ENG
Neptun_ombord_Harboe_Ree_Vestfoldarkivet_Vestfoldmuseene

Linjedåp med Neptun om bord for kvalfangstbåten Cathrine då skuta passerte ekvator. Foto frå arkiva etter kaptein Anders Harboe-Ree. Vestfoldarkivet har nyleg publisert eit fotoalbum og Rees eiga dagbok med kulørte teikningar i Digitalarkivet.

Fleire søker opp kulturarv på nett

Bruken av nettsidene til arkivinstitusjonar i Noreg aukar. Inkludert Digitalarkivet er det nær 2.5 millionar brukarar som ein gong i løpet av 2019 har besøkt nettstaden til ein av dei 31 arkivinstitusjonane i Noreg. – Dette er gledelege tal, men vi treng likevel å auke digitaliseringstempoet for historiske arkiv, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Riksarkivarens arkivstatistikk for 2019 viser at det er bevart heile 598 765 (hylle)meter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Dette utgjer nær 6 milliardar sider. Set du alle arkivboksane tett inntil kvarandre, vil du få ei rekkje som strekkjer seg frå Stovner i Oslo til Steinkjer i Trøndelag.

Av dette er rundt 90 millionar sider tilgjengelege digitalt. Dette utgjer 1,5 prosent av den totale arkivmengda.

– Dette er samla sett eit lågt tal, men eg veit samstundes at mange arkivinstitusjonar gjer ein god jobb med å gjere arkivmaterialet sitt digitalt tilgjengeleg. 26 institusjonar publiserer no sine arkivskattar i Digitalarkivet, og det er ei svært gledeleg utvikling, seier riksarkivar Inga Bolstad om tala.

Sjå kaptein Anders Harboe-Rees dagbok og fotoalbum i Digitalarkivet

Frå låst skattkiste til open datasjø

Likevel er det nødvendig å auke digitaliseringstempoet for historiske arkiv.

– Tala frå arkivstatistikken syner at arkivinstitusjonar over heile landet oppbevarer enorme mengder unikt arkivmateriale få har tilgang til. Her ligg det eit stort potensial. Vi må gjere meir av kjeldematerialet tilgjengeleg for fleire, uavhengig av geografi og opningstider. Førstevalet for brukarane skal vere digitalt. Yngre generasjonar forventar å finne historiske kjelder på nett. Digitaliseringa av kulturarven i Noreg handlar om å få arkivskattane ut på nett, som opne data til bruk og nytte for alle, seier Bolstad.

Arkiv sikra som følgje av kommunereform

Arkivstatistikken syner også kommune- og regionreforma har ført til at at mange fylker og kommunar har sikra sine arkiv ved å avlevere dei til arkivinstiusjonar. I alt 27 000 hyllemeter papirarkiv er avlevert. Avlevering av digitalt skapt arkivmateriale har også auka, samanlikna med fjoråret.

– Eg ynskjer å rose alle kommunar som har ordna og sikra arkiva sine før dei vart ein del av ein større kommune. Dette er eit svært viktig arbeid som i framtida kan vere avgjerande for enkeltpersonar sine rettar, seier Bolstad.

Fleire søker opp kulturarv på nett

Statistikken viser også at tal på unike brukarar av nettsidene til arkivinstitusjonane aukar. Dersom vi summerer tala for unike brukarar på institusjonane sine nettstader får vi nær 2.5 millionar unike brukarar, inkludert Digitalarkivet, som ein gong i løpet av 2019 har besøkt nettstaden til ein av dei 31 arkivinstitusjonane i Noreg. Digitalarkivet åleine hadde 6,2 millionar besøk i 2019.

Talet 2.5 millionar får vi når vi legg saman unike brukarar for nettstadene som arkivinstitusjonane har rapportert inn. Dei same brukarane kan derfor ha vore inne på fleire av nettstadene som er rapportert inn og vil difor vere talde fleire gongar.

Til alle tal for Arkivstatistikken 2019

 

Om Arkivstatistikken:

Riksarkivaren har som oppgåve å hente inn årleg statistikk frå institusjonar som tek vare på historiske arkiv. Formålet er å få eit overordna bilete av situasjonen for arkiva i arkivbevarande institusjonar, og å måle endringar over tid. Arkivstatistikken 2019 omfattar svar frå 150 institusjonar, 31 arkivinstitusjonar, 70 museum og 49 bibliotek. Svarandelen var i år på 92 prosent.