ENG
Tavle

Motstandskampen til lærarane

Skulen blei vurdert som ein viktig kanal for NS-staten sine nazifiseringsprosjekt.

Det gjaldt å få kontroll over undervisninga for barn og ungdom for på den måten å påverke dei mens dei var unge og mottakelege for ”den nye tids idéar". Lærarane kom derfor i ein utsett posisjon og motstanden deira mot påtrykket frå styresmaktene blei ein viktig del av haldningskampen.

Dokumentasjon om lærarkampen finst hovudsakleg i arkiva etter Kyrkje- og undervisnings-departementet, 2. skulekontor E og 4. skulekontor og Ministerens kontor. Her vil ein finne viktige kjelder til styresmaktene si handtering av konflikten med lærarane.

Lærarsambandet

Skulekonflikten toppa seg våren 1942, då ei lov om obligatorisk innmelding for alle lærarar i det NS-initierte Lærarsambandet blei annonsert. Dette skulle vere eit mellomledd mellom offentlege styresmakter og lærarane og formålet var openbert politisk. Lærarane skulle lærast opp til å formidle den nye tids idéar til elevane og på den måten vere ein reiskap for nyordninga. Dei aller fleste lærarane nekta medlemskap i Lærarsambandet.

Protest og arrestasjonar

Arresterte lærarar i Kirkenes.
Arresterte lærarar i Kirkenes.

Protestbrev strøymde inn til departementet og det same gjorde rapportar frå skuledirektørane. Dei fortalde om lærarane si innstilling til Lærarsambandet og problem med å halde i gang undervisninga som følgje av konflikten. Mange av breva finst bevarte i KUD/4. skulekontor/Dc/10. Her vil ein også finne andre saksdokument som er knytte til Lærersambandet, for eksempel ei mappe med lister over utmelde lærarar. Konsekvensane for mange av lærarane som nekta å stå tilslutta Lærarsambandet, var dramatiske. Ca. 1100 lærarar blei arresterte og mange av dei blei sende til Kirkenes der dei sat internerte under harde forhold. Desse lærarane vil ein finne lister over i KUD/4. skulekontor/Dc 10. Også i arkivet etter Statspolitiet vil ein finne saker som gjeld arrestasjon av lærarar.

Ein fiasko for NS-staten

NS-regimet forsøkte å krevje lojalitet frå lærarane gjennom medlemskap i Lærarsambandet. På denne måten skulle lærarane tvingast til å arbeide i pakt med nyordninga. Men forsøket verka stikk i strid med hensikta. Som følgje av lærarmangel og protestar frå foreldre og elevar oppstod det i staden ei rekkje administrative problem med å halde skulane i gang. Den framprovoserte konfrontasjonen med lærarane blei eit nederlag for talsmennene for nyordninga og styrkte den generelle motstanden.

Etter krigen var det usemje om behandlinga av dei lærarane som hadde meldt seg inn i Læresambandet. Dette saksfeltet blei behandla i KUD, både prinsipielt og med utgangspunkt i enkeltsaker. Ei rekkje NS-tru lærarar blei suspenderte. Ein vil finne spor etter arbeidet med dette saksfeltet i 2. skulekontor (F eske 1 og 2) og 4. skulekontor.

Erstatningsdirektoratet gjorde ein økonomisk gjennomgang av ulike NS-organ etter krigen, deriblant Lærarsambandet. Erstatningsdirektoratet sitt arkiv ha ei eige mappe om denne granskinga.

I arkivet til Lærarfronten i Rogaland 1940-1945, vil ein finne diverse dokument om motstandskampen i dette fylket.

Lektor ved Oslo Katedralskole og sekretær i undervisningsrådet, Einar Høigård, hadde ei sentral rolle i lærarkampen. Han formulerte hausten 1941 grunnlaget for lærarkampen i ”dei fire kardinalpunkta” med retningslinjer for korleis lærarar skulle forholde seg. Her ser vi ein utvida parole henta frå Høigård sitt arkiv. Einar Høigård blei arrestert i 1943 under rømmingsforsøk til Sverige. Han hadde svært mykje viktig informasjon og av frykt for å røpe noko under tortur, tok han livet sitt.

Arkiva etter søstrene Helga og Asta Stene har også mykje informasjon om lærarkampen.

Parole