Statsarkivet i Stavanger Statsarkivet i Stavanger

Utskriftsversjon

Statsarkivet i Stavanger


Statsarkivet i Stavanger er ein del av det norske Arkivverket og har Rogaland fylke som ansvarsområde. Statsarkivet vart oppretta i 1970.

Statsarkivet er depotinstitusjon for arkivmaterialet frå den lokale og regionale statlige forvaltinga i Rogaland. Dei eldste arkiva går tilbake til 1500-og 1600-talet, men hovudtyngda av materialet er frå om lag 1750 og framover. Rogaland har tildømes dei eldste bevarte tingbøkene i landet. Dei går tilbake til 1613 og 1616.

Statsarkivet har meir enn 1550 store og små privatarkiv. Dei største privatarkiva omfattar hermetikkindustrien, skipsreiarlag og petroleumsindustrien. Dei siste er frå 1970-åra og framover, og dei utgjer no ein stor del av privatarkiva våre. Statsarkivet har også spesialmagasin for fotografisk materiale, og for kart og teikningar. Ved utgangen av 2009 hadde vi omlag 14100 hyllemeter med arkivmateriale i magasina våre.

Sist oppdatert 2010-02-08.
Statsarkivet i Stavanger, Bergelandsgt. 30, 4012 Stavanger, Tlf: 51 50 12 60,
E-post: statsarkivet.stavanger@arkivverket.no