Som eit bidrag til Arkivdagen 2009, har vi ved Statsarkivet i Bergen laga ei ny nettutstilling. Kulturminneåret 2009, er fokus for Arkivdagen i år. Kulturminnet som vi har funne fram frå vårt arkiv, er arkivet etter Norsk Bjergningskompagni - eit arkiv rikt på hendingar med geografisk spreiing over heile landet, og litt utover det og.
I menylinja over finn du lenke til informasjon om Bjergningskompagniet og arkivet deira. Vi har og leita fram nokre av forlisa kompaniet fekk redningsoppdrag til. Klikk på Forlis for å sjå dei. I eit av forlisa fann vi ein sjømann, Einar Ramm, som vi valde å sjå nærare på. Ved hjelp av kjelder og oppslagsverk lagt ut i Digitalarkivet og originalkjelder ved Statsarkivet i Bergen, har vi nøsta opp livet hans og presenterer det i både tekst, lyd og video. Klikk på Ein sjømann for å lese om han.