ENG
Inga farge vegg lys

Riksarkivar Inga Bolstad oppfordrar til å sende inn høringssvar. Foto: Arkivverket.

Ny arkivforskrift ute på høyring

Kultur- og likestillingsdepartementet har no sendt framlegg til ny forskrift om dokumentasjon og arkiv (arkivforskrifta) på høyring.

Forskrifta skal supplere den nye arkivlova, som trer i kraft 1. januar 2026. Departementet har som mål at forskrifta skal tre i kraft til same tid. 

Den nye arkivlova inneheld prinsipp og overordna føringar, medan framlegget til ny forskrift gir utfyllande reglar for forvaltninga av dokumentasjon og arkiv. Framlegget som no er ute på høyring, vidarefører mykje av dagens regelverk, men med språklege forbetringar, forenklingar og tydelegare regulering av einskilde område. Eit viktig nytt krav er at statlege organ som hovudregel skal avlevere arkiva sine digitalt. 

Som Kultur- og likestillingsdepartementet skriv i høyringsnotatet, er målet med framlegget å forenkle og modernisere regelverket for korleis arkiv skal sikrast, forvaltast og gjerast tilgjengelege. 

– Dette er ei viktig høyring, og vi håpar mange relevante aktører sender inn høyringssvar. Ei ny arkivforskrift vil få stor betydning både for offentleg sektor og for samfunnet elles, seier riksarkivar Inga Bolstad. – Eg vil oppmode alle som er opptatte av dokumentasjon og arkiv om å lese framlegget. 

Arkivverket har hatt i oppgåve å utarbeide framlegget til ny arkivforskrift og det tilhøyrande høyringsnotatet. Jurist og spesialrådgivar i Arkivverket, Elisabeth Harlem Eide, har leia arbeidet. – Vi har lagt stor vekt på at forskrifta skal vere brukarvenleg og så lett som mogleg å forstå, seier ho. 

– Vi har hatt løypande kontakt med Språkrådet undervegs. Rådet har gitt oss verdifull hjelp i arbeidet med forkriftsteksten, slik at reglane skal kunne lesast og brukast òg av dei som ikkje har juridisk eller arkivfagleg bakgrunn. 

Høyringsfristen er 1. november 2025. Les høyringsnotatet og send inn høyringssvar her.