ENG
Kartotekkort-Rachel-Feinberg

Jødar i Noreg

Jødane var den gruppa i Noreg som vart utsett for dei verste overgrepa under krigen. Tilsamen 771 jødar vart sende til tyske avlivingsleirar i Polen. Berre nokre få titals av dei overlevde.

Tyske forvarsler om seinare tiltak

Alt frå slutten av 1930-åra hadde tyske styresmakter teke til med å skaffe seg oversikt over jødar i Noreg. Dei samla opplysningar m.a. ved hjelp av tyske konsular i landet. Etter 9. april 1940 førte Det tyske handelskammer i Noreg lister over jødiske verksemder og forretningsfolk. Det same gjorde det tyske tryggingspolitiet som arbeidde aktivt med å skaffe seg oversikt over jødar rundt om i landet og over jødiske bedrifter, synagoger og foreiningar. Dette siste går m.a. fram av tyske dokument i arkivet etter Statspolitiet. 

Så tidleg som i mai 1940 tok styresmaktene radioane frå jødane. Dette vart gjort av norsk politi etter ordre frå tyskarane. Tiltaket var kan hende mest ein tysk prøve på i kva grad ein kunne lite på det norske byråkratiet når det gjaldt tiltak mot jødane. Uansett varsla tiltaket hardare åtgjerder seinare. 

I samband med den tyske invasjonen av Sovjet i juni 1941 vart ein god del jødiske menn arresterte av tyskarane. For å hindre at jødane fekk sympati frå folk flest, fekk dei likevel stort sett leve som før, dei fyrste par krigsåra. Samstundes førebudde både dei norske og tyske styresmaktene dei drastiske aksjonane som kom hausten 1942.

Rachel-Feinberg
Vinteren 1942 måtte den jødiske familien Feinberg i Oslo gå til politiet og få stempla ein raud ”J” i legitimasjonskorta sine. Familien besto av Elias og kona Clara med den 19 år gamle dottera Rachel og den to år eldre sonen Kai Samuel. Eit halvår seinare vart heile familien sende til Auschwitz. Kai Samuel var mellom dei få norske jødane som kom heim att. Rachel og mora vart sendte i gasskammeret medan Elias døde av lungebetennelse etter nokre få veker. Her er politiet sin gjenpart av legitimasjonskortet for Rachel. Referanse: S-1708 Sosialdepartementet, Våre falne, Ec 21 A.

Førebuing til aksjonane

I byrjinga av 1942 vart det sett i verk to tiltak som var viktige i førebuingane til aksjonane seinare på året. Det fyrste var ei kunngjering frå Politidepartementet den 20. januar 1942 der det vart sagt at alle jødar i landet måtte møte opp på nærmaste politi- eller lensmannskontor og få stempla ein raud ”J” i legitimasjonskorta sine.

Stemplinga av legitimasjonskorta var eit tysk tiltak. Men på same tid bestemte NS-regimet at jødane som hadde fått stempla legitimasjonskorta sine, òg skulle gje opplysningar om seg sjølv og familiane sine i eit eige "Spørreskjema for jøder i Noreg".. Skjemaet, som var på fire sider, skulle fyllast ut i tre eksemplar; eitt til det lokale politikontoret, eitt til NS Statistiske Kontor og eitt til Politidepartementet. Utover våren og sommaren 1942 mottok Politidepartementet utfylte skjema frå politikontora. I oktober vart dei sende over til Statspolitiet og dei finst nå i arkivet til Statspolitiet der dei fyller fire arkivboksar. 

No hadde styresmaktene god oversikt over dei fleste dei meinte kunne reknast som jødar i landet. Dei skjema som vart sende til NS Statistiske Kontor, vart overletne til Innanriksdepartementet som hadde ansvar for m.a. å avgjera saker der det var tvil om ein person skulle reknast som jøde eller ikkje. Det vart utarbeidd kartotek og lister over dei aktuelle jødane og styresmaktene rekna då med at det budde vel 1400 jødar over 15 år i landet. Seinare meiner andre at talet må ha vore noko høgare, kan hende om lag 2000, men dette er uklårt og avheng m.a. av kven som vert rekna som jødar.

