Elmina castle
Elmina Castle. Foto: Jon Olav Hove.

Dei vestindiske øyane og den dansk/norske slavehandel

I 1917 selde Danmark sine tre vestindiske øyer til USA. Dermed var ei 250 år lang kolonitid i Vestindia avslutta. Nordmenn og norske interesser var tydeleg til stades i koloniane, både som sjøfolk, handelsmenn og kolonistar. Ved sidan av spennande historier om handel og kolonisering er dette også eit mørkt kapittel i dansk/norsk historie, som fortel om slavehandel og undertrykking. I denne artikkelen kan du lese om korleis trondheimske handelsmenn deltok i dette.

I 2017 markerer Danmark at det er 100 år sidan dei danske Jomfruøyane vart selde til USA. Gjennom desse øyane og gjennom fort og slott på den såkalla Gullkysten i Vest-Afrika var Danmark-Noreg vore del av eit atlantisk økonomisk, politisk og kulturelt system som i stor grad var basert på den transatlantiske slavehandelen.

I samband med jubileet har Rigsarkivet i Danmark digitalisert alt arkivmaterialet knytt til Vestindia, eit materiale som kastar lys over dansk-norsk slavehandel og slaveri. Det finnes imidlertid også arkivmateriale i norske arkiv som kan kaste lys på den norske tilknytinga til det atlantiske systemet. Denne artikkelen vil presentere nokre slike kjelder frå Statsarkivet i Trondheim.

Den transatlantiske slavehandelen er namnet me har gitt til handelen med menneske over Atlanterhavet mellom 1500- og 1800-talet. Det var lenge uvisst kor omfattande denne handelen var: I det tidsrommet handelen føregjekk var det ingen som hadde overblikk over det totale omfanget. Imidlertid har nyare datateknologi gjort det mogleg å gjere godt kvalifiserte overslag. Gjennom prosjektet «The Trans-Atlantic Slave Trade Database» er 36 000 sjøreiser med menneske som handelsvare registrert. Dette gir grunnlag for nye og solide tal på omfanget til slavehandelen. I alt reknar ein med at minimum 12.5 millionar menneske vart tekne om bord i skip langs kysten av Vest-Afrika. Av desse kom om lag 10.5 millionar menneske fram til ulike stadar i Amerika. Dette betyr at om lag 2 millionar menneske døydde under overfarten over Atlanterhavet.

Menneska som vart gjort til slavar kom i hovudsak frå ulike stadar i Vest-Afrika, frå Senegal i nord til Angola i sør. Fram til slavane kom til kysten var slavehandelen afrikansk: Afrikanske politiske og økonomiske elitar tok menneske til fange og selde dei vidare til europeiske handelskompani som opererte frå kysten av Afrika. Det eldste europeiske fotfestet finn me i byen Elmina i dagens Ghana, der portugisiske handelsmenn i 1482 byrja å bygge Elmina Castle for å legge til rette for handel med gull og elfenbein. Den transatlantiske slavehandelen tok seg opp på eit seinare tidspunkt. I samband med etableringa av europeiske gruver og plantasjar i Amerika oppstod det eit stort behov for arbeidskraft. Denne arbeidskrafta importerte ein frå Vest-Afrika. På 1700-talet overskygga handelen med menneske andre afrikanske handelsvarer totalt.

Elmina castle
Elmina Castle, bygd i 1482 av portugisiske handelsmenn. Seinare overteke av Nederland og nytta som hovudkvarter for nederlandsk slavehandel. Kan besøkast i byen Elmina i Ghana. Foto: Jon Olav Hove

Danmark-Noreg var med i den transatlantiske slavehandelen. På 1650-talet vart eit dansk-norsk handelskompani skipa, og dette kompaniet etablerte seg på den såkalla Gullkysten. Over dei neste hundreåra kom og gjekk ulike dansk-norske kompani. Desse danna ulike fotfeste langs Gullkysten med utgangspunkt i slottet Christiansborg som ligg i det som i dag er hovudstaden i Ghana, byen Accra. Frå Christiansborg og andre fort forsynte dansk-norske handelskompani slaveskip med slavar. I hovudsak gjekk desse slavane til dei danske Jomfruøyane i Vestindia.

