ENG
Fiskeflaaten

Ei av få stille stunder til havs. Uidentifisert norsk fiskeskøyte med mannskap. PA-1209 NTBs krigsarkiv, Ub-58

Fiskeflåten

Den norske fiskeflåten som var på meir enn 12 500 fartøy, blei rekvirert av den norske regjeringa ved mellombels føresegner 18. mai 1940. Men det blei vanskeleg for eksilstyresmaktene å få kontroll med fiskebåtane fordi dei var langs norskekysten der tyskarane etter kvart fekk dominans.

Krise og omstilling for næring og kystbefolkning

Invasjonen 9. april førte straks til stans i lofotfisket der 22 600 fiskarar og 6 500 fartøy deltok. Store konvoiar med fiskebåtar forlet straks fiskefelta. Dei vestlege marknadene for det eksportbaserte norske fisket braut saman og oppkjøparane kvidde seg for inngå avtalar om handel med varer dei ikkje fekk avsetnad for. Fangstmengda blei monaleg redusert dei følgjande åra, men lønsemda i næringa steig.

Omstilling og nye marknader

Fiskeria måtte haldast i gang, det var både norske og tyske styresmakter og andre aktørar samde om. Næringa var ein stor og viktig matvareprodusent både for ute- og heimemarknaden i ei tid med mangel på matvarer. Og dei fleste fartøya heldt fram med fiske og fangst, men under svært vanskelege kår og med streng regulering.

Mange av dei farvatna fiskarane nytta, blei stengde for fiske og det blei gitt strenge grenser for kor langt båtane kunne gå frå land. Minefaren langs kysten avgrensa rørslefridomen og sette liv og helse i fare. Det var også vanskeleg å skaffe drivstoff, reservedeler og andre driftsmidlar. Arkivmateriale i arkiva etter Norges fiskeredskapsimport og Redskapskontoret i Fiskeridirektoratet fortel om bidrag til krisehjelp og fiskereiskapar. Både fiskeflåten og mottaksapparatet blei nedslitt. Kapasiteten til flåten blei redusert både pga forlis og fordi fiskebåtar starta anna verksemd eller forlet landet. Vanskane førte til dramatisk nedgang i produksjonen. Vidareforedlinga av fangsten blei ramma pga den alment vanskelege forsyningssituasjonen. Forsyningsdepartementet sitt arkiv har mange brev om auka kvoter på næringsmiddel som var nødvendige for fiskeforedlingsindustrien. Etterspørselen etter fiskeprodukt var stor både frå den norske heimemarknaden og frå den tyske eksportmarknaden. Omkring halvparten av fiskekonsumet til tyskarane under krigen blei dekka av leveransar frå Noreg. Okkupasjonsmakta hadde dessutan mange hundre tusen soldatar på norsk jord og var ein stor forbrukar av fiskeprodukt. At Reichskommissariat hadde ein eigen fiskeavdeling viser kor viktige den norske fiskerinæringa var. Det rikholdige arkivet etter Fiskeavdelingen dokumenterer mellom anna regulering av fisket, fiskeløyve, fangstkvotar, fangst, foredling, eksport, statusoverslag og mange statistiske oversiktar. Direktoratet for eksport- og importregulering fortel også om fiskeeksporten.

Fiskefartøyer administrerte frå London

Dei fartøya som eksilregjeringa fekk kontroll med, blei administrerte av Fiskerikontoret i Handelsdepartementet i London. Kontoret hadde underkontor både i Buckie i Skottland og Halifax i Nova Scotia. Frå mai 1940 til slutten av juli 1944 disponerte eksilstyresmaktene 271 fiskefartøy og andre mindre farkostar. Av desse blei 13 rekvirerte til norsk marineteneste, 108 til britisk teneste, 10 utleigde til fiske, 13 frigitt til fiske for hæren, 7 utleigde til anna fiske, 3 disponerte av Nortraship Halifax, 24 i opplag, 2 forlist i norsk marineteneste, 31 forlist i britisk marineteneste, 24 forlist og 36 selde. Lagnaden til enkeltfartøy kan ein studere både i sjøforklaringar og assuransedokument. Sjøforklaringar frå krigsåra  er i rettsprotokollane i statsarkiva og i arkivet etter Politikontoret i Justisdepartementet. Reassuranseinstituttet for fiskefarkoster i Båtkontoret i Fiskeridirektoratet og Fikserikontoret i Fiskeridepartementet dokumenterer forsikringsoppgjeret for fiskeflåten etter krigen. Direktoratet for fiendtlig eiendom, Justisdepartementet, Oppgjørsavdelingen og Fiskeridepartementet, Fiskerikontoret har også informasjon om fartøy og erstatningsoppgjer.

Norskfiska fisk på marknaden i Buckie. Norske styresmakter ville tydeleggjere kor viktig dei norske fiskarane sin innsats var for matforsyninga til den britiske befolkninga. PA-1209 NTBs krigsarkiv, Ub-58
Norskfiska fisk på marknaden i Buckie. Norske styresmakter ville tydeleggjere kor viktig dei norske fiskarane sin innsats var for matforsyninga til den britiske befolkninga. PA-1209 NTBs krigsarkiv, Ub-58

Norske fiskarkoloniar i utlandet

Mange fiskarar forlet Noreg saman med familiane sine. Nesten 70 norske fiskarfamiliar var alt sommaren 1940 samla i den skotske byen Buckie. Stadig fleire fiskarar forlet kystdistrikta i Noreg både med fartøy og folk, særleg etter Måløyraidet og Lofotraidet var det mange som for. Britiske styresmakter bestemte at Buckie i Skottland skulle vere samlingsplass for fiskefartøy frå Noreg og ga dei løyve til å fiske i Moray Firth. Fiskeridirektoratet sitt arkiv i Statsarkivet i Bergen har arkivsaker frå Fiskekontoret i London og underkontora. Dei fortel både om drifta av fartøya og livet og verksemda i dei små norske fiskarsamfunna i utlandet.

Verkstaden i Buckie

Britiske styresmakter fekk etter kvart problem med å reparere norske fartøy som dei hadde i teneste fordi motorane var av ukjend type. I 1942 oppretta difor Handelsdepartementet ein reparasjonsverkstad i Buckie. Verkstaden overhalte og reparerte norske fartøy som var rekvirerte for britisk teneste og norske fiskebåtar i Skottland. I gjennomsnitt 60-70 mann var tilsette ved verkstaden som hadde nok arbeid med overhaling og reparasjon av fiskefartøy til lenge etter krigsslutt. Reparasjonsverkstaden og slippen i Buckie  er omhandla i Fiskeridirektoratets arkiv.

Fiskefartøy i illegal fart

I 1940 oppretta britane ein base på Shetland for operasjonar på Noreg. Mange norske fiskefartøy kom fort i gang med illegal fraktfart over Nordsjøen. Flyktningar, agentar, våpen og utstyr blei skyssa til Shetland. I 1942 var det 14 fiskefartøy med i denne farten. Det blei til saman 94 fiskeskøyteturar før meir profesjonelle fartøy tok over. I 1942-1843 slo fienden til og 7 båtar med 33 mann gikk tapt. Alvorlegaste enkeltforlis skjedde i november 1941 då fiskebåten Blia forsvann med 43 menneske om bord. Båt- og navnelister for nordsjøfarten kan ein finne i Fiskeridirektoratet sitt arkiv.