ENG
Joder-Auschwitz

RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ug/155/Auschwitz

Jødar i tyske avlivingsleirar

I løpet av tre månader hausten 1942 og vinteren 1943 gjennomførte tyskarane, i nært samarbeid med det norske NS-regimet, fleire større deportasjonar av jødar frå Noreg til tyske utryddingsleirar.

Massetransportane starta den 20. november 1942 då 20 jødar blei sende med ein fangetransport til Tyskland om bord på MS ”Monte Rosa”. Dette skipet kom tilbake til Oslo og frakta den 26. november ytterlegare 26 jødar til Tyskland. Same dag gjekk den største og mest kjende transporten med 532 jødar om bord på DS ”Donau”. Tre månader seinare, 24. februar 1943, blei så endeleg dei ”siste” 158 jødane sende med skipet ”Gotenland”. I tillegg til desse større samletransportane blei om lag 40 jødar sende meir spreidd.

Til saman ca. 770 jødar blei deporterte frå Noreg til tyske utryddingsleirar. Berre om lag 30 overlevde.

Norske eksilstyresmakter freista å hjelpe

Jødeaksjonane og deportasjonane gjekk føre seg i det stille. Verken tyskarane eller norske NS-styresmakter ønskte oppsikt om saka og den blei då heller ikkje omtalt i ordinær presse. Nyhendet om at mange jødar var tekne og sende ut av landet til ein ukjend lagnad, blei likevel raskt spreidd. Saka blei omtalt i illegale aviser og nådde raskt fram til norske eksilstyresmakter.

Allereie den 1. desember 1942, altså mindre enn ei veke etter at over 500 jødar blei sende frå Noreg med "Donau" og "Monte Rosa", fekk Det norske utanriksdepartementet i London kjennskap til deportasjonen. Informasjonen kom via norske styresmakter i Sverige. Same dag sende Utanriksdepartementet telegram om saka til Den norske legasjonen i Bern.

Sortering av jødar på Auschwitz jernbanestasjon 1944. Framst nede til venstre ein jøde i stripete fangeklede. Han bistår truleg tyskarane i arbeidet. Like over han ei mørkkledd jødisk kvinne som blir vurdert saman med eit lite barn som står like til høgre for henne. Biletet blei teke av ein SS-offiser i 1944. Fotografiet viser ikkje deporterte jødar frå Noreg, men situasjonen etter at dei var komne fram til leiren var truleg omtrent den same. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ug/155/Auschwitz.
Sortering av jødar på Auschwitz jernbanestasjon 1944. Framst nede til venstre ein jøde i stripete fangeklede. Han bistår truleg tyskarane i arbeidet. Like over han ei mørkkledd jødisk kvinne som blir vurdert saman med eit lite barn som står like til høgre for henne. Biletet blei teke av ein SS-offiser i 1944. Fotografiet viser ikkje deporterte jødar frå Noreg, men situasjonen etter at dei var komne fram til leiren var truleg omtrent den same. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ug/155/Auschwitz.

Legasjonen ble anmodet om å kontakte det internasjonale røde kors i Genève i et forsøk på å hindre at jødene fra Norge ble videresendt fra Tyskland til Polen. Dette forsøket førte til noe korrespondanse mellom legasjonen i Bern og Røde Kors utover i januar 1943, men resulterte ikke i noe konkret. Denne korrespondansen finnes nå i arkivet etter både Utenriksdepartementet og legasjonen i Bern.

Ukjent lagnad

Norske eksilstyresmakter var då ikkje klar over at jødane som var blitt deporterte 26. november 1942, ikkje var frakta til Tyskland, men direkte til Auschwitz i Polen. Der blei arbeidsføre menn sorterte ut og sende til ulike arbeidsleirar der det svært harde forhold. Mange døydde etter få veker og dei fleste var døde før krigen var slutt. Dei aller fleste kvinner, barn og eldre blei truleg førte direkte i gasskammera og avliva så snart dei var komne til Auschwitz.

Materiale i arkivet etter Utanriksdepartementet viser at norske eksilstyresmakter forsøkte å hjelpe dei deporterte jødane vinteren 1943. Britiske styresmakter blei kontakta bl.a. med spørsmål om britane kunne støtte eit forslag til tyske styresmakter. Tanken var å foreslå at dei norske jødane som ein trudde var i Tyskland, skulle utvekslast mot tyske soldatar som blei haldne som krigsfangar av britane. Idéen blei lansert, men ikkje følgd opp. Britiske styresmakter meinte den var lite realistisk. Dessutan ville dei uansett prioritere forsøk på å sende heim sine eigne soldatar som var krigsfangar hos tyskarane.

Dokument i arkivet etter Utanriksdepartementet inneheld også informasjon som viser at norske eksilstyresmakter allereie i august 1942 kjende til rapportar om at jødar i stort tal blei avliva av tyskarane i Polen, og at dette truleg skjedde med bruk av gass.

