![]() |
||
Krig og Kvardag 1940 – 1945Hordalendingar fortelEtter opptak frå Kulturavdelinga sette Hordaland fylkeskommune i mai 1985 i gang ein fylkesomfemnande innsamlingsaksjon av krigsminne frå 1940-1945. Tiltaket var lekk i fylkeskommunens markering av 40-årsminnet for frigjeringa 8. mai 1945. Aksjonen vart administrert av fylkeskultursjefen i samråd med førsteamanuensis Anders Bjarne Fossen, Historisk institutt, Universitetet i Bergen. Då innleveringsfristen gjekk ut 15. april 1986, hadde det kome inn 197 oppgaverfrå 182 deltakarar. Deltakarane fordelte seg noko ujamnt kringom i Hordaland. Naturleg nok var dei fleste frå Bergen (34), dinest kom Stord med 30, Vaksdalmed 20, Ølen med 11 og Os og Meland med 10 kvar. Totalt var 24 kommuna rrepresenterte i aksjonen. Dessuten kom det inn 6 oppgaver frå folk busette utanfor fylket. Av dei 182 var 78 kvinner og 104 menn, og fleirtalet var mellom 20 og 40 år under krigen. Utdrag av innsende materialet vart utgjeve i boka ”Krig og kvardag 1940-1945” med Anders Bjarne Fossen som redaktør. Hordaland fylkesarkiv vil i tida framover legge fram utdrag frå desse innsende krigsminna frå Hordaland. Nokon er å finne i boka ”Krig og Kvardag”, men vi vil i størst mogleg grad leggje fram krigsminne som ikkje tidligare er presenterte. Desse vil i den grad det er naturleg følgje det språk og skriftmåte som innsendarne har brukt. Spørsmål og eventuelle kommentarar kan rettast til Paul Sedal ved Hordaland fylkesarkiv: paul.sedal@hordaland-f.kommune.no KrigsminnerAgnes Tertnes - Meland
|
||
| Statsarkivet i Bergen 2005 | ||