|
Temaet for Arkivenes dag i 2004 er samferdsel og kommunikasjon. Statsarkivet i Bergen markerer denne dagen med ei internettutstilling om temaet. Utstillinga tar føre seg vegar og transportmiddel til lands, til vanns og i lufta på Vestlandet dei siste hundreåra.
På Vestlandet har øyer, fjordar, dalar og fjell sett rammene for samferdsla. Der det i dag er eit utal bruer og tunnelar, har dei reisande tidlegare vore tvinga til å ta seg rundt fjordane og over fjella om dei skulle komme frå ein stad til den neste, dersom dei ikkje hadde båt for handa. Det var sjøen og fjorden som gav den samanhengande ferdselsåra, og båten har her tradisjonelt vore den viktigaste reiskapen i samferdsla.
Ikkje berre var båten ofte lettaste måten å reise på, med den kunne ein og frakte mange og tunge varer. Det er difor ikkje stor grunn til å undre seg over at sjøen av mange vart rekna som "Riksveg 1" på Vestlandet, og opp i andre halvdel av 1900-talet var det mange som ikkje kunne skjønne at det skulle vere naudsynt å skaffe vegutløysing. Og framleis kjem det store diskusjonar kvar gong eit nytt stort prosjekt vert lansert.
Ein ting er å bruke småbåt den dagen sjøen ligg speilblank og vindstilla rår. Men mange dagar får vind og straum sjøen til vise seg frå ei heilt anna side. Då har det vore med livet som innsats dei reisande og fiskarane har gjeve seg i kast med elementa. ("Den galne måndagen".)
Etter kvart som samferdselssystemet vart endra, vart det tydeleg at den gamle administrative organiseringa var utdatert. Der gamle kommunar og kyrkjesokn var bygde rundt transport over fjordane, førte dei nybygde vegane til at det vart naturleg å knyte saman dei administrative einingane over land. Ikkje minst på 1960-talet kom det mange og omfattande tilpassingar, og for store delar av Vestlandet vart det administrative kartet fullstendig omlaga.
Sjølv om det vert brukt milliardar på vegar, tunnelar og bruer, kan det framleis vere vanskeleg å ha sikker framkomst. Fjellsidene er mange stader ras-utsette, der det årleg kjem ned stein, jord og ikkje minst snø og is. Då er det store krefter i sving, og den som kjem i vegen har små sjansar. Framleis står det mange og dyre prosjekt og ventar på politikarane.
|