ENG
118151013_341296477026826_5523747244341752794_n

(foto: IKA Hordaland).

Første komplette kommunehistorie publisert i Digitalarkivet

IKA Hordaland har publisert alt av arkivmateriale etter historiske Finnås kommune i Digitalarkivet. – Vi har som målsetnad at alle innsyn i arkivsaker eldre enn 100 år skal leverast via digitalarkivet.no, seier fagleiar Knut Kjosås i IKA Hordaland.

Sidan Digitalarkivet opna for heile sektoren i 2019 er IKA Hordaland blant dei verksemdene utanfor Arkivverket som har publisert mest arkiv på publiseringsplattforma. Heile 1166 arkiveiningar er lagt ut, der 958 er fritt tilgjengelege, utan restriksjonar.

– Vi har gode føresetnader for å publisere på Digitalarkivet fordi vi alt har ordna og katalogisert alle dei kommunale arkiva frå 1837-1965. Dei er ferdig registrerte i ASTA og publisert til Arkivportalen, og då er vegen til Digitalarkivet veldig kort for oss. Vi har bemanna bokskannaren med både frivillige og praksisstudentar frå universitetet, og skannar sjølv ein dag i veka, seier fagleiar Knut Kjosås i IKA Hordaland.

Ynskjer di verksemd å publisere i Digitalarkivet? Slik kjem du i gang

"Finnås heildigitale kommune"

Prosjektet med å skanne og digitalisere arkivet etter tidlegare Finnås kommune starta og vart avslutta i 2020. Arkivet utgjer 3,5 hyllemeter, og totalt er 21 000 bilete publiserte.

 – Dette prosjektet set ein ny standard for tilgjengeleggjering hos oss, og støttar opp om prinsippet om digitalt førsteval i forvaltninga. Vi har som målsetnad at alle innsyn i arkivsaker eldre enn 100 år skal leverast via digitalarkivet.no, seier Kjosås.

Dei håpar no at "Finnås heildigitale kommune" kan inspirere andre til å utvikle nye digitaliseringsprosjekt innan arkivsektoren.

– Framover ønsker vi å inkludere dei privatarkiva som er bevarte etter aktørane som var aktive i Finnås gjennom den perioden kommunen eksisterte. Dette ser vi som et mål for heilheitleg samfunnsdokumentasjon. Vi oppmodar difor andre arkivinstitusjonar til å skanne og publisere eigne arkiv frå Finnås i Digitalarkivet, seier Kjosås.

Til arkiva etter Finnås i Digitalarkivet

Komplett og unik kommunehistorie 

Finnås kommune vart oppretta i 1838 og eksisterte fram til 1916, då han vart delt i tre mellom Bømlo, Bremnes og Moster i noverande Vestland fylke.

Kommunearkivet strekkjer seg frå perioden 1838 til 1927 og består av arkiv skapt av valstyret, formannskapet, heradskassen, fiskarmanntalsnemnda, likningsnemnda, skulestyret, fattigkommisjonen, verjerådet, barneskulane og overformynderiet.

Digitaliseringa av arkiva etter gamle Finnås kommune gir tilgang til ei stor mengde historier, både på samfunns- og individnivå. I tillegg til administrasjonshistorie kjem vi tett på enkeltpersonar gjennom det dei sjølv skriv i brev og protokollar. 

– Vi i Bømlo kommune er sjølvsagt svært stolte over at gamle Finnås kommune no er å rekna som Norges første heildigitale kommune, seier kommunedirektør Kjetil Aga Gjøsæter.

– IKA Hordaland har gjort eit omfattande og godt arbeid som har resultert i 21.000 bilete som gir eit levande uttrykk både for den kommunale forvaltninga i perioden, og ikkje minst dei problemstillingane som vart drøfta politisk. Det er svært interessant å sjå at drøftingar om samferdsel, infrastruktur, bompengar og anna finansiering tidvis var like aktuelle på 1800-talet som i dag. Med løysinga får me eit godt innblikk i historiske hendingar. Me får også informasjon om korleis historia vart til. Dette ser me som svært verdifullt, seier Gjøsæter.

– Arkivet er ein lokal skatt som no ligg tilgjengeleg på internett for sjølvbetjening på Digitalarkivet si fellesnasjonale publiseringsplattform. Med denne tilgjengeleggjeringa sikrar me innbyggjarane sin demokratiske rett til offentleg dokumentasjon og kulturarv. Me håpar at Bømlo og IKA Hordaland med arbeidet som er gjort for gamle Finnås set ein ny standard for tilgjengeleggjering av arkivmateriale, held Gjøsæter fram.

Digitalarkivet for framtida

Produktleiar for Digitalarkivet i Arkivverket, Hilde Uthaug, seier det er ei skattkiste som no er blitt publisert på Digitalarkivet.no.

– Med få tastetrykk kan du no opne alle dei historiske arkiva etter ein heil kommune. Vi er glade for å ha IKA Hordaland med på laget, dei har gjort ein stor innsats for fellesskapet, seier Uthaug.

Digitalarkivet er Noregs fellesløysing for lagring og publisering av arkivmateriale, utvikla av Arkivverket. Alle verksemder som oppbevarer arkiv og historiske data kan no publisere i Digitalarkivet, som er under stor utvikling.

– Nettstaden vil på sikt tilby mange fleire tenester enn i dag. Vi byggjer ein ny teknisk infrastruktur for betre publisering og langtidslagring, samstundes som vi jobbar med løysingar som skal gi betre søk for sluttbrukarane, for å nemne noko, fortel Uthaug.  

Du kan lese meir om arkiva etter gamle Finnås kommune i siste utgåve av fagtidsskriftet Arkheion


Digitalarkivet

  • Digitalarkivet er Norges største kildenettsted, med over 6 millioner årlige besøk.
  • Nå skal løsningen oppgraderes. Arkivverket har fått i oppdrag av regjeringen å utvikle, forvalte og drifte en ny løsning.
  • Dette blir en fellesløsning for mottak, bevaring og tilgjengeliggjøring av historiske data.​
  • Løsningen kan brukes av stat, kommune og privat sektor.
  • Løsningen skal romme papir, foto, lyd, film og digitale formater.
  • Dette betyr at alt arkivmateriale kan lastes opp ett sted, bevares og være  tilgjengelig for alle, uavhengig av geografi.