Bergensposten er eit tidsskrift frå Statsarkivet i Bergen. Her tek ein for seg stort og smått frå arkiva. Artiklane er forfatta av tilsette ved statsarkivet og flittige brukarar av arkiva i statsarkivet.

Fyrste nummer for 2011 er no tilgjengeleg og kjem i to utgåver: eit trykt hefte som du kan tinga i nettbutikken (gratis, men kr 17,00 i porto) og ein pdf-fil som du kan lasta ned (gratis).

I dette nummeret av Bergensposten kan du bland anna lesa om korleis Odd Solem var med på flukten frå fangeleiren Küstrin i Brandenburg i Tyskland i 1945 og om livet til skolelærar Lyder Sagen i Bergen 1777-1850.
Gå til nettbutikken for å tinga eit eksemplar, eller last ned nettutgåven: 

bp11a_web.pdf 1,41 MB