ENG
Hammersborg fritidsklubb lager avis i Morgenposten

Hammersborg fritidsklubb lager avis i Morgenposten. Foto tatt i forbindelse med reportasje i Billedbladet NÅ, 02.11.1955. Foto: Engesland og Fjørtoft

Arkivstatistikken for 2018 er her!

Arkivstatistikken for 2018 er no klar. Til saman er det bevart nesten 600 kilometer arkivmateriale i Noreg! Og meir og meir blir digitalisert, slik at du og eg kan få tilgang til det frå vår eigen heim.

Arkivstatistikken er ei årleg innsamling av statistikk for arkivinstitusjonar og arkiv i bibliotek og museum, og inngår i SSB sin årlege publikasjon "Kulturstatistikk". Statistikken er ein viktig temperaturmålar for bevaringa av arkiva i Noreg.

Arkiv frå Oslo til Levanger

Tal på bevarte hyllemeter aukar, og ved utgangen av 2018  var det bevart nesten 600 kilometer papirarkiv i Noreg. Sett i boksar tett i tett etter kvarandre så rekker då boksane heilt frå Oslo til Levanger! Den store mengda - 91 % - er bevart i reine arkivinstitusjonar, 6 % i museum og 3  % i bibliotek.  Det er fortsatt ei skeiv fordeling av kva for materiale som er bevart frå dei ulike samfunnssektorane. Berre 22 % av arkiva som er bevart er privatarkiv – arkiv frå organisasjonar, bedrifter og enkeltpersonar.

Krevjande å finne fram i

I snitt så er ein fjerdedel av arkiva ikkje ordna. Dette betyr at det i praksis er svært krevjande å finne fram i dei. Dei statlege arkiva er i større grad ordna enn dei kommunale og private arkiva. Forbetringspotensialet er også stort når det gjeld publisering av arkivinformasjon på nett. Institusjonane har samla sett publisert informasjon om rundt halvparten av arkiva sine på Arkivportalen.no. Det at så lite av materialet er publisert på den nasjonale søkjetenesta for arkivkatalogar gjer det vanskeleg for publikum å vite kva materiale som finst og kor det finst i landet.

Digitalisering, digitalisering!

Det er i år som i fjor eit stort fokus på å gjere arkiva tilgjengelege digitalt, og institusjonane har no digitalisert over 80 millionar dokumentsider og over 2 millionar foto! Det er Arkivverket som har digitalisert mest, med nesten 60 millionar digitaliserte sider. Musea har digitalisert flest foto med ca. 800 000.

Digitalarkivet: den best besøkte kulturnettstaden i Noreg

Statistikken viser at nettsidebruken held seg stabilt høg. Digitalarkivet.no er den best besøkte kulturnettstaden i Noreg med 1 million unike brukarar og 5,9 millionar besøk.

Framleis utfordringar knytt til bevaring av dei digitalt skapte arkiva

Digitalt skapt materiale er framleis i liten grad bevart. Særleg gjeld dette digitalt skapt materiale frå private aktørar. Det er mykje viktig digitalt arkivmateriale der ute som vi risikerer at går tapt og som må sikrast for framtida.