Lenker:
-Bergen sjøfartsmuseum
-Fjordferda- Ei reise i tid
- Hardanger Fartøyvernsenter

-Oselvarverkstaden

Til vanns

Sjøen var "Nordvegen", nemninga som gav landet vårt namn, og frå alders tid var det der vestlendingane reiste. Bergen vart grunnlagt som strandstad på austsida av Vågen, og når byen fekk vekse var det mykje på grunn av at den vart hamn for import og eksport av varer.

Bergen vart gjort til hovudstad på 1240-tallet, men meir enn dei administrative oppgåvene var det nok den gunstige plasseringa som bindeledd mellom den nord-europeiske marknaden og dei gamle norske områda rundt Nordsjøen, som førte til at byen vart den største og viktigaste i Noreg gjennom heile Mellomalderen. (Lenke: Bergen ..)

Tyskarane fekk sterkt innpass i handelen på Bergen, men både engelskmenn og hollendarar var viktige i sjøtransporten til og frå byen. Skipsfarten vart ei viktig næring i Bergen, men tallet på skip og sjøfolk varierte kraftig i takt med konjunkturane.

Mellom 1770-tallet og 1807 var det ei sterk oppblomstring i handelen til og frå og i verksemdene i byen. Folketallet auka raskt, og innflyttinga var stor. I 1807 kom det ei stor endring. Danmark-Noreg kom i krig, landet var utsett for blokade, og mange bergenske skuter og sjøfolk vart tekne av fienden. I samband med kartlegging av ressursar under den pågåande krigen, vart det laga oversikt over alle tilgjengelege båtar, både små og store.

Fjordabåtane

Dampbåten Seimstrand til kai i Salhus. Biletet er teke før 1906.
Biletet er utlånt av Helge Sunde.

Frå midten av 1800-tallet og til godt forbi 1960 var fjordabåtane viktige elementa i samferdsla i Nord- og Midhordland, til Hardanger og Sunnhordland, og til Sogn og Fjordane.

Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (Fylkesbåtane i Sogn og Fjordane/Fjord1) sette i drift si første rute i 1858, og trafikkerte strekningen Bergen-Lærdal. Det vart sett i drift ruter på Hardanger i 1861 og til Sunnhordland i 1871. Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap, HSD, vart etablert i 1880 gjennom ei samanslåing av dei eldre Hardangeren (frå 1869) og Det Søndhordlandske Dampskibsselskab (frå 1872). I Nordhordland var det mange mindre selskap, og historia om fjordabåtane er ei historie om samanslåingar.

Etter andre verdenskrig vart ein vesentleg del av transporten overført frå båt til veg, og fjordabåtane kom på defensiven, om dei ikkje etablerte seg med bussruter. Døveprest Ragnvald Hammer har på framifrå vis sett ord på dei kjenslene mange idag har når dei ser attende på den lokale dampbåttrafikken i visa Dar kjem dampen. Ivar Medaas sette tone til visa, og gjorde henne til ein klassikar.

Bergens Sjøfartsmuseum har mykje materiale om den lokale skipsfarten, og vi har fått låne deira tekst om kyst- og fjordabåtane.

"Fjalir" var saman med søsterskipet "Framnæs" dei to første båtane til Nordre
Bergenhus Amts Dampskibe. Desse to båtane vart bygd i Skottland, og sett rute i
perioden frå og med desember 1858-januar 1859. Framnæs gjekk mellom Bergen
og Sogn, medan Fjalir trafikkerte ruta Bergen, Sunnfjord og Nordfjord.

Ferjer, og seinare bruer

Med busetnad spreidd på mange øyar, og med mange fjordar å krysse, vart ferjene viktige i det vestnorske transportsystemet frå den dagen transport på veg fekk omfang. På dagar med stor utfart kan køene ved ferjeleine vere lange, og det har vore ivrige talsmenn for å bytte ut dei mest trafikkerte ferjestrekningane med bruer. I dei seinaste åra har det og komme opp undersjøiske tunnelar som alternativ.

Ferjesambandet Knarvik-Steinestø var eit av dei mest trafikkerte i Hordaland. Men i 1994 vart det erstatta av Nordhordlandsbrua. Trafikken over brua har auka kvart einaste år, og ligg i 2004 meir enn 50% over nivået ved oppstarten, og den delvis bompengefinansierte brua er venta å vere nedbetalt tidleg i 2006.

Andre prosjekt er det framleis diskusjon om, med vektige argument både i favør av bygging, og mot. Hardangerbrua ville kunne gje ferjefritt samband mellom Bergen og Austlandet over Hardangervidda. Hardangerbrua har eiga nettside

Trafikken over dei tre mest trafikkerte bruene i Bergensområdet i 2004:

  • Sotrabrua: 21000 per dag
  • Nordhordlandsbrua: 9000 per dag
  • Askøybrua: 8000 per dag

Det er venta kraftig auke i trafikken frå det tidspunktet bompengane fell bort. Nokre trur at auken kan verte så stor at trafikken kan komme opp mot nivået som er kapasiteten for bruene.

 

Kart over Herdla flyplass 1943 og forklaring frå 1944
Spionrapport over flystasjonar i Hordaland og Sogn og Fjordane
Fylkesmannens i Hordalands protokoll Bilrutekonsesjoner, 1931-1935
Thomas Aadland og Aadlandbilerne
Osbanens postale historie
Båtar som kunne brukast til militær skyss
Instruks for bygging av bru og veg i Bergens stift 1794
Henrik Løndahls vegbeskrivelse fra 1779
Statsarkivet i Bergen 2004