Kokebok-Langballe
Utsnitt av kokeboka (Statsarkivet i Stavanger, privatarkiv nr. 1464 – Langballe, Hulleborg).

Fruentimmer Kaage- og Farvebog

Kven skulle vel tru at denne unnselege og velbrukte boka inneheld både gamle mat- og fargeoppskrifter? Sjå døme på meny frå tidleg på 1800-talet, oppskrift på såpe og ulike slag julebakst.

Kogebok-Langballe-forside
Statsarkivet i Stavanger/ privatarkiv nr. 1464 – Langballe, Hulleborg.

Den vesle boka har formatet ca. 15 x 10 x 2 cm. Omslaget er av brunt, blankt, muligens voksa, tjukt papir i to lag. Boka er sydd saman med tråd som truleg har vore blå. Etter eit litt omflakkande tilvære vart oppskriftsboka gjeve som gåve til Statsarkivet i Stavanger. Den er no etablert som privatarkiv nr. 1464 – Langballe, Hulleborg.

Kven var Hulleborg Langballe?

Hulleborg Langballe var fødd 1771 i ein velståande borgarfamilie i Stavanger og døydde 1847 i Nedstrand. Foreldra var gullsmed Anders Hansen Smidt og Anna Margretha Isaksdotter Krass.

Postkort-Nedstrand
Frå bryggja på Nedstrand med det gamle sjøhuset til venstre. Dette postkortet er frå 1920-åra. Vel hundre år tidlegare låg heimen til fru Langballe i bakgrunnen her. Det finst ikkje fotografi av huset hennar (Foto: Ukjend. SAS 1982/27:55).

Hulleborg gifta seg 1792 i Stavanger med Hans Chistopher Langballe (1762-1843) frå Nedstrand. Også familien hans hadde slektstilknyting til embetsmanns- og borgarfamiliar i Stavanger. Hans Christopher overtok slektseigedommen med gardsbruk, gjestgiveri og landhandel ved bryggja på Nedstrand.

Det er ikkje kjent om dette var Hulleborg Langballe sine eigne oppskrifter, eller om dette er ei samling avskrifter frå ei eller fleire trykte koke- og fargebøker. Fleire ting tyder på at boka ikkje er ei direkte avskrift frå ei eller fleire andre bøker. Eldste son til Hulleborg, Mechael, skreiv nemleg på tittelbladet at boka var Reenskrevet for Min Moder. Om dette var ei avskrift frå ei eller fleire trykte bøker, ville han truleg formulert seg på ein annan måte. Dessutan er oppskriftene innskrivne på ein litt tilfeldig måte i boka.

Kanskje var det Maren Sophie, eldste søster til Mechael, som overtok boka. Ho skreiv i alle fall namnet sitt på tittelbladet fremst. I koke- og fargeboka er det også nokre oppskrifter med ei anna handskrift enn Mechael si, og ei oppskrift som ein tredje person har ført inn. Kanskje er dette handskrifta til søstera?

Grua-paa-prestegarden-i-Klepp
Grua på kjøkkenet til Hulleborg Langballe var nok ikkje ulik den store grua frå 1793 på prestegarden i Klepp. Stampekinna til høgre fanst nok også hos fru Langballe, men ikkje jernkomfyren i grua. Denne kom nok på slutten av 1800-talet. Dette fotografiet er frå om lag 1932 (foto: Gunnar Wareberg. SAS PA 156 - Gunnar Wareberg).

Bygningane til Landkremer Langballe på Nedstrand var dei første i Ryfylke som vart branntakserte. Dette vitnar om at denne eigedommen representerte store verdiar. I 1802 hadde Langballe-familien sju bygningar og ei stor tømmerbryggje med fiskebrønn under. Bygningane var to store våningshus, det eine i to etasjar, eit stort bryggerhus, ei rullebu, eit stort tre-etasjes pakkhus/sjøhus, driftsbygning med fjøs, korn- og høyløe og eit båtnaust. Både bryggja og pakkhuset/sjøhuset var bygde på tømra bolverk på sjøen. Pakkhuset/sjøhuset var den gamle tollbua på Nedstrand frå den perioden på 1600-talet då Nedstrand var eigen tollstad.

Branntakst-1802-side-207b-208a
Branntakst. Kjelde: Branntakstforretning paa Landkremer Langballes Huse på Nedstrand den 26. nov. 1802. Sorenskrivaren i Ryfylke, tingbok 1, 1798-1806, fol. 207b-208a.

 Avskrift branntakst Langballes hus på Nedstrand

 

 

Oppskriftsboka er todelt og inneheld 177 tettskrivne sider. Matoppskriftene, 114 i alt, finn vi på dei første 93 sidene. Siste del inneheld 82 oppskrifter på farging av ulike typar stoff og garn. Boka har alfabetisk register for begge delar.

