Fra blendings- og mannskapsøvelsene i Kristiansand Luftvernkrets 14.-15. oktober 1939.
Illustrasjonsfoto. Fra blendings- og mannskapsøvelsene i Kristiansand Luftvernkrets 14.-15. oktober 1939. Arkivreferanse: 1261-0005-Ha-0002

Opphavet til dagens helseinstitusjonar i Rogaland

I Stavanger var det biskop Torgils som bygde det første hospitalet etter kongebrev i 1272.

Kyrkja organiserte det første offentlege helsestellet. Klostera fungerte ofte som sjukestover. I Stavanger var det biskop Torgils som bygde det første hospitalet etter kongebrev i 1272. Magnus Lagabøtes Hospital vart det gjerne kalla, etter Kongen. Hospitalet hadde eiga kyrkje, St. Peters kirke eller Hospitalskirken. Stavanger Hospital var det einaste sjukehuset for folk i byen fram til 1840-åra. I praksis var det ein oppbevaringsplass for alvorleg sjuke. I åra 1842-1845 bygde Stavanger kommune nytt sjukehus og fleire sosialinstitusjonar på tomta til det gamle hospitalet. Denne nye institusjonen fekk namnet Den kombinerede Indretning.

Stavanger-Hospital-og-Hospitalkirken
Stavanger i 1790-åra med domkyrkja og Kongsgård. Innfarts-vegen til byen ligg til høgre med det gamle hospitalet og Hospitalskirken i bakgrunnen. Stavanger Hospital, reist etter kongebrev av 1272, var det eldste sjukehuset i Rogaland. Teikning: Haas.

Radesjuka var truleg syfylis. Radesjukehuset var eit epidemisjukehus for heile Stavanger amt. Som epidemisjukehus vart det også ein parallel til dei mange kolera-lasaretta som vart oppretta då koleraepidemien braut ut i kystdistrikta i Stavanger amt i 1849. Radesjukehuset fekk ei lengre levetid enn kolera-lasaretta. Dette vesle sjukehuset ved Breiavatnet var bruk frå 1773 til om lag 1840. Arkivet etter Amtmannen i Stavanger har dokumentasjon om sjukehuset.

Radesykehuset i Stavanger vart etablert etter kongeleg direktiv i 1773. Biletet viser huset kort tid før det vart rive i 1907. Foto: Ukjend. G. Wareberg sitt arkiv. Statsarkivet i Stavanger.
Radesykehuset i Stavanger vart etablert etter kongeleg direktiv i 1773. Biletet viser huset kort tid før det vart rive i 1907. Foto: Ukjend. G. Wareberg sitt arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Stavanger amt kjøpte den gamle prestebustaden ved sida av amtmannsresidensen Kongsgård og innreia dette til det første spesialsjukehuset i amtet. Bygningen vart seld til konsul Jakob Kielland i 1842. Han bygde huset om til familiebustad for sonen. Sonesonen Alexander Kielland var den siste som budde her. I bakgrunnen ruvar ”Lille Akropolis” med dei fire store monumentalbygga frå 1880- og 1890-åra; Stavanger Teater, Turnhallen, Stavanger Museum og Stavanger Sykehus til høgre.

Arkivet finst ved Statsarkivet i Stavanger.

Ei av dei viktigaste oppgåvene for den nye amtskommunen etter 1838 var å forbetra helsestellet i landdistrikta. Dei einaste medisinske fagpersonane på den tida var distriktslegane i dei få byane i amtet. Amtsformannskapet fungerte som dåtida sin fylkeskommune. Amtssjukehuset på St. Pedersgjerde vart det første fylkeskommunale sjukehuset og forløparen til Rogaland Sjukehus. Sjukehuset stod ferdig i 1843 og var i bruk til 1927. I september 1927 kunne Rogaland fylkeskommune nemleg opna det nye Rogaland Sjukehus på Våland.

