ENG
Opsahl østre-page-003

Eigedomsarkiv på nett

Her kan du lese meir om eigedomsmaterialet som er publisert på Digitalarkivet.

Tinglysingsmaterialet

  • Tinglysingsmateriale frå tidleg 1700-tal til og med 1950 er oppbevart i statsarkiva. Dette arkivmaterialet er tilgjengeleg for alle i Digitalarkivet
  • Tinglysingsarkiv frå og med 1951 er oppbevart hos Statens Kartverk. Gå til seeiendom.no eller kartverket.no

Tinglysingsmaterialet i statsarkiva er å finne i arkiva etter sorenskrivarane på landet, og byfut (byfogd) og byskrivar i dei større byane. At dokument blir tinglyst eller tinglesne, tyder at ein avtale, vanlegvis om fast eigedom, blir gjort kjent og offentleg stadfesta, slik at avtalen får rettsvern. I tidligare tider vart desse dokumenta lesne opp på tinget og deretter ført inn i rettsprotokollen, den første tida i tingboka, seinare i panteboka.   

I Digitalarkivet er pantebøkene gjort tilgjengeleg for alle. Her finn ein også register til pantebøkene, som fram til 1935 er kalla panteregister, og etter 1935 heiter gammal grunnbok eller grunnboksblad. Ettersom pantebøkene og registra er førte av sorenskrivarane og byfutene er arkiva inndelte etter sorenskriveri eller byfutembete.

Rask inngang til opplysninger

Den raskaste måten ein kan finne opplysningar om tinglyste dokument, er ved å starte med å gjere oppslag i sjølvbetent gammal grunnbok. Her vil ein finne dei tinglyste dokumenta for den enkelte eigedommen ordna etter kommune, og gards- og bruksnummer. I registeret er dokumenta førte inn kronologisk. Før 1935 er dei ordna etter tinglysningsdato. Etter 1935 er det nytta dagboknummer kombinert med årstal som ordningsmåte. I sjølvbetent gammal grunnbok kan ein søke etter eigedomar på kommune-, gards- og bruksnummer etter kommunereformen av 1.1.2020. Kartverkets teneste «Se eiendom» kan vere til hjelp for å finne dei nye gards- og bruksnummera.

I panteregisteret og gammal grunnbok har kvart bruk ein eller fleire sider med opplysningar. Her er alle tinglyste dokument på kvar eigedom ført inn, og gjev opplysing om type dokument, tinglysingsdato, nummer på panteboka som dokumentet er ført inn i, og sidetal/folio i panteboka. I gammal grunnboka for perioden etter 1935, blir det vist til dagboknummer og år, men også her er tinglysingsdatoen viktig informasjon.

I panteregisteret er eigedommane for den eldste perioden inndelt etter løpe- eller matrikkelnummer, eller gammalt gardsnummer. I Digitalarkivet er det lagt til rette slik at ein kan søke opp eigedomar i panteregisteret etter kommuneinndelinga i 1947. Det vil seie at vi ofte kan bruke dagens kommuneinndeling. Det gjeld ikkje for enkelte bykommunar, for eksempel Bergen, fordi inndelinga av eigedommane historisk var gjort på ein annan måte enn i landkommunane. Her må ein bla i panteregisteret eller søke i gammal grunnbok for å finne opplysningar.

Historisk oversikt over endringar i kommune- og fylkesinndelinga

I gammal grunnbok finn ein og eldre tinglyste dokument frå før 1935. Då grunnboka overtok for panteregistret vart normalt alle dokument som framleis hadde rettslig gyldigheit overført til grunnboka. Det betyr at ein vanlegvis ikkje treng å leite i panteregistret, men i enkelte tilfeller har panteregistret annan og utfyllende informasjon som kan gjere det lettare å finne det aktuelle dokumentet.  

