Om utstillinga
Bakgrunnen for forordninga
Forordninga i praksis
Lovverket på 1800-talet
Frå fattigvesen til sosialstell
Dei fattige i tal
Kjeldene
Lenker
Fattigprosjektet i Vest

Denne nettutstillinga er saman med publiseringa av heimstavnsprotokollane 1854-1883 og protokoll over lemmar ved Tukthuset i Bergen 1771-1776 Statsarkivet i Bergen sitt bidrag til Fattigprosjektet i Vest. Dei andre aktørane som har delteke i prosjektet er Fylkesarkivet i Hordaland, Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Byarkivet i Bergen, Interkommunalt arkiv i Hordaland og Historisk institutt ved Universitetet i Bergen. Fleire av desse aktørane har også produsert materiale for å markera hendinga. Noko av det som tidlegare er publisert finst på vår felles nettstad www.fattigkassa.no

I juni 2003 løyvde ABM-utvikling midlar til digitalisering og formidling av fattigmanntala for Bergen 1863-1895. Dette arbeidet skulle gjennomførast ved og under leiing av Statsarkivet i Bergen. Dette arbeidet er no fullført - protokollane er skanna og det er laga register over alle personane som er nemne i fattigmanntala. Dette materialet er tilgjengeleg i Digitalarkivet. Me takkar ABM-utvikling for støtta!

 
Statsarkivet i Bergen, 2005