Amtssjukehuset på St. Pedersgjerde bak det høge gjerdet til høgre. Den store to-etasjes trebygningen vart fotografert om lag 1930 før han skulle rivast for å gje plass til Stavanger Tinghus. Sjukehuset låg til Bergelandsgata og hadde St. Petri kirke i nabolaget. Dette første fylkeskommunale sjukehuset vart ferdig i 1843 og var sjukehuset til folk på landsbygda i heile fylket fram til det nye Rogaland Sjukehus stod ferdig i 1927. Foto: G. Wareberg. Statsarkivet i Stavanger.

I september 1927 kunne Rogaland fylkeskommune ta i bruk det nye Rogaland Sjukehus på Våland. Den store, moderne murbygningen låg landleg til utafor byen. Foto: H. Johannessen. Statsarkivet i Stavanger.

Fylkeskommunen bygde det psykiatriske sjukehuset Dale Asyl i 1913. Før denne store institusjonen stod ferdig, vart pasientar med alvorlege psykiske lidingar sende til sjukehus eller asyl i Fana i Hordaland, Eik ved Kristiansand, eller til Gaustad ved Kristiania. Folk med mindre alvorlege lidingar vart ”sette ut” i privatheimar kringom i fylket.

Eit anna fylkeskommunalt løft var utbygginga av sanatorium, rekonvalesens- eller kvileheimar for tuberkulosesjuke. I fylket vårt etablerte Stavanger amt eller Rogaland fylkeskommune to slike institusjonar; på Tveit i Nedstrand i 1915 og på Skåland i Lund i 1932. Dei alvorleg tuberkulosesjuke vart sende til dei store sanatoria. Mange rogalendingar var pasientar ved Landeskogen sanatorium i Evje eller ved Luster sanatorium i Sogn og Fjordane.

Fylkeskommunen engasjerte seg også innan psykiatrien. Dale Asyl i tidlegare Hetland kommune vart det første namnet på Rogaland psykiatriske sjukehus. Denne store institusjonen stod ferdig i 1913. Her ser me hovudbygningen i det nye bygningskomplekset på ”andre sida” av Gandsfjorden.Foto: I. Dahle. Statsarkivet i Stavanger.

Tuberkulosen var ein av dei store folkesjukdomane i åra mellom 1900 og 1940. Fylkeskommunen etablerte to tuber-kuloseheimar; den eine på Tveit i Nedstrand i 1915 og den andre på Skåland i Lund i 1932.

Skåland tuberkuloseheim i Lund. Foto: F. Horjen og privat. Statsarkivet i Stavanger.
Skåland tuberkuloseheim i Lund. Foto: F. Horjen og privat. Statsarkivet i Stavanger.
Personalet ved Skåland tuberkuloseheim i 1932
Personalet ved Skåland tuberkuloseheim i 1932

Den kombinerede Indretning var ei vidareføring av det gamle Stavanger Hospital.

Biletet viser bygningskomplekset på St. Petersgjerde etter at rivinga hadde teke til i 1897. Valberg-tårnet ruvar i bakgrunnen. Bygningane er: Arbeidsanstalten (1), sjukehuset (2), sinnsjukeasylet (Dollhuset) (3) , Spindhuset/hospitalet (4) og vaktmeisterbustaden (5). Restar av det gamle steingjerdet viser til høgre. Foto: Ukjend. A. Bærheim sitt arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Stavanger Sykehus var teikna av arkitekt H. E. Eckhoff. Det svære bygningskomplekset i rød murstein stod ferdig i 1897 på høgdedraget ovanom Kannik-bekken og viste igjen i by-biletet saman med Stavanger Teater, Stavanger Museum og Turnhallen.

Foto: Mittet. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Mittet. Statsarkivet i Stavanger.

Sjukepleiarar og pasientar slappar av på inngangstrappa til ei av avdelingane ved Stavanger Sykehus i 1924.

Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.

Sjukepleiarane ved Stavanger Sykehus samla til juletrefest saman med ”oversøstrene”. Det var eit skarpt skilje mellom dei ulike yrkesgruppene innan sjukehusverda før, både i veremåte og klesdtrakt. Dette biletet er frå 1920-åra.

Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.
Egersund sykehus stod ferdig sommaren 1880 og vart utvida i 1921. Biletet viser bygningen slik han såg ut etter 1921. Sjukehuset heldt til her på Damsgård like til det vart flytta til nybygget på Lagård i 1975, som avdeling Eigersund sjukehus under Sentralsjukehuset i Rogaland. Foto: S. Larsen. Dalane Folkemuseum.

Skissa over romplanen viser dei fire pasientsalane (1, 2, 3 og 5), operasjonssalen, kjøkkenet og dei to bada (manns- og kvinnerom). Desse fung-erte også som offentleg bad for folk i byen. Teikning: Boka Egersund 1880-1975 (Eigersund kommune 1996).

Etter etableringa i 1889 heldt det første kommunale sykehuset i Haugesund til i to leigerom i den to-etasjes trebygningen til Vårsildavgiftsfondets sykehus.
Etter etableringa i 1889 heldt det første kommunale sykehuset i Haugesund til i to leigerom i den to-etasjes trebygningen til Vårsildavgiftsfondets sykehus.
Det nye Haugesund Sykehus med eigen epidemibygning (til venstre) stod ferdig 1924, men før 1945 var berre ein av etasjane i bruk. Den store, fire-etasjes murbygningen hadde full kjellaretasje og var ikkje ulik Rogaland Sjukehus frå 1927. I dag er begge desse store bygn-ingane omkransa av nybygg. Foto: Postkort 1924, ved Nils Sund, Karmsund Folkemuseum.

Sandnes Sykehus stod ferdig i 1914 og vart bygt om og utvida i 1940-åra. Her ser me sjukehuset slik det såg ut kring 1950. Foto: K. Rostrup (kopi frå boka: Sandnes i bilder (1951).
Sandnes Sykehus stod ferdig i 1914 og vart bygt om og utvida i 1940-åra. Her ser me sjukehuset slik det såg ut kring 1950. Foto: K. Rostrup (kopi frå boka: Sandnes i bilder (1951).

Frå tidleg på 1900-talet engasjerte kvinnene seg sterkt i helsearbeidet. I åra etter 1902 vart tuberkulosearbeidet det viktigaste satsingsområdet for den nasjonale sanitetsforeininga, NKS, stifta 1896. Dei følgjande åra vart det danna sanitetsforeiningar i alle byane og i dei fleste bygdene i fylket. Lokalforeiningane tilsette sjukepleiarar til stell av tuberkulosesjuke i heimane. Men sanitetskvinnene gjekk vidare. Dei bygde både sjukehus og fleire kvile- eller rekonvalesensheimar for tuberkulosesjuke.

I Rogaland hadde til dømes dei to sjukehusa deira, Kopervik sykehus og Haugesund revmatismesykehus, også avdelingar for tuberkulosesjuke. Etter at tuberkulosen gjekk tilbake, engasjerte sanitetskvinnene seg mellom anna i arbeidet for folk med revmatiske lidingar. Sanitetsforeiningane dreiv dessutan fleire fødeheimar og helsestasjonar for mor og barn. Haugesund Sanitetsforening og Stavanger Sanitetsforening var mellom dei mest aktive foreiningane i landet på desse områda. Foreiningane engasjerte seg også i sjukepleiarutdanninga og i fleire typar førebyggjande helsearbeid.

I 1925 opna Kopervik Sanitetsforening eige sjukehus i Kopervik, det første og einaste på Karmøy. Sjukehuset fekk tilbygg i 1930 og eiga tuberkuloseavdeling. I slutten av 1950-åra hadde sjukehuset 18 senger.Foto: Ukjend. Statsarkivet i Stavanger.

Her ser me personalet i 1930. Foto: Ukjend. Statsarkivet i Stavanger.
Her ser me personalet i 1930. Foto: Ukjend. Statsarkivet i Stavanger.

I 1957 opna Haugesund Sanitetsforening det store revma-tismesjukehuset sitt ved sida av Haugesund Sykehus. Hauge-sund Sanitetsforenings Revmatismesykehus var det største spesialsjukehuset på dette området utafor Oslo og hadde også eiga tuberkuloseavdeling.