I gammal grunnbok vil ein i tillegg til tinglysningsdato/dagboknummer få opplysningar om kva type dokument som er tinglyst, for eksempel skylddelings- eller utskiftingsforretning, skøyte eller liknande. Her vil ein også få tilvising til nummer på pantebok og side/folio i panteboka. På høgre side kan det for eksempel stå «75-209». Det tyder protokoll nummer 75 på side/folio 209. Øvst på første side av kvart grunnboksblad vil det også gå fram om eigedommen har høyrd til ein annan kommune tidlegare. For å finne meir informasjon om dette, kan du laste ned fylkesvise lister over endringar i kommunegrenser/sorenskriveri nederst i denne teksten. 

Korleis finne fram i panteboka

Etter å ha slått opp i panteregister/gammal grunnbok og notert ned viktige opplysningar om tinglysingsdato, eventuelt dagboknummer og årstal (etter 1935), kan ein gå til panteboka for å finne det aktuelle dokumentet. Bruk lenka nedanfor og skriv inn kommune og årstal og trykk «søk». Då kjem det opp ein oversikt over protokollar som kan innehalde det aktuelle dokumentet. Vel protokoll og blad til riktig side. Ofte er det ført inn fleire dokument på same side i panteboka. Då må ein gjerne bruke gardsnamn eller gardsnummer for å identifisere rett dokument.

Gå til pantebøkene i Digitalarkivet

Dokument tinglyst etter 1935 finn ein ved hjelp av dagboknummer og/eller tinglysingsdato og kommune. Skriv inn kommune og aktuell periode i skjemaet under lenka over og trykk på søkeknappen. Då kjem det opp ei liste med pantebøker. Til høgre i lista er det ei lenke som peikar direkte til innhaldslista for kvar pantebok. Der ligg det ein snarveg/lenke til det aktuelle dokumentet, eller lenke til tinglysingsdato. Bruk bla-funksjonen.

Du og òg slå opp direkte på dagboknummer i pantebøker frå åra 1936-1950. Har du funne referanse til eit dagboknummer i panteregister eller på grunnboksblad, eller fått opplyst eit dagboknummer på annan måte, skal du med denne søkefunksjonen straks kunne finne det tinglyste dokumentet, utan å måtte bruke tid på å finne riktig pantebok.

Dagboknummer i elektronisk grunnbok

Dersom ein brukar elektronisk grunnbok, vil ein sjå at det ofte bli lagt til eit prefiks til dagboknummeret slik som for eksempel 50-, 30- 900- eller liknande. Det er sjeldan meir enn fire eller fem siffer i eit dagboknummer, så dersom det er fleire, er det dei siste sifra som utgjer det riktige dagboknummeret. Dagboknummer er fiktive dersom dei refererer til dokument eldre enn 1936. Ein må då bruke gammal grunnbok eller panteregister for å finne opplysningar om tinglysingsdato, nummer på pantebok og sidetal.

Dersom du vil ha utskrift finn du oppskrift her

Fallgruver

Av og til vil ein ikkje finne det aktuelle dokumentet i protokollen som registra viser til. Det kan for eksempel bli vist vidare til «skylddelingsprotokoll». Gå då tilbake til lista over aktuelle pantebøker og finn riktig protokoll innanfor det aktuelle tidsintervallet.

Dersom ein ikkje har opplysningar om side/folio, må ein bla seg fram til tinglysingsdato/dagboknummer for å finne dokumentet.

Når det gjeld opplysningar om kraftlinjer, finn vi opplysningar innført i panteregister eller gammal grunnbok, men sjølve dokumentet er ikkje ført inn i panteboka. Ei fullstendig registrering vart gjort i Kraftledningsregisteret som finst hjå Statens kartverk. Heller ikkje alle skjønn eller jordskifter finst i det tinglyste materialet. Skjønn kan ein finne som B-sak hos sorenskrivaren/tingretten, i lensmannsarkiv eller som jordskjønn i arkiva etter Landbruksselskapa. Jordskifter fins i arkiva etter jordskifterettane. For å få kopi av slike dokument, må ein ta kontakt med Arkivverket.