ENG
Koekobok-Langballe-side-16-17

Statsarkivet i Stavanger/ privatarkiv nr. 1464 – Langballe, Hulleborg.

Fruentimmer Kaage- og Farvebog

I boka "Fruentimmer Kaage- og Farvebog finn du spennande oppskrifter anno 1800, som til dømes denne:

Gaase Halser

Tages 1 pd Stødte Mandler 1 pd Sigtet findt Sukker, som Røres paa et Fad eller mod en Pande paa Ilden indtil det slipper Fingrene, saa i lades 3, væl i Frøe slagne Ægge Vider og om Røres væl, da sættes det atter paa Ilden dog ej længe, saa Trilles det ud naar det er Koldt, og bages i TertePanden og deraf faaes 140 Stk.  

Boka inneheld 114 matoppskrifter og 82 oppskrifter på farging av ulike typar stoff og garn, og gir eit innblikk i korleis juleførebuingane kunne vere for over 200 år sidan. Det var mykje som skulle planleggjast, både når det gjaldt reingjering, mat, klede og tekstilar. Å lage såpe kunne ta over ei veke. I tillegg kravde ho heilt spesielle ingrediensar, nemleg hønse- eller endå betre, dueskarn. Dette var rett og slett hønse- eller dueskit!

Oppskriftsboka etter Hulleborg Langballe på Nedstrand i Ryfylke vart i si tid gjeve som gåve til Statsarkivet i Stavanger.

Sjå meir frå kokeboka (lenke)