kvinnearbeidstypane

Ti kvinner i Rogaland. Fødd før 1913

Camilla Collett, Fredrikke Marie Qvam, Gina Krog og Fernanda Nissen var dei ”fire store” i den nasjonale stemmerettskampen før 1913. Dei ti kvardagskvinnene i Rogaland på 1800- og 1900-talet supplerer desse ”fire store” og fyller ut biletet av kva det ville seia å vera kvinne i lokalsamfunnet før 1913.

For å forstå kvinnene si stilling i samfunnet, bør me også kjenna til kva rettar mennene hadde. Under halvparten av mennene fekk stemmerett etter Grunnloven av 1814. Dei som skreiv Grunnloven på Eidsvoll i 1814, var ikkje opptekne av vanlege menn og kvinner. Først i 1898 fekk alle menn stemmerett.

Grunnloven
Grunnloven

Før me møter dei ti kvinnene våre, går me tilbake til 1814. Me presenterer eit lite utval offentlege dokument. Desse fortel om på kva område nokre av mennene kunne ta del i det politiske livet både før og etter 1814. Me skal vandra første delen på den lange vegen framover mot 1913 då alle vaksne fekk dei same politiske rettane i samfunnet. 

Augusta Antoinette, Augusta i dagleg tale, vart fødd 17. januar 1810 og døypt 13. april 1810 i Kristiansand domkirke. Foreldra var Nicolai Wergeland og Alette Dorothea Thaulow. Som eldste dotter i familien vart ho kalla opp etter farmora. Kjelde: Statsarkivet i Kristiansand, kirkebok for Kristiansand: Ministerialbok 1778 – 1818, side 625.
Augusta Antoinette, Augusta i dagleg tale, vart fødd 17. januar 1810 og døypt 13. april 1810 i Kristiansand domkirke. Foreldra var Nicolai Wergeland og Alette Dorothea Thaulow. Som eldste dotter i familien vart ho kalla opp etter farmora. Kjelde: Statsarkivet i Kristiansand, kirkebok for Kristiansand: Ministerialbok 1778 – 1818, side 625.

Augusta var nest eldst i ein barneflokk på fem. Dei næraste i alder var broren Henrik Wergeland, fødd 1808, og søstera Camilla, gift Collett. Ho var fødd i 1813. Familien flytte frå Kristiansand til Eidsvoll prestegård i 1817.

Augusta gifta seg 19 år gamal, 9. november 1829 på Eidsvoll med teologen Edvard Wilhelm Vedøe. Han var fødd 1805 i Kristiania. Vedøe var sokneprest i Suldal prestegjeld i åra 1831 – 1837 og i Jelsa prestegjeld i åra 1837 – 1848.

Augusta har naturleg nok kome i skuggen av dei to kjende forfattarsøskena sine. Det er ikkje bevart skriftleg materiale etter henne i offentlege arkiv. Men Nasjonalbiblioteket har mellom anna fleire brev som ho skreiv til foreldre og søsken då ho var prestekone i Suldal og Jelsa. Norsk Folkemuseum har eit portrett av Augusta som Knut Baade måla i 1838. Dette viser ei vakker, ung kvinne. I 1838 var Augusta prestekone og fembarnsmor med alt det dette førte med seg. 

Vi kjenner ikkje til om Augusta var ei av dei mange unge kvinnene søstera Camilla hadde i tankane då ho skreiv romanen ”Amtmandens Døtre” i 1854. Som gift kvinne var det i alle fall Augusta si oppgåve å vera ei god kone og ei god mor.

To av tittelblada frå boka Kong Christian Vs Norske Lov av 1687.
To av tittelblada frå boka Kong Christian Vs Norske Lov av 1687.
To av tittelblada frå boka Kong Christian Vs Norske Lov av 1687.
To av tittelblada frå boka Kong Christian Vs Norske Lov av 1687.

Mykje av regelverket i Kong Christian Vs Norske Lov av 1687 stod ved lag også etter at Grunnloven kom i 1814. Etter denne gamle dansk-norske loven var kvinnene sivilrettsleg umyndige heile livet. Dermed kunne dei ikkje disponera over eigen formue eller eigedom. Faren, ektemannen eller ein bror var verje og representerte kvinnene i det offentlege romet. Kvinnene hadde bare halv arverett i forhold til mennene. Strafferettsleg var dei ansvarlege for handlingane sine, men ikkje på like fot med mennene. Dette kom til uttrykk gjennom prinsippet om at kvinner svara for halvparten av straffa til menn. Kvinner kunne i teorien heller ikkje driva med handverk eller handel. Augusta og andre kvinner fekk heller ingen stemmerett i Grunnloven. Ektemannen, sokneprest Vedøe, hadde stemmerett som embetsmann. Grunnloven av 1814 nemnde ikkje vanlege kvinner, bare kvinner som medlemmer av kongehuset. Dette var dei ytre rammene om livet til Augusta og andre kvinner i første halvparten av 1800-talet, same kva gruppe i samfunnet dei tilhøyrde. Augusta og medsøstrene hennar sette likevel djupe spor etter seg i dette samfunnet.

Jelsa prestegard var heimen til familien Vedøe i åra 1837 – 1848. Hovudbygningen på dette fotografiet vart reist i 1843. Det vert fortalt at Augusta ”teikna” huset. Ho ville gjerne ha ein to-etasjes bygning som ho var van med heime på prestegarden i Eidsvoll. Foto: L. Risa, november 2012. Statsarkivet i Stavanger.
Jelsa prestegard var heimen til familien Vedøe i åra 1837 – 1848. Hovudbygningen på dette fotografiet vart reist i 1843. Det vert fortalt at Augusta ”teikna” huset. Ho ville gjerne ha ein to-etasjes bygning som ho var van med heime på prestegarden i Eidsvoll. Foto: L. Risa, november 2012. Statsarkivet i Stavanger.

Sokneprest Vedøe har sett mange skriftlege spor etter seg i fleire prestearkiv, her i Rogaland i Suldal og Jelsa. Etter Augusta finst det som nemnt bare nokre privatbrev.

Om vi skal leita i dei offentlege arkiva etter kvinnene og innsatsen deira i samfunnet, må vi gå til kyrkjebøkene i prestearkiva. Der får vi oversyn over alle barna dei fødde. Men kyrkjebøkene fortel også om alle barna dei måtte følgja til grava. I dag gjer nettstaden Digitalarkivet.no det enkelt å orientera seg i aktuelle kyrkjebøker.

Eldre familie- gards- og slektsbøker fortel ikkje den fullstendige historia om kvinnene sin innsats som mødre. Barn som døydde små, var ikkje viktige før, og dei kom ofte ikkje med i slike bøker. Nokre bøker nemner til eksempel at Augusta hadde fem barn, andre at ho hadde åtte. Så langt vi kjenner til, er det bare den nyaste gards- og slektsboka for Jelsa (2010) som har med alle dei 13 barna til Augusta, både dei åtte som voks opp, og dei fem som døydde små.

Kyrkjebok for Suldal 1837
Kyrkjeboka fortel: ”Dato: 20. mars 1837. Naar og af hvem Angivelsen er skeet: Af Faderen. Barnet født i 8de Maaned. Fødselen tung. Gjordemoder Tarjer Fisketjøn og Brita Kognehaugen” (sitat slutt). Kjelde: Statsarkivet i Stavanger, kyrkjebok for Suldal A8, fol. 158: Begravede og dødfødde 1837.

Augusta vart prestekone i Suldal 21 år gamal i 1831. Ho flytte til den då avstengde dalen inst i Ryfylke saman med ektemannen og første barnet. Det er all grunn til å tru at overgangen må ha vore svært stor på alle måtar frå bylivet i Kristiania til dalen mellom dei høge fjella, som søstera Camilla Wergeland skreiv etter at ho besøkte Augusta i 1833.  

Augusta budde seks år i den gamle prestegarden og fekk fire barn der. Det yngste vart fødd for tidleg og var truleg død ved fødselen 20. mars 1837. Fødselen var tung, skreiv presten og ektemannen i kyrkjeboka. To lokale koner hjelpte til under fødselen.

Same året flytte ekteparet med dei fire barna til granneprestegjeldet Jelsa. Edvard Wilhelm Vedøe vart utnemnd til sokneprest i Jelsa den 10. juni 1837.

Kyrkjebok for Jelsa og Sand
Kyrkjeboka fortel at Augusta den 28. mars 1844 fekk: ”Et Pigebarn, levede i 12 Timer, Athanasia døbt. Forældre Sognepræst Vedøe og Hustru Augusta Antoinette Wergeland. Fosteret fødtes i 7. Ugemaaned. At. Jordemoder Magele Aslaksdtr. Nordnæs” (sitat slutt). Kjelde: Statsarkivet i Stavanger, kyrkjebok for Jelsa og Sand A6.2, fol. 562: Begravede og dødfødde 1844.

Augusta opplevde både sorger og gleder på Jelsa. Prestegardshusa dei flytte til, var gamle og i svært dårleg stand. Augusta fekk tre barn i dette huset. Eitt av barna døydde i 1840, då det var seks veker gamalt. Året etter mista ho også den eldste dottera som vart fødd i Suldal i 1832. Sjukdomen skarlagensfeber tok mange liv på den tida.  

Det nye prestegardshuset stod ferdig i løpet av 1843. Der fekk Augusta det niande og tiande barnet, men båe døydde i det nye huset, Athanasia i 1844 og Ida Henriette i 1846. Augusta mista med andre ord tre av dei fem barna ho fekk i prestegarden på Jelsa. To år etter, i 1848, flytte Augusta og familien frå Jelsa til Biri i Oppland. Dei reiste då frå ei barnegrav i Suldal og frå fire på kyrkjegarden på Jelsa.

I 1849, 1851 og 1854 fekk Augusta dei tre siste barna sine i prestegarden på Biri. Då ho var 44 år gamal, hadde ho med andre ord fødd 13 barn:

  1. Vilhelm Andreas Nicolai, f. 9. august 1830 i Kristiania.
  2. Alette Camilla Heloise, f. 6 januar 1832 i Suldal, d. 3. mai 1841 i Jelsa.
  3. Maria Augusta Rosalie, f. 31. mars 1833 i Suldal.  
  4. Nicolai Wergeland, f. 21. november 1834 i Suldal.  
  5. Dødfødd barn 20. mars 1837 i Suldal.
  6. Alvilde Randine Isora f. 29. desember 1838 i Jelsa.
  7. Otto Johan Benedictus, f. 13. januar 1840 og d. 27. februar 1840 i Jelsa.
  8. Camilla Eduarda Theodora, f. 12. februar 1843 i Jelsa.
  9. Athanasia, f. 28. mars 1844 i Jelsa. Levde i 12 timer.
  10. Ida Henriette Vedøe f. 29. mai 1845 og d. 20. februar 1846 i Jelsa.  
  11. August Vedø f. 12. november 1849 i Biri.
  12. Emilie Ida Azora Vedø f. 10. februar 1851 i Biri.  
  13. Otto Johan Benedikt f. 29. april 1854 i Biri.

Som prestekone slapp truleg Augusta å ha det daglege arbeidet med husdyra. Men ho hadde ansvaret for alt arbeidet i heimen, både matproduksjon, matstell, produksjon og stell av klede til heile familien og for tekstilar til heimen. På desse områda finst det så og seia ingen spor etter kvinnene sin innsats på 1800-talet utover den informasjonen søstera Camilla Collett og andre forfattarar festa til til papiret.  

Då Augusta døydde i 1874, hadde ikkje debatten om stemmerett for kvinner kome opp, men det hadde skjedd fleire endringar som likestilte kvinner og menn på andre område i samfunnet. Ved lov av 15. juli 1839 fekk nokre kvinner rett til å driva eit handverk, og ved lov av 8. august 1842 fekk nokre lov å driva handel. Den nye, norske straffeloven av 1842 sidestilte kvinner og menn. Ved lov av 31. juli 1854 fekk kvinner og menn lik arverett. Ved lov av 11. april 1863 vart vaksne, ugifte kvinner myndige. Augusta opplevde ikkje å vera myndig. Den tilsvarande loven for gifte kvinner kom nemleg først den 29. juni 1888.

Alethe ble døpt hjemme fem dager gammel. Hjemmedåpen ble bekreftet i kirken den 23. november 1815. Kilde: Statsarkivet i Kongsberg, kirkebok for Bragernes 1815-1829, side 27, utsnitt.
Alethe ble døpt hjemme fem dager gammel. Hjemmedåpen ble bekreftet i kirken den 23. november 1815. Kilde: Statsarkivet i Kongsberg, kirkebok for Bragernes 1815-1829, side 27, utsnitt.

Alethe Kirkgaard ble født 15. august 1815 i Bragernes, eller det som i dag er Drammen. Foreldrene var Morten Kirkgaard og Petronelle Susanne Strøm. Morten Kirkgaard var både trelasthandler og kjøpmann. Alethes mor ble enke i 1818.

Alethe Kirkgaard giftet seg få dager før hun fylte 20 år med den elleve år eldre Børre Winsnes Rosenkilde. Han fikk borgerbrev i Stavanger i 1829 som kjøpmann og gikk inn i farens firma. Alethe og Børre kom begge fra trelasthandelfamilier. Hvordan ble de to kjent med hverandre dersom giftermålet var basert på forelskelse og kjærlighet? Avstanden mellom Drammen og Stavanger for bortimot 200 år siden var ganske stor. Eller var det et fornuftsekteskap for å knytte tettere handelsbånd mellom to kjøpmannsslekter? Dette forteller kildene våre ikke noe om. Vi kan imidlertid merke oss at en av fadderne ved Alethes dåp var den teologiske kandidaten Poul Winsnes. Alethes mann, Børre, hadde mellomnavnet Winsnes fra sin mor, Charlotte Sophie Winsnes Rosenkilde. Poul Winsnes var kanskje en slektning av Alethes tilkommende svigermor? I så fall kan vi ane at både kjennskap og familiebånd dannet bakteppet for alliansen som ble inngått i Stavanger den 6. august 1835.

Rosenkildefamilien var blant de mest velstående og betydningsfulle handelshusene i Stavanger på denne tiden. Far til Børre Winsnes Rosenkilde, Peder Valentin Rosenkilde, var kjøpmann, visekonsul, overvraker, veier og måler blant mye annet. Han var også byggherre for det store huset i Nedre Strandgate 11 som stod ferdig i 1813, i dag kjent som Rosenkildehuset. Våren 1814 ble Peder Valentin valgt til å representere Stavanger by under riksforsamlingen på Eidsvoll. I 1821 ble han valgt som byens representant til Stortinget.

Bildet viser indre del av Vågen sett fra Valbergtårnet i 1867. Rosenkildehuset i Nedre Strandgate 11 er andre hus fra høyre i dette bildet, delvis skjult bak et tre-etasjes sjøhus. Nabolaget bestod stort sett av betydelige kjøpmannsfamilier.
Bildet viser indre del av Vågen sett fra Valbergtårnet i 1867. Rosenkildehuset i Nedre Strandgate 11 er andre hus fra høyre i dette bildet, delvis skjult bak et tre-etasjes sjøhus. Nabolaget bestod stort sett av betydelige kjøpmannsfamilier.
Bildet er tatt ikke lenge før 1905. Unionsflagget vaier i vinden foran Rosenkildehuset. Kilde: Fotograf ukjent. Statsarkivet i Stavanger, Anders Bærheims privatarkiv.
Bildet er tatt ikke lenge før 1905. Unionsflagget vaier i vinden foran Rosenkildehuset. Kilde: Fotograf ukjent. Statsarkivet i Stavanger, Anders Bærheims privatarkiv.

Den 8. juni 1836 fikk Alethe og Børre sitt først barn, sønnen Peder Valentin. Han ble oppkalt etter sin farfar, eidsvollmannen, som døde to dager etter at sønnesønnen var født. Det skulle gå hele ni år før Alethe fødte sitt andre barn datteren Martine Petronelle i 1845. Fire år senere, i 1849, kom den yngste datteren, Charlotte Sophie. Den eldste datteren ble oppkalt etter Alethe sin mor. Den yngste datteren var oppkalt etter Alethe sin svigermor som døde året før Charlotte Sophie ble født. Som nevnt var det et langt sprang mellom de to eldste barna til Alethe og Børre. Kirkebøkene inneholder ikke opplysninger om at de fikk barn som var dødfødte eller døde som små. Men kildene inneholder eller forteller ikke alt vi i dag kunne ønske oss kunnskap om. Alethe kan for eksempel ha mistet ett eller flere ufødte barn i løpet av de ni årene som gikk mellom de to første fødslene.  

Da det store huset i Nedre Strandgate 11 stod ferdig våren 1813, ble det beskrevet slik i branntakstprotokollen: ”En Gaard af 2de tømmer byggede Etager med Bordklædning og Steentag, 40 Alen lang og 20 Alen dyp, til 20 Værelser med 32 Fag Vinduer, 6 Kakkelovner, Kjøkken og Ildhus med Skorsteen og Bagerovn, samt Kjelder under Huset.” Trolig var dette fremdeles ett av byens største bolighus, også da Alethe flyttet inn som nygift frue på sensommeren i 1835. Vi vet ikke akkurat når Alethe overtar som husmor eller husfrue i Rosenkildehuset. Det finnes ingen kilder som kan fortelle om dette, og kanskje skjer det bare gradvis. Hennes svigerfar døde i 1836, men Alethe hadde enda ikke fylt 21 år på det tidspunktet. Dessuten fikk hun sitt første barn omtrent da svigerfaren døde. Etter at svigermoren døde i 1848 har hun i alle fall tatt over som husfrue og dermed også ansvaret for det store bolighuset med flere tilhørende bygninger, tjenestefolkene og selvsagt sin egen familie. I tillegg til bygningene på Rosenkilde-eiendommen var det en innholdsrik terrassehage som lå på oppsiden av Nedre Strandgate. Denne hadde trolig Alethe hovedansvaret for.

To av barna til Alethe og Børre giftet seg. Eldstesønn og arving Peder Valentin giftet seg i august 1864. Han og konen, Eugenie, bosatte seg ikke i det store familiehuset i Nedre Strandgate. Kanskje ville de unngå å bo sammen med hans familie? Peder Valentin kjøpte i alle fall et hus i Kongsgaten 32 på nyåret i 1864, omtrent samtidig med at han fikk borgerbrev som handelsmann. Vi finner ham og familien i dette huset både i folketellingen 1865 og 1875.

I 1865 bodde familien til Alethe Rosenkilde i huset sitt i Nedre Strandgate nr.11. Husstanden bestod da av Børre, Alethe, samt døtrene Martine Petronelle og Charlotte Sophie. I tillegg bodde Alethes to år eldre ugifte søster, Martine Kirkgaard, sammen med dem. Børre Winsnes Rosenkilde var fransk vise-konsul og kjøpmann på denne tiden. Alethe som da var blitt 50 år gammel, er oppført som husmor. Husholdningen inneholdt også tre tjenestejenter og en tjenestedreng. Som husmor hadde Alethe også hovedansvaret for tjenestejentene. Dette arbeidet innebar ansettelser, oppsigelser, planlegging og fordeling av arbeidsoppgaver, lønnsutbetalinger og utdeling av tilleggsytelser, som regel i form av klesplagg. I 1865 kom tjenestejentene til Alethe fra Stavanger, Egersund og Flekkefjord. De var ugifte jenter i alderen 20, 26 og 36 år. Tjenestedrengen var 29 år gammel, og kom fra Hå prestegjeld på Jæren.