Kokebok-Langballe-register-mat
Blant matoppskriftene finn vi ulike typar supper, middagsrettar, dessertar, småkaker, terter og liknande. Dette var truleg oppskrifter som vart brukt i selskapssamanheng i dei øvre sosiale lag på landet i denne perioden. Oppskrifter på vanleg husmannskost som til dømes flatbrød finn vi ikkje. Slik mat vart nok ete til kvardags hos familien Langballe også. Verken stua hummer eller appelsinkompott var å finne på bordet i ein vanleg heim i Ryfylke på denne tida, men kanskje som selskapsmat i Langballes hus? Til selskapsmaten skulle det vere fin drikke, og blant dei siste matoppskriftene finn vi framgangsmåten på å lage likør og blåbærvin.
Kokebok-Langballe-register-farging

Husmora hadde også ansvar for klede og tøy i hushaldet. Framgangsmåten på farging av ullstoff og garn dominerer i denne delen av boka. Til dagleg brukte folk mest tøy av ull på denne tida, truleg også i dei øvre lag av befolkninga. Men vi finn også ein del oppskrifter på farging av silke, bomullslerret og litt lin. Blant oppskriftene på farging av tøy eller garn er det flest på fargane raud og blå. Brun blir også brukt ein del, like eins svart, gult, grått, grønt og lilla. Boka skildrar også fremgangsmåten for vasking av finare tøy, som farga silkestrømper, -tørkle og -band, samt damask og taft. Folk  trong såpe til klesvasken då som no, og på side 161 finn vi ”Opskrift paa Sæbe at Kaage”.

Menyen består av forrett, hovudrett med dessert, litt ”snop” og ei terte til kaffi. Vi har satt opp menyen etter eige skjønn. I tillegg har vi valt litt spesielle oppskrifter, som til dømes gulrøter tillaga som konfekt til kaffi. Dessutan har vi valt ingrediensar som er heilt vanlege i dag, men som på byrjinga av 1800-talet truleg var ganske eksotiske for vanlege folk, nemleg appelsinar. Appelsinkompott var utan tvil både luksuriøst og ukjend. For folk flest var nok omgrepet dessert også ukjend.

Kokebok-Langballe-side-32-33

Forrett: Postey med Kyllinger

Tag 1 pd Kiød, 2 pd Tælle, 4 hvedeknopper, Neliker, Muskat, Salt, og Æggeblommer, det æltes op med 5 pd Meel, paa Bunden strøes med Mørkler og Trøfler, Negliker, Citronskiver, Muskat og Saldt, og Kyllingerne krympes og lægges deri, saa lægges Dejen derovenpaa, og gives Lufft, Kraaserne smørres med Løg, Smør, og lidt Meel, og Bullion derpaa med en Visk Petersille, 1 pot Vin og Muskateblommer, og jævnes med Æggeblommer, dog at det ikke kaager thi saa skilles det ud og held det i Posteyen.

Kokebok-Langballe-side-68-69

Hovudrett: Sursteg

Man tager et stykke oxsekjød og slaaer Ædike paa, og snur og vænder det gjevnlig, og naar man vil bruge det saa slaaer man det aldt sammen op i en gryde med van paa, og speer det lidt efterhaanden, lidt Laverlerblade og naar den er kaagt brunes den i Smør, man tar lidt af Sausen før man Bruner den, og saa tar man peberlage og River, og har til gjevning og lidt skaaren Leemon deri saa er den færdig. 

Kokebok-Langballe-side-34-35

 Dessert: Compot af Abelsiner

Skjær Abelsinerne midt igjennem og Tag Kjernerne ud, Tag saa et godt stykke Sukker, ½ potte Fransk Brændevin, 3 a 4 stykker heel Kaneel, set det paa Ilden med Abelsinerne, og lad det faae et godt opkaag, tag saa Abelsinerne op, og Ret dem an paa et Porcelains Fad, og slaa Suppen over med Caneel.

Kokebok-Langballe-side-36-37-1

Til kaffi

At Preparere Gulerødder til Confect

Guulerødderne bliver Skaarne smaa, dereffter lagt i Vand, en Time, siden kogt indtil de bliver gandske mør, dereffter slaas Vandet ganske af dem saa der er indtet mere tilbage. Til 1 pd skaaren Rødder 1 pd Sukker, Skallen af 3 Sitroner som bliver skaaren gandske fin, eller smaae, Saften bliver trøkket paa Sukkeret, derpaa Tages Rødderne og legges til Sukkeret og kaages væl til sammen omtrent en Time.

 

Krukan-Taerte

Krukan Tærte

Dertil tages 3 a 4 Ægge Viider og Meel og brav smaat Sukker og vand og ældt det sammen som en Butterdej, da kand og have lidt udvasket Smør derudi, naar det er udruldet som en Tærte Dej, Smør saa et Fad under Bunden og leg Dejen derpaa og skær det i Blomster ud aaver Fadet, Steeg det paa Tærte Panden paa Fadet mæd maadelig Varme.

