ENG
Norske-skip-paa-alle-hav

Nortraship

Invasjonen 9. april 1940 gjorde det maktpåliggande å sikre kontroll med uteflåten som var ein verdfull ressurs for Noreg og dei allierte maktene.

Den norske handelsflåten var spreidd på alle hav og hadde segla i risikosoner alt frå september 1939. Nærare 400 sjøfolk og passasjerar og nesten 60 skip var tapt i kampane på havet før Noreg kom med i krigen.

Norske rederi- og handelsinteresser i London, og etterkvart Den norske regjeringa der, blei ganske snart samde om korleis handelsflåten skulle disponerast og organiserast. Den skulle framleis vere norsk- kontrollert. Ved mellombels føresegner 22. april og 18. mai 1940 blei flåten rekvirert til bruk for den norske regjeringa og dei allierte maktene. Skipsflåten skulle sikre forsyningar og fremje krigsoperasjonar. Beslaglegginga omfatta alle skip på 500 brutto registertonn eller meir som var innførte i norsk skipsregister og som ikkje alt var i den norske, britiske eller franske regjeringa si teneste. Frå mai 1940 gjaldt beslaglegginga alle norske skip og skipsbyggingskontrakter utanfor tyskkontrollert område.

 

Norske skip på alle hav, 9. april 1940. Flagga viser tilsaman 1024 skip. Kart laga til ei utstilling i London i 1940. Antakelig frå Nortraship, London.
Norske skip på alle hav, 9. april 1940. Flagga viser tilsaman 1024 skip. Kart laga til ei utstilling i London i 1940. Antakelig frå Nortraship, London. NTBs krigsarkiv RA/PA-1209/U/Uf/L0123/0002/0001

 

 

Etablering og organisering av statsreiarlaget Nortraship

I april 1940 blei det oppretta eit eige statleg reiarlag som skulle stå for sjølve rekvireringa og seinare drifta av skipa. Reiarlaget blei etablert i London og fekk navnet The Norwegian Shipping and Trade Mission (Nortraship). Det sorterte til å begynne med under Forsyningsdepartementet i London men blei overført Skipsfartsdepartementet same stad frå september 1942. Den norske handelsflåten var totalt på om lag 4.8 millionar brutto registertonn og 4 millionar av dei, tilsvarande omtrent 1000 skip, kom under Nortraship sin kontroll. Reiarlaget blei derved det største i verda.

Frå juni 1940 blei det oppretta eit sidestilt Nortraship-kontor i New York og dei to hovedkontora delte ansvaret for flåten seg imellom. Om lag 2/3 av skipa blei overletne Nortraship London medan Nortraship New York fekk hand om den resterande tredelen. Londonkontoret sine skip blei for det meste bortfrakta til British Ministry of Shipping, seinare Ministry of War Transport, medan New York-kontoret sine skip helst gjekk i fri fart, som regel linjefart. Den norske kvalfangstflåten blei også drifta av Nortraship, reiarlaget fekk kvalavdelingar både i London og New York. Dei to sidestilte Nortraship-kontora i London og New York fekk kvar 13 underavdelingar. Etter kvart blei det oppretta kontor over store deler av verda og då krigen slutta hadde Nortraship 2 hovedkontor med underavdelingar, meir enn 50 kontor omkring i verda og tilsaman meir enn 1000 medarbeidarar. Mellom medarbeidarane var det fleire hundre utlendingar.

Nortraship London, Tanker Departement 20.03.1944. Kontorfellesskap, men trangt om plassen. Frå venstre: Rothon, Miss Pontin, Ekerholt, Hagelund, Mrs. M. Mills. PA-1209 NTB Ub-47
Nortraship London, Tanker Departement 20.03.1944. Kontorfellesskap, men trangt om plassen. Frå venstre: Rothon, Miss Pontin, Ekerholt, Hagelund, Mrs. M. Mills. PA-1209 NTB Ub-47

Nortraship si reiarverksemd

Nortraship stod for ei omfattande reiarverksemd under svært utfordrande tilhøve. Drifta omfatta mellom anna finansar, befrakting, assuranse, tekniske spørsmål i forbindelse med drifta av reiarlaga, nykontraheringar, skipsrekneskap og ikkje minst mannskapssaker. Norge hadde omtrent 35 000 aktive sjøfolk under krigen og dei fleste av dei segla for Nortraship.

Reiarlaget tente inn store verdiar. Om lag 40 % av all olje til Storbritannia blei frakta på norsk kjøl og var den viktigaste inntektskjelda til den norske eksilregjeringa. Men omkostningane, målt i tapte menneskeliv og skip, var enorme. Det var sjøfolk og skip som stod for den største norske krigsinnsatsen og fekk dei største tapa. 

Nortraship New York, 88 Broad Street, PA-1209 NTBs krigsarkiv, Uf-47
Nortraship New York, 88 Broad Street, PA-1209 NTBs krigsarkiv, Uf-47

Nortraships avvikling

I 1945 då krigen var slutt, etablerte Nortraship seg i Oslo. Dei mange einingane i utlandet blei nedlagde og gjenverande arbeidsoppgåver overført til Oslo. Reiarlaget Nortraship hadde etter krigen ansvaret for ei rekke ulike økonomiske sluttoppgjer  med reiarane som blei fråtekne skipa sine på begynnelsen av krigen. Nortraship blei gradvis nedbygd og endeleg avvikla som organisasjon i 1958. Oppgjeret med reiarane blei sluttført først i 1964.

Relevante arkiv i Arkivportalen

Aktiviteten til Nortraship er svært godt dokumentert i mange og rikholdige arkiv. Eit søk på Nortraship i Arkivportalen vil gje mange treff. Her tek vi med berre eit utval arkiv som har informasjon om reiarlaget og verksemda.