ENG
IMG_8422

Digitalarkivet sine gamle nettsider (GDA) er tatt ned grunna eit nyleg oppdaga sikkerhetsproblem

Dei gamle nettsidene for Digitalarkivet, også kjend som GDA (gamle digitalarkivet), er borte frå og med 14. juni. Årsaka er eit nyleg oppdaga sikkerheitshol. Sjølv om utfasinga har vore kjend sidan 2011 vil dette kome brått på for ein del av brukarane. Vi beklagar ulempene dette kan føre til, men vil samstundes understreka at innhaldet i GDA ikkje vil gå tapt.

Serverane for GDA er svært gamle og det er no oppdaga at dei har eit alvorleg sikkerheitshol som kan gjere det mogeleg for uvedkommande å ta seg inn på andre serverar i Arkivverket. Heldigvis er dette oppdaga før noko gale er skjedd, men feilen let seg ikkje reparere i den tilstanden serverane no er i. Det er heller ikkje mogeleg å flytte innhaldet direkte over på nye serverar. Vegskiljet vi visste ville komme er her, så frå 14. juni er det ikkje meir GDA.

Kva tyder dette for brukarane våre?

I praksis tyder dette at dei gamle søkjesidene går ned. Det meste av dataa er flytta over eller er på veg over til digitarkivet.no Der vil det også vere omtrent dobbelt så mye transkriberte data tilgjengeleg, som til dømes folketeljingane frå 1891 og 1910.

«Bokhylla» på GDA er og borte, men det tyder slett ikkje at alt materialet der er tapt. Mange av bøkene finst på bokhylla.no hos Nasjonalbiblioteket. Mykje av arkivmaterialet som var tilgjengeleg på «Bokhylla» er allereie flytta over til Digitalarkivet si løysing for skanna arkiv, og meir materiale er på veg over. I tillegg har vi ein plan om at alt det materialet som ikkje finst i Nasjonalbiblioteket si bokhylle skal overførast til digitalarkivet.no

På GDA ligg det og ein del nettutstillingar. Desse vil heller ikkje vere tilgjengeleg lenger. Vi vil imidlertid vurdera kva vi vidarefører av informasjon og arkivmateriale frå desse. 

Ingenting går tapt

Det er viktig for oss å understreka at ingenting av innhaldet på GDA vil gå tapt sjølv om nettstaden no ikkje vil vera tilgjengeleg for publikum. Arkivverket kartlegg kva for innhald i GDA som skal overførast til digitalarkivet.no og arkivverket.no. Utfasinga av GDA har vore kjend sidan 2011. Frå den tida har vi ikkje oppdatert dei gamle nettsidene, men vi let serverane gå så lenge det var liv i dei. Torever og straumstans har freista ta serverane fleire gongar, men til slutt skulle det bli datasikkerheten som avgjorde når GDA skulle bli historie.

Gjennom dei åtte åra som har gått sidan vi lanserte nye Digitalarkivet, har det blitt stadig fleire brukarar på dagens Digitalarkiv og tilsvarande færre på GDA. Vi ser og at brukarane er godt nøgd med dei søkevala som ligg på digitalarkivet.no. Samstundes har vi som mål å laga betre tenester for brukarane våre. Vi vil difor og ta i bruk ny teknologi for å gjere søketenestene i Digitalarkivet enda betre i framtida.

Vi ser fram til å sjå både gamle og nye brukarar på digitalarkivet.no og legg til at det er nyttig å bruka rettleiingane på våre hjelpesider
Du kan ta kontakt med oss her
Telefon: 480 55 666 (mellom kl 12 og 1430)