Foto: Vegard Breie/Arkivverket
Auka innsats på digitalisering i arkivsektoren
Arkivstatistikken for 2022 er no klar. Den viser mellom anna at innsatsen på digitalisering har auka.
Klikk på lenka nederst på sida for meir informasjon.
Kvart år henter Arkivverket inn statistikk frå institusjonar som tek vare på historiske arkiv. Formålet er å få eit overordna bilete av situasjonen for arkiva i arkivbevarande institusjonar, og å måle endringar over tid.
Auka innsats på digitalisering
Gjennom fleire år har den totale prosentdelen for arkiv som er digitalisert vore på ca. 3%. Med aukinga i digitalisering det siste året har denne verdien auka til 4%. Etter at Arkivverket starta samarbeidet med Nasjonalbiblioteket om å digitalisere arkiv for Arkivverket frå 2017 har det skjedd ein stor auke i talet på digitaliserte arkiv og dette er eit viktig utviklingstrekk i perioden frå 2017, der også andre arkivinstitusjonar og museum har auka innsatsen sin på digitalisering.
Arkiv frå Kristiansand til Levanger
Ved utgangen av 2022 var det totalt bevart 645 525 hyllemeter arkivmateriale i norske arkivinstitusjonar, museum og bibliotek. Arkivmaterialet kan stå tett i tett i luftline frå Kristiansand til Levanger (Ca 645 km).
Mengda digitale arkiv firedobla frå 2018 til 2022
Arkivmateriale i Gigabytes (GB) har gått litt ned frå 2021 men er likevel meir enn firedobla frå 2018 til 2022 og utgjer nå 211 467 GB totalt. Dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane har fleire arkivuttrekk enn alle dei andre institusjonane til saman, heile 2 948 av totalt 5 030 uttrekk.
Størst tilvekst av ordna arkivbestand i dei (fylkes)kommunale institusjonane
Total arkivbestand som er ordna og katalogisert utgjer 484 193 hyllemeter, det vil seie 75 % av total bestand. Dei (fylkes)kommunale institusjonane har den desidert største tilveksten til arkivbestanden i 2022, på 14 127 av totalt 19 950 hyllemeter. Dei har likevel klart å auke noko ordningsgraden på materialet frå 70% i 2021 til 75 % i 2022. Fagbibliotek / dokumentasjonssenter har den lågaste delen som er tilrettelagt for bruk med ein ordningsgrad på 63 %.
Fleire arkivfaglege årsverk
Bevaringsinstitusjonane har i 2022 samla sett tilsette som utførte 943 arkivrelaterte årsverk2, ein oppgang på heile 57 årsverk frå 2021. 797 av desse er arkivfaglege årsverk – ein oppgang på 54.
Oppgang i aktivitet innan rettleiing og kursverksemd
Som tidlegare år ber ein arkivinstitusjonane om å rapportere inn aktivitetar mot ålmenta. I samband med kommunesamanslåingane rapporterte dei (fylkes)kommunale arkivinstitusjonane tidlegare om høg aktivitet innan rettleiing og kursverksemd. Dei siste åra har denne aktiviteten minka grunna pandemien, men i år ser vi at tala har gått opp att.
Auka bruk av ulike formidlingskanalar
Det er og gledeleg å sjå at tala for bruk av ulike andre formidlingskanalar aukar. 92 % av arkivinstitusjonane melder at dei nyttar sosiale medium til å formidle til å kommunisere med omverda. 92 % nyttar også eiga nettside til formidling.
Nedanfor finner du meir informasjon.