ENG

Rett og kultur – Lovbøker, lekdommarar, milde straffer og andre lange linjer i norsk rettskultur

Av tingbøkene frå 1600- og 1700-talet ser ein at dommarane på tinget brukte lovbøker når dei dømte, at det sat lekdommarar i retten, og at dommarane gjerne oversåg eller gjorde mildare strenge straffer i lovbøkene.

Type:
Arrangement
Når:
7. november, 19:00 - 20:00
Hvor:
Statsarkivet i Bergen, Årstadvegen 22 , bergen

Ein tenkjer gjerne ikkje over at dette er ganske spesielt for Norge, at det både har linjer tilbake til mellomalderen og framover til vår eiga tid. I arkiva våre finn vi altså spor etter dei lange linjene i vår rettskultur.

Jørn Øyrehagen Sunde (f. 1972) er professor i rettshistorie ved UIB og forskingsleiar på Museet Baroniet Rosendal. Få har lese så mykje i tingbøker frå Vestlandet og Nord-Norge som Jørn.

Jørn Ø Sunde

I desse finn han dei mest fantastiske historiar om lovbrota til folk som har levd før oss, og korleis det norske rettsvesenet til ein kvar tid reagerte.

Arrangement i Bergen_oktober_Sunde