Olav Joleik – ein mørk sunnfjording med lyst sinn

Far min var ein uvanleg merkeleg mann. Det fortel Olav Joleik, son til den kjende bladmannen og sogemannen Albert Joleik. Olav er den første ekte sunnfjordingen med mørk hud. Han vart fødd då faren var offiser i belgisk teneste i Kongo. Eitt år gamal kom han til Noreg saman med faren. Mora hans vart att mellom stammefrendane. I dag bur Olav på uføreheimen Vestbris i Florø med vidt utsyn over havet, der han heile sitt liv har livnært seg som sjømann og fiskar.

Olav Joleik har eit vidt utsyn mot havet og øygarden utanfor Florø der han sit i den varme og klåre haustlufta utfor veggen av uføreheimen Vestbris – ein institusjon som har vore heimen hans dei siste par åra etter at han vart bunden til rullestolen.

Nærkontakt med sjøen har Joleik hatt all sin dag. Ikkje berre er han gammal sjømann og fiskar, men alt som eittåring i 1908 la han ut på ei umåteleg lang sjøferd, heilt frå Belgisk Kongo via afrikanske hamner og Kanariøyane til Belgia og seinare heim til Noreg – der Olav Joleik vart den første mørkhuda ekte sunnfjording.

I ei tid då bygdefolk i Noreg vanlegvis kjende afrikanarar berre frå bilete i blada, vaks Olav opp – mørk i huda, men sunnfjordsk i sinn og tale.
- Nei, eg har aldri vore plaga på grunn av hudfargen. Rett nok veit eg ikkje kva som vart sagt bak ryggen på meg, men her er no ein gong talefridom i landet. Den vestlandske oppsedinga har kome vel med, eg ville ikkje hatt det anleis om eg kunne ha valt på ny.
- Hadde eg vakse opp i Kongo er eg stygt redd for eg hadde blitt gangster av verste slag. Eg ville sikkert øst meg opp over tilhøva og teke sverd i hand.

Fødd i Kongo

Olav Joleik med mor og far i Kongo.

Det var som offiser i belgisk teneste at far til Olav, den seinare så vidkjende bladmannen og sogemannen Albert Joleik, kom til Kongo. Då han vende heim etter tre år hadde han med seg eittåringen Olav, medan mor til gutten vart verande att hos frendane sine.

Her heime hadde besteforeldra til Olav nett mist ein son i ei drukningsulukke, og dei ville meir enn gjerne ha Olav i staden. Slik gjekk det til at han vaks opp hos besteforeldra i Eikefjord.

Med kvart vart Olav kjend som ein spreking. Han fekk tidleg ski av far sin og lettbeint som han var kunne han springe inn galne sauer som stakk av. Han greidde og kunststykket å hoppe ut og inn av tomtønner.
- Det vart fortalt om ein eikefjording som hadde gjort dette for lenge sidan og eg fann ut eg ville prøve. Det var sjølvsagt eit hasardiøst påfunn som kunne ha enda med kastrering på flekken, ler han.

Uteseglar

Olav har vore borti mangt slags arbeid både på land og sjø då han mønstra på og reiste ut i 1939. I åtte år segla han ute før han kom attende til Sunnfjord og slo seg ned som bureisar med kone og to ungar på ein gard mellom Florø og Eikefjord.
- Heile krigen sigla eg, mesteparten av tida i Nord-Atlanteren og Middelhavet, men ikkje ein einaste gong vart vi utsette for krigshandlingar. Ein gong hadde eg ferie i Liverpool ei veke, men der var så mykje bombing og spetakkel at eg var glad til eg kom meg til sjøs igjen.
- Somme tider tenkjer eg på at eg kom skadefri frå sjømannslivet i dei mest krigsherja havområda, medan eg i fredstid har blitt råka av sjukdom og no er bunden til rullestolen på grunn av koldbrand i beina. Dei er amputerte litt etter kvart, og no er der ikkje meir å ta.
- Likevel set ikkje Olav Joleik og sturer på Vestbris. Han er framleis ein livskraftig kar med glimt i auget og gode soger og kommentarar på lur.

Merkeleg far

- For oss nordbuarar var det varmt å segle i tropane, sjølv om eg eigentleg har tolt både kulde og varme godt, seier han.
- Når ein kjem rundt i verda ser ein at folk innrettar seg ulikt på mange vis, men under overflata er det nokså likt. Det er kjøp og sal over alt.
- Mangt er sagt og skrive om far din. Kva har du å seie om Albert Joleik?
- Han var ein ualminneleg merkeleg mann. ….."

 

Kilde: Bergens Tidende 17. september 1981, Bjarne Myrstad.