Krukan-Taerte

Hiorte Tag

Tag 4 a 8 Æggeblommer, bra Sukker stødt Caneel, Cardemome, lidt Sød Fløde de kan og have viderne, af Æggene og ældt det i en Dæj mæd Meel, Ruld det ud og Skjær Tagger deri, og bag slet i afklaret Smør.

Koekobok-Langballe-side-16-17

Mandel Snitter

½ pd Mandler som er afskallet og Stødte meget fiine, kom lidt Vand paa dem at de ej oljer sig, naar de Stødes, Vrj dem saae af, Tag Meel Sukker og Smør af vert slag, lige saa meget som der er Mandler, Riv skallet af en Lemon og kom der i blandt, gjør saa en Dej deraf, og naar den er væl ælted gjør saa en lang Rulle der af, Skjer den i Stykker, Toe finger Bred og 1 finger høj, sæt det saa paa en Plade, dog at der bliver Rum i mellem dem at de kand hæve sig, siden sættes de i TærtePanden og lader den Steges med Langsom Ild til de ere lyse Brune.

Brune Makroner

1 pd Mandler som ej maa Skolles men væl aftørres, og skaaren ganske fiine, Tag saa 1 pd Top Sukker og Stød ganske fiindt, og det maa Sigtes, og 1 lod Urter af hver sort til sammen, Tag saa 6 eller 5 Ægge hvider ligesom de ere storetil, og slaae dem vel i Frøe, Tag saa Urterne, og Sukkeret opi, og Rør væl aldt dette tilsammen, lad den saa steeges paa langsom Ild.

Gaase Halser

Tages 1 pd Stødte Mandler 1 pd Sigtet findt Sukker, som Røres paa et Fad eller mod en Pande paa Ilden indtil det slipper Fingrene, saa i lades 3, væl i Frøe slagne Ægge Vider og om Røres væl, da sættes det atter paa Ilden dog ej længe, saa Trilles det ud naar det er Koldt, og bages i TertePanden og deraf faaes 140 Stk. 

Kokebok-Langballe-side-56-57

Opløben Sukker

Tag for 8 s: i Gummi Dragant 3 Lod Rosen Vand, sætt dette i blød om aftenen, tag saa og Vri det igjennem en tynd Dug den anden Dag, kom det saa i Malm Morteren, kom en halv Ægge Viide dertil, tag saa fint vit Sigtet Sukker og stød det saa lenge og hav stædse Sukker i til det bliver saa tykt man kan ælte det, kom det saa paa Bage Bordet og Rulle det ud med et Tærte Kjøvle, som en liten halv Finger, tryk det siden ud med smaae Former, og kom Sukker paa Papiiret og steeg det i Tærte Panden med langsom Ild.

Bronkede Mandler

Tag ½ pd Søde Mandler tør dem væl i et Klæde, tag saa en Pægel Vand, 1 1/2 Fierding Viidt Sukker, sæt Sukkeret og Vandet paa Ilden lad det faae et opkaag, saa Mandlerne deri og Røer dem bestandig, til det er næsten tørt, tag det saa af Ilden og kom stødt Caneel og lidet Nellicker deri, og bliv bestandig ved, sagte at Røre det til det er kaaldt.

Fleire kakeoppskrifter frå boka

Hulleborg og mannen, Hans Christopher, fekk til saman åtte born. Fem av dei levde opp. I folketellinga 1801 var Hulleborg 29 år gamal og mor til fem born i alderen eitt til sju år. Dei to minste var tvillinggutar. Den eine av desse døydde året etter. Daarthe Langballe, den 72 år gamle tanta til Hans Christopher, budde også i huset, forutan to tenestejenter. Det var eit stort bustadhus som skulle haldast i orden. Branntakstforretninga frå 1802 fortel blant anna om eit gjestgivarhus med ti rom i tillegg til fleire mindre bygningar på eigedomen. Før jul hadde nok Hulleborg det ekstra travelt, sjølv om ho hadde hjelp til å gjere ein del av arbeidet. Det var mykje som skulle planleggjast og førebuast, både når det gjaldt reingjering, mat, klede og tekstilar.

Vi kan sjå av oppskriftene i den vesle boka at gjeremåla var både annleis og meir tidkrevjande på den tida enn i dag. Såpeoppskrifta nemnde vi så vidt innleiingsvis. Å lage såpe kunne ta over ei veke. I tillegg kravde ho heilt spesielle ingrediensar, nemleg hønse- eller endå betre, dueskarn! Dette var rett og slett hønse- eller dueskit! Vi finn også oppskrifter på korleis såpa skulle brukast. I Hulleborg si oppskriftsbok skil ein både mellom klesplagg og materialtypar. Silkestrømper skulle vaskast etter éi oppskrift. Til ”Damask og Taft samt alleslags Colleurede Silke Tørklæder og baand” skulle ein bruke ei anna. Kanskje var det enklast å vaske høgraudt ulltøy. Då brukte dei både silt ”Hvedeklid Vand og Brændevins Drank”!

