ENG
NTB_fefZy4ZwFsg

Nesten ingen digitalt skapte arkiv etter lag og organisasjonar er i dag sikra for ettertida. Her frå demonstrasjonen «We can't breathe – rettferdighet for George Floyd» utanfor Stortinget 5. juni i fjor. Foto: Copyright NTB. Fotograf: Terje Pedersen.

Det er nesten ikkje bevart digitale arkiv frå privat sektor i Noreg

Det viser tal frå Arkivstatistikken 2020. – Vi risikerer svarte hol i samtidshistoria om vi ikkje greier å sikre fleire digitale arkiv frå privat sektor, seier riksarkivar Inga Bolstad.

Privatarkiv er arkiv skapt av organisasjonar, bedrifter og privatpersonar. Dei blir bevarte gjennom frivillig overlevering til ein bevaringsinstitusjon. Privatarkiva har til no i hovudsak kome inn i fysisk form til bevaringsinstitusjonane, og vert lagra fysisk i arkivmagasin.

Dei digitalt skapte arkiva som dokumenterer organisasjonens historie dei siste 20-30 åra, har i svært liten grad blitt med på lasset.

Tal frå Arkivstatistikken 2020 viser at det ved utgangen av 2020 berre er bevart 454 digitale arkiv frå private aktørar i Noreg. Dei digitale arkiva kan innehalde alt frå nokre få foto, til heile bedriftsarkiv.

Det uroar riksarkivar Inga Bolstad.

– Frå 1980-talet og framover har vi bevart lite privatarkivmateriale. Digitalt skapte arkiv er noko bevaringsinstitusjonane har i svært avgrensa grad, og lite er systematisk bevart. Dette er urovekkande, seier Bolstad.

Bolstad meiner det kan vere mange årsaker til at dei digitalt skapte arkiva ikkje blir overleverte.

– Ofte er dei framleis i bruk, og ein tenkjer ikkje på at også desse arkiva må bevarast. Men digital informasjon er flyktig, og må fangast før den forvitrar, seier Bolstad.

Ho meiner både Arkivverket og dei lokale bevaringsinstitusjonane må jobbe annleis for å sikre dei digitalt skapte arkiva i privat sektor.

– Problemet med dei digital skapte privatarkiva er at arbeidet med bevaring må starte no. Det krev at vi arbeider på heilt nye måtar enn tidlegare med å sikre at viktig samfunnsdokumentasjon frå privat sektor blir bevart for ettertida. Heile arkivsektoren må sørge for er at det ikkje oppstår et svart hol i historia frå denne perioden. Vi treng eit felles løft for å få dette til, oppmodar Bolstad.

Sikker lagring i Digitalarkivet

Arkivverket vil på sikt tilby sikker lagring av historiske data i Digitalarkivet. Det betyr at private verksemder, gjennom ein bevaringsinstitusjon, har moglegheit til å få lagra og formidla sine historiske data i Digitalarkivet.

– Arkivverkets mål er at flest mogleg privatarkiv i framtida blir tilgjengelege i Digitalarkivet, seier Bolstad.

Koronaåret i arkivsektoren

Koronaåret 2020 har bydd på mange utfordringar, også i arkivsektoren. Tal på lesesalbesøk, kurs og fysiske arrangement har gått markant ned. Samstundes ser vi at det er gjort ein god del arbeid med å gjere arkiva tilgjengelege for bruk. Det kan sjå ut som om at nedstenginga av samfunnet har ført til omrokkering av ressursar i arkivinstitusjonane.
Ser ein på bruk og besøk i Digitalarkivet, fortsett den positive tendensen i kor mange som besøker nettstaden. I 2020 viser talet på besøk heile 7,4 millionar, som er ein auke på 1,2 millionar besøk frå 2019. I 2020 var det heile 1,6 millionar unike brukarar som besøkte Digitalarkivet.

I 2020 auka talet på digitaliserte sider med nær 11 millionar – nær ei dobling frå 2019. Ein samla arkivsektor har no digitalisert 100 millionar sider.
Du kan lese heile Arkivstatistikken 2020 på våre nettsider.


Om statistikken:
Riksarkivaren har som oppgåve å hente inn årleg statistikk frå institusjonar som tek vare på historiske arkiv. Formålet er å få eit overordna bilete av situasjonen for arkiva i arkivbevarande institusjonar, og å måle endringar over tid. Arkivstatistikken 2020 omfattar svar frå 150 institusjonar, 28 arkivinstitusjonar, 70 museum og 52 bibliotek. Svarandelen var i år på 95 prosent.