Utfylt ”spørreskjema for jøder” for Rachel Feinberg. Referanse: S-1329 Statspolitiet, Ga-9
Utfylt ”spørreskjema for jøder” for Rachel Feinberg. Referanse: S-1329 Statspolitiet, Ga-9

Jødeaksjonane i oktober og november 1942

I oktober 1942 vart den fyrste ”jødeaksjonen” sett i verk. Dei mannlege jødane i Trondheim vart arresterte den 6. og 7. oktober og i resten av landet den 26. oktober. Kvinner, barn og eldre fekk førebels gå fri mot dagleg meldeplikt hos politiet. 

Den andre aksjonen mot jødane kom ein månad seinare, den 26. november 1942. Då vart også jødiske kvinner, barn og eldre tekne. Dei fleste av mennene som var tekne ein månad før, hadde vore haldne i Statspolitiet sin interneringsleir Berg ved Tønsberg. Nå hadde tyskarane ordna med transport ut av landet, til Auschwitz i Polen. Saman med dei fleste av dei som vart tekne i denne andre aksjonen, vart mennene frå Berg sende til Oslo og tatt om bord i frakteskipet ”Donau” som same dag gjekk frå Oslo mot Polen med til saman 532 jødar, av dei 302 menn, 188 kvinner og 42 barn.

I tillegg til dei som vart med i denne store transporten med ”Donau”, vart mindre grupper med jødar sendte frå Noreg med skipa ”Gotenland” og ”Monte Rosa”. Dette gjaldt m.a. ein del av dei som vart tekne den 26. november, men som ein ikkje rakk å få sendt til Oslo i tide for å få dei med på ”Donau”. Av desse vart 158 deporterte med ”Gotenland” den 25. februar 1943. Til saman vart 771 jødar deporterte frå Noreg. Berre 34 av dei overlevde.

God dokumentasjon av aksjonane 

Tyskarane var pådrivarar, men det var for det meste det norske NS-regimet som organiserte jødeaksjonane. Politidepartementet og då serskilt Statspolitiet var aktive. Arkivet til Statspolitiet har eit sett spørjeskjema frå våren 1942, men inneheld og ein god del anna materiale frå ”jødeaksjonane” og då mest på personnivå. Her er kartotek og lister forutan åtte esker med mapper på dei einskilde jødane som vart arresterte eller som ein prøvde å arrestere, men som var rømde. I protokollar med opplysningar om innsette i Statspolitiet sitt fengsel på Bredtveit i Oslo, er også fleire hundre av jødane som vart tekne under aksjonane, førde inn. 

Dei sentrale dokumenta i Statspolitiet sitt arbeid med jødeaksjonane vart registrerte under journalnummer 5000 for 1942 i journalen for overvakingssaker. Registreringane er på om lag 15 sider og gir god oversikt over arbeidet. Mange av desse saksdokumenta ligg i ei mappe for dette nummeret i ein serie med saksmapper i overvakingssaker. Nokre finst og andre stader i arkivet. 

Eit sett av dei utfylte spørjeskjema frå våren 1942 kom som nemnt til Innanriksdepartementet. Der vart dei, saman med fleire dokument, lagt i ein eigen serie med ei saksmappe for kvar jødisk person. Denne arkivserien vart etter krigen overført til redaksjonen for bokverket ”Våre falne” og finst framleis i Sosialdepartementet sitt arkiv saman med ulike lister over jødar. Her ligg òg politiet sine gjenpartar av legitimasjonskorta med portrett for ein del av dei som vart sende med ”Donau”.

Statspolitiet hadde ansvaret for å samle saman jødane før dei vart overletne til tyskarane og sendte ut av landet. Dei førte fleire kartotek og lister for å halde oversikten. Her er eit kartotekkort som syner at Rachel Feinberg vart sendt med ”Donau” den 26. november 1942. Referanse: S-1329 Statspolitiet, Ckd 61.
Statspolitiet hadde ansvaret for å samle saman jødane før dei vart overletne til tyskarane og sendte ut av landet. Dei førte fleire kartotek og lister for å halde oversikten. Her er eit kartotekkort som syner at Rachel Feinberg vart sendt med ”Donau” den 26. november 1942. Referanse: S-1329 Statspolitiet, Ckd 61.

