ENG
Pakkeprotokoll

RA/PA-250 Norges Røde Kors/Fbc/0097

Politifolk i Tyskland

Den 16. august 1943 gjennomførte det tyske tryggingspolitiet ein landsomfattande aksjon der om lag 500 norske politifolk blei arresterte.

I desember 1943 blei 271 av dei sende til Stutthof ved Gdansk (Danzig) i det nåverande Polen. Der sat dei internerte fram til krigen var slutt.

Dei norske politifolka i Stutthof var under eit stadig press for å melde seg frivillig til ei eller anna tysk teneste. Presset auka hausten 1944, men politifolka heldt stand. Dette er truleg noko av bakgrunnen for at NS-regimet sin justisminister Sverre Riisnes som fungerande Politiminister forfatta dette brevet den 29.10.1944. Han krev at alle internerte politifolk skal avsetjast. Oppseiingane blei ikkje sette i verk. RA/S/3978 Politidepartementet/Ef/0005.

Ein tysk aksjon

Den direkte grunnen til den tyske aksjonen mot politiet, var ei sak om ordrenekt som enda med avrettinga av politifullmektig Gunnar Eilifsen i Oslo. Men saka var vel helst eit påskot for  opprensking i politiet. Aksjonen i 1943 skjedde samtidig med at dei norske militære offiserane blei tekne og bakgrunnen for arrestasjonane var ei aukande tysk uro over desse norske ”maktorgana” sin manglande lojalitet overfor okkupasjonsmakta.

Sjølv innan det nazifiserte Politidepartementet var mange ukjende med både bakgrunnen for arrestasjonane og kva som skjedde med dei internerte. Dette framgår av interne notat frå våren 1944 i departementet sitt arkiv. Det blei då stilt spørsmål om kvar i Tyskland politifolka var internerte og om det folkerettslege grunnlaget for interneringa.

I departementsarkivet finst det dessutan fleire hundre brev og telegram frå politikammera i landet frå tida etter arrestasjonane. I desse breva som er svar på telegram frå departementet, blir det svart på spørsmål om kven som blei arresterte rundt om i distrikta  -gjerne med undrande tilleggsspørsmål om kvifor akkurat desse politifolka var blitt tekne.

271 politimenn internerte i leiren Stutthof

Okkupasjonsmakta kravde lojalitet frå dei arresterte og fleirtalet underteikna slike lovnader.  Likevel blei dei plasserte i dei tyske fangeleirane Grini, Espeland og Falstad. Ein del blei sette fri i løpet av hausten, men resten av dei blei samla på Grini. Derifrå blei dei sende til Stutthof der dei etter nokre veker i ein stor konsentrasjonsleir blei overførte til ein spesialleir like ved. Der budde dei resten av tida dei var i Tyskland, drygt eitt år.

Dei hadde forholdsvis greie forhold sjølv om kosthaldet var dårleg, spesielt den første tida. I gjennomsnitt tapte dei litt over 12 kilo i vekt fram til begynninga av mars 1944. Då begynte det å kome matpakkar frå Noreg. Det kom også matpakkar frå Danmark, Sverige, Sveits og Portugal. Til saman betydde dette mykje for den fysiske tilstanden deira under resten av opphaldet.

Pakkesendingane er dokumenterte og i arkivet etter Raudekrossen i Noreg er det opplysningar om pakkar til politifolka i Stutthof. Desse sendingane er også omtalte i arkiva etter dei norske legasjonane i Bern og Stockholm.

Den 30. juli 1944 skreiv Noreg sin representant ved Den internasjonalen raudekrossen i Geneve til legasjonen i Stockholm at ”Det kan vel også være et spørsmål om ikke en leir som Stutthof nu  eller snart må bli evakuert.” Krigens gang aktualiserte spørsmålet.

Strevsam slutt på interneringa

Likevel gjekk det meir enn eit halvår før leiren blei evakuert ut på vinteren 1945. Deretter følgde ei strevsam og dramatisk tid inntil dei aller fleste norske politifolka var trygt tilbake i Noreg ut på sommaren 1945. Fem av politifolka døydde under opphaldet i Tyskland mens åtte døydde under heimreisa.

Det synest å vere bevart forholdsvis lite arkivmateriale om politifolka som blei arresterte og sende til Tyskland. Det finst spreidde meldingar og oversikter over pakkesendingar i arkiva til legasjonane i Bern og Stockholm og arkivet til Norges politiforbund.

Første side i protokoll med alfabetisk oversikt over internerte politifolk. Protokollen har også opplysningar om pårørande i Noreg. Protokollen høyrer med i arkivet til Den norske raudekrossen og blei brukt i forbindelse med sending av pakkar med mat og klede til politifolka. RA/PA-250 Norges Røde Kors/Fbc/0097.

Relevante arkiv i Arkivportalen