Dette postkortet viser sjukehuset som nytt med det kommunale sjukehuset til venstre. Foto: Jensens Foto. Karmsund Folkemuseum.
Dette postkortet viser sjukehuset som nytt med det kommunale sjukehuset til venstre. Foto: Jensens Foto. Karmsund Folkemuseum.

Frå slutten av 1800-talet skjedde det ein sterk vekst i folketalet. Dette førte også til ein tilsvarande vekst i både offentlege og private helsetilbod. I andre halvparten av 1800-talet fekk Haugesund eit lite privat sjukehus, Vårsildavgiftsfondets Sykehus, eit tilbod for dei mange fiskarane som kom til Haugesund-området i fiskesesongen. I 1926 fekk Sauda eige sjukehus som smelteverksbedrifta åtte.

Mellom dei private foreiningane merka Nasjonalforeningen for folkehelsen seg ut. Foreininga vart stifta i 1910 og hadde tuberkulosearbeidet som hovudoppgåve dei første åra. Lokalforeiningar i fylket, privatpersonar og også organisasjonen Røde Kors dreiv mellom anna rekonvalsesensheimar for tuberkulosesjuke eller kuranstaltar for folk med revmatiske lidingar. Røde Kors Sanatorium på Hiimsmoen og Stavanger Tuberkuloseforening sitt sanatorium på Lindum var velkjende tuberkuloseheimar i si tid. Kyrkje- samfunn utanom statskyrkja dreiv spesialsjukehus og kuranstaltar. I Stavanger hadde den katolske kyrkja sjukehus, og i Haugesund dreiv adventistsamfunnet tidleg eige kurbad.

Frå Stavanger Sanitetsforenings sykepleieskole. Foto: W. Eide. Stavanger Sanitetsforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.
Frå Stavanger Sanitetsforenings sykepleieskole. Foto: W. Eide. Stavanger Sanitetsforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.
Kvinne-klinikken låg også på eigedomen til sanitetsforeninga i Madlaveien 13. Foto: W. Eide. Stavanger Sanitetsforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.
Kvinne-klinikken låg også på eigedomen til sanitetsforeninga i Madlaveien 13. Foto: W. Eide. Stavanger Sanitetsforenings arkiv. Statsarkivet i Stavanger.

Dei to siste fotografia frå om lag 1950 viser elevar under opplæring på ein av sengepostane og sjukepleiarar på barselavdelinga.

St. Svithun katolske menighet etablerte seg i Stavanger i 1894 og vigsla både ny kyrkje og sjukehus i 1898. Biletet frå rett etter 1950 viser San Fransiscus Hospital i Stavanger til venstre og den vesle kyrkja i dragestil før ho vart ombygd i 1950-åra. Dette katolske sjukehuset var eit spesialsjukehus for øyre-, nase- og halslidingar. Foto: O. A. Ellingsen. Statsarkivet i Stavanger.

Dei mange sanitetsforeningane og andre private foreiningar engasjerte seg sterkt i tuberkulosearbeidet etter 1900. Her ser me sanatoriet eller rekonvalesensheimen ”Sportsheim” på Fjermedal i Bjerkreim som styret for Stavanger Tuberkulose-fond kjøpte av legatmidlar i 1904. Heimen hadde plass til 17 pasientar frå Stavanger. Foto: E. H. Torjusen. Dalane Folke-museum.

Også privatpersonar etablerte sanatorium tidleg på 1900-talet. Eitt av desse var Dr. Eriksens fysikalske dietetiske Sanatorium på Nærland i Hå (1927-1931). Denne institusjonen kunne tilby eit for den tida moderne behandlingstilbod for folk med revmatiske lidingar. Dei to bileta viser ein av pasientane saman med tilsette ved sanatoriet kring 1929 og interiør frå eit av dei fysikalske behandlingsroma i tilknyting til badeanlegget ved institusjonen.

Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Privat. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Privat og K. Viljugrein. Statsarkivet i Stavanger.
Foto: Privat og K. Viljugrein. Statsarkivet i Stavanger.

