Laurdag 8. november 2003 er det "Arkiva sin dag" i heile Norden. I Noreg har vi i år eit helsejubileum som styrer val av tema. Det var i 1603 kong Kristian IV løyvde pengar til ein lege i Bergen. Bakgrunnen var pestutbrotet i 1599-1600. Då hadde alle legane i Bergen rømt, utanom Villads Adamius, og han var det som fekk fast tilsetjing som embetsmann som løn for innsatsen.

Gjennom dei fire hundreåra som har gått har det offentlege helsevesenet utvikla seg enormt. I 1816 hadde Noreg 100 legar, og berre vel 70 av dei hadde eksamen. I dag er det 12-15000 legar i arbeid, og helsevesenet er ein av dei største budsjettpostane.

Vi vil hente fram nokre kjelder og gje opplysningar om nokre institusjonar som har vore sentrale i utviklinga av helsevesenet på Vestlandet.

Nedenfor har vi samla eit utval lenker til gamle og nye internettsider rundt temaet helse på vestlandet.

(...) Fundation og Anordning for Lazarett eller Syge-Huus udi Bergen frå 1792 (Ny)
Stiftingar på Vestlandet på 1700-talet (Ny)
Fortegnelse over de autoriserede Læger i Norge, samt over de i Embede ansatte uexaminerede Bataillons-Chirurger. 1816 (Ny)

Regnskapsbok for Vangs fattighus på Voss 1739-1744 (Ny)

Lepraarkiv
Stiftelsenes Allé - byvandring i Bergen i 1769
Hans Strøm: Kort Underviisning om De paa Landet, i Bergens Stift, meest grasserende Sygdomme, og derimod  tienende Hjelpe-Midler 
S.W. Brochmann: Bidrag til epidemienes historie i Norge i eldre tider
Bjørn Davidsen: Kolerasjuke og -døde på Vestlandet 1848-49
Bjørn Davidsen: Kolera i Norge

Markering ved Statsarkivet i Bergen

Statsarkivet i Bergen markerer Arkivenes dag den 8. november med ope hus og omvisning i magasina, samtidig som det vil verta halde foredrag rundt temaet helse på Bryggens Museum. Les mer om programmet for dagen.

Det vert ulike arrangement i anledning dagen ved dei andre statsarkiva også. Sjå programmet.