Fredsdagar

Etter det me høyrde frå dag til dag såg det ut tilat tyskarane måtte gje seg snart, dei vart pressa frå alle kantar, og då det kom bod om at Hitler var død, fatta me mot.

Så ein kveld etter eg var nedlagd høyrde eg at nokon var og tok i gangdøra, eg høyrde godt den gongen, og sansa alle lyder. Eg gjekk ned, og der stod Magnus. Han la fingeren på munnen, teikn på å vera roleg, og kom inn. Han måtte ha med seg mat og så bytte han klær og sa at han måtte gå straks, for no var det mobilisering på alvor. "Denne gongen vert det ikkje me som kapitulera", sa han. Han var rundt og såg på borna, og so gjekk han.

Den 7. mai om ettermiddagen var eg til Os. Eg kom innom "Mobergen", der Drageseth no er, der stod det fleire menn og målte opp taum til flaggline, og der var ein som sa: "I morgon heisar me opp flagget." Eg syntes dei var vågale som kunne seia slikt høgt, for der gjekk fleire tyskarar med våpen bortover Osøyro. Eg reiste utatt med "Sundtabåten" og den la til med Holmakaien. Då me kom på land møtte det meg eit syn eg aldri gløymer. På alle flaggstenger oppetter i Bruarøy var det norske flagget heist på heil stang. Det vifta raudt og friskt i ein lett bris denne vakre maikvelden. Eg stod heilt still lengje, og sa med meg sjølv: "Er det sant, er det verkeleg sant? Er Norge, landet vårt, endeleg fritt?", og eg lot tårene renna. Men nokon gledesrus kunne eg ikkje gje meg over til, det var altfor mange uløyste spørsmål enno, men litt fekk eg vita då eg kom heim, for det var dei som hadde radio framleis, sjølv om dei fleste var inndregne. Dei sa dei hadde vore i "kyrkjo", dei kalla det slik å lytta på London. Dagen etter fekk folk det travelt med å henta heim radioane sine, dei hadde vore lagra i skulehuset på Skeie, då fekk me meir orientering og fekk bekrefta at krigen var slutt. Tyskarane hadde kapitulert utan vilkår også i Noreg.

Ja, så fekk me freden og krigen var slutt
og jubelen gjekk over land.

Igjen vaia flagget så raudt og so friskt
heist opp på kvar einaste stang.

Og no laut me rydja og no laut me byggja
for ætti og landet det ville me tryggja.

Her ville me leva, her ville me bu.
Og eiga den heim som me bygde i tru.

 

Statsarkivet i Bergen 2005