dei meinte dei hadde krav på, tok dei affære, slik vi her har sett døme på med presten som ikkje ville gå i soknebod til alvorleg sjuke og som nekta å gravleggje døde. Slik konfliktar kan vere uttrykk for ressurskonfliktar der partane var ueinige om kva dei kunne kreve eller forvente av kvarandre.

Økonomi og ressursfordeling var sentrale tema og viktige brikker i samspelet mellom prest og kyrkjelyd, embetsverk og bønder. Kyrkjelyden betalte presten for å utføre visse oppgåver, og både kyrkjelyd og prest hadde gjensidige plikter. På byrjinga av 1600-talet var prestane i hovudsak valde av bøndene, og fleire kom sjølv frå bondestand. Ved innføringa av eineveldet vart dei embetsmenn, utnemnde av Kongen, og ikkje lenger forankra i bondestanden.

Heksebrenning har vore eit av kjenneteikna på 1600-talssamfunnet. Opplysningstid, vitskapsfolk og rasjonalisme har signalisert 1700-tal. Rettsmaterialet kan understreke, men også undergrave ei slik forståing. Ein maktbasert forklaringsmodell kan leggje hovudvekt på framveksten av statsmakta, andre vil leite etter årsaker i den økonomiske eller kulturelle utviklinga. Samfunnet på 1600-talet blir ofte skildra som valdeleg, brutalt, rått og kranglevorent. Kjeldetilgangen og fokuset på rettsmateriale kan ha sett dette miljøet i sterkare kontrast enn rett er til det meir velutdanna, velformulerte og veltilpassa 1700-talssamfunnet.

Religiøse lærespørsmål vart aktualiserte i tida like etter den lutherske reformasjonen av kyrkja i Danmark-Noreg, likeså rettsforfølgjing av einskildindivid i ein periode prega av individualisering og institusjonalisering. Dette skjedde ikkje minst fordi den dansk-norske statsmakta vart sterkare og etablerte seg som eineveldig i denne perioden. Bøteinntekter vart eit økonomiske gode for statsapparatet, kontroll over individa eit oppgjer med ættesamfunn og differensiert lovforståing.

Religion eller ressurs

Religiøse og økonomiske spørsmål smelta saman med leveform og samfunnsorganisering. Det kan vere vanskeleg å skilje mellom religiøse og ressursbaserte konfliktar. Kanskje heng dei også nøye saman. Men både økonomiske og religiøse interesser hadde sin eigenverdi i tidleg nytid, anten ein ser dei i samanheng eller uavhengig av kvarandre. Ressurskonfliktar mellom embetsmann og allmuge kunne oppstå på grunn av økonomi, maktfordeling eller på grunn av ulik kulturbakgrunn. Materialet frå domkapitlet kan hjelpe oss til å forstå kva og kven som fungerte som lokale autoritetar.

Det kan fortelje oss om integrasjon av einskildindivid, og om kva mal som til ei kvar tid styrte lokal tilpassing. Materialet kan også klargjere styrkeforholdet mellom lokalmiljø og embetsverk, og det kan avsløre konfliktområda mellom familiemedlemer, kollegaer og ulike sosiale grupper. 

Av Margit Løyland, førstearkivar, Riksarkivet. Denne artikkelen vart opphaveleg publisert i Arkivmagasinet nr. 2 2009. Les denne, eller andre utgåver her.

Kjelder

  • Stavanger Domkapitels Protokol 1571 – 1630, 1ste og 2det Hefte, Chr. 1897-99
  • Domkapittelsprotokoll for Kristiansand og Stavanger 1664-1684. www.digitalarkivet.no

Litteratur

  • Hanne Marie Johansen: Separasjon og skilsmisse i Norge 1536-1909. En familie- og rettshistorisk studie. 2001
  • Margit løyland: Kamp om rett lære. Om religiøs forståing og samhandling på Agder ut frå ei kyrkjerettsleg kjelde. 2008. www.hivolda.no
  • Knut Sprauten: ”Et moralsk fyrtårn i Oslo på 1600-tallet. Domkapitlets signaler til lek og lærd i det østlige Norge” i Byminner 4/1995
  • Anna Tranberg: ”Et blikk på menighetens kallsrett i Norge på 1600-tallet” i: Hans Hosar (red): Alt mellom himmel og jord, 2003
  • Anna Tranberg: ”lønnskrav og lønnspress. Konflikter mellom allmue og prest i Vest-Telemark på 1600- og 1700-tallet” i Telemark Historie, nr. 25, 2004