Alethe og Børres yngste datter, Charlotte Sophie, giftet seg i Stavanger i 1869. Hun flyttet til mannen, Georg Reinhold Wankel, sin hjemby Moss. Charlotte Sophie døde året etter, 21 år gammel, under sin første barnefødsel. Hun fikk tvillinger som også døde.

I 1875 bodde familien Rosenkilde fremdeles i Nedre Strandgate, men de var blitt færre. Nå var det bare den ugifte eldstedatteren, Martine på 30 år, som bodde hjemme hos Alethe og Børre. Alethes søster bodde ikke lenger sammen med dem. I tillegg hørte tre tjenestejenter og en tjenestedreng til i husholdet. To av tjenestejentene som var 22 og 24 år gamle, kom fra Avaldsnes på Karmøy. Den yngste som var 17 år, kom fra Stavanger. Tjenestedrengen på 37 år, kom fra Lye prestegjeld på Jæren.

Firmaregister
Kilde: Statsarkivet i Stavanger, Stavanger byfogdembete, protokoll over registrerte firma, 1874-1888, s. 6, utsnitt.

Alethe ble enke i juni 1877, 62 år gammel. I byfogdens protokoll over registrerte firma, som starter i 1874, kan vi lese innførselen fra 21. juni 1877, sitat: ”Børre Winsnes Rosenkilde er afgaaet ved Døden, hans Enke der hensidder i uskiftet Bo, har overtaget Mandens Andel i Firmaet, men uden Ret til at underskrive Firmaets Navn.” Enken kunne med andre ord delta internt i styringen, men fikk ikke lov til å inngå bindende avtaler, eller signere disse, på vegne av firmaet.

I 1885 bodde det to små familier i Nedre Strandgate 11. Enken Alethe og datteren Martine holdt til i første etasje ifølge folketellingen. To tjenestefolk, en 30 år gammel husbestyrerinne fra Sokndal samt en tjenestejente på 35 år fra Hetland, inngikk også i husholdet. Den andre familien i huset var kjøpmann A. Stang og konen Bertha, samt en tjenestejente.

Alethe Rosenkildes signatur
I brev av 5. oktober 1886, til Stavanger skifterett, finner vi både Alethe Rosenkilde og sønnen Peder Valentin sin underskrift. Kilde: Statsarkivet i Stavanger, Stavanger byfogdembete, konkursbo, 1886.

På denne tiden hadde de økonomiske nedgangstidene gjort sitt inntog i byen. De fleste store handelshusene fikk problemer og flere gikk konkurs. I 1886 gikk handelshuset P.V. Rosenkilde & Søn over ende. Familiefirmaet stod som eier av huset i Nedre Strandgate og inngikk derfor i konkursboet. Huset ble solgt på auksjon i 1887. Både Alethe og Martine kjøpte noe av innboet fra konkursboet, som de trolig tok med seg da de måtte flytte.

Panteregisteret-for-Kongsgaten
Kilde: Statsarkivet i Stavanger, Stavanger byfogdembete, panteregister nr. 5, 1855-1960, s. 30, utsnitt.

Hva da med Alethe og Martine, ble de husløse? De ble nok ikke det. Trolig fikk de fortsatt bo i huset, mest sannsynlig som leietakere. Noen år senere, i 1891, kjøpte fru Alethe Rosenkilde et hus i Kongsgaten 22, like ved byparken. Kjøpesummen var kr. 5500. Etter loven av 1888 var Alethe myndig. Hun kunne både kjøpe hus og inngå avtale om lån, i form av en panteobligasjon på to tusen kroner. Dette var nødvendig for å finansiere huskjøpet.

Husfasaden-mot-Kongsgaten
Bildet viser huset til Kongsgaten 22 som 22 som Alethe kjøpte i 1891, og som datteren Martine overtok. Kanskje er det Alethe eller Martine som er på vei ut døren? Det store huset til høyre tilhørte seilmaker Henriksen. Kilde: Fotograf ukjent. Statsarkivet i Stavanger, Anders Bærheims privatarkiv.
langvegg-med-reklameskilt
Bildet viser Kongsgaten 22. Den ene veggen på huset var dekorert med rikt illustrerte reklameskilt. Huset til Alethe og Martine lå på hjørnet mellom Kongsgaten og Hetlandsgaten, like ved nåværende Obstfelders plass. Kilde: Fotograf ukjent. Statsarkivet i Stavanger, Anders Bærheims privatarkiv.

I november 1894 ble det utstedt nytt skjøte på huset i Kongsgaten 22. Skjøtet ble tinglyst noen uker senere, den 5. desember. Skjøtet viser at Alethe solgte huset ved ”Bredevandet” til datteren, Martine. Dagen etter, den 6. desember, døde enkefru Alethe Rosenkilde, 79 år gammel. Dødsfallsprotokollen forteller at hun etterlot seg to myndige barn, ett av dem var i Kristiania. Dette var trolig eldstesønnen, Peder Valentin Rosenkilde. Innførselen til slutt taler sitt tydelige språk: ”Intet efterladt”.

doedsfallsprotokollen-1894
Kilde: Statsarkivet i Stavanger, Stavanger byfogdembete, dødsfallsprotokoll 1894-1902, s. 6, utsnitt.

Alethe fikk en lang og heller dramatisk livsreise i byen hun kom til som ung kvinne. Tilværelsen hennes endret seg ganske mye fra hun 20 år gammel ble inngiftet i en av de mest betydelige kjøpmannsfamiliene og flyttet inn i det store huset i Nedre Strandgate 11 med alt ansvaret dette medførte, og til hun som eldre enke på over 75 år måtte låne deler av kjøpesummen for å kjøpe huset i Kongsgaten 22 som bolig for seg og sin ugifte datter. Den økonomiske nedgangen må ha vært merkbar for de to kvinnene. Som enke opplevde Alethe at familiefirmaet gikk konkurs. Ved auksjonen i 1887 mistet familien både huset og det meste av innboet. Sønnen Peder Valentin flyttet sammen med familien sin fra byen trolig like før konkursen i 1886. Alethe mistet også som nevnt sin yngste datter.

Samtidig skjedde det en myndiggjøring av kvinner i denne perioden. I 1863 kom loven som gjorde ugifte voksne kvinner myndige. Med loven av 1888 ble Alethe som gift kvinne myndig på sine eldre dager. Loven kom for sent til at Alethe kunne undertegne for familiefirmaet. Det hadde gått konkurs. Men selv kunne hun kjøpe hus til seg og datteren, og ta opp lån for å finansiere kjøpet. Datteren Martine kunne etablere og drive blomsterforretningen sin i Kongsgaten 22, hvor hun og moren bodde sammen.

Martine kjøpte huset i Kongsgaten rett før moren døde og bodde fremdeles der ved folketellingen i 1900. I 1905 solgte Martine huset og flyttet trolig da til Frøkenstiftelsen på Løkkeveien, en leiegård for ugifte kvinner. Martine døde i 1928, 82 år gammel, og med henne døde slekten Rosenkilde ut i Stavanger.  

Kyrkjebok for Lye 1826-1841
Kyrkjeboka viser at Marthe Marie (Marta Maria) vart fødd 10. februar og døypt 1. mars 1840. Foreldra var Ingebreth Svendsen og Karen Samuelsdtr. Mossige. Kjelde: Statsarkivet i Stavanger, kyrkjebok for Lye 1826 – 1841, fol. 135b – 136a, nr. 7.

Ein av fadrane til Marta Maria var sokneprest Frost som døypte henne. Dei andre var  lensmann Pedersen, Marie Jonasdtr. Sandved, Inger M. Jonasen og Jorine Svendsdtr. Mossige. Namna til foreldra og fadrane viser at Martha Marie høyrde til dei gamle lensmannsslektene på Jæren. Faren var den første ordførararen i Time kommune, sidan lensmann og Stortings-representant. Lensmann Samuel Pedersen Sandved i Høyland var morfar til Marta Maria. Marie Jonasdtr. Sandved var mormora. Ho var lensmannsdotter. Inger M. Jonasen var ein slektning på morssida. Jorine Svendsdtr. var faster til dåpsbarnet.

Dei som høyrde til dei gamle lensmannsslektene slektene på Jæren, gifta seg ofte med kvarandre. Dei fleste ekteskapa var nok arrangerte av foreldra. Stor aldersforskjell mellom ektefellane var ikkje uvanleg. Jorine Svendsdtr., faster til dåpsbarnet, gifta seg i 1842 med Kristoffer Kristoffersen Aasland, ein eldre bror til Kristoffer Kristoffersen Aasland den yngre, som Marta Maria gifta seg med i 1856, 16 år gamal. Dei to brørne hadde same namnet. Den eldste av dei var oppkalla etter farfaren og den yngste etter faren. Han skreiv seg alltid Stoffer. Stoffer var 16 år eldre enn Marta Maria.

Foreldra til Marta Maria fekk åtte barn. Det yngste døydde eitt år gamalt i 1861. Då hadde Marta Maria alt fått to barn. To av søstrene hennar gifta seg med lensmenn på Jæren, den eine i Klepp og den andre i Høyland. Ei tredje søster gifta seg med ein lensmannsson frå Norheim i Time.

Gardsbruka på Mossige i 1933, med ”lensmannsgarden” til høgre. Dette var barndomsheimen til Marta Maria. Foto: Truleg Otto Floor. Privatarkiv nr. 135 Stavanger Turistforening, Statsarkivet i Stavanger.
Gardsbruka på Mossige i 1933, med ”lensmannsgarden” til høgre. Dette var barndomsheimen til Marta Maria. Foto: Truleg Otto Floor. Privatarkiv nr. 135 Stavanger Turistforening, Statsarkivet i Stavanger.

Det store huset på Mossige vart bygt i 1819 og står ennå på garden. Dette var eit politisk og kulturelt sentrum i Lye prestegjeld og Time kommune på 1800-talet. Hovudhuset med åtte vindauge på stovesida skilde seg ut, sjølv om det etter kvart kom fleire større gardshus på Mossige.

Konene på dei store jærgardane var sjølvstendige og sterke kvinner med ansvar for folk og husdyr. Sjølv om dei ikkje var myndige før 1888 og måtte ha mannleg verje, var dei i praksis likestilte med ektefellen i det daglege arbeidet. Ektefellene hadde sjølvstendig ansvar for kvar sine område. 

Det må likevel ha vore noko spesielt med barndomsheimen og kvinnene i heimen til Marta Maria på Mossige.

Hovudhuset på gardsbruket Lindland på Åsland i 1933. Det store huset var kledd med panner frå eige teglverk. Dette vart heimen til Marta Maria etter at ho gifta seg 16 år gamal. Foto: Otto Floor. Fotosamling etter Kristian Bærheim, Statsarkivet i Stavanger.
Hovudhuset på gardsbruket Lindland på Åsland i 1933. Det store huset var kledd med panner frå eige teglverk. Dette vart heimen til Marta Maria etter at ho gifta seg 16 år gamal. Foto: Otto Floor. Fotosamling etter Kristian Bærheim, Statsarkivet i Stavanger.

Marta Maria (1840 – 1915) gifta seg i 1856 med Kristoffer Kristoffersen (Stoffer) Aasland (1824 – 1888). Stoffer overtok ein part av heimegarden og teglverket på Lindland, panneverket, som folk sa. Stoffer var også smed. Marta Maria fekk ansvaret for eit stort hushald med tenarar og arbeidsfolk som alle gjekk i kosten hos henne.

Marta Maria og Stoffer fekk 14 barn. Det første døydde seks dagar etter fødselen i august 1857. Alle dei andre vart vaksne. Det var uvanleg på den tida at så mange i ein stor barneflokk levde opp.

Svigerforeldra fekk 10 barn, to av brørne til Stoffer 10 og 12 barn. Jorine, faster til Marta Maria, var mor til dei 12 barna. Ho miste fire av dei som småbarn. Av dei til saman 46 barna som vart fødde i fire familiar på Åsland, døydde berre 6 som småbarn. Kanskje var forklaringa den at mødrene var opplyste kvinner med kunnskapar om godt matstell, barnestell og reinhald i heimen. 

Folketeljinga frå 1865 fortel at Marta Maria hadde fire små barn. Dessutan hadde ho hushaldsansvaret for svigermora, fire tenarar, to kvinner og to menn, og ein legdslem. Dette var ein mann på 78 år. Marta Maria hadde med andre ord ansvaret for mat og klede til 11 personar i heimen sin. Då var ho 25 år gamal. 

I 1875 hadde Marta Maria åtte barn. Dei eldste var til god hjelp for henne. Ho hadde også fire tenarar, to kvinner og to menn. Dessutan losjerte ein enkjemann med tre barn og eit eldre ektepar i den såkalla ”teglverksstuen”. Dette var bustaden til den tidlegare driftsstyraren. Både enkjemannen og dei tre barna arbeidde på verket.

Marta Maria hadde også ansvaret dyra på garden, i alle fall kyrne. I 1875 hadde dei 5 hestar, 1 stut, 14 kyr, 67 sauer og 2 griser. Ansvaret for barnestell, matstell, stell av klede og tekstilar, og stell av kyrne spesielt, låg på henne. Det kom godt med at ho hadde fleire større barn og fleire tenarar til hjelp, både inne og ute. Men det var ho som administerte det heile. 

Då Lindland vart skulestad våren 1883, fekk huset eit påbygg med undervisningsrom i søre enden. Huset vart rive i 1948. ”Teglverksstuen” sør for teglverket, vart til elevinternat, ”Jentehuset”, som det vart kalla. 

Det første forslaget til offentleg fagutdanning for kvinner i landbruket, datert 9. november 1864. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1865, Statsarkivet i Stavanger.
Det første forslaget til offentleg fagutdanning for kvinner i landbruket, datert 9. november 1864. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1865, Statsarkivet i Stavanger.

I 1864 la ei nemnd med amtmann Morgenstierne i spissen fram forslag til fagutdanning for kvinner i landbruket. Dette var i praksis forslag til korleis unge kvinner kunne utdanna seg til å verta gode gardkoner. Amtsformannskapet behandla forslaget i 1865, men ingen av dei to alternativa nemnda skisserte, vart vedtekne. Det skulle gå mange år før amtsformannskapet ved amtsskulekommisjonen vedtok å setja i gang skulen frå 1. mars 1883. Då hadde Stavanger amt hatt landbruksskule for menn i 37 år, frå 1846 på Austrått i Høyland og i åra etter på Tveit i Nedstrand.

Budsjettforslaget for andre skuleåret ved den praktiske jenteskulen på Åsland med oppstart 1. mars 1884. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1883, Statsarkivet i Stavanger.
Budsjettforslaget for andre skuleåret ved den praktiske jenteskulen på Åsland med oppstart 1. mars 1884. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1883, Statsarkivet i Stavanger.

Stoffer Aasland kom med tilbod om å leggja den nye Stavanger Amts Jenteskole til gardsbruket sitt, og om å ta på seg styraransvaret saman med kona. Heimen deira var skulestad mellom 1883 og 1902. Jenteskulen på Åsland vart den første husmorskulen i Rogaland før Sømme på Sola overtok i 1912, etter ti års opphald. Marta Maria var den viktigaste personen her. Ho fekk det daglege ansvaret for den praktiske opplæringa av jentene, både ute på garden, i fjøset og inne i huset. Utanom styrarparet hadde skulen ein mannleg lærar i teoretiske fag og ein kvinneleg i handarbeid, saum og veving.

Dei årlege budsjettforslaga til amtsskulekommisjonen viser at både Marta Maria og Stoffer stod på lønningslista. I 1883-forslaget er dei oppførte med ei samla løn på kr 1200.

Den 29. desember 1884 sende S. C. Aasland, Stoffer Christoffersen Aasland, andre årsmeldinga til Stavanger Amtsskolekommisjon. Kjelde: Stavanger Amtsformandskabs Forhandlinger for 1885, Statsarkivet i Stavanger.

amtmannen-1885-360

amtmannen-1885-361

amtmannen-1885-362

Stoffer Aasland sende kvart år årsmelding til amtsskulekommisjonen. Meldingane er gode kjelder til skulehistoria saman med den bevarte skuleprotokollen. Denne var i bruk i heile perioden skulen eksisterte. Her er den andre årsmeldinga, datert 29. desember 1884. Kurset tok til 1. mars 1884 og vart avslutta i desember same året. Dei ti jentene frå Jæren og Ryfylke  som fekk eksamen dette året, vart ettertrakta koneemne for bønder på Jæren og i Ryfylke.

Aasland-familien
Marta Maria og Stoffer Aasland med barneflokken ved inngangen til heimen på Lindland. Dei tilkalla truleg ein profesjonell fotograf til avslutninga av tredje skulekurset i desember 1885. Foto: Ukjend. Repro ved Haakon Johannessen. Privatarkivnr. 430 Hakon Johannessen, Statsarkivet i Stavanger.
Fotografen som tok bilete av familien Aasland, tok også eitt av dei saman med det tredje elevkullet ved skulen, til avslutninga i 1885. Foto: Ukjend. Privat fotosamling, Statsarkivet i Stavanger.
Fotografen som tok bilete av familien Aasland, tok også eitt av dei saman med det tredje elevkullet ved skulen, til avslutninga i 1885. Foto: Ukjend. Privat fotosamling, Statsarkivet i Stavanger.

Då Marta Maria og Stoffer fotograferte seg med barneflokken og elevflokken i 1885, visste dei ikkje at dei skulle få det 14. og siste barnet to år seinare. Då var ho vel 47 år gamal. Året etter, i 1888, døydde Stoffer.

Marta Maria heldt fram som husmor på jenteskulen etter at mannen døydde, sjølv om eldste sonen overtok styrarposten etter faren. Han var då 27 år gamal og gifta seg same året med Mallin Svensdtr. frå Tveit i Årdal. Ho hadde vore elev ved jenteskulen i 1884. 

Loven som gjorde gifte kvinner myndige, kom 29. juni 1888. Stoffer døydde 10. mai same året. Marta Maria opplevde at eldste sonen, Chr. S. Aasland, Christoffer Stoffersen, var verja hennar på papiret i om lag 50 dagar. Sjølv stod ho som eigar av gardsbruket, også fleire år etter at sonen overtok. I praksis var Marta Maria den sterke og sjølvstendige kvinna ho alltid hadde vore. 

Marta Maria vart kjend som Mor Åsland både på Jæren og i Ryfylke. Elevane hennar, dei 289 Åslandsjentene frå åra mellom 1883 – 1902 som skulen var i drift, merkte seg ut. 

Som gardkoner fekk dei eit stort ansvar i det gamle samfunnet, sjølv om dei ikkje fekk full borgarleg stemmerett før i 1913.

Bibelen var ei rettesnor for svært mange i dette samfunnet. Ordtaka, kap. 31, vers 10-31, Den gode kona, summerer opp denne sjølvstendige og sterke kvinnetypen som Mor Åsland og Åslands-jentene representerte: ”Ei dugande kone, kven finn vel henne? Langt meir enn perler er ho verd”. Dei neste 20 versa høver også godt på Mor Åsland og truleg på alle jentene hennar, både døtrene og jenteskuleelevane. Dei hadde gått i ein god skule hos henne. 

