ENG
Arkivverkets_lokaler_pa_Sognsvann_AV_01389_Foto_Vegard_Breie(1)

No kan du søke om arkivutviklingsmidlar 2025

Arkivverket opnar no opp for søknadar om utviklingsmidlar til arkivføremål. Det er satt av 18 millionar kroner. Søknadsfrist er 1.oktober.

Arkivverket har i oppdrag å forvalte ein del av Norsk tipping sitt speleoverskot. Denne potten skal gå til arkivføremål, og no er det opent for å sende inn søknadar. Dei som kan søke om midlar er institusjonar som tek vare på og gjer tilgjengeleg arkiv frå privat og offentleg verksemd, dokumentasjonsfaglege miljø i kommunal forvaltning og arkivfaglege interesseorganisasjonar. 

Vi oppfordrar søkarar til å samarbeide om prosjekt, anten det er med andre innanfor målgruppa eller med andre relevante aktørar. Dette kan til dømes vere utviklings- og forskingsmiljø og private aktørar. 

Det er mogleg å søke om midlar innanfor to programområde: 

Ein innovasjonsarena for arkiv 

Programområdet skal dyrke innovasjon for betre arkiv og dokumentasjon ved å legge til rette for kunnskapsutvikling, samarbeid, fornying og omstilling – på område der det er naudsynt å tenke nytt og kreativt, og gjerne utradisjonelt. Innanfor dette området kan søkarar som ynskjer å teste, utforske, pilotere eller utvikle ein idé, arbeidsmåte, metodikk eller løysing slå seg laus. 

Startskot for tilgjengeleggjering av kulturarv 

Programområdet skal legge til rette for sikring, ordning og katalogisering av både analoge og digitale privatarkiv. Føremålet er å bidra til at viktige privatarkiv i heile landet blir gjort tilgjengeleg for bruk gjennom publisering av kataloginformasjon.