ENG
Teaterforestilling

Teater

Teatera og scenekunstnarane blei under okkupasjonen utsette for sterkt press, sensur og kontroll frå tyske og norske styresmakter.

Streik

I mai 1941 gjekk skodespelarforbundet sine medlemer til streik etter ein serie forsøk frå okkupasjonsmakta si side på å tvinge skodespelarar til å ta oppdrag som gjekk på tvers av den politiske oppfatninga deira. Streiken førte til arrestasjonar av ei rekkje skodespelarar. Men etter 5 veker blei streiken avblåsen av omsyn til dei fengsla kollegaene og truslar om avrettingar. Det var eit skarpt motsetningsforhold mellom skodespelarar og teaterleiarar på den eine sida og tysk okkupasjonsmakt og norske NS-styresmakter på den andre, under heile okkupasjonen.

Teatera under NS-leing

NS-folk overtok etter kvart leiinga av Nationaltheatret, Det norske teatret og Trøndelag Teater. Skodespelarane freista så langt råd var, å nekte rollar i propagandaprega stykke. Oppsetjingar på teater med nazistisk leiing blei også svært ofte boikotta av publikum. Det førte til store inntektstap. Ei anna og kanskje verre sak for styresmaktene var at tomme benkrader i teatersalane tala sitt stille språk om manglande oppslutning i befolkninga. For å auke publikumstalet blei det selt billettar til spottpris, eller dei blei gitt bort i NS sine eigne rekkjer. I landssvikarkivet vil ein finne saker på sentrale NS-folk som var aktørar innan teaterbransjen og i kultur- og teateradministrasjonen til Folkeopplysningsdepartementet.

Sensur, kontroll og arrestasjonar

Brev fra Kulturdepartementet

All teaterverksemd, alle framsyningar og alle tilsetjingar av skodespelarar måtte godkjennast av Kultur- og folkeopplysningsdepartementet. Det blei bygd ut eit sensurapparat for kontroll av tekstar og innhald. For å handheve dei nye føresegnene blei det oppretta eit teaterdirektorat sommaren 1941. Teaterdirektoratet sitt arkiv er bevart og her finn vi saksmapper og korrespondanse som for eksempel gjeld arbeidsløyve for skodespelarar, godkjenning av framsyningar og sensur av tekstar. Sakene er arkiverte etter emne, namn på etablissement eller korrespondansepartnar.

Alle som dreiv med teater måtte søkje om løyve for eitt år om gangen. Ein føresetnad for å få slikt løyve var at drifta skulle skje i pakt med nyordninga sine krav. Representantskapet i Nationaltheatret vedtok å motsetje seg kravet om å sende slik søknad og dette førte til arrestasjon og fengsling av styremedlemene. Blant desse var Harald Grieg, forlagssjef i Gyldendal Norsk Forlag. I Gyldendal sitt arkiv finn vi ein serie med materiale etter Grieg, blant anna ei mappe om Nationaltheatret under okkupasjonen.

Tysk teater

Tyskarane dreiv eit eige teater, Deutsches Theater in Oslo. Dette hadde til å begynne med framsyningane sine i Nationaltheatret, men flytte seinare til lokala til Casino i Stortingsgata. I arkiva etter Reichskommissariat kan vi finne materiale om Deutsches Theater og om tyske gjesteframsyningar på norske scener. I Bildarchiv Reichskommissariat finn vi også ei rekkje fotografi frå slike framsyningar.

Frå ei tysk teaterframsyning i det rekvirerte Nationaltheatret. Eit ensemble frå ”Theater am Nollendorfplatz” i Berlin framfører Strauss-operetten ”Wienerblut”. Fleire kjende tyske skodespelarar og teaterleiarar gjesta Noreg etter invitasjon frå Nazi-styresmaktene. Bildarchiv Reichskommissariat, eske 28, mappe ”Theater unde Variete”
Frå ei tysk teaterframsyning i det rekvirerte Nationaltheatret. Eit ensemble frå ”Theater am Nollendorfplatz” i Berlin framfører Strauss-operetten ”Wienerblut”. Fleire kjende tyske skodespelarar og teaterleiarar gjesta Noreg etter invitasjon frå Nazi-styresmaktene. Bildarchiv Reichskommissariat, eske 28, mappe ”Theater unde Variete”

Relevante arkiv i Arkivportalen