I 1960- og 1970-åra overtok fylkeskommunen heile eller berre driftsansvaret for mange av dei tidlegare kommunale og private helseinstitusjonane i fylket. Mange slike institusjonar var også nedlagde då, til dømes alle tuberkulosesanatoria.

Frå 1. januar 2002 overtok så den norske staten dei offentlege sjukehusa som fylkeskommunen hadde ansvaret for. Noreg vart då delt inn i fem regionale helseregionar som fekk ansvaret for alle norske sjukehus. Helse Vest er ein av desse fem regionane. Regionen dekker Sogn og Fjordane, Hordaland og Rogaland fylke. Sjukehusa i regionane er organiserte i administrative einingar eller helseføretak (HF). Alle helseinstitusjonane i Rogaland er no samla i Helse Stavanger HF som dekker Sør-Rogaland, og i Helse Fonna HF som dekker Nord-Rogaland og Sunnhordland.

Sentralsjukehuset i Rogaland (SiR) er i dag hovudsenter for Helse Stavanger HF. Totalt har Helse Stavanger HF om lag 5 300 tilsette. Yrkesgruppene spenner frå legar og sjukepleiarar til radiografar, bioingeniørar og miljøarbeidarar. I dag finst det om lag 130 ulike yrkesgrupper i organisasjonen. Denne store helseorganisasjonen er også den største arbeidsgjevaren i distriktet.

Kart-over-sjukehus
Kart over sjukehus og helseinstitusjonar

Statleg opphav:
-Stavanger Hospital (Magnus Lagabøtes/biskop Torgils): 1272 –
Sjå kommunale sjukehus nedanom
-Radesykehuset i Stavanger: 1773 – etter 1814

Fylkeskommunale sjukehus:
Amtsjukehuset på St. Pedersgjerde: 1843-1928
Rogaland sykehus (SiR): 1928-
Dale Asyl/Rogaland psykiatriske sykehus: 1913 -

Kommunale sjukehus:
Stavanger Hospital (Den kombinerede Indretning): 1786, 1814 og 1843-1898
Stavanger sykehus: 1898 – ca. 1976 (til SiR)
Sandnes sykehus: 1913 -
Egersund Sykehus: 1880 –
Haugesund kommunale sykehus: 1889-

Sjukehus som tilhøyrde den katolske kyrkja:
St. Fransiscus Hospital i Stavanger: ca. 1895 -
St. Fransiscus Hospital i Stavanger: ca. 1895 -

Sjukehus som tilhøyrde/tilhøyrer lokalforeningar av NKSF:
Kopervik sykehus: 1925-ca. 1960
Haugesund revmatismesykehus: 1957 –
Sjukehus som tilhøyrde/tilhøyrer lokalforeningar av NKSF:
Kopervik sykehus: 1925-ca. 1960
Haugesund revmatismesykehus: 1957 –

Sjukehus som tilhøyrde privat bedrifter eller organisasjonar:
Sauda sykehus (EFC Ltd): 1926 -

Tuberkuloseheimar:
Tuberkuloseheimar som tilhøyrde fylkeskommunen:
Nedstrand tuberkuloseheim: 1915- ca. 1940
Skåland tuberkuloseheim/sanatorium: 1932- ca. 1955.

Tuberkuloseheimar/rekonvalesensheimar som tilhøyrde private eller lokallag NKSF:
Ramsvig (Stavanger Sanitetsforening) i Hetland/Stavanger
Saudasjøen i Sauda (NFFH?)
Juvåsen i Sand (Suldal) (NFFH)
Lindum i Suldal (NFFH)
Fjermedal i Bjerkreim (privat rekonvalesensheim)

Kopervik sykehus og Haugesund Revmatismesykehus hadde tuberkuloseavd. dei første åra

Revmatismesjukehus/sanatorium i privat eige:
Haugesund Kurbad (adventistsamfunnet)
Jæren fysikalsk-dietetiske badesanatorium 1927-1931

Fødeheimar:
NKSF - Fødeheimen på Bryne
NKSF-Klinikken i Stavanger