Kjelder:

  • Digitalarkivet
  • Statsarkivet i Stavanger, Lye sokneprestembete, kyrkjebok A4, 1826 – 1841.
  • Folketeljingane 1865, 1875 og 1900 for Time.

Statsarkivet i Stavanger:

  • Stavanger Amtformandskabs Forhandlinger (trykt bokserie).
  • IKA Rogland, Time kommune:
  • Møtebok for Jenteskulen på Åsland 1883 – 1902.

Litteratur:

  • Aasland, Aarne: ”Aaslandsgjentene merkte seg ut”. Artikkel i årboka Ætt og Heim 1975.
  • Barkved, Ola: ”Dannelsesanstalt for unge Quinder”. Artikkel i Stavanger Aftenblad 17. januar 1975.
  • Taksdal, Asgjerd: ”Åslands-jentene merkte seg ut”. Jenteskulen på Åsland 1883 – 1902. Artikkel i årboka Sjå Jæren 1989.
Kyrkjebok for Hjelmeland
Helga Pedersdtr. var barn nummer 21 som vart døypt i Hjelmeland prestegjeld i 1812. Kjelde: Kyrkjebok A2 for Hjelmeland, Årdal og Fister, 1799-1816. Statsarkivet i Stavanger

Helga var fødd på garden Byrkja i Årdal sokn, Hjelmeland prestegjeld. Ho vart døypt 15. mars 1812 og fekk då farmora sitt namn. Den dagen var det tre barn til dåpen i Årdal kyrkje. Fødselsdatoane er ikkje kjende. Før 1814 skreiv presten berre dåpsdagen i kyrkjeboka saman med namnet på foreldra og fadrane. Foreldra til Helga var Peder Klengson og Malena Johansdotter Bjerke. Bjerke er ein eldre skrivemåte av gardsnamnet Byrkja. Helga var det tredje av dei ni barna til Peder og Malene. Tre av dei døydde som småbarn. 

Byturen og møtet med haugianarane

Helga Vormeland (1812–1904) og Kristi Svantesvold (1799–1861) frå Vats er dei to mest kjende haugianarkvinnene i Rogaland. Båe er omhandla i både skriftlege kjelder, fagbøker og i trykt i minnemateriale. Her presenterer me Helga.

Ingen jenter frå vanlege familiar fekk nokon særleg skulegang då Helga var liten. Føremålet med litt leseundervisning var at barna skulle læra katekisma slik at dei kunne konfirmerast. Skuleloven av 1827 gjekk litt vidare. Då vart både skriving og rekning obligatoriske fag. Men med nokre få vekers omgangsskule i året var det berre dei færraste som kunne lesa og skriva ukjend tekst. Dei fleste, både gutar og jenter, lærte berre å pugga kjend tekst frå katekisme og salmebok slik at dei kunne greia seg til konfirmasjonen. Innstillinga til foreldra hadde mykje å seia. Det var ikkje uvanleg at foreldre heldt barna heime. Mange meinte skulegang var unødvendig, ikkje minst for jentene.

Helga var konfirmert då skuleloven kom i 1827. Kanskje var ho ute i teneste då. Minnematerialet om henne fortel at ei byreise i 1829, truleg til haustmarknaden, vart eit vendepunkt for henne.

Hans Nielsen Hauge (1771–1824), den første norske lekpredikanten, kom ikkje til Hjelmeland på reisene sine i Stavanger amt i 1798 og 1801. Men i 1819 møtte Helga eit rikt haugianarmiljø i Stavanger, leia av kjøpmannen og bedriftseigaren John Haugvalstad frå Mosterøy. Helga fann vegen til eit møte på Valberget. Der kjende ho seg heime. Haugvalstad samla særleg innflytte arbeidsfolk i byen, ungdomar som kom frå Ryfylke og Jæren. 

Helga og den haugianske kvinnerørsla i Hjelmeland

Tidleg i 1830-åra utvikla det seg også eit rikt haugianarmiljø i Hjelmeland prestegjeld. Hans Nielsen Hauge hadde oppmuntra kvinnene til å vera aktive i vennesamfunna, både som talarar og brevskrivarar. Brev var eit viktig kommunikasjonsmiddel for Hauge og haugianarane. Dermed måtte og ville gjerne kvinnene kunna lesa og skriva. Helga lærte seg dette. Ho var den første aktive haugianarkvinna i Hjelmeland. I følgje litteratur og minnemateriale deltok ho aktivt med song, bøn, ”oppbyggelse”, og med høgtlesing av brev på møte og samlingar mange stader i indre Ryfylke. Helga var også på fleire besøk hos haugianervenner i Stavanger. 

Helga reiste særleg mykje som talar før ho gifta seg i 1837 og vart gardkone på Vormeland. Ansvaret for heim og barn bant henne naturleg nok til heimen då.

Helga og andre haugianarkvinner var uvanlege på to måtar. Dei representerte den første kvinnegruppa i landet vårt som hevda seg utafor heimen. Det var ganske uvanleg på 1800-talet at kvinner talte i forsamlingar. Dessutan var det ikkje lov å samlast til møte på den tida utan at presten var til stades og kontrollerte kva som vart sagt. Det er bevart eit omfattande brevmateriale etter både kvinner og menn, både brev til Hans Nielsen Hauge og brev som vart sende til andre vennesamfunn, og som skulle lesast opp under møta. Då var det viktig med både lese- og skrivekunne.  

I Hjelmeland følgde sokneprest Johan G. Thaulow nøye med på kva haugianarane dreiv på med. Men prestegjeldet var stort og hadde tre kyrkjesokner. Han kunne ikkje føra kontroll med alle samlingar ved dei tre kyrkjene i Fister, Årdal og Hjelmeland eller i private heimar.

Gamle Årdal kyrkje
I denne kyrkja vart Helga boren til dåpen i 1812, og her gifta ho seg i 1837. Gamle Årdal kyrkje er bevart slik ho såg ut for 200 år sidan. Foto: Olaf A. Ellingsen 1952. Privatarkiv nr. 405, Olaf A. Ellingsen. Statsarkivet i Stavanger.
Årdal kyrkje
Området rundt gamle Årdal kyrkje var samlingsplass for haugianarane når det var preikesundag. Foto: Otto Floor 1933. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Presten og konventikkelplakaten

Johan G. Thaulow var sokneprest i Hjelmeland i åra 1829 – 1858. Han var ein energisk prest og ein rasjonalist som ganske raskt kom på kant med det lokale, lågkyrkjelege haugianarmiljøet. Striden toppa seg i den såkalla lesebokstriden i 1848, men det er ikkje kjent kva rolle Helga og mannen hennar spela då. Berre eitt av barna deira hadde så vidt nådd skulealderen på det tidspunktet. Thaulow såg ikkje med blide auge på at haugianarane hadde samlingar på kyrkjebakken etter gudstenestene på sundagane. Det er nok heller ikkje unaturleg at han reagerte negativt på den aktive rolla til kvinnene.  

Thaulow hadde lovverket i ryggen med konventikkelplakaten frå 1741. Denne loven sette forbod mot at folk eller lekpredikantar tala i offentlege samlingar, også når desse var i private heimar. Hans Nielsen Hauge utfordra styresmaktene i dobbel forstand. Han oppfordra folk til å sjå bort frå konventikkelplakaten, og han oppfordra kvinnene til å vera aktive i vennesamfunna, både som talarar og som brevskrivarar.

Rapport frå presten til departementet 1838
Punkt 12 til 15 i rapporten sokneprest Thaulow sende til Kirkedepartementet 28. sept.1838 der han svara på spørsmål om skulevesenet i Hjelmeland. Kjelde: Hjelmeland sokneprestembete, kopibok nr. 1, 1799 – 1846, fol. 168b. Statsarkivet i Stavanger.

Som rasjonalist var sokneprest Thaulow særleg oppteken av å forbetra skuleundervisninga. Om han var skeptisk til haugianarane, såg han at haugianarforeldre var opptekne av at barna skulle læra å lesa og skriva. Han opplyser i rapporten at i året 1837 hadde heile 42 barn fått skriveundervisning i dei 8 omgangsskuledistrikta i prestegjeldet. Dessutan, skriv han: ”Det anmærkes som en Synderlighed, at af dette Antal er omtrent det halve Pigebørn, Døtre af Haugianere, der meget bruge at skrive Taler og Bønner m.m. til Oplæsning i deres Forsamlinger, samt Breve til deres Venner, i hvilke Henseender bland Haugianerne, som bekjendt, Qvinderne ere ligesaa virksomme som Mændene” (sitat slutt).

Haugianarane var ikkje formelt organiserte. Dei kom saman i vennesamfunn. Me kan likevel seia at Helga og andre haugianarkvinner representerte den første kvinnerørsla i landet.

Frå Tytlandsvik med vegen ut i Ryfylke-riket for Helga og andre haugianarar på vandring og talarferd. Foto: Johan N. Figved, ca. 1932. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.
Frå Tytlandsvik med vegen ut i Ryfylke-riket for Helga og andre haugianarar på vandring og talarferd. Foto: Johan N. Figved, ca. 1932. Privatarkiv nr. 135, Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.
Tytlandsvik-brygga
Tytlandsvik med den gamle bryggja og nausta. Dette var porten til Helga sitt rike som gardkone på Vormeland i Vormedalen. Foto: Gunnar Wareberg, 1972. Privatarkiv nr. 156. Statsarkivet i Stavanger.

Kvinner på vandring

Det var vanleg før at ungdommane besøkte andre kyrkjesokner eller andre grender i sommarhalvåret. Dette vart særleg vanleg hos haugianarane. Dermed kom også unge jenter seg ut frå heimemiljøet. 

Helga kunne ikkje farta noko særleg utafor Vormedalen etter at ho gifta seg. Men ho og ektemannen Jens Olsson Vormeland var båe aktive i det lokale haugianarmiljøet. Heimen deira vart ein samlingsplass, både for vennene i Vormedalen, for gjester og for mange tilreisande gjester og predikantar. Om ansvaret for heim og etter kvart sju barn bant Helga til garden, kunne ho bruka tale- og songgåvene sine aktivt på samlingar i Vormedalen.

Sokneprest Thaulow lika ikkje at haugianarane vandra rundt, og at dei samlast til oppbyggingsmøte utafor hans kontroll. I 1840 sende Kirkedepartementet ei omfattande spørjeliste til alle prestane i landet sidan dei var formenn i fattigformannskapa. Departementet hadde behov for opplysningar i samband med ein ny fattiglov. Sokneprest Thaulow gjorde som vanleg eit grundig arbeid. Til spørsmålet om Arbeidsdygtighed skreiv han: ”Desværre kan denne ikke roses. Folket er i Almindelighed trægt og ingenlunde kraftfuldt. Dette Onde har især i de senere Aar mer tiltaget, som det synes en Følge af Haugianismens Udbrædelse, idet mange Mennesker derved finde sig opfordrede til endog paa Søgendager at vandre omkring, deels som Prædikanterer, deels som Tilhørere, ladende de timelige Ting skjøtte sig selv” (sitat frå Kirkedepartementets arkiv, Fattigformannskapsrapportar 1840, Riksarkivet).

Thaulow vann ikkje fram med synet sitt. I 1842 oppheva styresmaktene konventikkelplakaten. Dette året kan vi seia at forsamlingsfridomen vart innført i landet vårt. I 1840-åra og seinare på 1800-talet vart det meir uformelle engasjementet til dei lokale vennesamfunna kanalisert over i ulike typar lågkyrkjelege organisasjonar. I 1847 stifta Helga og fire andre kvinner i Vormedalen den første kvinneforeininga der for den nye nasjonale organisasjonen, Det norske  Misjonsselskap. Same året vart det stifta tilsvarande kvinneforeningar i Hjelmelandsvågen og i Årdal. 

Som gardkone hadde Helga ansvaret for barna, dei fleste dyra på garden, arbeidet i heimen, både matproduksjon, matstell, produksjon og stell av klede og tekstilar. På desse områda finst det få spor etter Helga og andre kvinner sin innsats på 1800-talet. Men Helga sette i alle fall spor etter seg som ei av dei aller første kvinnene i Ryfylke som kunne lesa og skriva ukjent tekst, og som også tala, song, skreiv og las opp brev frå andre i offentlege forsamlingar.

Helga opplevde ikkje å få full borgarleg stemmerett. Ho døydde i 1904, same året som ho og alle kvinner tilslutta Det norske Misjonsselskap fekk stemmerett i denne organisasjonen, på like fot med mennene.

Litteratur:

  • Trygve Brandal: Haugianarkvinna frå Hjelmeland Helga Vormeland. Artikkel i kyrkjelydsbladet Preikestolen, nr. 5, 2012, side 19:

Helga og haugianarkvinnene vert og presenterte i bøkene:

  • Golf, Olav, 1998: Den haugianske kvinnebevegelse.
  • Golf, Olav, 2006: Vekkerrøst fra kvinner i Hans Nielsen Hauges fotspor.
Christine Lange Kielland ble døpt etter fødselen. Hjemmedåpen ble bekreftet i Domkirken 6. juli 1844. Kilde: Kirkebok for Stavanger, Domkirken/Frue, 1844-1854, side 5, utsnitt. Statsarkivet i Stavanger.
Christine Lange Kielland ble døpt etter fødselen. Hjemmedåpen ble bekreftet i Domkirken 6. juli 1844. Kilde: Kirkebok for Stavanger, Domkirken/Frue, 1844-1854, side 5, utsnitt. Statsarkivet i Stavanger.

Christine Lange Kielland, eller Kitty Kielland, ble født 8. oktober 1843 i Stavanger. Hun ble hjemmedøpt av pastor Berg, trolig fordi hun var svakelig ved fødselen. Først 6. juli året etter, ble dåpen bekreftet i Domkirken. Fadderne var de fire besteforeldrene, samt løytnant J. Smith. Hun ble oppkalt etter sin mormor, Christine Lange, men ble kjent under navnet Kitty og brukte dette navnet selv. Det vil også vi gjøre i denne presentasjonen.

Kitty Kielland
Kitty Kielland fotografert av R. Müller i München rundt 1875/76. Kilde: Privatarkiv nr. 11 – Kiellandarkivet. Statsarkivet i Stavanger.

Kitty vokste opp i en av Stavangers mest velstående og betydningsfulle familier på den tiden. Barndomshjemmet lå ved nordre bredd av Breiavatnet, like ved Kongsgård skole og Domkirken. Huset hadde adresse Olavskleven 2, men ble omtalt som ”Huset ved Bredevannet”. Det lå med fasade mot det pulserende bylivet på torget mot nord. Den private siden med hagen vendte mot sør til Breiavatnet. Opprinnelig ble huset bygd som radesykehus for byen i 1770-årene.

Kitty Kiellands barndomshjem
Kitty Kiellands barndomshjem i Stavanger lå midt i byen. Fotografiet er fra slutten av 1890-årene. I bakgrunnen ruver de nye monumentalbygningene teateret, museet, turnhallen og byens sykehus, alle fra 1880- og 1890-årene. Foto: Ukjent. Privatarkiv nr. 1 - Anders Bærheims arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Familien til Kitty bestod fram til slutten av 1840-tallet av henne selv, den to år eldre broren Jacob, samt foreldrene, konsul Jens Zetlitz Kielland og Christiane Lange. I 1849 ble Kittys berømte bror, forfatteren Alexander Lange Kielland, født. Senere kom det fem søsken til, tre brødre og to søstre. To av brødrene døde små, den yngste ved fødselen i 1862. Denne åttende og siste fødselen ble skjebnesvanger for Kittys 41 år gamle mor som hadde svakt hjerte. Hun døde en uke etter fødselen.  

Disse begivenhetene satte trolig sine spor hos den unge Kitty. Bare 18 år gammel ble hun plutselig eldste kvinne i familien. Faren giftet seg på ny litt over ett år senere med Inger Mæhle. Hun var nesten 50 år gammel og hadde ikke vært gift før. Kitty og søsknene fikk dermed en ny person, en stemor, tett inn på seg i familien. Omtrent samtidig solgte Kittys far seg ut av familiefirmaet. Han levde resten av sitt liv som rentenist.

Da Kitty nådde skolealder rundt 1850, var det en offentlig skole i Stavanger. Dette var Domkirkens almueskole som ble opprettet i 1843. Klassene på almueskolen var store, med rundt 100 elever i hver. Skoleforholdene var enkle og sparsommelige, og ble ikke ansett som egnet for barn fra byens finere familier. Kittys morfar, prost Alexander Lange, hadde riktig nok vært med på å bestemme hva slags undervisning barna skulle få på denne skolen. Gutter fra de fine familiene fikk begynne på Stavanger lærde- og realskole skole når de var rundt seks år gamle. I 1856 startet Bolette Wiese en standsmessig skole for jenter. Dette var for seint til at Kitty kunne begynne der. Hun var da blitt 13 år gammel. For Kitty betydde dette at da Alexander, hennes seks år yngre bror, begynte på skolen i august 1855, fantes det ikke skole for jenter fra bedrestilte familier i byen. Disse jentene fikk undervisning hjemme, enten av familiemedlemmer eller av privatlærere. De lærte å lese og skrive, og de fikk noe kjennskap til språk og litteratur. Men den viktigste opplæringen fikk de hjemme. Den var rettet mot huslige gjøremål for å bli en god hustru og mor. De måtte kunne administrere en stor husholdning samt konversere og te seg i selskapslivet. Kitty opplevde nok denne forskjellen på jenters og gutters muligheter til skolegang og opplæring som urettferdig. Begge brødrene hennes fikk begynne på skole, mens hun selv, som jente, måtte ta til takke med den undervisningen som ble organisert i hjemmet.

Kitty var svakelig og mye syk i oppveksten. Dermed måtte hun oppholde seg innendørs. Hun var i perioder sengeliggende og var avhengig av rullestol en tid. Kitty hevdet selv i ettertid at en del av disse sykdommene var overdramatiserte. Kanskje ble de også brukt for å stagge en utålmodig og aktiv jente, med andre ord som en form for ”dressur”. Men på denne tiden kunne litt hoste eller en influensa få svært dramatiske konsekvenser, i alle fall for en som i utgangspunktet var litt svakelig.

Kiellandhuset
Kitty Kiellands hjem hadde en sentral plassering mellom Domkirken, Kongsgård skole, Torget og Breiavatnet. Den gamle hagen var en oase midt i sentrum av byen. Fotografiet er fra rundt 1900. Foto: Trolig Carl J. Jacobsen, Stavanger. Privatarkiv nr. 1 - Anders Bærheims arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

I tillegg til hjemmeundervisningen måtte den rastløse Kitty ha noe mer å fylle tiden med. Det fikk hun muligheten til på farens kontor oppe i loftsetasjen hjemme. Der hadde faren innredet et lite atelier til seg selv. Han var kunstnerisk anlagt, men fulgte familietradisjonen og etterfulgte sin far i familiefirmaet, Kielland & Søn. Det var her i farens godt utstyrte kontor Kitty startet sin kunstnerkarriere ved å kopiere farens innkjøpte malerier. Etter hvert engasjerte faren en bekjent av familien, danske Fanny Zeuthen, som tegnelærer for Kitty. Men det var særlig de store maleriene av Lars Hertervig som hang i stuene i barndomshjemmet som ble Kittys store inspirasjon og inngang til kunstens verden. Konsul Kielland hadde kjøpt malerier av den unge kunstneren fra Tysvær for å støtte ham økonomisk.

