ENG
Svart

Blending

Krigen var mørketid i dobbelt forstand. Svarte blendingsgardiner sørgde for å halde byane og andre strategisk interessante bombemål mørkelagde.

Blending var påbode og dei som unngjekk å følgje påbodet blei bøtelagde og kunne risikere å bli fråtekne straumen. I nokre tilfelle var det også tale om hardare sanksjonar.

Mørke gater

Heller ikkje sentrale NS-toppar slapp unna å overhalde blendingsforskriftene. Her ser vi Axel Stang med fleire representantar frå NS sin kvinneorganisasjon. (RA/PA-781/Gb/0009)
Heller ikkje sentrale NS-toppar slapp unna å overhalde blendingsforskriftene. Her ser vi Axel Stang med fleire representantar frå NS sin kvinneorganisasjon. (RA/PA-781/Gb/0009)

Formålet med mørkelegginga var å gjere det vanskeleg for fly å orientere seg slik at bombemål, busetnad og befolkning blei verna. Ansvaret for blendingsforskrifter og oppfølging av dei låg under Kontoret for sivilt luftvern i Justisdepartementet. I dette arkivet vil du finne ein del saker og korrespondanse som gjeld blending. Forskrifter og forarbeid til desse, analysar, oversikter over tid for blending i dei ulike byene og tettstadene, diverse pålegg frå tysk hald, rapportar frå kontrollar og søknader om dispensasjon frå forskriftene. Dei mørkelagde gatene var utrygge å ferdast i. Det var ikkje berre frå bygningar ein måtte forhindre lys, også bilar måtte ha eigne blendingshetter over lyktene. I ovannemnde arkiv kan du også sjå teikningar av ulike alternativ for blending.

Blendingskontrollar

Blending-2
Blendingsforskriftene blei handheva av dei lokale lensmannskontora. Du vil finne saker om blending i fleire lensmannsarkiv, vaktjournalar og rapportar frå blendingskontrollar. Dessutan finn du ein del om blending i ulike lokale sivilforsvarskrinsar.

Relevante arkiver i Arkivportalen