No finn du våre avskrifter på Digitalarkivet
No blir det litt lettare å finne opplysingar om eigedom. I Arkivverket har vi i lang tid skrive av dokument til rettsleg bruk eller forskingsformål, som vi har sendt ut til brukarar. Desse avskriftene har vi teke vare på. No publiserer vi samlingane i Digitalarkivet.
Avskriftene er maskinskrivne, så dei blir òg tilgjengelege for dei som ikkje kan lesa gotisk handskrift.
Førebels finn du avskrifter for Nordland, Trøndelag, Møre og Romsdal, Rogaland, Vestfold og Telemark, Viken, Oslo og Innlandet. Tilsvarande avskriftsamlingar finst òg for Troms og Finnmark, Vestland og Agder. Vi arbeider med å få ut avskrifter for desse fylka òg.
Korleis finne fram?
Du finn avskriftsamlingane samla under emneknaggen Arkivverkets avskriftssamlinger i Digitalarkivet.
Du kan òg søkje på stadnamn eller andre emneord i fritekstsøket. Her må me ta eit keisamt atterhald: Du får tilslag på orda slik dei var skrive i samtida, og ikkje på korleis orda er normert i dag.
For mange vil eit fritekstsøk og blaing i Digitalarkivet vera ein grei start, og kanskje finn du dokumentet du treng for å få bygt det naustet eller sende kyrne på beite i utmarka – uante moglegheiter!
Ikkje alt som finst om ein eigedom
Avskriftsamlingane inneheld avskrifter av dokument i arkiva våre som nokon har bestilt, til rettsleg bruk eller forskingsformål. Dette betyr at avskriftene er liten brøkdel av ein heilskap, og eit tilfeldig utval ut ifrå kva behov brukaren hadde på det tidspunktet hen bestilte avskrifta.
Ver difor merksam på at om det er noko du ikkje finn i avskriftsamlingane, betyr det berre at det ikkje har vorte teke avskrift av det du leitar etter. Det kan likevel finnast opplysingar om det du leitar etter i originalkjeldene.