Foto: Arkivverket
Arkivstatistikken 2024: Status for arkivsektoren i Noreg
Korleis står det til i arkivsektoren? No er tala frå den årlege arkivstatistikken klare.
– Eg vil gjerne takke alle samvitsfulle respondentar som har bidradd med svar i undersøkinga, seier riksarkivar Inga Bolstad.
145 av 155 bevaringsinstitusjonar har svart på undersøkinga – ei svarprosent på heile 92. Dei fleste arkivinstitusjonar, bibliotek og museum er representerte i materialet.
Blant funna i årets statistikk:
- Det er til saman 686 713 hyllemeter analoge arkiv i bevaringsinstitusjonane – men berre 2,4 % er digitaliserte.
- 276 825 gigabyte digitale arkiv er rapporterte – tilsvarande nesten halve Spotify-biblioteket.
Arkivstatistikken er ei årleg kartlegging av tilstand og utvikling i arkivinstitusjonar, inkludert arkiv i museum og bibliotek. Resultata blir publiserte i Statistisk sentralbyrå si årlege Kulturstatistikk. Frå og med 2014 er det Arkivverket som står for datainnsamlinga.
Last ned: