ENG
BERR9485

Tal og analyser frå 2019

På denne sida finn du statistikk frå arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum for rapporteringsåret 2019.

  • Til saman bevarer institusjonane heile 598 765 hyllemeter arkiv. Dette utgjer nær 6 milliardar sider. Legg du desse tett inntil kvarandre vil du få ei dokumentrekkje som strekkjer seg heilt frå Stovner i Oslo til Steinkjer i Trøndelag! Tilveksten siste året er i hovudsak i dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane. Det følgjer naturleg av kommune- og regionreforma at meir materiale er blitt avlevert til desse institusjonane.
  • Institusjonane bevarer til saman 132 122 hyllemeter privatarkiv, dette utgjer 22,1 % av total arkivbestand. Dei 15 største institusjonane på feltet bevarer nær 3/4 av privatarkivmaterialet i Noreg.
  • Om lag 72 % av den totale bestanden er ordna og tilrettelagt for bruk. 81 % av arkiva er registrert i fagsystemet Asta. Berre 56 % av arkiva (kataloginformasjon) er publisert på Arkivportalen.no. For private arkiv er dette talet så lågt som 44 %.
  • Like under 90 millionar sider er digitaliserte. Dette tyder at om lag 1,5 % av papirarkiva er digitaliserte.
  • Ved utgangen av 2019 var det bevart 3 585 arkivuttrekk og 108 373 Gigabytes.
  • Det er totalt bevart like over 27 millionar foto i arkiva i institusjonane. I tillegg blir det bevart betydelege mengder film/vido- og lydmateriale.
  • Institusjonane hadde like under 60 000 førespurnader totalt i 2019, og nesten 32 000 besøk på lesesalane.
  • Dersom vi summerer tala på institusjonane sine nettsider, får vi nær 2,5 millionar unike brukarar, inkludert Digitalarkivet, som ein gong i løpet av 2019 har besøkt nettstaden til ein av dei 31 arkivinstitusjonane i Noreg. Mange av brukarane vil nok ha vore innom fleire av nettstadene, og blir dermed talde fleire gonger i det summerte talet. Digitalarkivet åleine hadde heile 1,4 millionar unike brukarar og 6,2 millionar besøk i 2019.
  • Institusjonane har 722 arkivfaglege årsverk, eller 843 arkivrelaterte årsverk, til saman.

 

Spørjeskjema blei 7. februar 2020 sendt ut til 163 arkivbevarande institusjonar. 150 institusjonar har avgitt svar; 31 reine arkivinstitusjonar, 49 bibliotek og 70 museum. I år igjen er det altså høg svarprosent - totalt 92 % av institusjonane har svart på undersøkinga. Dei aller fleste institusjonane som har levert inn svarskjema har svart på tilnærma alle spørsmål, medan nokre få institusjonar har svart på berre nokre av spørsmåla.

Du kan lese meir om dei innrapporterte tala i Arkivverket si analyse:

Les Arkivverket si analyse av dei innrapporterte tala for 2019

Statistikk for arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum 2019 (.pdf)

Vi har i år laga ein Power Point-presentasjon av tabellane og grafane - i excel-format, til fri bruk for andre i eigne foredrag og presentasjonar:

Presentasjon av tabellar og grafar 2019 (.ppt)

Dersom du er interessert i å sjå meir på dei innrapporterte tala, kan du laste ned samletabellar som gir ei enkel og utskriftsvenleg oversikt. Du kan også laste ned rådata.

 

Ved å trykke på "åpne-lukke-fanene" under kan du også få enkel tilgang til kvar enkel institusjon sitt unike svar:

Fagbibliotek/dokumentasjonssenter:

 

Folkebibliotek

 

Lokalhistoriske arkiv/samlingar