Inndraging av jødisk eigedom

 Den 26. oktober 1942, altså same dag som den fyrste jødeaksjonen var sett i gang, vedtok NS-regimet ei ny ”Lov om inndraging av formue som tilhører jøder”. Like etter oppretta Finansdepartementet ”Likvidasjonsstyret for de inndratte jødiske formuer”. Dette organet skulle fylgja opp loven og sikre at staten fekk hand om verdiane etter jødane. Likvidasjonsstyret peika ut bustyre for kvart jødebu og det vart sett i gang eit stort arbeid med å registrera alt det jødane eigde. Mykje av dette vart selt på auksjonar. 

Hos Likvidasjonsstyret vart det oppretta mapper for kvar sak. Denne arkivserien med bumapper for jødar vart etter krigen teken over av Justisdepartementet sitt ”Tilbakføringskontoret for inndradde formuer”. Dette kontoret skulle arbeide for at rette eigar skulle få attende mest mogleg av det dei var fråtekne av NS-regimet og tyskarane under krigen. Materialet om ”jødebu” finst i dag som ein del av arkivet etter Tilbakeføringskontoret og utgjer meir enn 20 hyllemeter med dokument både frå krigsåra og frå dei fyrste åra etter krigen. 

På 1990-talet vart den økonomiske likvideringa av jødebu under krigen og tilbakeføring av verdiar etter krigen granska av eit eige utval, ”Skarpnesutvalget” / ”Jødeboutvalget” oppnemnd av Justisdepartementet. Innstillinga kom i 1997 (NOU 1997: 22) og utvalet sitt arkiv er avlevert.

Jødar som slapp unna deportasjon

Det er altså kjent at om lag 740 jødar mista livet etter å ha vorte deportert frå Noreg. Samstundes var det og ein del som slapp unna. Dette gjaldt mellom anna:

- Jødar som var gifte med personar som ikkje var jødar. 

- Personar som etter søknad til Innenriksdepartementet, ikkje blei rekna som jødar. Dette gjaldt mest for jødar som kunne vise til eit nært tilhøve til Nasjonal Samling. 

- Jødar som var statsborgarar frå ei rekke land som Storbritannia, USA, Mexico, Italia, Ungarn, Bulgaria, Romania med fleire, skulle ikkje deporterast.

- ”Halvjødar” og ”kvartjødar”, altså personar med berre ein eller to jødiske besteforeldre. Berre personar med minst tre jødiske besteforeldre skulle regnast som så jødiske at dei skulle deporterast. 

 Slike tvilstilfelle er omtala i arkivserien med mapper på jødar i arkivet etter redaksjonen for ”Våre falne”. 

Størsteparten av dei som ikkje vart deporterte, var likevel dei som på ulike vis lurte seg unna eller som styresmaktene ikkje var merksame på. Nokre gøymde seg unna i landet til krigen var slutt, men dei fleste rømde til utlandet, nokre til England, men flest til Sverige. Det er noko uklårt kor mange jødar som drog frå landet, men det kan ha vore om lag eit tusental som kom seg i tryggleik i Sverige. Ein god del av desse finst det opplysningar om i eigne register og lister i arkiva etter både Statspolitiet og redaksjonen til ”Våre falne”. Det kan og vere opplysningar om dei i ulike arkiv som gjeld flyktningar som kom til Sverige.

Spreidd arkivmateriale

Riksarkivet har ein ganske unik dokumentasjon om jødeaksjonane. Det meste av dette finst altså i arkiva etter Statspolitiet, Redaksjonen for ”Våre falne” og Justisdepartementet sitt tilbakeføringskontor. I tillegg finst det nok ein god del spreidd i andre arkiv i Riksarkivet. 

Ved rettsoppgjeret etter krigen måtte nokre av dei sentrale personane frå aksjonane på både norsk og tysk side stå til rette for sine handlingar. Deira forklåringar kan vere av interesse. Dette gjeld m.a. sakene mot folk som sto sentralt i Statspolitiet sitt arbeid med jødeaksjonane og mot den ansvarlege for jødesaker i det tyske tryggingspolitiet i Noreg. Dessutan kan saksdokument frå t.d. Statspolitiet, som handlar om jødeaksjonane og som vart nytta som bevis i sakene, framleis ligge i mappene for nokre aktuelle ”landssviksaker”. 

Det kan også vere noko av interesse i ulike privatarkiv. Riksarkivet har arkiv både etter NS-folk som Sverre Riisnæs og Halldis Neegård Østbye og etter Oskar Mendelsohn som skreiv bokverk ”Jødenes historie i Noreg”.

Relevante arkiv i Arkivportalen