Kittys kunstinteresserte far var en av initiativtakerne da Stavanger Kunstforening ble stiftet i februar 1865. Han ble også valgt til foreningens første formann, som han var fram til 1877. Foreningens formål var ”at vække Sands for Kunsten – og efterhaanden at danne en, Foreningen tilhørende, Kunstsamling”. Sans for kunsten ble vekket ved å arrangere kunstutstillinger, og ved kjøpe inn bilder til den årlige juleutlodningen for foreningens medlemmer.

I følge folketellingen 1865 bodde konsul Jens Zetlitz M. Kielland med sin nye kone og familie i ”Huset ved Bredevannet”. Kittys eldste bror, Jacob, var gift og bodde også der med sin kone, Diderikke Jørgine Monrad. Kittys yngste søster, Dagmar, var elleve år gammel. I tillegg bestod husholdet av en husjomfru og to tjenestejenter. Det bodde til sammen tolv personer i huset. Jacob Kielland var oppført i tellingslisten som kandidat i teologi og timelærer. Verken Jakobs kone eller hans to år yngre søster Kitty, var registrert med noe yrke i denne tellingen.

På begynnelsen av 1870-tallet engasjerte Kitty seg i ulikt sosialt arbeid i hjembyen. I 1871 var hun med og opprettet et barnehjem. Dette var trolig Domkirkens Børneasyl. Dette nye barnhjemmet i vestre del av byen skulle gi dagsopphold, mat og undervisning til fattigfolks barn. I den østre del av byen, St. Petri, var det allerede opprettet et tilsvarende hjem for barn fra vanskeligstilte familier. Det skjedde i 1839, før St. Petri var blitt utskilt fra Domkirken som egen menighet.

Forhandlingsprotokoll Froekenstiftelsen
Kitty ble oppnevnt som styremedlem i Frøkenstiftelsen på møte i ”Directionen” 6. januar 1871. Kilde: Forhandlingsprotokoll for Frøkenstiftelsen, privatarkiv nr. 369 – Frøkenstiftelsen. Statsarkivet i Stavanger.

I 1871 ble Kitty oppnevnt som styremedlem for Jomfrustiftelsen, eller ”Directionen for Stiftelsen for trængende ugifte Fruentimmer af Embeds- og Borgerstanden i Stavanger”. Stiftelsen ble opprettet i 1858 med formål å skaffe ugifte kvinner fra byens øvre sosiale lag husly og om mulig ”anden Understøttelse”. Inger Mæle som senere ble Kittys stemor, var for øvrig en av de åtte ugifte kvinnelige stifterne i 1858. I 1867 realiserte stiftelsen sitt første nybygg ved den vestre bredden av Breiavatnet. Stiftelsen sin forhandlingsprotokoll viser at frøken Kitty Kielland ble valgt inn i styret i januar 1871 for å avløse frøken Winsnes. Hun hadde da hadde vært styremedlem i to år. Kitty gikk ut av styret i april i 1873. I referatet fra dette styremøtet får vi opplyst at hun var bortreist. I 1875/76 endret stiftelsen navn til Frøkenstiftelsen og flyttet til et nybygg på Løkkeveien.

Høsten 1873 reiste Kitty fra Stavanger. Hun var 30 år gammel og hadde endelig fått sin fars samtykke til å reise ut for å utdanne seg til kunstmaler. Til tross for at loven av 1863 gjorde voksne ugifte kvinner myndige, måtte hun ha farens godkjenning eller velsignelse. Kitty hadde nok båret på denne drømmen lenge, men hun fikk verken støtte eller oppmuntring fra faren eller eldstebroren, Jacob. Hennes kunstinteresserte far ønsket ikke at hun skulle mislykkes som profesjonell kunstner. Han ville heller at hun skulle bli hjemme i Stavanger og være en lykkelig amatør. Det var nok avgjørende for Kitty at den kjente maleren Hans Gude kom til Stavanger i 1872 for å besøke sin bror. Gudes bror giftet seg med Kittys kusine i 1870. Hans Gude, som var professor i landskapsmaleri, fikk se Kittys bilder. Det var han som overtalte konsulen til å la datteren få reise til Tyskland for å utdanne seg. Kvinner hadde riktig nok ikke adgang til kunstskolen i Karlsruhe der Gude underviste, men han underviste elever privat, og Kitty ble tatt opp som en av disse utvalgte. Hun gikk i lære hos Gude i to år.

Folketellingen for Stavanger i 1875 forteller at Kitty var fraværende da tellingen ble gjennomført på slutten av året. Hun oppholdt seg da i München. Videre kan vi lese av tellelisten at Kitty ble forsørget av faren. Familiens formue gjorde at Kitty, ulikt de fleste andre unge kunstnere på denne tiden, slapp å bekymre seg for økonomien. I Munchen ble Kitty kjent med malerinnen Harriet Backer. Det skulle bli begynnelsen på et livslangt vennskap som fikk stor betydning for dem begge. Kitty kom som regel hjem til fødebyen om sommeren. Hun oppholdt seg på kontinentet eller i Kristiania om vinteren. Når hun var hjemme i Stavanger, benyttet hun ofte anledningen til å dra ut til Jæren for å male.

Brevkort Kitty Kielland
Brevkort fra 1896 til sekretær i kunstforeningen, Svend B. Oftedal, der Kitty ba om oversendelse av betaling for et bilde fra Stavanger Kunstforening. Kilde: Privatarkiv nr. 481 – Stavanger Kunstforening. Statsarkivet i Stavanger.
Brevkort Kitty Kielland-2

Det var særlig på 1880-tallet at Kitty deltok i kunst-, kvinne- og moraldebatten. Hun var spesielt opptatt av kvinnens stilling, av forskjellen i oppdragelsen av gutter og jenter og av kvinnens manglende handlefrihet i ekteskapet. Hun ga også ut en novelle, ”Mors kjæledegge”, i 1885. Der tok hun opp noen av disse temaene som hun jo selv hadde god innsikt i og kunnskap om gjennom egen oppvekst. Året før var hun en av stifterne av Norsk Kvinnesaksforening.

Grobunnen for Kitty sitt engasjement for kvinnesaken og sosiale tiltak ble lagt hjemme i Stavanger. Hun opplevde at brødrene fikk skolegang og utdanning som hun ikke fikk fordi hun var jente. Hun måtte også som godt voksen kvinne kjempe en hard kamp mot sin far for å få lov til å ta sine egne valg. Kitty ville ut for å realisere sitt kunstneriske talent. Hun ønsket ikke å bo på nåde hos sine søsken og deres familier som gammel ugift tante. Det var den mest realistiske framtidsutsikten for Kitty da hun var ung. Heldigvis gikk det ikke slik. Hun hadde både krefter og pågangsmot til å stake ut sin egen kurs, samtidig som hun underveis hadde sitt sosiale engasjement og tok i et tak for de som trengte støtte og hjelp. 

Kongens fortjenestemedalje ble stiftet av Kong Haakon VII 1. februar 1908. I følge statuttene blir den delt ut "til lønn for fortenster av kunst, vitskap og næringsliv, og for framifrå forhold i offentleg teneste" (sitat slutt). Fortjenestemedaljen i gull ble delt ut første gang i juli 1908 til tre kvinner og en mann. Malerinnene Kitty Kielland og Harriet Backer var to av disse kvinnene. Kitty ble dermed den første fra Rogaland som mottok denne høythengende utmerkelsen. Hun opplevde på slutten av sitt liv å få nasjonal anerkjennelse og heder for sitt kunstneriske virke. Kitty Kielland døde 1. oktober 1914 i Kristiania.

Kilder

Trykte kilder

  • Axel Kielland, Familien Kielland, Christiania 1897
  • Marit Ingeborg Lange, Kitty Lange Kielland (1843-1914), Baroniet Rosendal 2008
  • Marianne Terjesen, Kitty Kielland, Et portrett, Gyldendal 1999
  • R. Tveteraas m.fl., Stavanger 1814-1914, Dreyers Forlag og boktrykkeri, Stavanger 1914

Utrykte kilder ved Statsarkivet i Stavanger

  • Privatarkiv nr.  1 – Anders Bærheim
  • Privatarkiv nr. 11 – Kiellandarkivet
  • Privatarkiv nr. 369 – Frøkenstiftelsen
  • Privatarkiv nr. 481 – Stavanger Kunstforening
Rennesøy kyrkjebok
Kyrkjeboka viser at Elisabeth Christine var fødd 16. april 1869 og døypt 2. mai 1869. Kjelde: Soknepresten i Rennesøy, kyrkjebok nr. A6, 1860 – 1878, fol. 51b – 52a, nr. 21. Statsarkivet i Stavanger.

Elisabeth Christine var første barnet til David og Serina Edland på Voll i Mosterøy. Garden høyrde då til Askje sokn i Rennesøy prestegjeld og Rennesøy kommune. Ho vart fødd i morsheimen på garden Dysjaland, ikkje langt frå heimen til faren, den tidlegare sorenskrivargarden på Voll. Besteforeldre og slektningar på Dysjaland og Voll var fadrar ved dåpen. Den vesle familien flytta ei tid etter til farsheimen på Voll.

David og Serina fekk seks barn. Alle vart vaksne. I ettertid er Elisabeth den mest kjende av barna deira, sjølv om Kristian Edland, eldste sonen vart stortingsrepresentant. Kven skulle tru at den vesle jenta vart lærarinne i heimbygda, 16 år gamal, eller at ho vart ein landskjend reisetalar og skribent for fråhaldssaka, kvinnesaka og målsaka lenge før kvinnene vart politisk myndige. I ni år, frå 1892 til ho døydde i 1901, reiste ho over heile landet, også i Danmark, som tilsett reisetalar i DNT, Det Norske Totalavholdsselskap.

Elisabeth Edland hadde fleire namn. Heime på Mosterøy var ho ”Lisa Vodl”, Lisa på Voll. I offentleg samanheng heitte ho helst Frk. Edland eller meir offisielt Elisabeth Edland. Me brukar Elisabeth Edland og Elisabeth i denne artikkelen.

Granittbauta
Askje kyrkjegard med grava til Elisabeth Edland. Den 8 meter høge granittbautaen ruver på den vesle kyrkjegarden og gjer eit mektig inntrykk. Kven kunne tru dette er eit minnesmerke over ei ung kvinne. Foto: Lisabet Risa, 2013. Statsarkivet i Stavanger.
Relieff på bautastein
Relieffet i bronse på bautasteinen viser Elisabeth Edland i profil. Det framstiller ei myndig og trygg kvinne. Kunstnaren Ambrosia Tønnesen var den første profesjonelle kvinnelege bilethoggaren i Noreg. Foto: Lisabet Risa, 2013. Statsarkivet i Stavanger.

Det første, store minnesmerket i Norden over ei kvinne?

Då bautaen på grava til Elisabeth Edland vart avduka i 1903, skal denne ha vore den første store minnesteinen i Norden som vart reist for å heidra ei kvinne. Bautaen var resultat av ein nasjonal innsamlingsaksjon i regi av DNT. Både bautaen og relieffet vitnar om at Elisabeth må ha vore ei uvanleg kvinne. Dette vert og stadfesta av dokumentasjonen frå gravferda i 1901 og frå avdukinga av bautaen i 1903.

Elisabeth Edland døydde 7. desember 1901 i Bergen. Ho vart akutt sjuk under eit opphald der i samband med ein føredragsturne. Etter ein seremoni på Misjonshotellet der ho budde då ho døydde, følgde ein stor sørgjeskare båra ned til kaien i byen, til nattruta ”Sandnes”. Den siste reisa heim til Mosterøy tok til. Sokneprest Sverdrup heime på Rennesøy skreiv ”Totalavfoldsagent” under rubrikken ”Yrkestittel” i kyrkjeboka då han førte inn dødsfallet. 

Stavanger Totalavholdsforening hadde annonse i Stavanger Avis 11. desember 1901 om ekstrabåt frå byen til gravferda på Mosterøy. Ei stor menneskemengde kom til Askje kyrkje fredag 13. desember 1901. Dampskipet ”Fjordbuen” kom frå Stavanger med mange vener og kjenningar, og med eit heilt hestekjerrelass med kransar frå heile landet. Stavanger Totalavholdsforenings Musikkkorps spela sørgemarsjar under den siste ferda frå heimen til kyrkja, og under gravferda. Blomekransane fylte kyrkjeromet. Det vert fortalt at dei nådde lysekruna i taket. ”Skal tro om vårt land noen gang har vært vidne til en lignende begravelse, om det noen gang ved en enkelt båre har vært så mange blomsterhilsener fra alle dele av det vidstrakte Norge, som her,” skreiv adjunkt Gotaas i Stavanger Aftenblad etter gravferda. Rundt om i heile landet var det lokale minnemarkeringar over den kjende Ryfylke-kvinna.

Om lag 2 500 menneske var samla ved avdukinga av bautaen, sundag 16. august 1903. Mange hadde kome med fire ekstrabåtar frå Stavanger og med ein frå Haugesund. Det var flagg langs vegen frå kaien til kyrkja. På kyrkjegarden var det reist tribune for ein kvartett som framførde songar eller kvad skrivne spesielt til Elisabeth Edland. Forfattarane var Per Sivle og Anders Hovden. Stavanger Totalavholdsforenings Musikkkorps spela sørgemarsjar undervegs frå heimen til kyrkjegarden og til songen elles. Mange la ned kransar ved bautaen.

Innsamlingsaksjonen hadde starta 3. februar 1903 i ”Menneskevennen”, bladet til DNT. Til saman 44 kvinner og 72 menn frå frå heile landet signerte oppropet. Det var ikkje vanleg på den tida at kvinner skreiv under på eit nasjonalt opprop. Mellom 30 000 og 40 000 personar gav pengar til bautaen. Dette var truleg den første, store folkeaksjonen i Noreg som engasjerte både vanlege kvinner og menn. 

Kvifor dveler me ved gravferda og ved avdukningsseremonien? Faktum er at rammene rundt desse to seremoniane i 1901 og 1903 og den store folkemengda var ganske uvanlege i samtida. Dette var nemleg gravferda til, og avdukinga av ein bautastein over ei ung kvinne, ikkje ein kjend mann! Kven var denne kvinna som døydde 32 år gamal i 1901?

Elevbilde ved amtsskulekurset for jenter 1884
Elevane ved amtsskulekurset for jenter vinteren 1884 samla i tunet utafor hovudhuset på Hauskje prestegard på Rennesøy. Dei to mannlege lærarare er amtsskulestyraren i Ryfylke, Torkell Mauland til venstre, og andrelæraren Aamund Salveson. Kurset hadde og ei handarbeidslærarinne i praktiske fag. Dette var Dorthea Sandved eller Anna Hommeland. Elisabeth Edland sit i midten fremst med Bertha Dorthea Edland, den to år eldre fastera og veninna til høgre. Foto: Carl Kørner, Stavanger. Arkivet til Amtsskulen i Ryfylke. Statsarkivet i Stavanger.

Kven var den unge kvinna frå Mosterøy som engasjerte så mange?

Elisabeth Edland er eit godt døme på at foreldra, heimen og lokalmiljøet kan ha svært mykje å seia for danninga av eit ungt menneske. David og Serina Edland var 20 og 23 år då dei fekk første barnet. Dei var samfunnsengasjerte i vid forstand. Gjennom heile oppveksten hadde Elisabeth også alle fire besteforeldra i nærmiljøet sitt. Heimen hennar var eit poltisk sentrum på Mosterøy og ein samlingsplass for ungdommen i bygda der det mellom anna var song og høgtlesing frå aktuell litteratur på sundagsettermiddagane. Heimen var og postgard og vart dermed eit sentrum i bygda for alle som skulle henta eller senda post. David Edland vart tidleg engasjert i lokalpolitikken. Han var den siste ordføraren i den store Rennesøy kommune og den første ordføraren i Mosterøy kommune då denne vart skilt ut frå Rennesøy i 1884.

Elisabeth Edland såg seinare tilbake på skuletida og på lærar Hammer med glede. Sokneprest Thygesen vanka ofte i i heimen hennar. Han styrte skulen i prestegjeldet fram til 1889 som leiar av skulekommisjonen. Thygesen var oppteken av skulen og av barna i positiv forstand.  Både læraren og presten fekk mykje å seia for den unge skulejenta.

Elisabeth Edland vart konfirmert i 1883, og den følgjande vinteren var ho elev ved amtsskulekurset for kvinner i Ryfylke. Amtsskulen for menn var oppretta i 1875. Amtsformannskapet med amtmannen i spissen forstod at det var viktig at også unge jenter fekk eit teoretisk utdanningstilbod utover barneskulen. Det første kvinnekurset kom i gang i 1880. Då hadde amtmannen lenge vore oppteken av å gje kvinner eit praktisk skuletilbod som tilsvara landbruksskulen for unge menn. Det gjekk likevel mange år før amtsformannskapet vedtok å setja i gang den praktiske jenteskulen på Åsland i Time i 1883. Då hadde Stavanger amt hatt landbruksskule for menn i 37 år.

I 1884 var amtsskulen for kvinner eit 12 veker langt kurs på prestegarden i Rennesøy. Fredag 28. mars 1884 skreiv presten i dagsregisteret sitt at han denne dagen heldt tale ved ”Amtsskolens Afslutning”. Lærarane Torkell Mauland og Aamund Salveson var mellom dei fremste i Rogaland og fekk svært mykje å seia for Elisabeth Edland. Skulekurset gjorde henne til ein ivrig tilhengar av det nye landsmålet. Dette låg i tida. Året etter, i 1885, jamstelte Stortinget nynorsk og bokmål som skriftspråk i landet vårt. Kurset nørte også dei historiske og nasjonale interessene hennar. Dette var og straumdrag som låg i tida. Elisabeth tenkte nok på å verta lærarinne etter denne skulevinteren.  

journal-utsnitt
Journalen til soknepresten viser at han mottok søknad frå Elisabeth Davidsdotter Edland på hjelpelærarinneposten i Vaula og Kloster krinsar den 29. november 1884. Kjelde: Rennesøy sokneprestkontor, journal 1863 – 1886, s. 173b. Utsnitt. Statsarkivet i Stavanger.

Yrkeskvinne i ei nasjonal blomstringstid

I 1860 vart ordet lærarinne for første gong brukt i ein norsk lovtekst. Dette var i den nye loven om skular på landsbygda. Loven gav kvinner anledning til å søkja på lærarinnepostar i landsskulen. Frå då av kunne vanlege jenter frå landsbygda verta lærarinner for sine eigne. Dette skjedde før ugifte kvinner i 1863 vart myndige i sivilrettsleg forstand. Motivasjonen for å sleppa kvinnene til i skulen var nok for ein stor del økonomisk. Kvinneleg arbeidskraft var mykje rimeligare enn mannleg. Folkeauken på den tida, og den generelle betringa innan skulestellet, kravde fleire lærarar. Då kunne kvinner med interesse og legning for yrket vera gode å ta til. Fleire meinte nok også at kvinner var betre eigna til å ta seg av dei minste elevane enn mannlege lærarar.