Christiansborg
Christiansborg, også kjent som Osu Castle, ligg i Accra, hovudstaden i Ghana. Slottet vart bygd av Danmark-Noreg på 1660-talet, og var hovudkvarter for dansk-norske slavehandel på Gullkysten. Foto: Jon Olav Hove

Nordmenn var involvert i det dansk-norske handelskompaniet på ulike måtar på alle nivå. Somme var investorar, slik som Ludvig Holberg. Thomas Angel var også ein liten investor i Vestindisk-Guineisk Kompagni. Mange nordmenn arbeidde også for handelskompaniet i Vest-Afrika, både som skrivarar, administratorar og soldatar. Fredrik Hyrum Svensli har til dømes skrive om to trøndarar som tenestegjorde som guvernørar på Christiansborg: Andreas Wellemsen frå Trondheim og Søren Schjeldrup frå Levanger. Nordmenn var også involvert som sjøfolk på slaveskip. Peter Wessel byrja til dømes si karriere som skipsgut på slaveskipet Christianus Quintus som segla frå København til Jomfruøyane via Gullkysten.Rekna i prosent var Danmark-Noreg ein relativt liten aktør i den transatlantiske slavehandelen. I faktiske tal er omfanget likevel betydelig. Mellom 1600- og 1800-talet vart om lag 100 000 menneske mot sin vilje tekne med dansk-norske skip til Amerika. Av desse døydde i overkant av 15 prosent under reisa over Atlanterhavet. Den dansk-norske slavehandelen var på sitt største mot slutten av 1700-talet. I 1792 vart det kunngjort at om 10 år ville slavehandel bli ulovleg i Danmark-Noreg. Dette leia til ei nær dobling av talet på menneske skipa ut frå Gullkysten som slavar i dansk-norske skip. Forbodet mot slavehandel som vart innført i 1803 leia ikkje til nokon umiddelbar stopp. Mellom 1803 og 1806 veit me at minst 1 275 menneske årleg vart tekne til Amerika.

Den transatlantiske slavehandelen var del av eit større atlantisk system som ofte vert omtala som trekanthandelen. Slavane som vart skipa til Amerika arbeidde i gruver og på plantasjar der dei produserte varer, slik som sølv, tobakk, bomull og sukker, som vart eksportert til Europa. Frå Europa vart ulike produkt eksportert til Afrika som betaling for slavar. Dei europeiske produkta inkluderte våpen, tekstilar, jern og kopar. Trondheim var involvert i dette atlantiske systemet, noko ulike typar kjelder i Statsarkivet i Trondheim illustrerer.

Slavane som vart skipa til dei danske Jomfruøyane St. Thomas, St. Jan og St. Croix arbeidde i hovudsak på sukkerplantasjar. Råsukkeret desse slavane produserte vart skipa til København der det vart raffinert til ulike typar sukker. På 1750-talet vart København sitt monopol på sukkerraffinering oppheva, noko som betydde at også norske byar kunne få høve til å danne sukkerraffineri. Bergen og Halden var begge tidleg ute med å skaffe seg privilegium som sikra monopol på sukkerraffinering i sine landsdelar. I tillegg tok tollforpaktar og justisråd Hans Ulrich Møllmann initiativ til å danne raffineri for Trondheim, og i 1752 sikra han seg privilegiet for å produsere sukker for Trondheim by og stift. Han fekk med seg Hans Horneman, og desse vart saman hovudinvestorar i «Sukkerhuset» som vart bygd på Kalvskinnet.

