Arkivutviklingsmidlar: Orienteringsmøte programområde 1
Bli med på orienteringsmøte om utviklingsmidlar, programområde 1: Ein innovasjonsarena for arkiv.
Type:
Arrangement
Når:
28. august, 09:30 - 10:00
Arkivverket har i oppdrag å forvalte arkivfeltet sin pott av Norsk Tipping sitt speleoverskot. I år er 18 millionar kroner satt av til arkivføremål. Vi har no opna for søknadar frå sektoren. Trykk på lenka over for å få tilsendt eit unikt søknadsskjema.
Frist for å søke er 1. oktober kl. 12.00.
Det vil i år bli arrangert opne digitale orienteringsmøter for kvart programområde. Orienteringsmøta vil vare ca. ein halvtime, og Arkivverket vil gå igjennom utlysningstekst og kriterium for å søke.