Saapeoppskrift

OpSkrift paa Sæbe at Kaage

Tag en Tønde Aske som er brændt af Ener, eller Ege Veed, tag 10 Vasbøtter Vand kaag den saa Stærk at der kan flyde et Eg paa Luden, vil man ikke kaage den kand man sætte den i 9 Dage og Netter kan det være det samme som den er kaagt, vil man kaage den skal man tage En Fjerding aske til hver Gryde som holder en halv tynde naar den er kaagt, øs den i et Kar med samt aske og aldt Lad den staae i en Nat saa kan man kaage Sæben, tag saa den klare Luud af, kom den i Gryden; til hvær Vasbøtte Lud, tages 2 Marker Talg, den tredje part af Luuden skal Kaages bort føren man kommer Talgen i Gryden; 1 1/2 kande kalk til en halv tøn Aske, man maae røre den væl saa kan man prøve den i en Skaal, staar der Lud under da spees den med Vand naar den har først kaagt i 2 heller 4 Timer, en liden Skaal med Hønse Skaren har man Due Skarn er det bedre.-

Vask-av-silkestroemper

At Vaske Silke Strømper af alle Slags Farver

Man tager 2 lod finskrabet Venethiansk Sæbe, 3 Potter Regn Vand og lader det kaage 1 qvarters Tiid i en Nye potte. Derpaa tager man det af Ilden og kommer ½ lod Canari Sukker derudi, og rører det væl i blant hinanden, indtil det bliver som et klart Skum. Siden vasker man dermed efter behag.- Først tager man Strømperne Dypper dem i Vand, og gjør dem ganske Vaade over aldt; siden tager man Fodsaalen og saavidt af Strømpen, som gaaer ned i Skoen, og udtoer samme reent; først i kaaldt Vand, siden i det varme Sæbe Vand, naar det er skeed vasker man den ganske Strømpe i Sæbe Vandet, som ikkun maa være lunket, og gnider den ganske subtil i mellem Hænderne, indtil alureenhed er borte.- Derefter udvasker man den i reent Lunket Vand, og udskyller den i færskt Vand, saa at Sæben kommer væl derudaf, trykker saa vandet væl af dem, men passer paa at man ikke Vri dem; Siden trækker man dem glat udfra hinanden, paa det at den bagerste Søm kan komme vel i Midten, og tørrer den i Skyggen saaledes, at de enda bliver lidet fugtige.- Tilsidst Dækker man Dem glat til med linnede Klæder, og Ruller dem paa Valke Træe, eller Rulle, saa faar de sin glans igien, man kan og Dyppe Dem i Prinsesse eller Smals Blaadt.-

Damask og Taft, samt alleslags Colleurede Silke Tørklæder og baand at Waske.

Først tager man ½ lod fin Gummi Tragant støder den i en Morter og kommer den i en skaal, paa samme slaar man en pot Varmt Vand, og lader det staae i nogle Tiimer. Dernæst tager man 2 lod finskrabet Venetiansk Sæbe og 4 lod færsk Vand, lader det kaage tilsammen en halv Timestiid i en reen Potte / og setter det saa af Ilden.- Videre tager man en halv skee fuld klar Honning og det vide af et Eg, hvilket man rører tilsammen, og slaar op i det varme Sæbe Vand, og rører det væl i blant hinanden, indtil det bliver lutter Skum saa er Sæbe vandet færdigt.- Det som man nu vil Vaske maa man først Dyppe i reent Vand, udbredes dereffter paa et Glat Bord, og væl afstryge det med Sæbe Vandet med et Støkke vidt Flannel paa begge sider, saa at al urenheden kan komme reent derudaf.- Siden afstryger man det med reent Vand og udskyller det i færsk koldt Vand udtrykker Vandet deraf, uden at vride det, og trækker det Glat ud.- Derefter lægger man det paa et Linnet Klæde med den rette Side, og overstryger det med den flade haand med formelte Gumi Tragant og lader det tørres i Skyggen. Tilsidst lægger man det i mellem linnede Klæder, og ruller det saa faar det en smuk Glans.-

Vask-av-Damask-og-taft

Høye Rødt Ulden Toy at Waske

Dertil tager man afkaagt og jgjennem sjil Veedeklid Vand og Brændeviins Drank, og toer Tøyet derudj. Det merkes, at alt hva som er Syrligt, er godt at toe Høyerødt udi Derefter udskylles det i færskt Vand.-