Etter at kvinnene i teorien fekk tilgang til læraryrket, vart det nødvendig med ei betre skulering av aktuelle lærarinneemne. I 1870-åra kom det lærarinnekurs fleire stader i landet. Kvinner fekk til og med sleppa til på eigne kurs ved det tradisjonsrike lærarseminaret i Klæbu i Sør-Trøndelag, truleg frå 1881. Desse vart årvisse fram til 1892, men enn så lenge fekk ikkje kvinnene ta full to-årig seminarutdanning.

I 1890 vedtok Stortinget "Lov om Seminarer og Prøver for Lærere og Lærerinder i Folkeskolen". Først då opna det seg ei ny verd for kvinner som ønskte å velja læraryrket. Dei kunne ta to-årig seminarutdanning på lik linje med menn. Men lønsvilkåra var ikkje dei same for dei to gruppene. Gifte kvinner hadde heller ingen plass i skulen då.

Då loven kom, hadde Elisabeth Edland vore lærarinne i heimbygda i fleire år. Ho fortel sjølv i eit bevart intervju frå 1896, at ho var oppteken av golvvask ein haustdag i 1884 då faren kom heim frå møte i skulekommisjonen og bad henne søkja den ledige hjelpelærarinneposten i Vaula og Kloster krinsar på Mosterøy. Sokneprest Thygesen var leiar av skulekommisjonen og hadde David Edland og to andre menn frå Mosterøy med seg der. Journalen til soknepresten viser at det kom fleire søknader i oktober og november 1884 frå utanbygds lærarinner. Journalen viser også at han mottok søknaden frå Elisabeth den 29. november 1884.

Det var kanskje greiast å tilsetja ein av sine eigne. Elisabeth fekk i alle fall posten våren 1885. Dette fortel ”Skolekommisjonens Forhandlingsprotokoll” for åra 1885 – 1932. Under første møtet i 1885, den 5. mai, står det i sak 2: ”Der er i Kloster og Vaule Skolekredser ansat en Hjælpelærerinde, der tillige er Lærerinde for Smaabørn samt i Haandgierning, med Bidrag fra Amtet for 24 Ugers Undervisning”.

Lærarinnetida var interessant for Elisabeth, og ho fekk gode skussmål. To somrar etter 1890 fekk ho reisa på sommarmøte for lærarar, til dei møta som Christopher Bruun heldt på folkehøgskulen sin, Vonheim i Gausdal, ikkje langt frå heimen til Bjørnstjerne Bjørnson på Aulestad.

Ungdomstida til Elisabeth fall og saman med ei rik nasjonal blomstringstid for demokratiet i Noreg. Det nystifta partiet Venstre fekk fleirtal i Stortinget i 1882. Stortinget innførte parlamentarismen i 1884. Stemmeretten for menn vart utvida same året. Dei mannlege lærarkollegaene til Elisabeth fekk då stemmerett, så sant dei betalte skatt på ei årleg minsteinntekt på kr 500. Norsk Kvinnesaksforening vart også stifta i 1884 og Kvinnestemmerettsforeningen i 1885. I 1888 vart kvinner og menn likestilte i ekteskapet, og i 1890 behandla Stortinget for første gong spørsmålet om stemmerett for kvinner.

Me må gå ut frå at alt dette vart diskutert i heimen til Elisabeth Edland, også loven i 1890 som opna  lærarseminara for kvinner. Få vanlege kvinner på landsbygda kunne, eller hadde anledning til å tileigna seg så mykje kunnskap i heimen på den tida som Elisabeth og søskena. Men i 1892 tok ein ny periode til i livet hennar.  Då slutta ho som småbarnslærarinne heime på Mosterøy og vart reisetalar for DNT.

Portrett Elisabeth Edland
Dette fint komponerte portrettet er truleg frå 1898. Det året var i alle fall Elisabeth Edland på ein føredragsturne i Hedmark. Kanskje kjende ho og fotografen kvarandre frå før. Ragnhilda Eriksen var ei av dei 44 kvinnene som skreiv under på oppropet om innsamlingsaksjon til bautaen i 1903. Foto: Ragnhilda Eriksen, fotografisk atelier, Hamar. Privat eige/Statsarkivet i Stavanger.

Folketalar for fråhaldssaka, målsaka og kvinnesaka 

Då Elisabeth Edland fotograferte seg hos Ragnhilda Eriksen på Hamar, var ho ei kjend kvinne. Ho hadde mellom anna vore med på å kjempa ei for svært mange, viktig nasjonal kampsak fram til siger på Stortinget med brennevinsloven i 1894. Loven slo mellom anna fast at omsetting av brennevin skulle leggjast inn under samlag i byane, og at lokale folkeavstemmingar skulle avgjera kva byar som skulle ha samlag. For Elisabeth og for den nasjonale fråhaldsrørsla var det viktig at alle kvinner skulle ha stemmerett på like fot med mennene i slike saker. Dette var lenge før kvinner fekk politisk stemmerett. Elisabeth kjempa for denne saka i talar og på føredragsturnear over heile landet. Det var langt frå ei opplagt sak at kvinner skulle ha stemmerett i slike lokale folkeavstemmingar.

For Elisabeth Edland var dette andre gongen ho kjempa for at kvinner og menn skulle ha same rettar. Første gongen var då ho engasjerte seg i DNT. Då kvekaren Asbjørn Kloster stifta organisasjonen i Stavanger i 1859, var lik stemmerett for kvinner og menn i organisasjonen sjølvsagt for han. Etter at han døydde i 1876, endra leiande menn i organisasjonen på dette.

Elisabeth Edland og søskena hennar vart mellom dei første medlemmane då det vart stifta ei fråhaldsforeining på Mosterøy i 1886. Ho var 19 år då ho heldt den første talen sin i foreininga. I 1891 vart Elisabeth utpeika som lokal utsending til eit krinsmøte i Time kommune. Der heldt ho eit vektig innlegg på uforfalska mosterøymål under ein debatt om kvinnestemmeretten i organisasjonen.  Innlegget hennar gjorde eit så stort inntrykk på den seinere biskop Peter Hognestad at han bad Elisabeth om å arbeida for fråhaldssaka. For Elisabeth var dette ei oppmuntring. Ho slo til og vart talar på møte og stemne rundt om i Rogaland på oppdrag av Stavanger krins av DNT. På den tida var ein kvinneleg reisetaler ein sensasjon. Ho møtte også motbør av den grunn. Men Elisabeth  vann fram, som ved gjeninnføringa av stemmerett for kvinner i DNT i 1892. 

Sommaren 1892 talte Elisabeth Edland på landsmøtet til DNT i Halden. På den tida var DNT ein av dei store frivillige landsorganisasjonane med ein markant leiar i venstrepolitikaren og stortingsrepresentanten Sven Aarrestad. Fleire av dei som var på møtet, fortalde seinare at måten Elisabeth opptredde på og talegåvene hennar, nærast verka magisk. Både Sven Aarrestad og fleire andre oppfordra henne til å seia frå seg lærarinneposten i heimbygda og å arbeida for fråhaldssaka på heiltid.

Slik gjekk det. Etter å ha tenkt seg om ei tid, samtykka ho og tok steget bort frå det trygge heimemiljøet. Då var ho 23 år gamal. I dei neste ni åra var ho stadig på farten. Som reisesekretær i DNT vart heile landet arbeidsfeltet hennar. Ho fekk stifta ei rekkje nye foreiningar, frå Troms i nord og nedover. Elisabeth engasjerte seg også på andre område. Ho heldt talar både om målsaka, fredssaka og om kvinnene sin rett til full likestilling. Til aviser og organisasjonsblad skrev ho mange reisebrev og artiklar, også om heilt andre emne, til dømes om skogplanting. Elisabeth må ha vore svært sterk, både fysisk og psykisk, for å kunna greia all reisinga og alle opphalda rundt om i landet hos kjende og ukjende støttespelarar. Folketeljinga 1900 viser til dømes at ho då var ”Enslig losjerende” som ”Datter i hjemmet. Emissærvirkende i Totalafholdssagen”, hos gjestgjevar og bakar Tobias Olsen og kona, landhandlerske Sina Jensen på Huse i Konsmo i Aust-Agder.

Kampen for kvinnestemmeretten hadde i Elisabeth Edland ein aktiv og engasjert forkjempar. Ho hadde verka til at kvinnene fekk stemmerett på lik fot med mennene, både i DNT og ved samlagsavstemmingar i byane. Sidan vart det den politiske stemmeretten som stod for tur. I mai 1899 heldt ho føredrag på møtet i Stavanger Kvinnesaksforening i den store Turnhallen der i byen om stemmerett for kvinner. Stavangerkvinnene og Elisabeth hadde ulik sosial bakgrunn, men felles mål. Elisabeth fekk oppleva Stortingsvedtaket om avgrensa kommunal stemmerett for kvinner den 29. mai 1901. I desember same året døydde ho. 

Kanskje har ikkje Elisabeth Edland fått den plassen ho fortener i den nasjonale historia. Dette ser me særleg nå i stemmerettsjubileumsåret 2013 der kvinner frå borgarmiljø i byane dominerer i nye bøker og artiklar om temaet. Mosterøykvinna Elisabeth Edland samla langt større folkemengder til dei mange føredraga og talane sine enn nokon av desse. Kvifor har ikkje Elisabeth fått større plass i historiebøkene våre? Det spørst om ikkje dette har med interesseområda og kampsakene hennar å gjera. Korkje kvinnesak, fråhaldssak eller målsak fenga dei mennene som skreiv historiebøkene våre på 1900-talet.

Kjelder 

  • Digitalarkivet
  • Informasjon om Elisabeth Edland finst i kyrkjebøker for Rennesøy (dåp, konfirmasjon og gravferd) og i folketeljinga 1900.
  • Soknepresten i Rennesøy: Kyrkjebok A7, 1878 – 1884, Dagsregister: Fredag 28.3.1884.

Statsarkivet i Stavanger

  • Soknepresten i Rennesøy: Journal 1863 – 1886, side 173b: Lærarinnesøknad.
  • Folketeljinga 1875 for Rennesøy prestegjeld.
  • Amtsskulen i Ryfylke: Fotografisamling.  
  • Privatarkiv nr 106 Stavanger Totalavholdsforening.

IKA Rogaland, Rennesøy kommune

  • Mosterøy kommune, Skulestyret, møtebok 1885 – 1932: Første møtet, 5. mai 1885.

Litteratur:

  • Aarrestad, Sven, 1920: ”Elisabeth Edland. Et liv i det godes tjeneste”. Inneheld mellom anna intervjuet med Elisabeth Edland frå 1896.
  • Norsk biografisk leksikon: Artikkelen om Elisabeth Edland.
  • Ramndal, Lars, 1969: ”Elisabeth Edland 1869 – 1969”.
  • Sunnanå, Sigmund, 2013: ”Elisabeth Edland – ei føregangskvinne i kampen for kvinnefrigjering og likestilling”. Artikkel i Skolehistorisk årbok for Rogaland 2012.
Kirkebok Sauda
Dorthea vart døypt 3. april 1877. Kjelde: Soknepresten i Sand, kyrkjebok for Sauda, 1859-1880, side 72, nr. 13. Statsarkivet i Stavanger.

Dorthea Rabbe vart fødd 9. mars 1877. Foreldra var landhandlar Åsmund Sondofsen Rabbe og Martha Samuelsdotter Fosstveit. Åsmund kom frå fjellgarden Rabbe i Røldal. Han kom til Sauda rundt 1875 og byrja som landhandlar same året. Sommaren etter gifta han seg med tenestejenta si, Marta Samuelsdotter Fosstveit. Dorthea var første barnet deira. Ho vart kalla opp etter farmora. Brørne Samuel og Sondof vart fødde i 1879 og i 1881. Dei tre syskena miste mor si ei veke før jul i 1881. Ho vart 31 år gammal. Kyrkjeboka fortel at jordpåkastinga fann stad 24. desember, men sjølve gravleggjinga kunne ikkje haldast før tela i jorda var borte, fire månader seinare, i april 1882. I mellomtida hadde Dorthea fylt fem år. Veslebroren Sondof døydde då han var eitt år gammal i juni 1882.

I 1880 hadde Åsmund og Marta starta som dei første med hotell i Saudasjøen. Det vart heitande ”Rabbes hotell”. Åsmund vart åleine med ansvaret for barna etter at kona døydde. Samstundes var truleg det nye hotellet i ein viktig oppbyggingsfase.

I 1883 gifte Åsmund seg med Berthe Oline Larsdotter Løland frå Sand i Suldal. Berthe Oline var syster til Ryfylke-diktaren Rasmus Løland. Han skal ha vore huslærar for Rabbe-borna ei tid. Julafta det året Åsmund og Berthe Oline gifta seg, fekk dei sonen Sondof. Han vart også kalla opp etter farfaren. Desse åra var nok særs travle for far til Dorthea. Han var og engasjert i fleire andre prosjekt i Sauda på denne tida. I boka ”Soga om Sauda” vert han omtala som ein ”markant person i bygda, som tok aktivt del i det politiske livet, og sette i gang ei rekke næringstiltak …” Han var involvert i gruvedrift, og han prøvde å oppretta eit kurbad i tilknyting til hotellet. Han var den første som såg ressursane i dei store vassdraga i Sauda og var den som starta med oppkjøp av vassrettar. I tillegg til å vere landhandlar og hotelleigar, var også Åsmund Rabbe postopnar i Saudasjøen frå 1888 til 1901. I heimen til Dorthea må det ha vore eit pulserande liv og stor aktivitet.

Rabbes Hotell
Rabbes Hotel i Saudasjøen, truleg i 1920-åra. Fotograf ukjend. Privatarkiv nr. 135 - Stavanger Turistforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

I folketeljinga 1885 finn vi den åtte år gamle Dorthea i Kopervik. Ho budde då hjå ekteparet Åsmund Halvorson og Borghild Sofie Samuelsdotter Vinje. Dei hadde fire barn då, den eldste ti år gamal. Barna var fødde i fire ulike prestegjeld. Åsmund var skulestyrar og kyrkjesongar. Familien flytte fleire gonger før dei slo seg ned i Kopervik. Kona til Åsmund kom frå Fosstveit i Sauda og var syster til Dorthea si mor. Vi veit ikkje kor lenge Dorthea budde hjå moster si, men det var truleg der ho gjekk på skulen.

Åsmund Halvorsen Vinje var skulestyrar, kyrkjesongar og ordførar i Kopervik frå 1884 til 1892. I perioden 1892-1905 var han både lensmann i Skudenes og magistrat (byfogd) i Skudeneshavn. Han var Stortingsrepresentant for Venstre frå 1886 til 1905. Frå mars 1905 til november 1906 var han landbruksminister. Eldstesonen Torkell overtok både som lensmann og magistrat etter faren i 1905. Han var fast representant for Høgre på Stortinget i perioden 1931-1949. Det er all grunn til å tru at Torkell og Dorthea også hadde kontakt med kvarandre som vaksne.

Dorthea fekk som skulejente, og jamgammal med søskenbarnet Torkell, truleg forsterka interessane knytt til politikk, norsk tradisjon og kultur då ho budde i Kopervik. Dette var ho van med frå den tidlegaste barndommen sin heime på hotellet i Saudasjøen, med både norske utanlandske gjester i eit hektisk reiselivsmiljø, og med ein far som var aktiv lokalpolitikar og i næringslivet elles. Desse impulsane og den travle kvardagen forma og påvirka Dorthea.

Dorthea var tilbake i Sauda i dei lange skuleferiane og då ho skulle ”gå for presten”. Ho vart konfirmert der hausten 1891.  Broren Samuel vart konfirmert i 1893. To år etter utvandra han til Amerika, 17 år gamal. I 1896 var Dorthea ein av initiativtakarane då ”Losje Fjellbekken” vart stifta heime på hotellet til faren. Losjen vart ein del av det verdsomspennande freds- og fråhaldsarbeidet til IOGT (International Order of Good Templars).

Dorthea sin oppvekst på hotellet gjorde at ho var van med å hjelpa til frå ho var lita jente. Etter konfirmasjonen deltok ho i arbeidet som dei andre vaksne, både i krambua og i hotelldrifta. Dorthea fortalde seinare om korleis dei i dei travlaste periodane sov rundt om hjå naboar og på høgaste loftet for å få sengeplass til alle hotellgjestene. Hotellet hadde berre rundt 25-30 senger, men kunne i periodar ha mellom 50-60 personar innlosjerte der og i nabolaget. Dessutan hadde dei store utfordringar med å få tak i nok fersk mat til rett tid. Dette var før telefonen kom, og det meste av maten vart send frå byen. Det hende både at maten ikkje kom fram, og at han var blitt sur eller øydelagd under båttransporten til Saudasjøen. ”Men det var alltid humør og festivitas over heile lina, og det bøter på mange lyte” uttalte Dorthea i ettertid. Vi anar at dette arbeidet vart avgjerande for yrkesvalet hennar. På den tida hadde heller ikkje ugifte kvinner på landsbygda mange alternativ å velje mellom.

Våren 1900 fullførte Dorthea lærarinnekurset ved Berger Husholdningsskole i Asker. Selskapet for Norges Vel starta opp desse kursa i 1897. Dessutan tok Dorthea fleire mindre kurs i hushaldsfag både før og etter at ho var elev på Berger. Hausten 1900 finn vi 23 år gamle Dorthea som lærarinne ved Tofteland Amtshusholdningsskole i Søgne. Dorthea arbeidde truleg på Tofteland fram til sommaren 1903.

Last ned: Brevet frå Dorthea Rabbe til Stavanger Amts Landhusholdningsselskab om kurs i ”frugt og grønsagers anvendelse”. Kjelde: Privatarkiv nr. 179 - Rogaland Landbruksselskap, innkomne skriv 1900-1902. Statsarkivet i Stavanger. 

I 1902 vende Dorthea seg til Stavanger Amts Landhusholdningsselskap, seinare Rogaland Landbruksselskap. Ho ville setja i gang med kurs i hagebruk og bruk av grønsaker, bær og frukt dersom ho fekk økonomisk støtte frå Landhusholdningsselskapet. Det første kurset med Dorthea som lærar vart halde heime på hotellet til faren, sommaren 1902. Før kursa starta, tok ho ei studiereise til Danmark for å setja seg grundig inn i temaet. Dette initiativet tok Dorthea som ung kvinne, sjølv om ho framleis ikkje var politisk myndig. I 1907 vart det vedteke at kvinner skulle få avgrensa stemmerett ved Stortingsval. Loven vart sett i kraft ved valet i 1909. Kan hende var Dorthea ei av dei heldige kvinnene som fekk stemma då.

Amtskulen-Ryfylke
Den faste amtsskulen for Ryfylke vart bygd på Judaberg på Finnøy i 1903. Her er skulebygget berre nokre år gammalt. Fotograf ukjend. Arkivet til Amtsskulen i Ryfylke. Statsarkivet i Stavanger.

