Fredsdagane

Eg var 12 år denne våren og eg kjende godt spaninga som me merka hjå dei vaksne. I land etter land kapitulerte tyskarane - ville dei gjera det her og eller ville dei halda på festning Norwegen. 7. mai rodde eg ut til Tysse for å henta far som var fri kl.17.50. Då eg kom til lands heiste bakar Torvald Eriksen flagget på motorbåten sin. Eg spurde om det ikkje var for tidleg. "Nei,no er krigen slutt, du må berre ro heim og heisa flagget! Eg kunne ikkje heilt tru på dette, og heller ikkje far trudde det då han kom i båten. Men medan me rodde innover fekk me vissa om at det var sant, for då for flagg etter flagg til topps på Tysse. Då tok far til å ro så fælt at eg trudde årane hadde brotna. Eg fekk middagen i meg i ein fart, fann fram flagget mitt og sprang til Tysse. Der møtte eg ein flokk heimefrontsoldatar som kom marsjerande frå Vetlebotn, dei for heim til Harald B. Tysse for å høyre radio. Ein motorbåt frå Tysse for utover til Fotlandsvåg der dei beslaglagde radioane var lagra. Me gjekk i spaning og venta på at dei skulle koma att, og om dei hadde radioane med. Folka på motoren song av full hals då dei runda Ystaneset, og då visste me at radioane var med. Eg fekk tak i Telefunken radioen vår og sprang lettføtt heimover Auravika. Far kom i mot meg og for inn og sette kontakt og antenne i, og tenk han var i orden. Om kvelden høyrde me nytt frå London. Dagane som fylgde kom her mange mann frå Kleiveland for å høyre radio. Dei hadde batteriradioar og det tok ei tid før dei fekk tak i batteri. Så vart det 17. mai, og den første 17. mai etter krigen gløymer ingen av dei som fekk oppleva dette. Gleda var ekte og spontan hjå liten og stor. Det var nok ikkje så oppstasa og fargesprakande 17. maitog den gongen som no i dei seinare år, men jubelen over fridomen var ubeskriveleg. Ein må ha opplevd desse dagane, og desse 5 svarte åra for å forstå korleis me kjende det.

Men tankane våre gjekk også til dei som ikkje fekk oppleva fridomen og til deira næraste.

 

Statsarkivet i Bergen 2005