Også seinare under krigen arbeidde norske eksilstyresmakter for å finne ei løysing for dei deporterte jødane. Men i praksis var det ikkje mykje som kunne gjerast. Det synest klart at ein ikkje visste at det store fleirtalet av dei deporterte jødane var avliva eller omkome kort tid etter at dei var sende ut av Noreg.

I arkivet etter legasjonen i Bern finst det for eksempel eit skriv frå legasjonen i Stockholm som viser dette. Så seint som i juli 1944 blir det skrive at ”Legasjonen har forsøksvis siden januar i år sendt pakker til norske jøder som man antok satt i Aushwitz (visstnok det polske Oswiecim?), Monowitz og Birkenau – i alt fra 30 til 50 pakker i måneden. Til dags dato har man imidlertid ikke mottatt kvittering fra noen av adressatene.”

Den 8. mai 1945, altså på sjølve frigjeringsdagen, sende legasjonen i Bern ein rapport til Utanriksdepartmentet i London om norske fangar i Tyskland. Om dei deporterte jødane blir det  berre sagt at ”om de norske 700 jøder foreligger lite ”.

Det var berre eit fåtal av dei deporterte jødane som overlevde krigen og kom tilbake til Noreg. Skildringane deira er det nærmaste ein kjem ein dokumentasjon på lagnaden til det store fleirtalet jødar som blei deportert frå Noreg. Kai Feinberg var ein av dei få som overlevde og i 1946 blei det gjort eit rettsleg avhøyr med han i Oslo forhøyrsrett. Han attesterte ved dette høvet ei liste med namn på barn, kvinner og menn over 50 år som blei sorterte ut når dei kom fram til Auschwitz og sende i gasskammer. Både Feinberg si mor og ei yngre søster var mellom desse. Faren døydde i fangeleir ei tid seinare. S-1039 Justisdep., 1. sivilktr. B/F/76 ”Rettslige avhør av hjemvendte norske jøder”.
Det var berre eit fåtal av dei deporterte jødane som overlevde krigen og kom tilbake til Noreg. Skildringane deira er det nærmaste ein kjem ein dokumentasjon på lagnaden til det store fleirtalet jødar som blei deportert frå Noreg. Kai Feinberg var ein av dei få som overlevde og i 1946 blei det gjort eit rettsleg avhøyr med han i Oslo forhøyrsrett. Han attesterte ved dette høvet ei liste med namn på barn, kvinner og menn over 50 år som blei sorterte ut når dei kom fram til Auschwitz og sende i gasskammer. Både Feinberg si mor og ei yngre søster var mellom desse. Faren døydde i fangeleir ei tid seinare. S-1039 Justisdep., 1. sivilktr. B/F/76 ”Rettslige avhør av hjemvendte norske jøder”.

Vitneprov frå dei få overlevende

Først etter slutten på krigen fekk norske styresmakter vite kva som hadde skjedd med dei jødane som blei deporterte frå Noreg. Etter kvart som dei allierte fekk tilgang til tyskarane sin eigen dokumentasjon mellom anna frå Auschwitz, blei meir og meir kjent. I tillegg kunne dei få som overlevde og kom seg heim, fortelje om lagnaden til mange av dei deporterte.

Enkelte overlevande fortalde om opplevingane sine i bokform, i avisintervju og i foredrag. Etter krigen tok dessutan Justisdepartementet initiativ til å gjennomføre rettslege avhøyr av dei heimkomne jødane. Formålet var først og fremst reint juridisk ettersom skifterettane mangla dødsattestar for dei deporterte jødane som ein rekna med var døde. I 1946 blei det hos lokale rettsinstansar gjort avhøyr av i alt 14 heimkomne jødar.

Avhøyra inneheld ganske detaljerte forteljingar om opplevingar i Polen-Tyskland og har opplysningar om enkeltpersonar som vitna visste var døde eller tok for gitt ikkje hadde overlevd krigen. Vitna kommenterte dessutan lister over deporterte jødar som ein rekna med var døde. Dei underteikna forklaringane blei sende til Justisdepartementet.

Dei offisielle forklaringane med vitna sine underskrifter ligg nå i departementet sitt arkiv i Riksarkivet og er ein viktig dokumentasjon på lagnaden til dei jødane som blei deporterte frå Noreg under krigen. Forklaringane blei mangfaldiggjorde i form av eit stensilert rundskriv frå Justisdepartementet i 1947.

Spreidde opplysningar i arkiva

I tillegg til det som er omtalt her, kan det finnast opplysningar om lagnaden til dei deporterte jødane frå Noreg også i andre arkiv. Felles for det som finst om denne gruppa er at informasjonen er spreidd. Det finst ikkje eigne arkiv eller større arkivseriar med informasjon om dei. I Utanriksdepartementet sitt arkiv finst det for eksempel eit par saksmapper med tilsaman eit par hundre dokument om styresmaktene sine forsøk på å hjelpe dei deporterte jødane. Elles er det stort sett berre tale om spreidde enkeltdokument eller avsnitt og setningar i dokument.

Relevante arkiv i Arkivportalen