ENG
Tingbohjørn

Jørn Øyrehagen Sunde fotografert i et av arkivmagasinene i Statsarkivet i Bergen. Fotomontasje: Tom Myrvold, Arkivverket

Synspunkt frå ein storforbrukar av tingbøker

Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie. I forskninga si er han storforbrukar av tingbøker. Sjølv om han er lukkeleg over dei tingbøkene som no finst tilgjengeleg i avskrift, har han òg klare ønsker til Arkivverket om utviding av tilbodet til forskarane.

Kva er ei tingbok?

- Ei tingbok er ein rettsprotokoll. I utgangspunktet var det dommaren som skulle føra den på tinget, og skriva ned alt som vart sagt og som skjedde. På bygdetinget var det sorenskrivaren som skulle føra tingboka, på bytinget var det byfogden, og på lagtinget var det lagmannen. I realiteten var det ein skrivar som skreiv medan sorenskrivaren, byfogden eller lagmannen var opptatt med å organisera og halda styr på alt som skjedde. Bare til tider vart tingboka faktisk ført under tinget, slik det var pålagt. Det normale var heller at skrivaren tok notat på tinget og skreiv så tingreferatet i ro og mak seinare. 

Kvifor nyttar du tingbøkene som kjelde?

- Tingbøkene er ikkje stenografiske referat av det som vart sagt og som skjedde på tinget, men altså det skrivaren fekk med seg og som han meinte var viktig å ta med. Tingbøkene gjev difor ein redigert og utvald versjon av tingforhandlingane. Men likevel inneheld dei eit breitt spekter av informasjon, og er ei av dei beste kjeldene vi har til samfunn, kultur og rett på 1600- og 1700-talet. 

Kva for vurdering har du av tingbøkene som kjelde til forståinga av historie (inkl. rettshistorie) 

- Tingbøkene er som ei skattekiste. Vil ein vita kva førestilling folk hadde om Gud og djevel, kva kvinnesyn som var rådande, kva skipsforlis betydde for kystøkonomien, eller korleis ein dreiv fiske, så finn ein informasjon om det i tingbøkene. Og vil ein vita noko om framveksten av ei undersøkingsplikt ved kjøp, om melankoli som orsakande faktor i straffesaker, om bruk av dødsstraff eller kjøp og sal av fast eigedom, så får ein informasjon om det òg. Ikkje fordi det er eit tema i seg sjølv, men fordi dei mange rettssakene inneheld så mange brotstykke av informasjon som ein kan pusla saman for å få ein inngang til fortida. 

Kva tyder det for deg som forskar at det blir laga søkbare avskrifter?

- Tingbøker som ikkje er avskrivne, må ein studera ved å lesa side opp og side ned og bruka den informasjonen som tilfeldigvis er der. Det er ein tidkrevjande måte å arbeida på, og ein får stort sett berre nok materiale til å seia noko om det som oftast var oppe på tinget, som leiarmål (fødsel utanfor ekteskap), ærekrenking og slagsmål. Når tingbøkene er avskrivne, kan ein søkja og samla store mengder informasjon sjølv om sakstypar som langt sjeldnare er nemnt på tinget. Det kan vera saker som landstryking, dølgsmålssaker (kvinner som tek livet av eit barn like etter fødselen), fiskerettar i sjø, sjølvmord, skipsforlis og julefeiring. Av dei over 45 000 sidene med avskrifter frå tingbøker frå Hordaland, så er det berre litt over 100 sider som gjeld skipsforlis. Skulle ein leita fram den informasjonen med å lesa dei originale tingbøkene, ville det ha teke meir enn ei livstid.

Kan du gje døme på historiske eller rettshistoriske tema som det finst informasjon om i tingbøkene?

- Dei tema som eg har undersøkt med medvitne søk i tingbøkene er landstryking, sjølvmord, kva ein meiner med ei kvinne, førestillingar om Gud og djevel, fiskerettar i sjø, julefeiring, spøkelse, spelemenn, forskjellen på nesten [nabo] og borgar og konge og stat, skottar og skottehandel, julefeiring, kva er eit barn, og skipsforlis. Eigentleg er det bare fantasien som set grenser for kva ein kan søkja etter og laga ei analyse av. 

Etter ditt syn: Er det andre forskarar som burde gjera seg kjent med innhaldet i tingbøkene og nytta dei i si forskning?  

- Som sagt er tingbøkene ei skattekiste, og dei kan brukast som kjelder til rettshistorie, kulturhistorie, sosialhistorie, statshistorie, språkhistorie, religionshistorie, kvinnehistorie og maritim historie, berre for å nemna noko. Det er ikkje tvil om at det difor er mange forskarar som kunne ha nytte av å bruka tingbøkene i si forsking som i dag ikkje ein gong veit at dei finst.

Har du ei oppmoding til Arkivverket?

- For det fyrste burde Arkivverket bidra til avskrifter av tingbøkene. I dag er det berre i Hordaland at vi har store mengder avskrifter av tingbøker som gjer min type forsking mogeleg. Det same burde vi ha hatt for alle deler av landet. Men då må nokon organisera og betala for avskrivinga. Det er ingen annan institusjon som kan gjera det enn Arkivverket. For det andre burde Arkivverket leggja betre til rette for allmenn bruk og forsking på tingbøkene gjennom rettleiing. Det hjelp ikkje å bare skanna og skriva av tingbøker og leggja dei ut på internett. Ein må leggja ut døme på korleis dei kan brukast – gjerne i form av ein instruksjonsvideo på Youtube – ein må halda føredrag om korleis tingbøker kan nyttast som kjelder, og dei arkivtilsette må bruka dei i si eiga forsking og vitskaplege arbeid.  For det tredje burde Arkivverket gjera dei avskrivne tingbøkene meir tilgjengelege. Det vart gjort eit løft for nokre år sidan, då presentasjonen av dei avskrivne tingbøkene vart gjort betre. Men enkle ting som å samla tingbøkene i store dokument som gjer det meir effektivt å bruka dei, er enno ikkje gjort. For det fjerde burde Arkivverket gå i dialog med oss som er storforbrukarar av tingbøker for å få best mogelege grunnlag for å gjera dei tre fyrste tiltaka eg har nemnt. Målet må vera å saman skapa ei interesse for og ein etterspurnad for dette særs interessante og i dag nesten ignorerte arkivmaterialet. Slik vil ein ikkje bare auka bruken av det, men vonleg òg generera midlar til meir avskrifter og betre formidling. Eg er sikker på at eit samla framstøt frå forskarar og Arkivverket mot private gjevarar ville gje resultat. Ein slik dialog vil dermed ikkje bare føra til betre tenester, og meir og betre kunnskapsformidling, men òg genera midlar til dette.

intervju ved arkivar Marianne Herfindal Johannessen, Arkivverket