I 1902 vedtok amtstinget å byggja tre faste amtsskular, ein i Dalane, ein i Karmsund og ein i Ryfylke. Frå starten i 1875 og fram til 1903 ambulerte amtsskulane. I 1903 kjøpte amtet tomt til den nye, faste skulen for Ryfylke på Judaberg i Finnøy. Sommaren 1903 vart nytt skulehus sett opp. Same hausten kom det fleire nye fag i skuleplanen for amtsskulane. Det var sløyd for gutane, skulekjøkken med hushaldsslære for jentene og hagedyrking for begge kjønn. Amtsskulestyret gjekk inn for å auka lærarpersonalet ”…, idet en Lærerinde i Husholdningsfaget tiltrænges.” Dorthea vart tilsett som ”husholdningslærerinde” ved amtsskulen i Ryfylke frå oktober 1903. Då vart ho den første fagutdanna husstellærarinna i Stavanger amt (Rogaland fylke).

Dorthea Rabbe
Dorthea Rabbe fotografert medan ho var husstellærarinne ved amtsskulen i Ryfylke. Fotograf ukjend. Arkivet til Amtsskulen i Ryfylke. Statsarkivet i Stavanger.

I tiårsperioden 1902-1912 arbeidde Dorthea som husstellærarinne på amtsskulen i vinterhalvåret og heldt kurs om bruk av frukt og bær heime på hotellet i Saudasjøen om sommaren. I same perioden debuterte ho også som fagbokforfattar. Truleg var også dette kvinneleg nybrottsarbeid i Stavanger amt. Ho ga ut tre fagbøker om frukt og grønnsaker. I 1906 kom ”Frukt og grønsager i husholdningen: Haandbog for husmødre i bygd og by”. To år etter kom ei nokså tilsvarande handbok for elevar ved grønsakskursa og husmødre, der temaet var frukt og grønsaker i matstellet. Allereie året etter, i 1909, kom ei ny utgåve av denne siste fagboka. Sylting og konservering av frukt og bær var eit tema Dorthea var svært oppteken av.

Husstellkurs på Vigrestad Forsmlingshus
Hustellkurs på Vigrestad Forsamlingshus, truleg før 1910. Dorthea Rabbe, i mørk kjole, står bak til høgre. Fotograf: J. W. Eskildsen, Egersund. Fotoarkivet Hå folkebibliotek. Statsarkivet i Stavanger.

I 1909 tok amtsskulestyret opp att saka om å setje i gang med ei praktisk opplæring for kvinner. Etter at den praktiske jenteskulen på Åsland i Time vart nedlagd i 1902 var det ikkje kome på plass ei alternativ utdanning for jenter. Dorthea Rabbe var ein av dei som hadde arbeidd iherdig for å bøta på denne mangelen. Amtstinget gjekk inn for forslaget frå amtsskulestyret om å oppretta eigen husmorskule for amtet. Dorthea Rabbe vart oppnemnd til å sitja i nemnda som skulle utarbeida forslag til drifta av den nye skulen. I 1911 vedtok amtstinget samrøystes å kjøpa garden Sømme i Håland, nå Sola, til dette formålet. Dorthea Rabbe vart også vald til å sitja både i planleggjings- og byggjekomiteen, og i styret for den nye husmorskulen.

Sømme husmorskole
Sømme husmorskule på byrjinga av 1930-talet. Både husa og hageanlegget vitnar om godt stell. Vi ser Hafrsfjord i bakgrunnen. Fotograf: A. Figved. Privatarkiv nr. 135 - Stavanger Turistforening. Statsarkivet i Stavanger.

Dorthea Rabbe var ein av sju søkjarar på stillinga som styrar for Stavanger Amts Husmorskole. Ho vart tilsett frå 1. juli 1912. Løna var kr 1200 i året. Sofie Helle vart tilsett som lærarinne i hushald, Helene Kveim i handarbeid og Johan Askeland som gardsstyrar. Dei tilsette hadde og ansvar for internatet, der dei og budde sjølv. Dei var med andre ord på arbeid døgnet rundt. Det første fem-månaderskurset med til saman 30 elevar starta på husmorskulen på Sømme 10. august 1912. Skulen vart innvia i desember det året, då det første elevkullet hadde fullført kurset sitt.

Fest på Stømme
Elevstemna på Sømme var fast tradisjon. Dette fotografiet er truleg frå eit av desse, tidleg på 1920-talet. Fotograf ukjend. Fotoarkivet Hå folkebibliotek. Statsarkivet i Stavanger.

I mars 1938 fekk Dorthea Rabbe Kongens fortenestemedalje i gull for arbeidet sitt med å fremja eit sunnare, billigare og meir nasjonalt kosthald både på landsbygda og i byane. I anbefalingsbrevet frå Johan Askeland, som både var formann i styret for Rogaland Fylkes husmorskoler og sekretær i Rogaland Landbruksselskap, heiter det: ”I sitt arbeide har det ikke vært først tale om fortjeneste og lønn, men å gjøre noe godt for alle og særlig for den slekt som vokser op.” (Sitat slutt.)

Dorthea Rabbe vart framheva som hovudårsaka til det gode ryktet og høge søkjartalet skulen hadde i hennar tid som styrar. Johan Askeland meinte dette skuldast at ho også la stor vekt på den etiske, sosiale og religiøse ramma rundt opphaldet på husmorskulen. Han omtalte også Dorthea Rabbe som ”sikkert den mest skattede foredragsholder av kvinner i Rogaland i husmorlag, bondekvinnelag, sanitetsforeninger og på andre møter.” (Sitat slutt.)

Dorthea Rabbe flytte heim til Sauda då ho gjekk av med pensjon frå Sømme husmorskule i 1937. I dei 25 åra Dorthea var styrar fekk om lag 2000 kvinner husmoropplæring der. Ho døydde på det som seinare vart den offentlege kvinnedagen, 8. mars 1966, dagen før ho ville fylt 89 år. 

Kjelder

  • Digitalarkivet
  • Informasjon om Dorthea Rabbe finst i kyrkjebøker for Sauda, i Sand prestegjeld, ved dåp, konfirmasjon og gravferd, i folketeljinga 1885 for Kopervik, teljinga i 1900 for Søgne og 1910-teljinga for Finnøy.

Statsarkivet i Stavanger:

  • Amtmannen i Stavanger: Skolevesen
  • Amtsskulen i Ryfylke: Fotografisamling
  • Hå folkebibliotek: Fotosamling
  • Privatarkiv nr 135 Stavanger Turistforening
  • Privatarkiv nr 179 Rogaland Landbruksselskap

Litteratur:

  • Aurens, Ola (red.), 1937: ”Rogaland fylke gjennom 100 år”
  • Fuglerud, Gerd, 1980: ”Husstellskolenes historie i Norge”
  • Lillehammer, Arnvid, 2002: ”Soga om Sauda”, band 4

Anna:

  • Avisartiklar og –oppslag om Dorthea Rabbe og Sømme husmorskule samla av Sola Historielag, v/ Britt Hansen.

Dorthea Rabbe var aktiv på fleire felt medan ho var styrar på Sømme husmorskule. Ho var:

  • første kvinnelige vararepresentant til Stortinget for Venstre i Rogaland 1922-1924
  • første kvinnelege vararepresentant i styret for Rogaland Venstre på slutten av 1920-tallet
  • første kvinne i styret for Rogaland Historielag 1940-1945,
  • forfattar. Gav ut fag- og lærebøker åleine og saman med andre; ”Husmorboken”, 1930, ”Norsk mat: uppskrifter på nasjonale rettar frå eldre og nyare tid”, 1932, ”Hagevokstrar i hushaldet”, 1934 og ”Rogaland fylkes husmorskule på Sømme i 25 år”, 1937.
  • leiar for det første husstellsutvalget for Rogaland fylke,
  • medlem av arbeidsnemnda for norsk ull,
  • med og starta ”Hålands lokale kvinderaad” og ”Forelesningsforeningen i Håland”,
  • oppnemnd til komitéen for Bjørnsonjubiléet i Håland (Sola kommune).
utsnitt-av-kirkebok-Helleland
Kari vart fødd 29. april 1874 på garden Eikeland på heia i Bjerkreim og døypt 10. mai same året i Bjerkreim kyrkje. Foreldra var innerst Isak Nilsen og Inger Torgersdotter Egeland. Kjelde: Helleland sokneprestembete, Kyrkjebok for Helleland og BjerkreimA 7.1, 1863 – 1886, s. 108a.

Barndomsår i Bjerkreim

Far til Kari overtok heimebruket på Eikeland same året som Kari kom til verda. Ho voks opp i ein søskenflokk på ti. Eldste broren døydde 8 år gamal, og to av dei andre søskena før dei var tretti år gamle. Eikeland hadde eit stort klyngetun med fire brukspartar. Bruksparten til Isak og Inger var så pass stor at dei kunne dela denne i to mellom Torger og Nils, dei to eldste av dei gjenlevande sønene. Dette var i 1901. Då hadde rett nok Nils, den yngste av dei to, budd fleire år i Stavanger og stifta familie der. Han arbeidde då på Mouritzens Såpefabrikk. Jørgine, yngste dottera, vart tenar på eit av grannebruka. Også ho vart buande på Eikeland. Dei andre i den store søskenflokken måtte reisa frå garden for å finna seg eit levebrød.

Arbeidere i Gjesdal kommune
Yrkeskarrieren til Kari utafor heimbygda tok til på lensmannsgarden i Time. Der fekk ho truleg nærkontakt med det store arbeidarmiljøet som voks fram rundt ullvarefabrikken på Ålgård i grannekommunen Gjesdal. Arbeidarane på dette biletet vart fotograferte i samband med 25-års jubileet til Aalgaards Uldvarefabrikker i 1895. Foto: C. Jacobsen, Stavanger eller B. Norland, Stavanger/Ålgård. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger.

Ut for å søkja teneste

Me kjenner ikkje til når Kari flytte frå Bjerkreim. Då det var folketeljing i desember 1900, var ho tenestejente på lensmannsgarden Norheim i Time. Dette må ha vore ei krevjande men sikkert også interessant teneste. Kari var ”Tjenestepige for Husgjerning”. Ho arbeidde med andre ord inne i huset. Ei anna ung jente var ”tjenestepige for Fjøsstell”. Lensmannen var enkjemann med fem mindreårige barn heime. Den 80 år gamle mor hans var folgekone. Kanskje kom Kari til garden etter at den eldste dottera i familien døydde i mars 1900, 22 år gamal.

Vegen gjekk ikkje direkte frå Norheim til Ålgård for Kari. Taletta, Kari og Karen, tre av dei fem jentene i søskenflokken på Eikeland, og to av dei tre gjenlevande brørne reiste til Stavanger. Den nye hermetikkindustrien der lokka med arbeidsplassar for både kvinner og menn. Nils kunne som nemnt flytta heim til Eikeland i Bjerkreim etter nokre år i byen. Også broren Theodor ønskte å få seg eit gardsbruk og flytta frå Stavanger. I 1925 kjøpte han eitt på Kalberg i Time saman med ein brorson. Theodor flytta sidan tilbake til Bjerkreim. Der budde han på Vikeså dei siste leveåra. To av søstrene vart værande i Stavanger. Kari flytta til Ålgård der Aalgards Ullvarefabrikker vart siste arbeidsplassen hennar.

Arbeidsstokken ved ullvarefabrikken utanfor den store arbeidarboligen, Storahuset
Arbeidsstokken ved ullvarefabrikken utanfor den store arbeidarboligen, Storahuset, i samband med 25-års jubileet til bedrifta i 1895. Grunnleggjaren Ole Nielsen og kona Malen Hansdotter er nr. 5 og 6 frå venstre i fremste rekkje. Dei kvinnelege arbeidarane held seg i bakgrunnen. Det var nok slik i kvardagen også at mennene kom i første rekkje, ikkje berre når det galdt løn. Storahuset frå 1882 -1895, var ein trebygning som fekk fire fløyar. Der var det husvære for fabrikkstyraren og familien hans, hyblar for einslege arbeidarar, rom for felleshushald og kontor. I dag er Storahuset rådhus i Gjesdal kommune. Foto: C. Jacobsen, Stavanger. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger.

Frå tenestejente til fabrikkarbeidar

Då Kari flytta til Ålgård, fanst det fleire spinneri rundt om i fylket, også fleire i Gjesdal, men desse var små samanlikna med ullvarefabrikken på Ålgård. Det var og andre større kvinnearbeidsplassar, som Egersund Fayancefabrikk i Eigersund kommune og mange hermetikkfabrikkar, ikkje bare i Stavanger. 

Aalgaards Uldspinneri stod likevel i ein klasse for seg sjølv. På Ålgård hadde fabrikkeigar Ole Nielsen (1827 – 1915) bygt opp eit heilt industrisamfunn kring elva med fossen og med seg sjølv som navet i både bedrifta og lokalsamfunnet rundt. Ole Nielsen styrte den nye industribygda i patriarkalsk ånd. Han sørgde både for eigen bruksskule, for ulike helsetenestar, fleire fritidstilbod for arbeidarane, og for pengar slik at Ålgård kunne få eiga kapellkyrkje i 1917. Nielsen bygde også tidleg ein stor arbeidarbolig for dei mange tilflytta einslege arbeidarane, Fælleshusholdningen for Aalgaard fabrikers ugifte og enelige arbeidere og betjente. Sonen Nils Nielsen budde også der med familien sin. Han var fabrikkstyrar på Ålgård. Kona Oline Nielsen var styrarinne for felleshushaldet.

Då det var folketeljing i året 1900, budde det 82 personar i dei fem bygningane som utgjorde Fælleshusholdningen, eller Storahuset som namnet vart på folkemunne. Forutan ekteparet Nielsen og barna deira var det bare 13 mannlege arbeidararar. Resten var einslege kvinner. Dei aller fleste, både kvinner og menn, kom frå andre bygder, mange også frå andre fylke på Vest- og Sørlandet.  Det var truleg ei indre rangordning mellom alle kvinnene. Tre av dei arbeidde ved gardsbruket som høyrde til fabrikken. Fire av dei deltok i ”Husgjerningen”. Dei arbeidde med matglaging og anna til felleshushaldet.  Det spørst om ikkje lærarinna ved brukssksulen stod øvst på denne interne stigen. Deretter kom nok ”bokholdersken” ved fabrikkontoret, og så kanskje den eine ekspedistrisa ved fabrikkutsalet. 

Av dei andre kvinnene som høyrde til felleshushaldet, var ”12 spolersker, to rennesker, sju spinnersker, to hespersker, to tvinnersker, 22 veversker og sju nuppersker” i 1900. Desse siste kvinnene kontrollerte saman med ”stopperskene” ferdig vovne tøyrullar og bøtte eller justerte på småfeil i stoffet.

Kari Egeland fekk også det første husværet sitt i Storahuset, i Arbeiderboligen som det står i folketeljinga frå 1910. Det budde då 50 personar i same huset som Kari. Sambygdingen, nupperske Tomine Tysland, budde der då det var folketeljing i 1900. I 1910 hadde ho for lengst flytta til leigehusvære hos ein skomakarfamilie på Ålgård. Der budde ho saman med Talette Kløgetvedt, ei anna kvinne frå Bjerkreim. Båe var då ”stoppersker” ved fabrikken. Kari Egeland var åleine frå Bjerkreim i den store Arbeiderboligen i 1900. Ho er nemnd som arbeiderske. Folketeljinga 1910 spesifiserte ikkje arbeidsoppgåvene så detaljert som folkteljinga 1900. Fleire er nemnde som veversker og stoppersker. Heile 129 kvinner er nemnde som arbeidersker og sju som fabrikkarbeidersker. Av dei mannlege tilsette er 30 nemnde som arbeidarar.

Fabrikk-Aalgaard
Ålgård vart som ein landsby. Dei fleste større arbeidsprosessar ved fabrikken fekk eigne hus. Dette er det store spinneriet, der eldste delen er frå 1880. Dette var det første fabrikkbygget på sørsida av Figgjoelva. Den lokale kraftstasjonen låg ved sida av spinneriet. På rekkje og rad langs elva følgde så Lageret, Kjelhuset, Appreturen, Fargeriet, Ullageret og ”Theateret”, bygningen for ull- og fillesortering. Veveriet låg på nordsida av elva. Dette var ein stor murbygning frå 1898 med eit tilbygg frå 1912. Veveriet vart reist på same staden der den aller første spinneribygningen låg. Foto: C. Jacobsen, Stavanger. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger.
Trikostasjefabrikk
I 1889 grunnla Ole Nielsen også trikotasjefabrikken Figgen Co eller Figgjo Trikotasjefabrikk. Figgjo i dåværande Høyland kommune låg ikkje langt frå grensa til Ålgård i Gjesdal. Fabrikken på Ålgård var spinneri og veveri. Figgjo var strikkefabrikk som produserte finare strikkevarer som underklede, strømper, genserar med vidare. Råstoffet, ullgarnet, kom spinneriet på Ålgård. Her ser me arbeidsstokken ved den første fabrikken, truleg ved 25-års jubileet til Aalgaards Uldvarefabrikker i 1895. Foto: C. Jacobsen, Stavanger eller B. Norland, Stavanger/Ålgård. Privatarkiv 553. Figgjo Trikotasje. Statsarkivet i Stavanger.

I 1910 var det kome til nye kvinneyrke ved bedrifta. To søstre frå Sandnes var telefon- og telegrafistinner med felles hushald, sju kvinner hadde arbeidet sitt på fabrikkontoret og i eksepedisjonen, to kvinner var lærarinner ved bruksskulen, og fabrikken hadde fått eigen sjukepleiar. I den andre enden av arbeidsstigen hadde det og kome til fleire tilsette. Fleire menn og kvinner dreiv med reingjering og soping av fabrikklokala, skulen og turnlokalet.  I lokalmiljøet elles på Ålgård hadde det også kome fleire nye kvinneyrke. Ei kvinne var musikklærarinne, ei var pensjonatvertinne, ei hadde moteforretning og det var fleire syersker.

På det nye meieriet var det både meierske og undermeierske, ysterske og underysterske. Tilsvarande var det fleire typar nye mannsyrke.

Kari Egeland høyrde til den store gruppa arbeidersker. Me kjenner ikkje til kva arbeidsoppgåver ho hadde ved fabrikken, eller korleis ho fann seg til rette på arbeidsplassen, i felleshushaldet, eller i den vesle fritida ho hadde. Det var aldri mange kvinner frå Bjerkreim ved fabrikken på Ålgård. I 1910 var det bare fem medrekna Kari.

kvinnearbeidstypane
Det var både ei rangordning mellom kvinne- og mannsarbeid og mellom dei ulike kvinnearbeidstypane i fabrikkbygningane på Ålgård og Figgjo. Ser me bort frå kontorarbeid ved fabrikken, var nok trikotasjefabrikken på Figgjo den mest attraktive arbeidsplassen. I den andre enden av skalaen kom ull- og fillesortering i ”Theateret”. Dette var ein av arbeidsplassene utan støy frå maskinar. Kvinnene der var kjende for replikkane sine, noko som gav bygningen det speielle namnet på folkemunne. Fabrikken på Ålgård kjøpte inn og tok i mot ull som råstoff til spinning. Ulla kom ned gjennom kanalen i bakgrunnen og vart sortert før ho vart levert til vasking, karding, spinning og veving. Her ser me nokre av kvinnene som arbeidde ved ”Theateret” i 1912. Foto: B. Norland, Stavanger. Fotoarkivet Gjesdal folkebibliotek. Statsarkivet i Stavanger.

