ENG
Vidkun Quisling hos Arbeidstjenesten

Vidkun Quisling hos Arbeidstjenesten

Arbeidstenesta (AT)

Sommaren 1940 blei det oppretta ei frivillig arbeidsteneste i regi av Administrasjonsrådet. Arbeidstenesta blei seinare overteken av NS og blei nå obligatorisk.

Den fekk relativt stort omfang og mange ungdommmar gjennomførte tenesta.

Arbeidstenesta til Administrasjonsrådet

Arbeidsteneste for ungdom som ei frivillig eller obligatorisk teneste for ungdom, blei prøvd ut i fleire land i åra før 2. verdskrigen. Initiativet kunne vere offentleg eller privat. I Noreg blei det arrangert frivillige arbeidsleirar i 1930-åra. Initiativtakarar var personar og organisasjonar på den politiske høgresida.

Sommaren 1940 starta Administrasjonsrådet ei frivillig arbeidsteneste (Administrasjonsrådets Arbeidstjeneste). Deltakarene blei sysselsette med jord- og skogbruksarbeid, grøftegraving, vegarbeid og liknande. Kvart kull var inne til teneste nokre få veker. Dei fleste leirane var for unge menn, men det fanst også kvinneleirar.

Mannskapa i Norges Arbeidstjeneste var uniformerte og dreiv eksersis, men med spade istadenfor gevær. Her frå ei mønstring på Karl Johan i oktober 1941. Mannen på plattformen er general Carl Frølich Hanssen, øvste sjef for AT. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0096.
Mannskapa i Norges Arbeidstjeneste var uniformerte og dreiv eksersis, men med spade istadenfor gevær. Her frå ei mønstring på Karl Johan i oktober 1941. Mannen på plattformen er general Carl Frølich Hanssen, øvste sjef for AT. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0096.

Arbeidstenesta overtatt av NS

Hausten 1940 blei arbeidstenesta overteken av Nasjonal Samling og omdøypt til ”Norges Arbeidstjeneste”. Til dagleg blei den oftast omtalt som ”AT”. Arbeidstenesta sorterte under Departementet for Arbeidstjeneste og Idrett. I arkivet etter dette departementet finst informasjon om arbeidstenesta (inkluderer også Administrasjonsrådet si arbeidsteneste).

Obligatorisk teneste med militær stil

Våren 1941 blei arbeidstenesta obligatorisk for menn i vernepliktig alder. Den utførte framleis sivile oppgåver, men organiseringa følgde militært mønster. Stamma i befalskorpset var befal frå den tidlegare norske hæren. Etter at befalet blei pålagt å helse med oppstrekt hand – ei helsing som blei assosiert med NS - slutta mange av dei i AT. Mot slutten av krigen var fleirtalet av befalet medlemer av NS.

AT kan bli forveksla med andre arbeidstiltak under krigen– særleg ”nasjonal arbeidsinnsats” (1943) og ”arbeidsmobiliseringa” (1944). Desse tiltaka hadde som mål å få kontroll med norsk arbeidskraft for så å kunne dirigere den dit det var behov. Først og fremst gjaldt det å samtykke i tyske krav. Dei som blei omfatta av tiltaka kunne beordrast kvar som helst i landet. AT derimot, skulle arbeide for norske interesser. Leirane blei lokaliserte i område der det var viktige samfunnsoppgåver å utføre.

Det synest som om det var lite motstand i folkeopinionen mot AT. Dei fleste ungdomane som blei innkalla til arbeidsteneste møtte fram, også etter at organisasjonen var overteken av NS.

Kvinnelig Arbeidstjeneste hjalp til i jordbruket. Elles var det ein god del kursverksemd i leirane, for eksempel i husstell. Både hos menn og kvinner blei det lagt stor vekt på kulturelle tilbod i tenesta. Frå 1943 blei også arbeidsteneste for kvinner obligatorisk. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0096.
Kvinnelig Arbeidstjeneste hjalp til i jordbruket. Elles var det ein god del kursverksemd i leirane, for eksempel i husstell. Både hos menn og kvinner blei det lagt stor vekt på kulturelle tilbod i tenesta. Frå 1943 blei også arbeidsteneste for kvinner obligatorisk. RA/PA-1209 NTBs krigsarkiv/Ue/0096.

Frykt for utskriving til krigsteneste

I begynninga av 1944 fanga Heimefronten opp signal om at NS ville innkalle fem årsklasser av unge menn, for så å sende dei til fronten. Det var frykt for at AT-gutane i så fall ville bli tekne først. Heimefronten sende ut parole om ikkje å møte opp verken til arbeidstenesta eller den såkalla arbeidsmobiliseringa. Det blei også gjennomført ein vellukka sabotasje mot AT sine arkiv i Oslo.

AT sine eigne oversikter viser at fleirtalet av dei innkalla møtte til teneste i 1944 trass i Heimefronten sin parole. Men fråfallet var merkbart større enn før, og omdømmet til AT var svekka.

Arkivmaterialet

Nokre AT-gutar rømde til Sverige og tok med seg informasjon til dei norske styresmaktene der. Denne informasjonen finst i arkivet til arbeidstenesta, saman med oversikter over organisasjonen og kart over leirane m.m.

I arkivet til Riksrevisjonen, 21. kontor, finst det mykje materiale om AT. Det meste av det er rekneskapar, men rekneskapar for dei einskilde leirane kan også gi opplysningar. Elles inneheld arkivet bl.a. ei handskriven leiravis frå 1943 frå den kvinnelege arbeidstenesta, som informerer om arbeid, undervisning og fritidsaktivitetar. I Randi Songedals privatarkiv finst dokument og korrespondanse som omhandlar Kvinnelig Arbeidstjeneste. I dette arkivet finst også litt dokumentasjon som gjeld verksemda til den mannlege arbeidstenesta (særleg i Agder-fylka). Bjørn Østring sitt privatarkiv inneheld i tillegg til dokument mange fotografi frå arbeidstenesta og fleire nummer av publikasjonen ”A-T Arbeidstjenesten”.

AT var ein parallell til den tyske arbeidstenesta, og okkupasjonsmakta var velvillig innstilt til organisasjonen. Men frå tyske bygge- og anleggsplassar i Noreg kom det protestar mot at heile årskull blei utkalla til AT. Dei ansvarlege har meint at dei trong arbeidskrafta betre sjølve. Arkivet til Reichskommissariat, Abt. Arbeit und Sozialwesen, har opplysningar om dette.

Relevante arkiv i Arkivportalen