Sukkerhuset
Sukkerhuset, som vart bygd på Kalvskinnet i Trondheim på 1750-talet, er eit av dei eldste industribygga i landet. Bygningen ruvar framleis i bybildet. Foto: Jon Olav Hove

Sukkerhuset stod ferdig i 1754, klar til produksjon av raffinert sukker, sirupar og andre sukkerprodukt. Sukkerhuset si rekneskapsbok for perioden 1753 til 1769 er bevart i Statsarkivet i Trondheim. Denne boka gir eit rikt innblikk eigarskap og drift i etableringsfasen. For å finansiere oppføringa av Sukkerhuset og andre tilhøyrande hus, innkjøp av råsukker og start av produksjon vart det danna eit selskap og utferda 300 partar eller aksjar som kvar vart verdsett til 200 riksdalar. Aksjane vart fordelt på 53 investorar. Møllmann og Horneman var dei største eigarane med 60 og 50 aksjar kvar. Andre betydelige investorar var i hovudsak nære slektningar av desse, slik som Møllmann sin svoger Hilmar Meincke, og sønene til Horneman, Gerrit og Henrik. Utanom desse var Thomas Angell og Johan Mangelsen dei største investorane med 10 aksjar kvar. Det var også mange småaksjonærar. Av til saman 53 aksjonærar eigde 32 berre ein eller to aksjar.

rekneskapsbok Sukkerhuset
Sukkerraffinering var god forretning. Dette bilete frå Rekneskapsboka til Sukkerhuset syner ein oversikt over samla inntekter og utgifter for 1757. I kolonna «Andre Udgivter» i april dette året vart det utbetalt utbytte på 6000 Rigsdaler, noko som tilsvara ti prosent av den opphavlege investeringa i raffineriet.

Rekneskapsboka syner vidare at Sukkerraffinering var god butikk. Første utbytte vart utbetalt til eigarane i 1756, og året etter vart det utbetalt 6000 riksdalar i utbytte. Dette tilsvara 10 prosent av den opphavlege investeringa. Utbyttet heldt seg stabilt, og me kan rekne med at heile investeringa var tent inn på 1770-talet. Sannsynlegvis har utbyttet også halde seg stabilt høgt fram til 1800-talet. Frå 1816 og utover forsvann imidlertid fortenesten grunna konkurranse frå utanlandske raffineri. Sukkerraffineringa heldt fram til 1850-talet, då Sukkerhuset vart kjøpt av E.C. Dahl som etablerte sitt nye bryggjeri i det gamle raffineriet.

Gjennom Sukkerhuset var Trondheim del av det atlantiske systemet der slavehandel og slaveri var bærebjelkar. Materiale i Statsarkivet syner imidlertid at byen var knytt til det atlantiske systemet på andre måtar også. For å sikre tilgang på råsukker danna til dømes ei gruppe handelsmenn i Trondheim eit selskap for «den Westindiske Handel». Rekneskapsboka til dette selskapet, samt instruksar til kapteinar, syner aktivitetane til dette selskapet. Investorane i selskapet var Møllmann og Horneman som saman med sine slektningar eigde halvparten av aksjane. Andre aksjonærar inkluderte Thomas Angell og Peter Fredrik Suhm som til saman eigde ein fjerdedel av selskapet. Mellom 1759 og 1764 sende selskapet tre skip på til saman seks reiser til Vestindia. Skipa gjekk først til Flensburg der dei tok inn varer som var nødvendige og etterspurte i Vestindia. Skipa kom tilbake til Trondheim med råsukker og kaffi.

rekneskapsboka til det West-Indiske selskap
I Statsarkivet i Trondheim kan ein finne delar av rekneskapet til det «Tronhiemske Westindiske Compagniet». I boka får ein også innblikk i kven som investerte i selskapet, og korleis reisene over Atlanterhavet vart organisert.

