ENG
VPC tankanlegg, Bodø

Vestlandske Petroleumskompani/Esso tankanlegg under andre verdenskrig. Foto tatt av de tyske militære troppene i Norge.

Okkupanten og norsk næringsliv

I ein okkupert stat vil næringslivet stå overfor eit val i forhold til okkupanten. Anten underordne seg og samarbeide, eller motarbeide okkupanten sine interesser.

Medvite eller umedvite blei den første linja vald heilt frå aprildagane i 1940.

Frykt for økonomisk kaos og massearbeidsløyse. To viktige nemnder

De herska stor frykt for at bedriftene skulle stanse på grunn av mangel på råstoff eller tap av marknader, og at dette ville føre til massearbeidsløyse. Administrasjonsrådet oppretta derfor tidleg i mai 1940 to utval som skulle sikre produksjon og handel: Nemnda for Industri og Omsetning (NIO) og Nemnda for Varebytte.

Kartlegging av norsk næringsliv

Det blei sett på som særleg viktig å få i stand eksportavtalar med Tyskland. NIO og Varebytenemnda samarbeidde med næringslivet for å lage ei oversikt over kva ein frå norsk side ønskte å levere til Tyskland. I samband med dette blei det samla inn detaljerte opplysningar om norske bedrifter. Dette blei gjort gjennom bransjeorganisasjonane ved hjelp av spørjeskjema. Okkupasjonsmakta fekk også tilgang til desse opplysningane. I arkivet etter Forsyningsdepartementet, Nemnda for Industri og Omsetning, er det spørjeskjema ordna etter bransje.

Svært mykje av norsk fiskefangst blei eksportert til Tyskland der kaloribehovet var stort. Biletet viser pakking av sild. Den tyske teksten bak på bildet er slik: ”Heringe mit Eisgemisch werden in Kisten gestuerzt und sodann vernagelt. Versandfertig.” Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA-3309-43-10-333
Svært mykje av norsk fiskefangst blei eksportert til Tyskland der kaloribehovet var stort. Biletet viser pakking av sild. Den tyske teksten bak på bildet er slik: ”Heringe mit Eisgemisch werden in Kisten gestuerzt und sodann vernagelt. Versandfertig.” Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA-3309-43-10-333

Arkivet til nemnda for Industri og Omsetnings arkiv - eller ”arkivet som forsvann”

Mens Administrasjonsrådet blei avskaffa av Reichskommissar Terboven i september 1940, fortsette NIO til mars året etter. Etter krigen blei arkivet til nemnda etterlyst, bl.a. av Undersøkelseskommisjonen av 1945. Det skulle ha bestått av 3-5 jernskap, som etter nedlegginga av NIO blei flytte til Forsyningsdepartementet. Men arkivet var og er borte. Eit av NIO sine styremedlemer, dir. C.W. Eggjar, omtalte arkivet i eit notat i samanheng med drøftinga av NIO i stortingets protokollkomité i 1948. Han karakteriserte arkivet som svært stort og opplyste at det fanst utførlege referat frå møte, konferansar osv. mellom nemnda og norske organ, delegasjonar og personar. Det same gjaldt for tyske organ og personar.

Referat frå møta i nemnda fram til september 1940 var likevel i behald hos nemnda sin leiar, advokat Einar Sunde. Dei finst nå i arkivet etter Oslo politikammer. Her ligg det også rapportar frå næringslivet sine bransjeorganisasjonar, baserte på NIO sitt spørjeskjema (som tidlegare nemnt finst dei originale spørjeskjemaa i arkivet etter Forsyningsdepartementet, Nemnda for Industri og Omsetning).

Materiale om NIO finst også i arkivet etter motstandsmannen Peter Munthe-Kaas, og i arkivet til Undersøkelseskommisjonen av 1945 ligg bl.a. ei kritisk innstilling om NIO frå stortingets protokollkomité.

Arkivmateriale frå Nemnda for Varebytte

I fellesarkivet etter Direktoratet for eksport- og importregulering i Handelsdepartementet kan ein bl.a. finne møtereferat for Nemnda for Varebytte, og importoppgåver innhenta av Norges Handelsstands Forbund tidleg under krigen. I arkivet etter direktør Bjerke i det same direktoratet kan ein lese ei rekke varebyteavtalar og forslag til eksportkvotar.

Det var stor etterspørsel etter fottøy, men nye sko var mangelvare og kunne berre kjøpast etter tilvisning. Dei gamle måtte reparerast så langt det lét seg gjere. På grunn av lærmangel blei det brukt erstatningsmaterialar som fiskeskinn, papir og tresolar. Biletet er frå ein skofabrikk i Oslo. Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA 3309-43-7-92.
Det var stor etterspørsel etter fottøy, men nye sko var mangelvare og kunne berre kjøpast etter tilvisning. Dei gamle måtte reparerast så langt det lét seg gjere. På grunn av lærmangel blei det brukt erstatningsmaterialar som fiskeskinn, papir og tresolar. Biletet er frå ein skofabrikk i Oslo. Bildarchiv Reichskommissariat. RAFA 3309-43-7-92.

Hauptabteilung Volkswirtschaft – det viktigaste økonomistyringsorganet til tyskarane

Hauptabteilung Volkswirtschaft (HAVO) i Reichskommissariat var det tyske organet som hadde mest å gjere med norsk næringsliv. Avdelinga har etterlate seg eit stort arkiv med opplysningar om norsk næringsliv generelt og om enkeltbedrifter. HAVO, næringslivet og dei departementa som behandla næringslivsspørsmål, samarbeidde utan store konfliktar. HAVO si oppgåve var å utnytte ressursane i norsk næringsliv til beste for den tyske krigføringa og meinte at dette best kunne skje gjennom frivillig samarbeid frå norsk side. NS-eksperiment med nyordningar i næringslivet var derfor ikkje av interesse. Slikt ville berre skape motstand blant norske næringslivsleiarar.

Tyskarane ville halde NS utanfor dei viktige økonomiske kommandopostane

Fram til 1942 var dei tre viktigaste departementa for næringslivsspørsmål leia av kommissariske statsrådar som stod utanfor NS: Finansdepartementet, Handels- og industridepartementet og Forsyningsdepartementet. Tyskarane ønskte det slik. Desse statsrådane var dyktige fagfolk og dei representerte dessutan ein forsiktig og tradisjonell økonomisk politikk. Frå februar 1942 blei også desse departementa overtekne av NS, og etter den tida kan det registrerast gnissingar mellom tyskarane og tenestemenn frå NS. Det var fleire årsaker til dette, bl.a. at NS ønskte å markere seg med ein meir sjølvstendig økonomisk politikk. Det gjekk nok også opp for partiet at det ville bli sett på som medansvarleg i den tyske utbyttinga av norsk næringsliv.