Då arbeidsdagen tok slutt

På eit eller anna tidspunkt før 1920 leigde Kari husvære på Ålgård hos to ugifte søstre. Søstrene Ingeborg og Berta Lindø (f. 1848 og 1860) frå Sveio var ikkje representative for kvinnelege fabrikkarbeidararar. Dei flytta til Ålgård i unge år. Dette var ikkje uvanleg. Folketeljinane frå 1900 og 1910 har fleire eksempel på at to søstre flytta i lag til Ålgård for å arbeida ved ullvarefabrikken. Dei fleste kom frå Nord-Rogaland og Hordaland. Men det var få som kjøpte eige bustadhus. Huset til Ingeborg og Berte i sentrum på Ålgård vart bygt i 1899, og søstrene fekk tinglyst skøyte i 1903. Ein gong etter 1910 vart Kari leigetakar hos dei. Fleire ugifte kvinner eller enkjer med eige husvære hadde ekstrainntekter. Folketeljingane 1900 og 1910 viser at fleire var syersker, ei var ”strykerske”, nokre leigde ut hyblar eller husvære, eller dei hadde ”kostgjester”.  Då tok dei i mot arbeidarar eller andre i kosten.

Kari fekk mange år som pensjonist og døydde på Ålgård i 1957. Det fanst ikkje noko folketrygd i landet vårt då arbeidslivet tok slutt for henne. Kari flytte heller ikkje tilbake til Bjerkreim som sambygdingen Tomine Tysland. Fabrikken var kjend for å ta vare på arbeidarane sine. Statsarkivet i Stavanger tek vare på det store bedriftsarkivet etter DFU. Dette inneheld truleg også informasjon om Kari.

Kari fekk ein stor del av arbeidsdagen sin på den aller største kvinnearbeidsplassen i Rogaland. Som tilsett ved DFU hadde korkje ho eller alle dei andre kvinnene dei same vilkåra i arbeids- og dagleglivet som mennene ved fabrikken. I godt vaksen alder opplevde ho både å få stemmerett ved kommune- og ved stortingsval. Me kjenner ikkje til om Kari nytta seg av denne retten. Kanskje kjende ho ikkje nokon spesiell identitet knytta til Gjesdal kommune. Det finst ikkje kjeldemateriale som kan fortelja om Kari nytta dei politiske rettane sine. Men det store DFU-arkivet kan fortelja om arbeids- og levevilkåra til Kari og alle dei andre kvinnene ved fabrikkken. Her ventar fleire forskingsoppgåver.

Kjelder

  • Digitalarkivet
  • Kyrkjebok for Helleland sokneprestembete, A 7.1, 1863 – 1886.
  • Folketellinga 1910.

Statsarkivet i Stavanger

  • Folketeljinga 1900 Gjesdal.
  • PA 553 Figgjo Trikotasje.
  • PA 568 De Forenede Ullvarefabrikker DFU
  • Fotoarkivet Gjesdal folkebibliotek, SAS 1989/12 GJE 1: 1 – 42.

Litteratur

  • Berge, Reidar (red), u.å.: Dagbok av Malli Berge 1925 – 1942.
  • Nordås, Hallvard,1989: Gjesdal bygdebok 1870 – 1989.
  • Risa, Lisabet, 2000: Bjerkreimboka III, kapitlet om garden Eikeland på heia.
  • Ålgård Rotary (red), 2009: Ålgårds historie 1870 – 2007

Kirkebok for Stavanger. Hanchen Louise Wally Jacobsen
Hanchen Louise Wally Jacobsen var fødd 27. oktober 1869 i Stavanger og døypt 19. desember same året. Foreldra var fotograf Carl Lauritz Jacobsen og Anna Louise Emilie Wally Jacobsen. Kjelde: Kirkebok for Stavanger, Domkirken, 1868 - 1877, s. 32, nr. 196. Utsnitt. Statsarkivet i Stavanger.

Den vesle jenta vart kalla Hanna i familien. Som fotograf med eige firma seinare i livet skreiv ho seg Hannchen Jacobsen. Det var dette namnet som stod i dødsannonsen i 1908. Wally var mora sitt familienamn frå Tyskland. I Stavanger skreiv mora seg fru Louise Jacobsen.

Det er all grunn til å tru at Louise Jacobsen vart eit førebilete for både Hannchen Jacobsen, og for dei tre andre døtrene. Ei forteljing om fotograf Hannchen Jacobsen er også ei forteljing om mora, Louise Jacobsen og om resten av familien.

Hannchen Jacobsen ved arbeidsbordet i forretninga si.
Hannchen Jacobsen ved arbeidsbordet i forretninga si. Glassnegativa står til tørk ved vindauget. Kameraet i framgrunnen var nyaste modell. Jacobsen var Kodak-forhandlar i byen. Dette gav firmaet eit solid bein å stå på. Fotografiet er frå om lag 1906. Foto: Rachel Johnsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

Familiebakgrunnen

Fotograf Carl Lauritz Jacobsen opna atelier i Bergen i 1861. I 1864 flytta han med familien til Stavanger. Kanskje tenkte han at det var betre plass for ein atelierfotograf i denne byen enn i Bergen.

Carl Lauritz Jacobsen var frå Kristiania. Han møtte Anna Louise Emilie Wally i Kiel. Dei gifta seg der i 1860 og fekk etter kvart ni barn; fire døtre og fem søner. Dei to eldste vart fødde i Bergen, dei andre i Stavanger. Både Carl Lauritz og den yngste sonen døydde av skarlagensfeber i 1879, som mange andre i Stavanger dette året. I 1871 hadde foreldra mista den nest yngste sonen.

Etter at ektemannen døydde, fekk fru Jacobsen eineansvaret for både dei sju gjenlevande barna, for fotograffirmaet C. L. Jacobsen og for ei cigarforretning ektemannen etablerte i 1878. Som gift kone var Louise Jacobsen umyndig. Ho hadde ikkje anledning til å vera sjølvstendig næringsdrivande. Den retten fekk ikkje gifte kvinner før i 1895, sjølv om dei vart myndige sivilrettsleg i 1888. Enkjer kunne likevel søkja om dispensasjon frå denne loven for å vidareføra firma etter avdøde ektefeller. Det må Louise Jacobsen ha gjort. Tre månader etter at mannen døydde, annonserte ho i Stavanger Amtstidende- og Adresseavis at ho heretter dreiv atelierfirmaet ”Fotograf Jacobsens Enke”. Med den store barneflokken greidde ho naturleg nok ikkje dette åleine. Louise Jacobsen hadde fleire tilsette, både retusjørar og fotografar. Atelierfirmaet var kjent og velrenommert på den tida, både i byen og i distriktet rundt. Mange fotograferte seg hos Jacobsen.

Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen fotograferte gjerne kvarandre, både i butikken og på fritida, på turar i naturen.
Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen fotograferte gjerne kvarandre, både i butikken og på fritida, på turar i naturen. Dette portrettet av Jacobsen i forretninga er frå om lag 1906. Negativarkivet inneheld fleire slike. Kunstnarleg representerer desse portretta dei mest verdfulle fotografia i arkivet etter Jacobsen og Johnsen. Foto: Rachel Johnsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

Den gåverike søskenflokken

Dei fire døtrene og dei tre sønene som voks opp, arbeidde alle ei tid i familiefirmaet. Både eldste dottera og alle dei tre sønene fekk profesjonell opplæring i Waldenburg i Tyskland. Ei søster av Louise Jacobsen og familien hennar budde også i denne byen. I 1880 kunngjorde Louise Jacobsen i ei av Stavanger-avisene at eldste dottera nyleg var heimkomen frå eit lengre studieopphald i utlandet, og at ho hadde gått inn i firmaet. Det same skjedde i 1882. Då hadde den eldste sonen kome heim frå utdanning i Tyskland og skulle gå inn i familiefirmaet. 

Dei tre sønene dreiv sidan familiefirmaet etter tur. August Jacobsen braut ut først og reiste til Paris for å utdanna seg til kunstmålar i 1893. Carl Johan og broren Louis Anton overtok firmaet og dreiv det i lag til Louis Anton flytta til Bergen og opna atelier der i 1897. Carl Johan dreiv då firmaet vidare åleine under firmanamnet Carl Jacobsen. I 1915 bestemte han seg for avvikling. Fotofirmaet til familien Jacobsen vart eit av dei solide firma i byen og fekk ei levetid på 51 år. I 1916, året etter, vart også firmaet Hannchen Jacobsen etablerte i 1904, avvikla.

Søskenflokken Jacobsen var også kunstnarleg utrusta på andre område. Alle barna trakterte eitt eller fleire musikkinstrument, og fleire av dei var dyktige teiknarar og målarar. Kunstnargåvene hadde dei særleg frå mora og mormora i Tyskland. I ettertid er den tredje sonen, kunstmålar August Jacobsen, den mest kjende av dei.

Hannchen Jacobsen og fotografmiljøet i Stavanger

Hannchen Jacobsen og to av søstrene fekk ikkje fotografopplæring i Tyskland som dei fire andre søskena. Dei vart i staden negativretusjørar i familiefirmaet. Alle større fotograffirma hadde både ein og fleire retusjørar. Fleire var kvinner. Dei aller fleste er ukjende for oss i dag. Folketeljinga 1900 og 1910 viser dei kvinnene som arbeidde i fotograffirma i Stavanger. Hannchen Jacobsen budde i lag med mora og arbeidde hos broren til ho etablerte eige firma med ei av søstrene som medhjelpar i 1904.

Då Carl Lauritz Jacobsen kom til byen i 1863, hadde den store moten med visittkortportrett så vidt begynt. Portrettfotografering vart eit viktig grunnlag, men ikkje heile levebrødet for Jacobsen-familien og for dei andre fotografane i byen. Det galdt om å finna fleire bein å stå på. Avisannonsar fortel at fotografane kom med tilbod om avfotografering eller kopiering av alle typar eldre bilete. Familien Jacobsen restaurerte også maleri og hadde rammeverkstad.  I 1878 fekk Carl Lauritz Jacobsen handelsborgarskap og opna cigarforretning som ei tilleggsnæring.

Konkurransen var hard mellom fotografane. Likevel kom det fleire nye fotograffirma tidleg på 1900-talet. I 1901 flytte Karen Henrichsen til Stavanger frå Arendal og etablerte firmaet ”Henrichsen & Co” saman med Hakon Johannessen, også han frå Arendal (lenke).  Dette året var det heile åtte atelierfirma i byen, og fleire kom til dei første åra etterpå. Hannchen Jacobsen måtte derfor finna si eiga nisje då ho starta for seg sjølv i 1904.

Postkorta var svært populære i åra etter 1905. Dei viste både typiske turistmotiv og den nye kongefamilien. Heimstadkort vart også svært populære. Mange, både fotografar og folk frå andre yrkesgrupper, satsa på postkortproduksjon. Hannchen Jacobsen fotograferte også til postkort, men omfanget er ukjent. Ho var i alle fall ikkje ein av dei store turist- eller heimstadkortfotografane i Rogaland.

Lysebotnen
Dette kortet frå Lysebotnen er eitt av dei aller første frå Lysefjorden og frå om lag 1905. Dette var før Preikestolen vart eit kjent turistmotiv. Foto: Hannchen Jacobsen. Privatarkiv nr.1479, Statsarkivet i Stavanger.
Byfjorden sett frå Valbergtårnet
Fleire negativ i arkivet etter Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen har typiske postkortmotiv frå Stavanger. Dette viser Byfjorden sett frå Valbergtårnet. Den viktigaste kjøpargruppa var truleg ikkje utanlandske turistar, men folk flest i Stavanger. Foto: Hannchen Jacobsen. Privatarkiv nr.1479, Statsarkivet i Stavanger.

Eige firma med fotobutikk

I 1904 vart Hannchen Jacobsen den andre kvinna i Stavanger med eige firma innan fotobransjen. Søstera Edvine Alette arbeidde også i firmaet Hannchen Jacobsen & Co ved etableringa og til ho gifta seg eitt års tid etterpå. Hannchen Jacobsen dreiv då vidare saman med Rachel Johnsen (1870 – 1960) til ho døydde 9. november 1908.

Hannchen Jacobsen annonserte første gong i Stavanger Aftenblad 27. februar 1904 med ”Nyt! Amatørfotografer. Nyt!” Annonsen fortalde at ho den følgjande veka skulle opna ei forretning i fotografiske artiklar. Ho skulle også ta på seg negativretusjering for etablerte firma i byen: ”NB 1ste Klasses Negativretousche for Fagfotografer udføres”. Det er grunn til å tru at Hannchen Jacobsen hadde negativretusjering for broren og firmaet hans. Dermed hadde ho i alle fall ein sikker kunde. Firmaet reprofotograferte også eldre portrett og framkalla filmar for folk som hadde eigne kamera. Etter 1902 kom det nye Kodak Brownie Box Camera for amatørfotografar. Fotografering vart mote hos borgarklassen. 

Hennchen Jacobsen var ikkje den første i byen som satsa på denne nye kjøpargruppa. I året 1900 opna den tidlegare atelierfotografen Jan Greve fotobutikk. Greve og Jakobsen konkurrerte nok om den same kundegruppa. Dei to var heller ikkje åleine i byen om å selja fotografisk utstyr. Båe fekk etter kvart behov for å utvida vareutvalet. I 1906 vart dei naboar i Kirkegata. Dette året flytte Greves fotografiske Forretning til Kirkegata 15. Butikken til Hannchen Jacobsen låg i Kirkegata 16. I samband med flyttinga annonserte Jan Greve i Stavanger Aftenblad 17. april 1906 at han utvida vareutvalet: ”Forretningen er samtidig utvidet og føre Droger, Kjemikalier, Parfumer, Forbindsstoffe, artikler for Syge- og Barnepleien etc”. Hannchen Jacobsen reklamerte på same tida med at firmaet hennar i tillegg til alle typar fotografiske artiklar, også selde innramma bilete, fotografirammer og brevkortrammer. Firmaet hadde også eit rikt utval av prospektkort.

Fotofirma Greve selde også postkort. I ettertid ser det ut for at det nettopp var på området lokalproduserte postkort, eller reportasjekort som Hannchen Jacobsen fann nisja si. Ho var ute i byen og fotograferte folkelivet på ”store” dagar. Etterpå produserte ho sjølv fotografiske postkort som ho selde i butikken sin. På den tida vart dei aller fleste postkorta produserte i Tyskland. I ettertid ser unekteleg postkorta til Hannchen Jacobsen litt heimelaga ut. Dette var fotografi produserte på fotopapir med postkortformat, ikkje trykte kort.

I åra rundt 1905 var postkortmoten på det høgaste her i landet. Noreg vart sjølvstendig i 1905, landet fekk eigen kongefamilie og næringsliv og turisme blomstra. Det var mange aktuelle postkortmotiv. Hannchen Jacobsen såg potensialet i Stavanger. Ho fotograferte i byen både under folkeavstemminga om unionsoppløysing 13. august 1905, då det nye kongeparet besøkte Stavanger under kroningsturen i juli 1906, og ved seinare 17. mai-feiringar.

Desse fire fotografia frå juli 1906 viser kongeskipet Mira på veg inn Byfjorden, Kongen på Ullandhaug saman med eit damekor i nasjonaldrakt, unge kvitkledde jenter i sentrum, mellom domkyrkja og banken, og ein av dei tre flotte kongeportalane som var sett opp på sentrale stader i byen. Hannchen Jacobsen stilte dei fotografiske korta ut i butikken sin kort tid etter kongebesøket. Alle som ville, kunne kjøpa dei. Foto: Hannchen Jacobsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

Kongeskipet Mira
Kongen på Ullandhaug
jenter i Rogaland
Byportal

Kroningssommaren 1906 var særleg med på å gjera postkortet til ein populær moteartikkel hos folk flest. Hannchen Jacobsen bidrog i høg grad til dette i Stavanger. Under det første norske kongebesøket i Stavanger og Rogaland, 26. og 27. juli 1906, introduserte nemleg Jacobsen ein ny type lokale postkort, det nærast dagsferske reportasjekortet. Desse postkorta supplerte avisreportasjane. Pressefotografiet eksisterte ikkje då. Denne situasjonen kunne Hannchen Jacobsen dra fordelar av. Ho fotodokumenterte ”store” hendingar i byen og produserte fotografiske postkort for sal i butikken etterpå. 

Den 21. mai 1907 sette ho til eksempel inn ein annonse i avisa Vestlandet der ho kunngjorde at det var ho som hadde teke fotografiet av barnetoget 17. mai som var på førstesida i avisa same dagen. På den tida var det ikkje vanleg med fotografi i avisene, i alle fall ikkje nye reportasjefotografi. Annonsen kunngjorde også at: ”I firmaets Forretningsvinduer findes udstillet en Række vellykkede Billeder for øvrig fra Festdagen i Stavanger”. Hannchen Jacobsen var ikkje den første fotografen i byen som stilte bileta ut for sal, men ho var kanskje den første som stilte ut mange ”vanlege” 17. mai-bilete. Det er grunn til å tru at ho hadde ei stor kjøpargruppe, både til dei lokalproduserte postkorta og til fotografia frå folkelivet på nasjonaldagen. Slik sett utfylte dei to søskena Jacobsen kvarandre i byen. Fotofirma Jacobsen averterte til eksempel i 1896 med fotografi frå besøket til kong Oscar II. Seinare annonserte ofte broren Carl Johan i avisene når han hadde fotografert ”kjendisar” som besøkte byen. Han annonserte i lokalavisene at folk kunne studera desse i utstillingskassen hans sentralt i byen. Under kongebesøket i Stavanger i 1906, var søstera Hannchen Jacobsen den viktigaste fotografen i byen.

Frå 1870-åra og framover leverte familiefirmaet Jacobsen mange oppdragsfotografi frå næringslivet i byen og distriktet. Seinare, då dei to søskena Jacobsen var åleine igjen, delte dei kanskje oppdragsfotograferinga mellom seg, eller dei spesialiserte seg på ulike typar fotografering. Carl Jacobsen var ingen stor postkortprodusent. I staden leverte firmaet Hannchen Jacobsen & Co postkort med typiske turistmotiv i Ryfylke og på Jæren, som Lysebotnen, gamle Årdal kyrkje og Jærhavet. Det er likevel ikkje bevart mange kjende postkort i denne gruppa frå Hannchen Jacobsen og sidan frå Rachel Johnsen si hand.

Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen var nære vener, også privat. Rachel Johnsen kom inn i firmaet etter 1905. Bevarte familiefotografi hos slektningane hennar viser at også ho var ein habil fotograf. I ledige stunder fotograferte dei to kvinnene kvarandre i det vesle butikkatelieret. I ettertid er desse fotografia også verdfulle sidan dei viser litt av interiøret i butikken og atelieret.

Speilbilde
Dette uvanlege og særeigne fotografiet viser dei to veninnene Jacobsen og Johnsen med Kodak-kameraet fotografert gjennom ein spegel. Forstørra portrettfotografi i bakgrunnen fortel at vi er i forretninga deira. Dei to veninnene fotograferte gjerne seg sjølv og eksperimenterte med ulike ”settingar”. Slik sett var yrket deira ein fristad der kvinner med kunstnarlege evne kunne utfalda seg. Foto: Hannchen Jacobsen/Rachel Johnsen. Privatarkiv nr. 1479, Statsarkivet i Stavanger.

