Riksarkivar Inga Bolstad
Kronikk: Arkivverket – i utvikling, ikkje avvikling
Det finst fleire og betre måtar å nå publikum på enn tradisjonell formidlingsverksemd og éin-til-éin-betening på lesesalane. I Arkivverket bruker me teknologi for å hjelpa brukarane våre, slik at me kan vareta både dei og samfunnsoppdraget vårt på best mogleg vis, skriv riksarkivar Inga Bolstad i eit tilsvar i debatten som har gått føre seg i vekeavisa Dag og tid den siste tida.
Dei siste vekene har Jan H. Landro , Anne Blengsdalen og John Herstad karakterisert Arkivverket som vengeklipte, avvikla og lukka. Statsarkiva skal vera tømde, fagmiljøa brotne ned og Digitalarkivet ein «graut». Kritikarane hevdar at eg, frå eg tiltredde som riksarkivar i 2014, medvite har bygd ned fysisk tilgang, kompetanse og formidling.
Dette er ei forfallsforteljing som resonerer hos dei som saknar gamle dagar. Men sjølv om nokre element i framstillinga stemmer, er ikkje forteljinga sann.
Ny røyndom
Det er rett at me sidan 2014 har redusert opningstider, endra bemanning og flytta delar av rettleiinga frå fysiske rom til digitale flater. Men dette er ikkje uttrykk for eit ønske om å stengja folk ute eller ei manglande forståing for behovet til brukarane. Det er resultatet av ei klar overstilling for å møta ein ny røyndom, der me både må bevara enorme mengder digitale arkiv og sikra at flest mogleg får lik tilgang til dei kjeldene me allereie forvaltar. Arkivverket er ikkje i forfall – me er i utvikling.
Samfunnsoppdraget vårt er omfattande, og det har vorte mykje større: Arkivverket skal bidra til effektiv dokumentasjonsforvaltning og sikra, bevara og tilgjengeleggjera eit breitt og allsidig utval av arkiva i samfunnet. Me har ansvar for faglege standardar, retningslinjer, tilsyn og rettleiing for offentleg arkivarbeid, og dessutan for å setja i verk nasjonal arkivpolitikk og bidra til utvikling av arkivsektoren.
Me skal altså bevara det som finst frå før, samla inn det som blir skapt no, og gjera dette tilgjengeleg på best mogleg måte. Samstundes skal me sikra at staten kan bevara dokumentasjon frå vår digitale tid for ettertida. Konsekvensane av å mislykkast vil vera uopprettelege tap i det felles minnet vårt.
Annleis enn Nasjonalbiblioteket
Digitaliseringa har endra samfunnet, og arkiv og dokumentasjon blir skapte på radikalt andre måtar enn for berre tiår sidan. Dette skil oss vesentleg frå Nasjonalbiblioteket, som har eit anna samfunnsoppdrag, andre målgrupper og mykje meir ressursar. Samanlikninga med Nasjonalbiblioteket går igjen i kritikken, men han er feilslått. Biblioteket kan i stor grad digitalisera bøker og trykt materiale. Arkivverket, derimot, handterer unike dokument, ofte med personopplysningar og rettslege konsekvensar, som ikkje kan publiserast fritt. Me kan ikkje kopiera Nasjonalbibliotekets modell. Å venta at to så ulike organisasjonar bruker same verkemiddel, er verken rimeleg eller formålstenleg.
Oppgåvene våre kan ikkje lenger løysast med dei same verkemidla som tidlegare riksarkivar John Herstad rådde over på 1980- og 90-talet. Dei passa enkelte forskarar godt. Eller slektsgranskarar, som fekk personleg rettleiing ved oppmøte på ein av lesesalane. Arkivverket måtte endra seg, og det var det oppdraget eg fekk som riksarkivar.
Derfor har me prioritert digital tilgjengelegheit. Når nokon hevdar at me «bruker Digitalarkivet for å halda brukarane unna», bommar dei grovt. Digitalarkivet er tvert imot eit av Noregs største demokratiseringsprosjekt: ein gratis, nasjonal kjeldenettstad som gir lik tilgang til alle – uavhengig av bustad eller økonomi. Alle møter den same døgnopne, digitale døra til arkiva. Slik blir barrierar fjerna, og arkivtilgang blir demokratisert.
Digitalarkivet, som starta som eit nybrotsarbeid i Bergen, er no Noregs største kjeldenettstad og ei nasjonal fellesløysing for digital tilgjengeleggjering. Samtidig med at bruken av Digitalarkivet har auka, har talet på besøk i lesesalane gått ned. Dette er intensjonen vår, og ikkje ein uheldig bieffekt.
Kontakt med brukarane
Tala frå vår eigen årsrapport illustrerer utviklinga. I 2023 tok me imot 19.163 førespurnader om avleverte materiale, 7921 fysiske lesesalsbesøk og 20.373 telefonførespurnader – til saman 47.457 brukarkontaktar. Me møter altså publikum på mange flater. Sjølv om talet på telefonførespurnader gradvis går ned, tek me framleis imot over éin samtale i timen. Tilbakemeldingane me får herfrå blir brukte aktivt til å vidareutvikla rettleiingane våre på nett, slik at flest mogleg kan finna svar på eiga hand.
Og ja, lesesalane har færre opningstimar enn før. Det kjem av ei erkjenning av at bruken har endra seg. Me held framleis lesesalar over heile landet opne for materiale som ikkje kan eller bør digitaliserast, men det er rett at innleiande undersøkingar av kyrkjebøker, folketeljingar og andre kjelder skal gå føre seg på nett. Slik får me brukt ressursane der dei gjer mest nytte for flest, og me kan målretta den personlege oppfølginga til mellom anna forskarar som treng meir omfattande hjelp.
Søkbart materiale
Det er rett at berre ein liten del av materialet vårt er digitalisert. Men det digitaliserte materialet er tilgjengeleg for alle, heile tida. Metadataa som gjer kyrkjebøker søkbare, er nettopp det: søkjeinngangar, ikkje erstatningar for kjelda. Derfor må brukaren alltid sjekka det skanna eller fysiske dokumentet. Feil i metadata blir fortløpande korrigert gjennom frivillige med høg kompetanse.
Avtalane med slektsforskingsselskap har dessutan sikra at materialet held fram med å vera gratis tilgjengeleg for norske brukarar – i staden for å forsvinna inn bak kommersielle betalingsmurar.
Arkivverket har omtrent dei same økonomiske rammene som før, men eit langt meir komplekst og teknologisk krevjande oppdrag. Derfor må me prioritera annleis for å få meir igjen for ressursane. Men samla sett leverer me meir til fleire enn nokon gong før.
Arkivverket er ikkje under avvikling. Me byggjer ein institusjon som skal vareta både historia, notida og framtida. Kritikken minner oss om kor viktig oppdraget vårt er. Men han teiknar eit bilete av Arkivverket som ein kulturinstitusjon på veg inn i mørket. Røyndommen er at me kvar dag jobbar for å sikra og tilgjengeleggjera Noregs minne, med metodar som svarer på dagens og morgondagens behov.