På 1780-talet og utover på 1800-talet tok sjøfarten mellom Trondheim og Amerika seg igjen opp. Etter kvart gjekk ikkje skipa berre til Vestindia, men også til Nord-Amerika der ein tok med tobakk frå Virginia tilbake til Trondheim. I Statsarkivet i Trondheim kan ein finne brev til og frå kapteinar på desse reisene.

Rolf Dirichsen frå St. Croix
I 1759 reiste skipet «Susanna» til St. Croix via Flensburg. Skipper Rolf Dirichsen, som kom frå Trondheim, skreiv i mai 1760 brev til sin patron, Hans Horneman, frå St. Croix. Han kan mellom anna melde at reisa frå Noreg til St. Croix til saman tok 63 dagar, og at reisa «hvilket Gud at takke, var baade snar og lykkelig». Brevet er å finne i Statsarkivet i Trondheim.

Det har i Trondheim også vore fleire initiativ til foredling av tobakk gjennom tobakkspinneri. I tillegg var fleire handelsmenn i byen var involvert i import av tobakk. I Statsarkivet er det, i importsøknader, bevart fleire gamle «tobakkslogoar». Det har i den siste tida blitt lettare å sette seg inn i kva varer som var etterspurde i Trondheim og Trøndelag: Prosjektet Historiske toll- og skipsanløpslister har transkribert og standardisert vare- og skipsanløpslister frå norske tollstader i utvalde år på 1700-talet. Dette materialet opnar for nye spørsmål. I kva grad var til dømes kopar frå Røros nytta som betaling for afrikanske slavar?

Kolasj Tobakk-logoer
I mappa «Trondheim Magistrat Fe. 21: Tobaksfabrikasjon og sal 1778-1786» i Statsarkivet i Trondheim kan ein finne fleire døme på «logoar» til tobakkshandlarar i byen.

Kva visste ein så i Trondheim om det atlantiske systemet som ein var del av? Og kva syntes ein om slaveri og slavehandel? Ei lett tilgjengeleg kjelde til tankar og kunnskap på 1700-talet i Trondheim er digitaliserte utgåver av Adresseavisa tilgjengeleg gjennom Nasjonalbiblioteket. Dette materialet syner at ein i Trondheim var godt informert om slavehandelen og slaveriet i Vestindia. Vidare syner materialet at redaktørar i Adresseavisa var imot slavehandel og slaveri. I september 1803, kort tid etter at slavehandelen vart forboden i Danmark-Noreg, skreiv redaktør Willum Stephanson at ”Iblandt de Vederstyggeligheder, der endnu for faa Aar siden kuns kunde andbefales af Mennesketigre, men hvis Mishag nu snart igien røber Mangel paa god Tone, er Negerhandelen og Negerslaveriet.” Etter ei rekkje døme på brutaliteten knytt til slaveri og slavehandel konkluderte Stephanson:

”Naar man betænker denne Behandling af Mennesker mod Mennesker, kan man da undre sig over en Negers Svar til en Christelig Geistlig, der talte til ham om Straffene i det andet liv: ”Nei! Fader! For oss Negre er der Visset ingen Helvedeqval: den har vi lidt her; de Straffe ere kun for den Hvide, den Europæer, der saa grusom mishandler sine sorte Medbrødre” -!!”
redaktør i Adresseavisen, Willum Stephanson

Denne artikkelen har freista å syne nokre kjelder i Statsarkivet som syner Trondheim si rolle i det Atlantiske systemet. Desse kjeldene syner korleis Trondheim tidleg var del av eit globalt system, eit system der somme tente mykje medan andre tapte alt.  Med Rigsarkivet si digitalisering har kjelder til denne dela av Noreg si fortid blitt lettare tilgjengeleg. Forhåpentlegvis kan dette materialet også nyttast i samband med materiale i Statsarkivet. På denne måten kan me også få ei fullare forståing av Trondheim si globale fortid.

Jon Olav Hove, Førsteamanuensis
Institutt for historiske studier,
Norges teknisk-naturvitenskapelige universitet