Den fotografiske arven etter Hannchen Jacobsen

Då Rachel Johnsen vart åleine, endra ho firmanamnet til ”Rachel Johnsen”. Vareutvalet var det same som då kollegaen levde, men Rachel Johnsen annonserte at ho også 

selde store og små sjølvproduserte lampeskjermar. Rachel Johnsen var flink til å hekla. Det var moderne med hekla lampeskjermar på den tida. Firmaet var framleis eineforhandlar av Kodak-produkta, men Rachel Johnsen mista denne retten til ein mannleg fotoforhandlar i byen. Rachel Johnsen avvikla firmaet i september 1916. Utan Kodak-agenturet var det truleg ikkje grunnlag for å driva firmaet vidare.

Negativarkivet etter Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen består i dag av 452 glasnegativ. Minst halvparten av desse er etter Rachel Johnsen og viser familien hennar. Då Rachel Johnsen avvikla firmaet, tok ho truleg berre vare på dei mest interessante negativa etter samarbeidet med Hannchen Jacobsen. Mange av desse er frå kongebesøket i 1906. Dessutan finst det nokre få postkortnegativ med generelle Stavanger-motiv. Mange negativ viser dei to veninnene i atelieret. Kunstnarleg representerer desse portretta og sjølvportretta ”det beste” etter dei to kvinnene. 

Hannchen Jacobsen voks opp med ei mor som fekk eineansvaret for ein stor barneflokk og eit velrenommert firma i Stavanger. Som vaksen vart ho buande i lag med mora og hadde eit sikkert arbeid hos broren i familiefirmaet Jacobsen. Hannchen Jacobsen ønskte tydelegvis å verta sjølvstendig og å etablera eige firma. I 1904 var det ingen formelle hindringar for dette. På dette tidspunktet hadde ho eiga inntekt og dei same rettane elles som fotografbroren, men med eitt unntak. Ho kunne ikkje stemma ved Stortingsval. Dette fekk ho heller ikkje oppleva før ho døydde i 1908.

Utrykte kjelder

Statsarkivet i Stavanger

  • Privatarkiv nr. 1479 Hannchen Jacobsen og Rachel Johnsen
  • Stavanger byfogdembete: Register over sletta firma 1891 – 1987.
  • Stavanger byfogdembete: Firmaregisterprotokoll B2, 1900 – 1911.

Nettstader

Litteratur

  • Ekeberg, Jonas/Østgaard Lund, Harald (red), 2008: 80 millioner bilder. Norsk kulturhistorisk fotografi 1855-2005.
  • Henriksen, Egil, 1992: Fra kuriositet til etablert håndverk. Stavanger Museum Årbok 1992.
  • Henriksen, Egil, 1993: Portrett, illustrasjon og dokumentasjon. Fotografiet i Stavanger fra 1885 til 1920. Artikkel i Stavanger Museum Årbok 1993.
  • Kavli, Brit Jacobsen (red), 1986: Slekten Wally, Jacobsen fra Bygdøy, Bærum og Garding til Stavanger og Oslo. Upublisert slektshefte.
  • Risa, Lisabet, 2011: Fotografihistoria sett frå Rogaland.
  • Stavanger Aftenblad 1893 – 1916.

Kvardagskvinnene på 1800- og 1900-talet har supplert dei ”fire store”. Dei har også representert eit bidrag til forståinga av kva det ville seia å vera kvinne i lokalsamfunnet før 1913. 

Kvinnene kom frå ulike miljø, og dei fekk ikkje dei same utfordringane i livet. Det offentlege kjeldematerialet ved statsarkivet og aktuell lokallitteratur kastar eit visst lys over dei. Det finst også bevart brevmateriale etter fleire i privat eige og ved institusjonar som Nasjonalbiblioteket. Dette gjeld særleg for Augusta Wergeland Vedøe, Kitty Kielland, Elisabeth Edland og Dorthea Rabbe. Utgangspunktet vårt har vore kjelder i offentlege og private arkiv ved Statsarkivet i Stavanger

Hannchen Jacobsen, den siste kvinna på lista, representerte eit nytt yrke som kom etter 1850, og som passa for kvinner, i praksis for kvinner i ressurssterke familiar. Portrettfotografering vart ein utbreidd mote i heile landet frå 1880-åra. Før den tid var det meir velståande kvinner som oppsøkte eit fotografatelier. Det finst portrett av alle dei ni kvinnene våre, så nær som Augusta Wergeland Vedøe og Alethe Rosenkilde, men Augusta vart måla av kunstmålaren Knut Baade i 1838.  

Eit fotografi kan seia meir enn tusen ord, heiter det. Fotografia er i alle fall viktige historiske kjelder. Me avsluttar med ein presentasjon av 12 portrett og gruppebilete frå før 1913 og ser på kva desse kan fortelja om kvinnene som var fødde på 1800-talet.  

Fotografering var dyrt

Me skulle kanskje tru det var ungdommen som oppsøkte dei første fotografateliera i 1850 – og 1860-åra. Slik var det ikkje. Fotografering var dyrt. Eldre, velståande kvinner og menn var dei beste kundane. I Stavanger oppsøkte det gamle apotekarparet Zetlitz i Kirkegata den første fastbuande fotografen i byen ein gong før apotekaren Egert Nandrup Zetlitz døydde i 1863. Begge var fødde på 1700-talet. Dette var andre gong ekteparet Zetlitz kjøpte portrett av seg sjølv. Dei vart måla i 1830-åra av den omreisande tyske kunstnaren Philip Henrich Kriebel. På dette fotografiske portrettet framstår Johanne Anne Albertine (Hanna) f. Løwold som ei trygg, sikker og myndig eldre kvinne. Ho har tidstypisk krinolinekjole og hovudplagg med blonder og silkeband. 

johanne anne albertine løwold
Foto: H.P. Thykier. Privatarkiv nr. 66, Statsarkivet i Stavanger.

Heller ikkje på landsbygda var det ungdommen som kom til dei nye fotografateliera dei første tiåra etter 1840. Det var veletablerte gardbrukarpar som investerte i eige portrett. Berta Torgersdotter (1801 – 1890) på Kyllingstad i Gjesdal høyrde til denne gruppa. Berta fekk ni barn mellom 1822 og 1846.

Berta hadde nok andre ærend også då ho reiste til fotograf i Stavanger rundt 1870. Stolen ho sit på, går igjen på mange visittkortportrett frå den tida, men den aktuelle fotografen trykte ikkje namnet sitt på fotokartongane. Berta er kledd i ei tradisjonell jærsk kvinnedrakt. Ho har stakk og liv i ullstoff, hovudplagg, plagg eller sjal og forkle. Desse tre draktplagga var av bomull eller silke og hadde fleire fargar. Berta hadde nok også ei lita hue under hovudplagget, men denne var annleis enn blondehua til fru Zetlitz. Berta høyrde til den siste kvinnegenerasjonen på Jæren som bar denne drakta. Som fru Zetlitz ser Berta både trygg og sikker ut. Opphaldet i atelieret var prega av høgtid. Dette var sikkert første gongen, og kanskje også den einaste gongen ho var i eit fotografatelier. 

Berta Zetlitz
Foto: Ukjend. Fotoarkivet Folkebiblioteket Gjesdal, Statsarkivet i Stavanger.

Anna Catherine Falck fødd Lindal (1842 – 1924) høyrde til ein yngre kvinnegenerasjon enn fru Zetlitz i Stavanger og gardkona Berta Torgersdotter frå Gjesdal. Fru Falck kom frå ein velståande, eldre bakarmeisterfamilie. Ho gifta seg med skipsreiar Thomas S. Falck (1829-1889) frå Drammen. Dei bygde eit ”bypale” i mur i Laugmannsgate 1. Der budde fru Falck åleine etter at mannen døydde, i 1900 saman med to tenestejenter og ein kusk og i 1910 saman med to tenestejenter.

Anna gifta seg om lag 1862 og hadde to søner på 2 og 3 år då det var folketelling i 1865. Dette portrettet av henne frå tidleg i 1860-åra er truleg ikkje frå Stavanger. Det viser ei ung, litt forsiktig kvinne frå ein velståande familie. Det er ingen grunn til å tru at den fine silkekjolen med blonder, eller smykkene, var lånte effektar. På den tida hadde nemleg fotografane forskjellig slags pynt, også klesplagg, som kundane kunne låna under fotograferinga. Den svære flettekransen til Anna var kanskje ikkje hennar eigen. 

Anna Cathrine Falck
Foto: Ukjend. Privatarkiv nr. 1167, Statsarkivet i Stavanger.

Tenestejenter

Dei aller fleste kvinner i Rogaland kom frå enkle kår. Dei hadde ein annan bakgrunn enn Anna Catherine Falck. Jentene reiste som oftast frå heimen etter konfirmasjonen. Dei tente hos andre, eller fekk seg etter kvart arbeid i den nye hermetikk- eller tekstilindustrien. På større gardsbruk kunne døtrene i huset arbeida heime til dei gifta seg, eller heile livet om dei var ugifte.

Dette stereofotografiet frå ei stove i Ryfylke er frå 1889. Dermed er det eitt av dei aller eldste interiørfotografia frå landsbygda i Rogaland. Far i huset les avisa. Mor heklar, gamlemor spinn på rokken, ei ung jente spøtar sokkar og ei anna sit ved den nymotens symaskinen. Fotografiet viser med andre ord fire ulike typar  tekstilproduksjon. På 1800-talet laga alle kvinner klede og tekstilar til heimen. Denne produksjonen viser ikkje igjen i dei offentlege arkiva. Derfor er dette fotografiet særs verdifullt. Dei to yngste kvinnene på fotografiet var truleg døtre i huset. Tenestejenter var vanlegvis ikkje med på familiebilete. 

Stove-i-Ryfylke
Foto: Martin Morrison, på heimebesøk frå Iowa, USA. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

Her er me i daglegstova på Hå prestegard den 22. november 1904. Prestefrua Cecilie Catherine Holm f. Gløersen (1847 – 1938) var sorenskrivardotter frå Trondheim og Solvorn i Sogn. Ho og dottera Cecilie fremst spøtar, medan dottera Helene sit med symaskinen. Far sjølv, sokneprest Karenos Th. Holm, kviler på sofaen bak kvinnene. Helene gifta seg i juni 1905. Andre fotografi frå prestegarden viser at ho hadde ein omfattande ”utstyrsproduksjon” før ho flytta frå heimen for godt.

Dagligstova
Foto: John Landstad. Fotoarkivet Hå folkebibliotek, Statsarkivet i Stavanger.

Emigranter til USA

Mange ungdommar, særleg menn, emigrerte til USA. For mange var det fattigdom eller mangel på framtidsutsikter i heimlandet som gjorde at dei reiste. Emigrasjonen til USA tok seg sterkt opp etter at den amerikanske borgarkrigen var slutt i 1865 og nådde eit høgdepunkt i andre halvparten av 1880-åra. Då reiste også mange unge kvinner. Dei fleste fekk huspostar i byane eller hos farmarfamiliar.

Dette fotografiet viser tre søstre frå Ree i Time som emigrerte sommaren 1885, Johanna (Hanna), Lisabeth (Lisa) og Maria. Den yngste av dei feira 20-års dagen sin på båten i Atlanterhavet 12. juli 1885. Foreldra, Jens og Johanna Ree, emigrerte også, like eins tre av dei andre barna i søskenflokken på ti, men på andre tidspunkt. Alle slo seg ned i The Yellow Medicine County, eit område i Minnesota med stor konsentrasjon av folk frå Jæren.

Mange emigrantar var innom fotografen i Stavanger før dei gjekk ombord på skipet. Her ser me dei tre søstrene i fine reiseklede, i kåper og kyser. Dei er alle prega av alvor framfor den store reisa. Ingen av dei kom tilbake til heimlandet. 

Tre søstre
Foto: Jan Greve. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

På arbeidsplassen

Hermetikkindustrien i Stavanger vart ein stor arbeidsplass for kvinner tidleg på 1900-talet. Både eldre og unge kvinner, også heilt unge jenter, arbeidde i den nye sardinproduksjonen som første gong kom i gang ved Stavanger Preserving i 1879. Mange av kvinnene var frå landsbygda. Arbeidet førte til at dei slo seg ned i byen.

Tidleg på 1900-talet var det svært mange hermetikkfabrikkar i Stavanger. Eigarane brukte fotografiet aktivt i marknadsføring av produkta sine, både på emballasje, i reklame og i trykksaker elles. Dermed finst det mange fotografi frå åra rundt 1900 – 1910 som viser produksjonslokale og arbeidsprosessar. Tilsvarande sørgde eigaren Ole Nielsen av Aalgaards Uldvarefabrikker for å dokumentera spinneri-, veveri- og trikotasjeproduksjonen ved fabrikkanlegga på Ålgård og Figgjo, første gong til 25-års jubileet i 1895. Dermed finst det også mange  fotografi av kvinner i hermetikk- og i tekstilindustrien i Stavanger og på Jæren frå 1895 og framover. Her ser vi eldre og unge kvinner under arbeid i eitt av produksjonslokala til Stavanger Preserving om lag 1905 – 1910.

Foto: Haakon Johannessen. Privatarkiv nr. 107, Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Haakon Johannessen. Privatarkiv nr. 107, Statsarkivet i Stavanger.

Omsorgsarbeid har til alle tider vore kvinnene sitt område. Dette var ikkje eit aktuelt motiv for dei første fotografane. Men det var ikkje uvanleg at mødre fotograferte seg med barna sine, gjerne det første barnet. Denne motivgruppa finst på portrett som går like tilbake til 1860-åra.

Etter 1902 kom det nye kameraet Kodak Brownie Box Camera for amatørfotografar til Stavanger. Fotografering vart mote hos borgarskapet i byane. Men det finst ikkje mange amatørfotografi frå før 1913 som viser kvinner og og stell av barn, sjuke eller gamle i heimen. 

Slumsøstrene hos Frelsesarmeen utførte desse omsorgsoppgåvene i det offentlege rommet. Arbeidet deira er heller ikkje dokumentert. Men ein gong rundt 1910 tilkalla Frelsesarmeen i Stavanger fotograf. Dermed vart dei  sju slumsøstrene og leiaren deira dokumenterte for ettertida. Kanskje skulle dei markera eit jubileum for Frelsesarmeen i Stavanger. I dag kjenner vi ikkje namnet på nokon av dei. Foto: Hakon Johannessen. Privatarkiv nr. 430, Statsarkivet i Stavanger. 

Omsorgsarbeid
Foto: Hakon Johannessen. Privatarkiv nr. 430, Statsarkivet i Stavanger.

Skulen

Den offentlege skulen på landsbygda gjorde ikkje forskjell på gutar og jenter, eller på ulike sosiale grupper. Fleire foreldre såg likevel ikkje nytta av å senda jentene til skulen. Det offentlege skuletilbodet i byane var ikkje likt for gutar og jenter. Jenter frå betrestilte heimar gjekk helst på private ”pikeskoler” som ressurssterke kvinner dreiv.  Her ser me ein jenteskuleklasse i Stavanger som fotograferte seg i atelier rundt år 1900. På den tida hadde ingen av fotografane i Stavanger spesialisert seg på å fotografera skulebarn, og det var heller ikkje vanleg å fotografera dei lokalt på skulane. Derfor er slike tidlege skulefotografi heller sjeldne. Skulebileta representerer ei god kjelde til studiar av barneklede i ulike sosiale lag, men jentene på private skular i byane var nok ikkje representative for folk flest på dette området.

offentlig-skole
Foto: Olaf Herseth. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

Svært få unge kvinner fekk vidare skulegang utover barneskulen. Også på dette området kom gutane i første rekkje. Frå 1846 kunne unge menn ta landbruksutdanning på Austrått i Høyland, seinare på Tveit i Nedstrand. Det gjekk mange år før det kom ei tilsvarande praktisk utdanning for kvinner. Jenteskulen eller husmorskulen på Åsland i Time kom i gang i 1883.

Både gutar og seinare jenter fekk tilbod om eit vidaregåande skulekurs etter konfirmasjonen. Også på dette området var gutane prioriterte. Amtsskulen for gutar i Ryfylke og i Jæren og Dalane kom i gang i 1875 og for jenter ti år etterpå.

Det var tungvint å reisa til fotograf i Stavanger når skuleåret var slutt. Men det hende at skulane fekk besøk av omreisande fotografar. Desse tre alvorsfylte jentene var elevar ved jentekurset då amtsskulen heldt til i Årdal i Ryfylke i 1885/1886. Det var kanskje fotograf Jan Greve som besøkte skulen. Han hadde fleire fotograferingsrundar i Ryfylke og på Jæren i slutten av 1880-åra og var ein av dei første etablerte fotografane i Stavanger som oppsøkte kundane sine. 

husmorskole Aasland
Foto: Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

I 1899 kom det ein privat folkehøgskule, Jærens folkehøgskule på Kleppe i Klepp. Denne vart etter kvart svært populær hos både unge kvinner og menn. Det vart tradisjon at elevane ved skulen reiste til fotograf Henrik Wiig på Sandnes, mot slutten av skuleåret. Nokre ønskte også å fotografera seg i ein ”elevsituasjon”, som desse jentene. Albumeigaren Pauline Vik frå Rennesøy var elev ved skulen vinteren 1903–1904. Her har ho fotografert seg i lag med fem skulevenninner, alle i kvite serveringsforkle, dei fleste truleg også i konfirmasjonskjolane sine. Dei høgtidsstemte jentene ser langt eldre ut enn 16 – 17 år gamle jenter i dag. 

jæren folkehøgskole
Foto: Henrik Wiig. Fotoarkivet Rennesøy folkebibliotek, Statsarkivet i Stavanger.

Ein ny kvinnegenerasjon

Me avsluttar fotokavalkaden vår med portrettet av Siri Salvesdotter Skjæveland (1892 – 1965) frå Bjerkreim. Ho representerer ein ny kvinnegenerasjon, og ein generasjon som hadde stemmerett når dei vart myndige. Ein gong før 1910 fotograferte ho seg hos Villads eller Velas Sagland, læraren i Vikeså-krinsen. Sagland var også bygdefotograf etter at han vart lærar der i 1898. Både dei profesjonelle fotografane i byane og bygdefotografane hadde mange unge kvinner som kundar på den tida. På dette området var det ikkje forskjell mellom kvinner og menn så lenge det var mote å skaffa seg portrett i visittkortformat. Siri står fram som ei trygg og sikker ung kvinne med den eine handa planta i sida og den andre på – ja, nettopp på ein portrettalbum. Ho har ein lys sommarkjole i bomullsstoff.

Siri Salvesdatter
Foto: Villads Sagland. Privat samling, Statsarkivet i Stavanger.

Fotografen arrangerte eit atelier ute, med bord og stol på ein trepall inntil husveggen. Til og med fotoalbumet fekk plass på bordet, nett slik det låg inne i bestestova. Trepallen og veggen viser ikkje på denne kopien og på den tilskorne papirkopien kundane fekk. På den kopien var det uråd å sjå at atelieret var heller provisorisk.