ENG
forv_tallABM BERR0124

Tal og analyser 2024

På denne sida finn du statistikk frå arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum for rapporteringsåret 2024.

Spørjeskjema blei sendt ut til 155 arkivbevarande institusjonar i januar 2025: 29 reine arkivinstitusjonar, 56 bibliotek og 70 museum. 145 institusjonar har avgitt svar, altså har 92 % av institusjonane svart på undersøkinga. Dei aller fleste institusjonane som har levert inn svarskjema har svart på tilnærma alle spørsmål, medan nokre få institusjonar har svart på berre nokre av spørsmåla.

I år har me valt å laga eit faktaark i staden for ein rapport med analyse slik me har gjort tidlegare år.  Rapporten krev mykje arbeid og få har teke han i bruk.

Lenkje til faktaark for 2024 (PDF)

Lenkje til rådata for 2024 (Excel)