ENG
Inne på verkstedet

Rullesaks, 8 m. Årstal ukjend (foto: Fredrikstad byarkiv/Seutelvens Verksteds arkiv, ukjend fotograf).

Privatarkiv ordna med arkivutviklingsmidlar

I 2016 fekk Fredrikstad byarkiv tildelt 150.000 kroner i arkivutviklingsmidlar frå Arkivverket for å ordne og formidle arkivet etter Seutelvens verksted. No står smakebitar frå arkivet utstilt i Fredrikstad rådhus.

Byggjenummer 98 Helen, bygd 1970/71 (foto: Fredrikstad byarkiv/Seutelvens Verksteds arkiv, ukjend fotograf).
Byggenummer 98 Helen, bygd 1970/71 (foto: Fredrikstad byarkiv/Seutelvens Verksteds arkiv, ukjend fotograf).

Arkivet etter Seutelvens verksted er i dag bevart i Fredrikstad byarkivs depot og utgjer ca. 50 hyllemeter. Arkivet dekker ein lang periode av verksemda (1924-90), og inneheld ulike typar materiale. I tillegg til møtebøker, korrespondanse og rekneskap fins det også store mengder fotografi og teikningar, og nokre eigenproduserte trykksaker og gjenstandar.

Byarkivet fekk utviklingsmidlar frå Arkivverket i 2016. Heile arkivet er no lagt i ei logisk rekkefølge etter type materiale og alder. Noko er ferdig ordna, som møtebøker og fotografi. Dei fleste bileta er også digitaliserte.

 Søk om Riksarkivarens utviklingsmidlar for arkivsektoren

Fredrikstad byarkiv har tatt imot arkivet i fleire rundar – seinast i 2015.

– Det var rein flaks at delar av arkivet vart berga då bygningen arkivet låg i skulle rivast, fortalde byarkivar Ingerid Gjølstad under utstillingsopninga i Byhallen den 19. september.

Byarkivet er interessert i opplysningar frå publikum i det vidare arbeidet med arkivet.

– Det var tydeleg at utstillinga slo an hos folk som har eit forhold til Seutelven. Vi har alt fått vite mykje som vi ikkje visste frå før, fortel Berit Sæbø, Fagansvarlig historiske arkiv ved Fredrikstad byarkiv.

Torolf Sønstrød var tilsett i verksemda frå 1961 til 1970. Under utstillingsopninga fortalde han blant anna at verkstaden leverte mange såkalte ”paragrafskip” (foto: Arkivverket).
Torolf Sønstrød var tilsett i verksemda frå 1961 til 1970. Under utstillingsopninga fortalde han blant anna at verkstaden leverte mange såkalla ”paragrafskip” (foto: Arkivverket).

Viktig verksemd for byen

Seutlevens Verksted vart etablert i 1917 og var ei viktig verksemd i Fredrikstadområdet, der sjø og skipsfart har vore vesentlege grunnlag for utviklinga gjennom historia.  

Verksemda starta med vedlikehald og reparasjonar av mindre skip og slepebåtar, etter kvart også produksjon av anleggsverktøy. I 1928 starta firmaet med elektrisk sveising. Etter andre verdskrig begynte dei med bygging av havgåande skip på mellom 800 og 3000 tonn. Dei dreiv også med skipsreparasjonar og husbygging, med meir. Seutelvens Verksted leverte sitt siste skip i 1971. Aksjeselskapet vart oppløyst i 1980. Det einaste som står att på tomta i dag er den gamle platepressa.

Du kan lese meir om verksemda og arkivet på Arkivportalen

Byarkivet fekk også støtte frå ”Fredrikstad 450 år” til utstillinga.